Gå til innhold

Sende pakke med relativt høg verdi til USA


Anbefalte innlegg

Heisann!

Kva slags løysing ville folket her valt for å sende ei pakke med relativt høg verdi (ikring kr 1.200,-) til USA?

Det er snakk om ei gåve, liten vekt og storleik (omtrent same vekt og storleik som ein kortstokk, vil eg tru).

Hjå Posten vil det koste kr 348,- for inntil 1 kg, men så vidt eg forstår så er ein då berre forsikra opp til og med SDR 40 (ca. kr 400,-) pluss SDR 4,5 (cirka kr 45,-) per kg. Eg kunne tenkt meg å ha full dekning for heile verdien, men alt kjem sjølvsagt an på prisen.

Alle tips og erfaringar vert mottekne med takk. 😊

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du kan f.eks. sjekke med DHL, FedEx eller tilsvarende internasjonale speditører.

Tok en rask sjekk nå av sending av en fullforsikret pakke på ca. 20x10x5 cm, verdi 1200 kr, til USA med DHL Express, da ble billigste fraktpris rett over 1000 kr ser jeg.

Med en såpass lav verdi som 1200 kr så tror jeg at jeg ville ha gått for løsningen til Posten. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Frank Drebin skrev (41 minutter siden):

Tok en rask sjekk nå av sending av en fullforsikret pakke på ca. 20x10x5 cm, verdi 1200 kr, til USA med DHL Express, da ble billigste fraktpris rett over 1000 kr ser jeg.

Med en såpass lav verdi som 1200 kr så tror jeg at jeg ville ha gått for løsningen til Posten. 

He he, ja, ikkje mykje vits viss ein lyt betale like mykje som det innhaldet kostar for å vere fullforsikra... 😅 I løpet av mine over førti år på denne kloden så har eg aldri opplevd at noko eg har sendt med posten (verken innan- eller utanlands) har forsvunne, så det er vel ikkje så rare sjansen å ta. ☺️

Lenke til kommentar

No ser eg forresten at eg truleg har eit anna problem...

Gjenstanden det er snakk om er eit smykke av sylv. Ut frå det eg kan lese hjå Posten så kan ting tyde på at dette rett og slett ikkje er lov å sende til USA i det heile teke, uavhengig av verdi/forsikring... 🤔

Nettsidene til Posten verkar likevel rimeleg tvitydige. På ei generell side som går på sendingar til utlandet står dette på lista over ting som er forbode å sende (mi utheving):

Sitat

Verdifullt innhold i vanlige brev, for eksempel edelstener, gullsmykke, penger eller verdipapirer

Slik sett skulle ein tru at det var berre brevpost og ikkje pakker som er problematiske med tanke på denne typen innhald. På sida for sending av pakker til utlandet står likevel dette (igjen mi utheving):

Sitat

Pakken må ikke inneholde våpen, ammunisjon, levende dyr, levninger, tobakksvarer, farlig gods eller verdifullt innhold som gull, sølv, edelsteiner, mynter, sedler eller verdipapirer. Innholdet må heller ikke overstige en verdi på 100 000 kroner per pakke.

Kva for ein av desse skal ein rette seg etter, tru? Og kva er eventuelt årsaka, er det edle metall i seg sjølve som er problemet, eller er det at Posten ikkje vil ha ansvaret?

Eg kan godt ta sjansen på å sende dette med avgrensa eller manglande forsikring, men eg har ikkje noko ynskje om å kome i klammeri med tollmyndigheitene i USA. Ut frå søk på nettet så har eg sett indikasjonar på at ein kan få problem med eventuelle framtidige søknadar om visum til USA viss ein legg seg ut med tollvesenet der borte.

Så lurar eg òg på kvar grensa går. Der finst då til dømes AV-utstyr og kablar med gullkontaktar. Vil dette òg vere forbode? Eller er det berre når det kjem over ei uspesifisert grense som heiter "verdifullt", slik som i teksten eg siterar over?

No har eg prøva å søkje att og fram på dette på nettet i to dagar, og eg har ikkje blitt noko klokare... 🥴

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...