Gå til innhold

Lærerlønn på vgs vs barneskole


Regenburg

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
  • 1 måned senere...

Det kan fort være forskjell i lønna sjølv om tariffavtalen er lik. Som nemnt så er garantilønna etter tariffavtalen den lønna som ein minst skal ha, så ein kan også få høgare lønn garantilønna. Dette er nok mest aktuelt der det er spesielle grunnar til det, enten at læraren har nyttig kompetanse som tariffavtalen ikkje har tatt høgde for, eller rett og slett fordi det er vanskeleg å få tilsett lærarar utan å gi eit høgare lønnstilbod.

Det som i praksis utgjer største forskjellen er lokale avtalar. I den vidaregåande skulen så er det fylkeskommunen som er arbeidsgjevar, i grunnskulen er det kvar enkelt kommune som er arbeidsgjevar. Så her kan det være til dels store forskjellar frå kommune til kommune, frå fylkeskommune til kommune, eller frå fylkeskommune til fylkeskommune.

Det er særleg avtalar om faste tillegg som utgjer den største lønnsforskjellen. Det er heilt vanleg å lokale avtalar der ein får ekstra betalt dersom ein er kontaktlærar, dersom ein underviser i norsk eller matte, dersom ein har tilleggsutdanning, er pedagogisk leiar, har rollen som verneombod, og liknande.

I følgje KS som er arbeidsgjevarorganisasjonen til kommunar og fylkeskommunar så har ein lærar i gjennomsnitt 25 000 kr i året i slike tillegg. I enkelte skular så kan nok tillegga fort utgjere langt meir enn 25 000.
Det er nok størst sjans for å ende opp i ei lærarstilling som får mange tillegg om du jobbar på ein barneskule i ei lita kommune der du fort blir både kontaktlærar, norsklærar, og lærar for vaksenopplæringa samtidig og dermed får lønnstillegg for alle disse funksjonane.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...