Gå til innhold

Mogelegheiter for å redde data frå defekt MicroSD-kort


Anbefalte innlegg

Hei!

Eg sit med eit MicroSD-kort som eg skulle fått ut ein del data frå. Problemet er at eg ikkje får til å lese kortet. Det sat tidlegare i ein Android-telefon, men slutta å la seg lese/skrive til. Eg har prøva i to ulike PC-ar, og med og utan "MicroSD-til-vanleg-SD"-adapter. Eg har prøva både på vanleg måte og med bruk av Recuva. Systemet finn kortet reint fysisk (i alle fall av og til), men eg får feilmelding ved forsøk på å lese det. Eg kan ikkje sjå nokon opplagde eksterne feil/skadar på kortet.

Har eg nokon fleire mogelegheiter som eg kan prøve heimanfrå? Viss ikkje, er det nokon som veit om eitt eller fleire selskap som driv med redning av data frå defekte lagringsmedium og kva eg må rekne med å betale for ein slik "redningsaksjon"?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Gjest Sletttet+98134

Se også på muligheten til å kjøre backup i fremtiden. Mange forskjellige aktører leverer apper / software som automatisk laster opp filer til deres løsning, eksempelvis Dropbox, Jottacloud.

Lenke til kommentar

@The Avatar: Absolutt, eg skal kome med ei oppdatering når eg får svar. ?

@Fleskefjeset: Ja, sikkerheitskopi er essensielt. Eg har det på min telefon, men dette var på konas gamle, og der hadde me oversett det... ? Men på den nye telefonen hennar er det i alle fall på plass, så me burde ikkje kome i dette uføret fleire gonger.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Då fekk eg svar frå IBAS. Dei kan gjere ei gratis vurdering av tilstanden til kortet, og så tippar dei at ei gjenoppretting vil koste alt frå kr 3.000,- til kr 10.000,-... ? Ikkje akkurat småpengar, men det kostar i alle fall ikkje noko å få det evaluera. Så får ein heller gjere ei vurdering av kva innhaldet er verdt når ein får den endelege prisen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...