Gå til innhold

Få GoPro-kamera til automatisk å fylgje ein person/ting


Anbefalte innlegg

Eg har av og til sett litt på mogelegheitene for å få eit GoPro-kamera til å kunne fylgje ein person eller ein ting som bevegar seg. (Eg tenkjer då altså ikkje på dronar eller slike ting som gjer at kameraet fysisk kan fylgje etter noko(n) rundt i terrenget, men at kameraet kan stå på ein brakett av eitt eller anna slag som held kameraet retta mot ein person/ting innanfor kameraets synsfelt.)

Viss eg skaffar meg noko slikt så er det ikkje noko eg kjem til å bruke ofte, så det er ikkje noko eg har tenkt å bruke stort pengar på. På den andre sida så er det lite vits i å skaffe noko billeg skrot som ikkje fungerer (eller berre fungerer litt på halv åtte).

Når eg har søkt etter dette på nettet så er det stort sett relativt dyre løysingar eg har funne (fleire tusen kroner). I dag kom eg noko tilfeldig over denne her: https://getpivo.com/collections/shop/products/pivo-pod/ Den er visst eit Kickstarter-prosjekt som i utgangspunktet er laga for smarttelefon, men der er ein brakett til GoPro å få tak i: https://getpivo.com/pages/action-mount/

Til saman ville dette kosta $140 med frakt, eller snaue kr 1.400,- etter dagens dollarkurs. Sjølv med norsk MVA og toll så skulle ein kunne kome under to tusen-talet ferdig levera. Då nærmar det seg eit nivå som eg kan leve med.

Eg finn litt blanda erfaringar når eg søkjer på testar av dette utstyret her. Difor tenkte eg at eg ville prøve meg her og høyre om det er nokon på forumet som har testa dette? Eller like relevant: Om der er andre forslag til tilsvarande utstyr som er like bra (eller betre!) og like rimeleg (eller rimelegare!).

Eg har ikkje så store krav til at slikt utstyr skal kunne fange opp ting som bevegar seg i veldig høg fart, men det bør kunne klare å halde ein person/ein gjenstand i fokus utan feilslag innan rimelege grenser. Eg kunne òg tenkje meg å ikkje vere avhengig av noko ein har på seg (brikke, armband eller liknande) for at sporinga skal fungere, men dette er absolutt ikkje noko ufråvikeleg krav.

Alle gode forslag vert mottekne med takk! ?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...