Gå til innhold

17" berbar spele- og kontor-PC til +/- kr 15.000,- på Komplett.no?


Anbefalte innlegg

Hei!

Lyt til å kjøpe meg ny berbar PC no etter kvart. Kunne tenkt meg å handle på Komplett.no for å få bruka ein 10 % bonus eg har frå Komplett Club som går ut den 31. desember.

PC-en skal brukast cirka 50-50 til kontorarbeid og speling. Minstekrav til spesifikasjonar er 17" skjerm, 16 GB RAM, 1 TB SSD og RTX 30-serie skjermkort. Storleik og vekt betyr ingenting, eg er meir ute etter ein "flyttbar stasjonær PC med batteri" enn ein "berbar PC". 😊 Greitt med brukbar batterilevetid, men dette er ikkje alfa og omega då den stort sett vil verte bruka på fast straum.

Eg ynskjer ikkje å gå så veldig mykje over kr 15.000,- etter rabatt (altså i området kr 17.000,- før rabatt).

Eg må seie eg tykkjer utvalet til Komplett er relativt labert så lenge kravet er 17" skjerm... Eg finn i grunnen berre ein aktuell kandidat:

https://www.komplett.no/product/1179450/gaming/gaming-pc/baerbar/acer-nitro-5-an517-41-173-fhd-144-hz#

Kva tenkjer folket om denne? Eg ser den får litt blanda resultat på testar.

Eg har ikkje heilt låst meg på Komplett, det hadde berre vore noko dumt å la denne bonusen gå tapt, men viss eg må til ein annan leverandør for å få ein brukande PC så gjer eg heller det.

Alt av innspel vert mottekne med takk! 👍

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...