Gå til innhold

Frykter at australsk lov kan ødelegge nettet


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Gjest Slettet-OvFPdyiZ

Eksempela med Google er grelle, men når det gjeld Facebook er det enno verre.

- Ei avis har ei nyheitsside.

- Dei vil ha meir trafikk til sida.

- Dei opprettar ei Facebookside heilt gratis.

- Dei delar artiklar (Tittel, ingress, eit illustrasjonsfoto) på Facebooksida si, framleis graits.

- Dei får trafikk til nettsida si og tenar pengar på annonser etc.

- Dei vil ha betalt frå Facebook for verdien dei har tilført Facebook ved å benytte tenestene deira for å skaffe seg trafikk?

 

Det er sjeldan eg er villig til å gi Facebook rett i noko som helst, men når dei sjølve seier at dei har omtrent null verdi av denne nyheitsdelinga, at nyheitsmedia allereie får tonnevis av gratis henvisninger og burde seie seg nøgd med det, er eg tilbøyeleg til å vere einige med dei.

 

For dei som meiner trafikken dei får frå Google og Facebook ikkje er verdt noko kan ein sjå på kva som skjedde i Tyskland då Springer Media klarte å lure tyske myndigheiter inn på ein tidleg variant av same lovgivninga. Google svarte med å droppe indeksering av tyske medier. Trafikken stupte. Google foreslo så at dei som ville indekserast kunne melde inn avisa si via ein portal, på det villkår at dei ikkje forsøkte å ta betalt for å la Google lenke til innhaldet deira. Dei meldte seg vel inn alle saman.

 

Spania såg dette. I deira versjon av lova gjorde dei det ulovleg for mediene å la vere å ta betalt. Skulle det linkast måtte det betalast. Google News trakk seg ut av Spania og mange av dei mindre mediehusa gjekk konkurs då dei ikkje lengre kunne konkurrere med dei større om annonsekronene fordi trafikken deira stupte så brutalt.

 

Australia går hakket lengre. Dei gjer det med denne lova ulovleg for Google og Facebook å diskriminere mot Australske medier, dei må då enten betale eller la vere å distribuere lenker til nyheiter i Australia i det heile, det vere seg utanlandske eller lokale medier. Dette gjer dei då i ytringsfridomens namn?

 

Eg synes heller ikkje australske myndihgeieter har noko som helst å grine over her. Dei gav Facebook eit enkelt val: Betale eller droppe nyheiter. Facebook nyttar dette som forhandlingstaktikk ved å innføre det som ville vore konsekvensen av lova, før lova er trådd i kraft. No kan Australske myndigheiter sjå kva som skjer om dei innfører lova, og så har dei valget om dei vil halde fram på denne stien eller forhandle litt meir.

Det dei IKKJE kan gjere er å grine over "wææææ, Facebook fulgte lova får og no gjer det vondt!" :p

Endret av Slettet-OvFPdyiZ
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...