Gå til innhold

Vert ikkje "kvitt" gammal Microsoft-konto


Anbefalte innlegg

Hei!

Eg har Windows 10 Pro og Microsoft 365 på to PC-ar. For nokon månadar sidan kvitta eg meg med den gamle @hotmail.com-adressa mi og la inn ei ny E-postadresse som hovudalias for Microsoft-kontoen min. Dette har gått heilt som forventa, med eitt unntak: Med jamne mellomrom får eg feilmelding i Office-programma om at det er noko feil med kontoen min, og at eg må logge inn på nytt. Dette skjer berre på den eine PC-en, på den andre er alt normalt.

Viss eg då går inn og prøvar å logge inn på nytt så kjem den gamle E-postadressa opp. Eg får ikkje noko val om å endre denne. Viss eg prøvar å logge inn med rett passord så får eg feilmelding.

Viss eg sjekkar systeminstillingane i Windows så er det rett konto som ligg der. På mine sider hjå Microsoft er det berre den nye adressa som ligg, alle spor etter den gamle er sletta. Eg har prøva å køyre Microsoft Support and Recovery Assistant, og det såg ut til å hjelpe der og då, men problemet kom berre att. Eg har prøva å slette alle referansar til den gamle E-postadressa frå registeret utan at det hjelpte. Eg prøva å installere Office på nytt, men det hjelpte heller ikkje.

Er det nokon som har ei aning om kva eg kan gjere for å endeleg få hiva ut den gamle kontoen? Eg er rimeleg tom for idear akkurat no... ?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...