Gå til innhold

Vurderer kjøp av ny berbar PC til kontorarbeid og dataspel


Anbefalte innlegg

Eg vurderer å skifte ut min noverande berbare PC med ein ny i næraste framtid, og vil såleis gjerne høyre om nokon her har eit bra tips eller to til meg i så måte.  :)

 

PC-en skal i stor grad brukast til kontorarbeid, men eg vil gjerne kunne spele dataspel òg utan å måtte inngå for mykje kompromiss på grafikk-kvalitet og yting. Dei spela eg helst ser føre meg å kunne spele er av typen MechWarrior Online (https://mwomercs.com/), The Witcher 3: Wild Hunt (https://thewitcher.com/en/witcher3/), Battletech (http://harebrained-schemes.com/battletech/), World of Tanks (https://worldoftanks.eu/) og (på sikt) MechWarrior 5: Mercenaries (https://mw5mercs.com/). Det ideelle hadde vore å kunne køyre slike spel som dette med alle grafikkinnstillingar på maks, men det er kanskje utopisk for ein berbar PC innanfor ein nokolunde vitug prisklasse...?

 

Eg ynskjer meg stor skjerm, gjerne 17-toms, som er god og behageleg å sjå på. Vekt og storleik på PC-en har lite og ingenting å bety, eg er nok meir ute etter ein "flyttbar PC" enn ein "berbar PC".  :wee: Batterilevetid har heller ikkje mykje å seie, det er ikkje mange gongene i året eg har behov for å bruke den eg har no utan å ha tilgang til straum. Eg er ikkje så veldig begeistra for slike bling-blong-greier med mangefarga ljos i tastaturet og den slags. Eg ynskjer ein meir nøytral utsjånad sidan han trass alt skal brukast i jobbsamanheng (men så lenge det går an å slå av ljoset så kan eg sjølvsagt fint leve med at det finst der). Eg ville sett stor pris på ein stillegåande PC, men dette er vel gjerne òg ein eigenskap som er vanskeleg å finne viss ein skal ha høg yting i ei såpass lita pakke.

 

Når det gjeld prisklasse så kunne eg godt tenkt meg å kome under kr 10.000,-. Likevel så kan eg nok gå over dette viss eg må, men eg ser uansett føre meg kr 15.000,- som ei absolutt grense.

 

Alle stalltips vert mottekne med takk!  :wee:

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Multicom sine maskiner som virker å passe deg best er typisk temmelig generiske. Tastaturlyset kan slås av.

 

17,3" blir ganske dyr, men de har også noen 16.1" litt billigere. Går du på 15,6" får du maskiner innenfor pristaket og du får også oppgradert RAM til 16 GB og en lisens på Windows 10.

 

https://www.multicom.no/

 

Ellers er det vel bare på tråle prisjakt.no og filtrere der eller sjekke finn.no

Endret av vidor
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Sikkert ingen dum ide, eg har Multicom per i dag og er godt nøgd (bortsett frå at han tek til å dra på åra og ikkje heng heilt med i svingane lenger, då :wee:). Eg har kikka litt på desse. Synd at både 17,3"- og 16,1"-modellane deira er såpass dyre, eg har 15,4" per i dag og tykkjer dette vert noko snautt. Eg kunne godt tenkt meg å gå opp eit hakk eller to i storleik, men då må eg finne noko under 15k, eg kan ikkje rettferdiggjere å gå over det budsjettet.

 

Det er klart ein slik som denne her freistar veldig, men akkurat ein tusenlapp over budsjettet... https://www.multicom.no/multicom-kunshan-p960rc-161-144hz/cat-p/c1004235/p1500011072

 

Elles så har eg gjort som du føreslår og kikka både på Prisguide.no og Prisjakt.no, lese testar og alt mogeleg slikt. Eg tenkte berre eg ville høyre innpå her om det var nokon som hadde nokon gode forslag som eg ikkje hadde funne enno.  :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Jau, eg er klår over at ynskja mine nok kan vere i overkant med det pristaket eg har sett. Slik sett så er vel eit nøytralt design det fyrste eg kan ofre for å kome innanfor budsjettet. Så sant det ikkje ser ut som eit joletre med doble sett med farga, blinkande ljoslekkjer så kan eg nok leve med det.  :lol: Nest etter dette så lyt det nok vere å gå ned på skjermstorleiken.

 

Ideelt sett så ynskjer eg god yting på langt sikt òg. Den berbare som eg har no kjøpte eg i november 2011, og den har klara seg fint heilt til det kraftigaste skjermkortet tok kvelden for eit snautt års tid sidan. No kan eg ikkje spele stort meir enn kabal på han...  :lol: Eg ser eg gav rett under 13k for han i si tid. Slik sett er eg vel ikkje av dei som har bruka mest pengar på datamaskin per år...  :wee:

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Ja, det er lurt å shoppe langsiktig, så du slipper verditap ved salg og raskere nykjøp og en får også høvelig lang levetid.

 

Skjønner problemstillingen din ang juletrefaktoren. Gaming-baserte maskiner minner tidvis om en ugly christmas sweater konkurranse og å være mest mulig tacky og glorete. Min har orange WASD taster jeg greit kunne vært foruten. Var på nippet til å kjøpe et donor-keyboard med samme tastemekanismen for å bytte dem, men de ville fremdeles skille seg ut, så jeg droppet det.

 

Alltid litt pes å plukke seg ut en ny PC.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Pleier du å bruke bærbare PC-en uten batteri?

Jeg har en ca 4 år gammel Asus som jeg alltid bruker uten batteri, da den står på hele tiden. Da setter jeg stor pris på å kunne ta ut batteriet slik at det ikke blir ødelagt av å hele tiden bli ladet. Hadde også en nyere Asus, den kunne ikke fjerne batteriet. Jeg måtte rett og slett angre kjøpet av den. Sånn som jeg forstår det blir det mer og mer vanlig at PC-er ikke kan fjerne batteriet, og er noe som bør sjekkes før kjøp hvis det er viktig for deg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

ASUS har designet en del maskiner med innebygget batteri slik at de trekker GPU og CPU boost fra batteriet når strømbehovet overgår det PSU kan levere. Batteriet er relativt enkelt å bytte når du skrur av bunnskruene.

 

Det de kunne gjort var å legge til en opsjon for batteri-management som desktop-erstatter der batteriet kun lades til en gitt definert prosent. Evt kan dette lages som en ettermarkeds-dings som senser batteriets støminntaks-kurve og kutter ladingen når ladestømmen blir liten nok uavhengig av logikken som maskinen bruker internt som er optimalisert for maksimal kapasitet som degraderer batteriet raskere.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Pleier du å bruke bærbare PC-en uten batteri?

Jeg har en ca 4 år gammel Asus som jeg alltid bruker uten batteri, da den står på hele tiden. Da setter jeg stor pris på å kunne ta ut batteriet slik at det ikke blir ødelagt av å hele tiden bli ladet. Hadde også en nyere Asus, den kunne ikke fjerne batteriet. Jeg måtte rett og slett angre kjøpet av den. Sånn som jeg forstår det blir det mer og mer vanlig at PC-er ikke kan fjerne batteriet, og er noe som bør sjekkes før kjøp hvis det er viktig for deg.

 

Eg har aldri bruka å ta ut batteriet, nei, men eg burde sikkert ha gjort det. Batteriet på den PC-en eg har no er heilt øydelagt, det held ikkje eitt minutt ein gong. Viss eg skal flytte PC-en frå eitt rom til eit anna så må eg setje han i dvalemodus fyrst, elles er han daud innan eg rekk å kople han til nettstraum att...  :lol:

 

Det de kunne gjort var å legge til en opsjon for batteri-management som desktop-erstatter der batteriet kun lades til en gitt definert prosent. Evt kan dette lages som en ettermarkeds-dings som senser batteriets støminntaks-kurve og kutter ladingen når ladestømmen blir liten nok uavhengig av logikken som maskinen bruker internt som er optimalisert for maksimal kapasitet som degraderer batteriet raskere.

 

Noko slikt burde absolutt ha vore standard, ja. Det same gjeld moblitelefonar, eg meiner der burde ha vore ei mogelegheit for å kutte ladinga når batteriet når ein viss prosent. Ein skulle ikkje tru det hadde vore så overmåte komplisert å få til noko slikt for både PC-ar og mobiltelefonar, men det er kanskje meir komplisera enn eg trur sidan ingen (så vidt eg veit) har gjort det enno. Eller så er det så enkelt som at produsentane helst vil at slike ting skal ha redusera levetid så dei får selje oss nye ting heile tida...  :wee:

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Nei, har ikkje kjøpt enno. Eg har ikkje så veldig hastverk, men ser føre meg at det kan verte handel i løpet av hausten/vinteren. Ikkje så dumt å kikke litt rundt på om ein kan finne nokon gode tilbod så lenge ein har tida føre seg!  :)

 

Sei gjerne ifrå viss du skulle kome over noko som kan vere interessant for meg òg!  :thumbup:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...