Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Kjøp av billig småbil


Anbefalte innlegg

Eg er på utkikk etter ein rimeleg småbil som eg kan bruke til å køyre til jobb i ny og ne, og korte turar lokalt. Har 40 km tur t/r til jobb, men brukar stort sett tog. I utgangspunktet tenkte eg på elbil, men skal handle meg hus snart, og vil ikkje binde opp for mykje kapital. Tenkjer då at ein småbil i prisklasse 50-60k kan vere eit godt utgangspunkt. 

Har kikka på eit par ulike bilar, men har ikkje så mykje peiling på bil anna enn det Google kan hjelpe meg med. Har kutta ned lista til desse: 

Hyundai i10 (2010)

Skoda Citigo (2014)

Ford Ka (2012)

Citroen C1(2014)

Eg har vel eigentleg berre gått etter billige bilar med låg km. Litt usikker på kva eg skal velje her no. gamle i10-ar er jo stygge som fy, men den er gjerne hakket kjappare enn dei andre her. Kjører litt på 90-motorveg, så hadde vore greitt å ha noko som taklar litt fart. 

Tenkjer at eg sikkert kan selje desse om eit par år og framleis få 30k+. Tviler på at eg kjem til å køyre meir enn 7-8K km ila eit år, sannsynlegvis betydeleg mindre. 

Nokre tips? Ser Citigo har godt rykte som bruktbil, men så er jo den Citroen-bilen betydeleg billigare. 

Edit: Vil helst ha ein liten bil i same storleik som dei over. 

Endret av iR' BR34K
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Av dei du linkar til ser Citroënen ut som det beste kjøpet mtp. pris, alder og km. Fordelen med Up er plass til 1 (liten) ekstra person i baksetet, samt finare utsjånad utpå og inni, men det er antakeleg ikkje verdt 20kkr i din situasjon. Hadde unngått Ka’en sidan den manglar dører bak. Sidedører bak er utroleg praktisk om ein plutseleg skal ha med seg noko som ikkje passar i bagasjerommet.

Om det er 60 eller 68 hk er nok ikkje så farleg, så lenge det er akselerasjonsfelt der du køyrer på motorvegen. Med bilar i A-segmentet må du uansett vera førebudd på mykje støy i kabinen i 90-sona.

Lenke til kommentar

Du får jo også Nissan Leaf i den prisklassen, ekstremt lave driftskostnader og lite vedlikehold. Det er jo en litt større og sprekere bil enn de du har foreslått, men likevel billigere i drift.

IMiew og liknende små elbiler får du ennå litt billigere.

 

Kan være verdt å vurdere med avstandene dine.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...