Gå til innhold
Spørsmål om koronaviruset? Still spørsmål her ×

Smittevern til barnehagegrinder


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Eg er stort sett positiv til at ting er enkle å betjene, men lukkemekanismen på barnehagegrinder er vanskelege akkurat for at borna ikkje skal klare å opne den. Om denne er tatt i bruk så er den kanskje godt nok testa, men det er i alle fall enklare for dei små å opne grinda enn med den vanlege typen.

Så var det poenget då. Smitte på overflater er ikkje så stort problem, og som påpeikt av andre tar du på mange andre ting når du først er kome inn grinda. Er det ein plass du kanskje har på ein hanske så er det ved grinda.

For øvrig burde TS informert om sin rolle i denne produktet, sidan han har utvikla det.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Kunne opplyst om at innlegget er reklame i førstepost.

Denne ligger i koronavirus-kategorien, men det er mye smitte i barnehager som smitter lettere via overflater enn covid-19, og helt klart er et stort problem for samfunnet. Så for covid-19, njaaaa - men for andre kjipe greier så kan det jo ha en funksjon. Jo færre slike punkter man ta på, jo bedre. Men inne i barnehagen og naturligvis barna selv er det verre med og da spørs det hvor mye dette hjelper på totalen annet enn å sende et signal/påminnelse.

Lenke til kommentar

Dette er vel eit godt eksempel på "over engineered"?

I staden for å montere ein spake som fungerer som vektstang til å løfte eit metallstykke som igjen er montert på kula så kan kunne dette "problemet" blitt løst på langt enklare måte.

Det aller enklaste er å skru av kula og erstatte med eit horisontalt handtak evt. ein stor ring. Då kan ein opne barnehageporten uten å knipe rundt ei kule (som av design skal være vanskeleg å få grep om særleg for små barnehender). For eksempel ved å løfte med albuen eller handleddet.

Om ein vil gjere litt større endringar på porten så kan ein montere ei vanleg skåte som som ein lett drar til sides.

Ei anna enkel modifikasjon som gjer porten enklare å opne er å enkelt og greit ta ut fjøra. Vekta av stanga vil i seg sjølv være nok til å låse porten om porten blir lukka, og utan ei fjør (som igjen er der for at barna ikkje skal klare å opne porten) så kan ein enkelt løfte heile kula med ein annan kropsdel enn fingrane, akkurat som på denne mekanismen.

Merk at det er ein god grunn for at barnehageportar er levert med ein slik barnehagelås som typisk er konstruert for å kreve ei dravekt på 6-10 kg.

 

For å være litt konstruktiv:

Barnehageportar kan med fordel ha ei anna låsemekanisme. Dagens fokus på at det skal være ei kule som gir dårleg handgrep som du må dra hardt rett opp for at barna ikkje skal kome seg ut åleine er også til hinder for foreldre og besteforeldre som har handicap. Ein skal ikkje ha mykje karpaltunnelsyndrom (som gravide av og til får under svangerskapet) eller liknande før det er svært vanskeleg å gå ut og inn av barnehagen.

Det er behov for å ha ein port som både er universalt utforma nok til at alle vaksne klarer å opne porten, helst utan direkte hudkontakt i disse dagar, og som samtidig sikrar at barna ikkje stikker av i eit uoppmerksamt augeblikk. 

Kanskje burde det være ein pedal på denne låsen slik at ein både med tråkke på eit punkt lavt nede samtidig som ein enkelt kan bruke ei arm til å fllytte på spaken?

Den enklaste løysinga er kanskje å korte ned spaken veldig mykje slik at ein må bruke i betydeleg kraft til å dra i spaken og opne porten?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...