Gå til innhold

Eventuell bruktverdi for godt bruka Corsair Obsidian 800D


Anbefalte innlegg

Heisann!

Eg pensjonerte akkurat min gamle travar av ein PC som eg bygde i 2009. I den samanheng så sit eg med eit godt bruka Corsair Obsidian 800D som eg ikkje veit heilt kva eg skal gjere med.

Etter ein liten støvtørk så skal sjølve kabinettet vere i god stand, og med relativt få bruksmerke etter såpass mange år i drift. Der er to større skavankar som eg veit om. For det fyrste så knakk luka som dekkjer frontpanelet i toppen av kabinettet framme. Dette er berre eit reint estetisk problem. For det andre så måtte eg bøye til sides nokon av festepunkta i 5,25"-brønnane for å få plass til ein "toetasjes" tank-/pumpekombinasjon. Dette ser ein ikkje utan at ein tek av sidepanelet, og så lenge ein ikkje skal fylle opp med eksterne 5,25"-einingar så betyr det ingenting.

Spørsmålet er om det er såpass bruktverdi i dette her at det er verdt bryet for meg å prøve å selje det?

Hovudutfordringa mi her er at eg bur noko utanfor allfarveg (øvre Setesdal), så eg vil tru sjansen er stor for at kabinettet lyt sendast til ein eventuell kjøpar på eitt eller anna vis. Eg har ikkje sjekka mogelegheitene, men eg reknar med at det ikkje er akkurat gratis å sende ein såpass svær slamp som dette kabinettet...

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...