Gå til innhold

Anbefalingar for dekk på fjellovergangane (Haukeli)?


Zeph

Anbefalte innlegg

Finnes det ei side eller teneste som gjev anbefalingar mtp. valg av dekk ved ferdsel på fjellovergangane? Skal snart over Haukeli og det er for tida 2-5 grader. Vêrvarselet viser nedbør i form av regn og regn/sludd. På dagar med sol er det nok tørre vegar og heilt kurant, men er det fare for at det blir glatt når det er 2-5C og meldt nedbør? 

Vegvesenet har trafikkmeldingar, men fann ikkje noko om føreforhold. 

Om nokon som køyrer ofte over Haukeli eller har kjørt dei siste dagane så del gjerne erfaringar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Maxopp skrev (2 timer siden):

I følge værmeldingen ville jeg hatt vinterdekk frem til torsdag avhengig av når på døgnet du skal over, er det neste helg er sommerdekk ok.

Etter planen blir det i 12-14-tida uansett kva dag det blir. 

Øystein skrev (1 time siden):

Hvis du ikke var klar over det, så har vegvesenet værstasjoner tilgjengelig du kan se, sammen med webkamera.

https://www.vegvesen.no/trafikkbeta?lat=59.84148&long=7.09454&zoom=8&lag=Reisetider,Vær- og føremeldinger,Vegkamera og værstasjoner,Trafikkmeldinger&listView=false

Da ser du temperaturmålere på kartet også, der hvor det er tilgjengelig. 

image.png

Har sett på kamera ja, men det er vanskeleg å vurdere forholda så lenge det er våt veibane. Er det sol og tørr asfalt så ser ein godt at det er fint, men med temperaturar litt over null, overskya og nedbør er det ikkje lett å sjå så mykje.

I følgje meldinga er det 2-3 grader til dømes i morgon.

Lenke til kommentar
Gjest Slettet-404071
Zeph skrev (17 timer siden):

Etter planen blir det i 12-14-tida uansett kva dag det blir. 

Har sett på kamera ja, men det er vanskeleg å vurdere forholda så lenge det er våt veibane. Er det sol og tørr asfalt så ser ein godt at det er fint, men med temperaturar litt over null, overskya og nedbør er det ikkje lett å sjå så mykje.

I følgje meldinga er det 2-3 grader til dømes i morgon.

Nei, men temperaturmålerane saman med kamera gir ein litt betre indikasjon på føret. 2-3 grader høyrast litt skummelt ut, då det ikkje skal mange høgdemeterane til før det er nede i null. Ved dalføre og ved elver/bruer kan det også vere glatt, sjølv om det er plussføre. Personleg hadde eg vore skeptisk til å krysse fjellet på sumardekk no.

Lenke til kommentar

Det er såpass kaldt oppe på fjella at du ikkje kan rekne med at det er forsvarleg med sommardekk til alle tider.

Einaste grunnen til at det er svart våt asfalt over Haukeli akkurat no er saltinga. På dagtid når sola varmar opp asfalten og ein har fått tid til å salte/brøyte så går det stort sett greit med sommardekk så lenge det er kuldegrader eller snør, men det vil openbart bli dårlege køyreforhold når temperaturen ligg rundt 0 grader og det legg seg snø/sludd i vegbana.

Så dersom du har sommardekk så må du planlegge køyringa slik at du ikkje krysser fjellovergangane om natta eller tidleg om morgonen, og slik at du ikkje køyrer dersom det startar å snø/sludde.

 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...