Gå til innhold

På utkikk etter 32" fleirbruks- og speleskjerm


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Eg driv og kikkar litt etter ny PC-skjerm etter at eg nyss bygde meg ny PC med RTX 3070.

Det eg ser føre meg er ein 32" skjerm med 144 Hz og oppover, G-Sync, 1440p oppløysing og HDR-støtte. Innebygde høgtalarar vil eg helst ikkje ha. USB-hub og slike ting er ikkje noko eg har bruk for, men det trekkjer ikkje ned om det er der heller. 🙂

Eg har kikka ein del på Samsung Odyssey G7 i det siste: https://www.komplett.no/product/1170547/demovarer/datautstyr/demo-skjermer/samsung-32-curved-gamingskjerm-odyssey-g7-demo/

Komplett har ein demo-modell som eg kan få for kr 4.590,- med 10 % rabatt på demovarer frå Komplett Club. Eg tykkjer det høyrast ut som ein grei pris? Eg ser der har vore noko problem med G-Sync på denne, men at det skal vere fiksa i nyaste fastvare?

Eg er likevel noko spent på korleis ein slik kurva skjerm fungerer til jobb og fritidsbruk, slik som Word, Excel, Outlook og nettsurfing? Til film og spel er det saktens greitt, men eg har null erfaring med kurva skjermar.

Alle tips vert mottekne med takk! 🙂 Eg vil helst ikkje bevege meg over kr 5.000,- totalt, og dess billegare dess betre, så lenge det ikkje går alt for mykje ut over kvaliteten.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Bruker en 27 tommer som er kurvet, merket såvidt forskjell fra kurvet til ikke.. Men er en G7 en.

Ser man får G7 i 32 tommer også nå.. Vurderer også å gjøre det samme som deg, tror ikke du får noen bedre skjermer enn G7 med 32 tommer buet skjerm. Ikke som jeg har saumfært markedet en liten stund før jeg slo til på G7 til 5k..
(Da kostet 32'' 7k, skulle ha ventet :D )

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...