Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

USB-hub vekker PC fra ventemodus umiddelbart


Anbefalte innlegg

Har fått eit problem med at PCen våknar opp igjen av seg sjølv 1-2 sekund etter å ha blitt satt i ventemodus.

Maskinen er sjølvbygg basert på Asus TUF Z370-Plus med Windows 10 21H1. Har sirkla inn at problemet oppstår når USB 3-hubben på hovudskjermen er kopla til. Skjermen er ein Samsung  F27T85.

Problemet oppstår ikkje når eg koplar til USB 3-hub frå annan skjerm istaden. Det oppstår heller ikkje på andre PCar når ein koplar til USB-kabelen frå Samsung-skjermen. Det er altså berre med denne spesifikke kombinasjonen av maskin og skjermhub.

Har naturlegvis sjekka at det ikkje er nokon musesensor e.l. som triggar vekkinga. Har dessutan sjekka ein del variablar med forskjellige mus, kopla all USB frå skjermhub direkte til PCen etc. Det er ingen alternativ for å slå av/på at USB-hub kan vekka maskinen i Enhetsbehandling.

Utskrift frå powercfg /lastwake:

Wake History Count - 1
Wake History [0]
  Wake Source Count - 1
  Wake Source [0]
    Type: Device
    Instance Path: PCI\VEN_8086&DEV_A2AF&SUBSYS_12345678&REV_00\3&12345678&0&A0
    Friendly Name: Intel(R) USB 3.0 eXtensible Host Controller - 1.0 (Microsoft)
    Description: USB xHCI-kompatibel vertskontroller
    Manufacturer: Generisk USB xHCI-vertskontroller

 

Har prøvt følgande utan hell:

  • Slått av wake timers under avanserte straumsparingsinnstillingar
  • Installert manglande driver for USB 3 gen 2 frå Asus (burde i utgangspunktet ikkje ha noko å gjera med skjermhubben som er gen 1)
  • Oppdatert til nyaste UEFI/BIOS

Kan òg legga til at eg tidlegare har hatt problem med at maskinen ikkje lot seg vekka frå ventemodus. Den gongen ordna det seg med ein BIOS-oppdatering. Denne gongen hjalp altså ikkje det.

Endret av MKap
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...