Gå til innhold

SAS-pilotene går ut i streik


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
ITtraktor skrev (13 timer siden):

Er det virkelig slik å forstå at pilotene i SAS nå skal jobbe gjennomsnittlig 60 timer i uka? Og snakker vi da om faktisk 60 timer på jobb, eller er det noen form for tidsberegning for å kompensere for natt og helg? 

Den fulle avtalen er ikkje offentleg tilgjengeleg. Men av det som eg har fanga opp så betyr den nye avtalen at ein pilot kan bli pålagt å jobbe opp til 60 timar i veka. Dette er også det som maksgrensa etter EU-reglane som regulerer flybransjen.
Ved meir enn 47,5 timars arbeidsveke så seier den nye avtalen at piloten skal ha overtidsbetalt.

Så pilotane jobbar alt 10 timar meir i veka enn dei fleste andre norske arbeidstakarar, dette kombinert med at SAS ikkje har arbeidsplanar meir enn nokre veker fram i tid betyr at ein pilot har veldig uforutsigbar arbeidstid, og kan i verste fall bli satt opp til å jobbe 7 helgar på rad og med 60 timars veke. Dette gir sjølvsagt lite fritid og gjer det i tillegg vanskeleg å utnytte fritida på ein god måte, særleg fritid som ein helst vil ha når resten av vennar og familie også har fri.

Pilotane får overtidsbetalt når dei jobbar meir enn ordinær arbeidstid (på lik linje med dei fleste andre), så det lønnsmessige på det området er greitt nok. Det konflikta har stått om har vært retten til å ha (forutsigbar) fritid utan å jobbe seg ihjel, og sjølvsagt det reint økonomiske med at det er dårleg betalt arbeid.
Når ein nytilsett pilot har ei årslønn på 479 000 kr og 47,5 timars arbeidsveke, og ein sjukepleiar har ei startlønn på 437 000 (på sjukehus, kommunale stillingar har høgare lønn) og ofte 35,5 timars arbeidsveke, så er det dårleg betalt for ein pilot sett opp mot kor mykje tid ein brukar på jobben sin.
Så vidt eg har forstått så har heller ikkje SAS pilotane ulempetillegg for arbeid i helg og på helligdagar. Ein sjukepleiar vil typisk ha rett på ulempetillegg. Så i eksempelet frå sjukehus så vil ein nyutdanna sjukepleiar ha ei årslønn på 437 000 kr pluss ca 74 000 kr i gjennomsnittleg årlege ulempetillegg. Med andre ord vil ein nyutdanna sjukepleiar vanlegvis tene minst 30 000 kr meir i året enn ein nyutdanna pilot, så ikkje berre har piloten normalt sett mindre utbetalt, piloten må også jobbe minst 10 timar meir i veka. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
The Avatar skrev (4 timer siden):

Med andre ord vil ein nyutdanna sjukepleiar vanlegvis tene minst 30 000 kr meir i året enn ein nyutdanna pilot, så ikkje berre har piloten normalt sett mindre utbetalt, piloten må også jobbe minst 10 timar meir i veka. 

*Det første året

*Pluss dekket kosthold i tjeneste

 

Håper de får løst turnusopplegget, jeg blir heller ikke helt klok på hvordan turnusen deres faktisk er, men forstår den ikke er optimal og ikke oversiktlig

Kunne tenkt meg å sett et helt arbeidsår skissert opp for å se hvordan det utspiller seg i praksis, og hvordan en ny avtale forbedrer situasjonen

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...