Gå til innhold

Kamptråd - Newcastle United vs Manchester United


Snikpellik

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Ein omgang der vi eigentlig har veldig god kontroll og kan styre veldig mykje av banespelet, men så er vi også enormt sårbare når Newcastle først får sjansen til kome. Det i motsetnad til heimelaget, som får kampen dit dei ønskjer den og kan ligge kompakt og forsøke å ri unna/hindre at United klarar å spele seg til skikkelege sjansar. 

 

Gir ein seg då også til å gje vekk tullete moglegheiter til heimelaget så er ein plutseleg ganske ille ute, men heldigvis gjekk det bra så langt.

 

Når ein får det til å gå fort nok sjølv, så ser ein plutseleg at det er sprekker bak der ein kan utnytte, men det klarar ikkje United godt nok. Det går for seint for ofte og då kjem ein seg heller ikkje gjennom. 

 

Det sagt så er heimelaget også heldige som ikkje må avslutte med ti mann. Det gule kortet kan nok forsvarast, sjølv om det er heilt i grenseland, men når du kort tid etterpå går inn på den måten på Pogba så bør det vere straffe imot og takk for i kveld. Tydlig at dommaren har lagt seg på ei "tøff" linje i kveld. 

 

Må nok gjerast nokre endringar i den andre omgangen. Laget verkar litt seigt i kveld og spesielt på høgresida kjennest det veldig slappt. Mata kan nok godt fungere, men i kombinasjon med dagens Valencia blir det ikkje nok sprut over det.

 

Spent no på å sjå om trenarane klarar å løfte dette nokre hakk til den andre omgangen. Ikkje sikkert det skal så mykje til og eit mål rett veg ville nok gjort mykje. Då kan det plutselig kome fleire for akkurat no er Newcastle godt fornøgde med å ligge bakpå og utnytte feil frå United

Lenke til kommentar

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...