Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Trekking av kabel gjennom torpedovegg på Honda CR-V


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Eg skal montere ein DEFA kupevarmar i ein 2008-modell Honda CR-V Executive. Alt har gått greitt så langt, men eg slit med å finne ein høveleg plass å trekkje kabelen til kupevarmaren frå motorrommet og inn i kupeen gjennom torpedoveggen.

 

Eg trudde eg skulle finne ei eksisterande gjennomføring som eg kunne "låne", men eg har ikkje funne noko så langt. Noko av utfordringa er at det er så trangt å kome til i dette området, både utanfrå og innanfrå.

 

Eg hadde sett stor pris på det viss nokon hadde nokon gode tips her! Viss ikkje lyt eg berre knote og leite vidare, men viss eg slepp å finne opp hjulet på nytt så er det fint!  :D

 

(Om du ikkje kjenner akkurat denne modellen så tek eg òg imot generelle tips med stor takk. Eg har mekka ein del på bil før, men eg har aldri trekt kablar gjennom torpedoveggen, så det kan hende der er nokon opplagte plassar eg gløymer å leite.)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sånn generelt er det greit å prøve å finne seg et område rundt hanskerom / fotbrønn til passasjer. På endel biler går kabler ut i rommet mellom inner og ytterskjerm fra motorrom og inn via rammen til døren. Det blir fort litt voldsomt å bruke samme vei, men om du klarer å finne deg et område nær hanskerom hvor det ikke er noe som står i veien, så kan du drille deg et hull der, bruke en gjennomføring av gummi så du får beskyttet kabler mot skarpe kanter, og så fuge godt med noe solid fugemasse som Tec7 / Sikaflex eller lignende.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Då går dagens 10-poengar til KVTL!  :w00t:

 

Sjølv om den sida du la inn ei lenkje til ikkje hadde akkurat vår modell av CR-V så var det nær nok på den som var der! Det viste seg at eg hadde oversett ei kabelgjennomføring av di eg trudde det var noko heilt anna (eg hadde ikkje sett nøye nok). Så no er alt i orden!  :grin2:

 

(Det syner seg òg at Google Translate har eit noko snodig forhold til det finske språket, med gullkorn som "hårete bukspyttkjertel" og "det er et godt valg, men det er ikke bare bra å velge" då eg prøva å få omsett teksten i brukarrettleiinga...  :grin: )

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...