Gå til innhold

Innspel om Bipolar liding - kva og korleis bør opplysninga om diagnosen og behandlinga føregå ved sjukehusinnlegging ved akutt mani?


Anbefalte innlegg

Bipolar liding - kva og korleis bør opplysninga om diagnosen og behandlinga føregå ved sjukehusinnlegging ved akutt mani?

 

Åtvaring (med erfaring frå at mange folk, inkludert behandlande overlege på XXX med andre ansatte, ikkje tok ironi og sarkasme og at det vart brukt mot meg) – denne teksten inneheld ironi og sarkasme. Les med varsemd.

 

Ein kollega av karakteren «Miranda», spela av skodespelar Cynthia Nixon, seier til ho i komiserien, «Sex and the City» sesong 4 episode 14, når «Miranda» er gravid og sovna på pulten sin, at andre kollegaer hadde lurt om, «That you be an alcoholic or bipolar, or something». Der ho spør om han hadde sagt til andre at ho var gravid. «Isn’t that better?», repliserar kollegaen. Ja, ein ser kva det går i. Altso nedlatenheit og negativitet. Og kvifor i svarte blir alkoholisme og bipolar liding likestilt? Den eine er sjølvforskyldt og den andre kan du ikkje for (eg kjem nærare inn på det seinare). Bipolar liding blir ikkje edelt beskrive verken i populærkulturen, media, samfunnet elles og i skulen (eg kjem meir innpå det seinare). Kanskje med god grunn. Eg veit ikkje. Men det skal eg no undersøke ved å bruke min eigen historie. Ein lite innføring i bipolar liding i pedagogisk og brukarretta form, vil eg anbefale å lytte til NRKs EKKO episode 05.04.2018.[1] I tillegg vil eg gjerne henvise til «Pia og psyken», ein podkast laga av Pia Pedersen.[2] Eg vil gå nærmare inn i risikoen, årsakane og kjenneteikna på bipolar liding seinare. Først vil eg ta for meg problemstillinga om kva og korleis behandlinga bør skje ved sjukehusinnlegging ved akutt mani.

 

Lang historie, meget kort. Eg blei akutt sjuk, innlagt, over to seige månader etterpå, «vi mistenker bipolar liding». Ein månad til, utskrive med ein haug medisin og «good luck». Neida, ein utruleg varm avskjed med gode klemmar av dei fantastiske damene som alle som ein skjønte når eg brukte litt sarkastisk galgenhumor og at det ikkje var mynta på dei, i motsetnad til ein del av mannfolka der, ikkje alle, de veit kven de er. Mannfolka var som mannfolk flest, eit kort vift med handa, men eg likte dei òg, sakna dei nesten. Dei vart jo livet mitt i fleire månader. På godt og vondt.

 

So, til problematiseringa. Eg vart meir eller mindre gåande i to månader før nokon rasjonelt, varmt og pedagogisk forklarte at eg har bipolar liding. «Har», ikkje «er». Nils (tilfeldig namn) «er» ikkje ein broten fot, han «har» ein broten fot. Det burde vere det same i forhald til bipolar liding, den eine medisinen min, er faktisk ein epilepsi-medisin, og sist eg sjekka er det ein meget somatisk sjukdom. Det tilseier at det ikkje er nokon forskjell på den brotne foten og bipolar liding. Ikkje at dei andre psykiske lidingane ikkje fortener å bli omtalt som «har», ikkje «er».

 

I mangel på god undervisning i skulen, der eg gjekk venta dei til vidaregåande for å ta seg ein tur til den lokale distrikt psykiatriske senter (DPS), som den gongen vi var på tur rundt i Lerum, Stortinget eller VG, blir psykiske lidingar skremmande, farlege og uforståelege. Det hjelper ikkje på at psykotiske personar blir omtala som farlege og potensielle drapsforbrytarar i media. Eller at det blir påpeika at drapsforbrytarar er psykotiske. No tviler eg ikkje på at det er eit faktum. Men når det er det einaste ein høyrer at psykotiske personar er, omtrent, so forbinder ein psykotiske personar som drapsforbrytarar. Eg sa til og med til ein venn nyleg, «eg var heldigvis ikkje ei farleg drapsmaskin då eg «klikka» (min måte å seie at eg var psykotisk, eller mareritt i vaken tilstand som er den desidert største favorittfrasa å omtale min psykose på for meg)».

 

Eg var derimot fortvila, redd og eg skreiv og teikna masse. I tillegg til at eg seinare dansa og song. Problemet for meg er at eg no, etter innlegginga, forbinder teikning, dansing og synging som noko som eg gjer når eg har «klikka». Eg var heilt i min eiga verd. Men det fell utanfor denne teksten å skrive meir om.

 

For å ta tak i det eg skreiv ovanfor om psykiske lidingar i skulen. Det blir ein kuriositet, liksom. Eller som då eit par i klassen på vgs. hadde framføring om lobotomering ved diverse psykiatriske sjukehus i Norge til langt opp på 70-talet, so gjekk læraren ut – ho nekta å sjå på. Det blir eit bilete på korleis ein forhalder seg til psykiske lidingar i samfunnet og i skulen – ser ikkje, høyrer ikkje og snakkar ikkje om.

 

Og sidan det ikkje blir snakka om i skulen før du omtrent er vaksen, so blir psykiske lidingar skambelagt. På den positive sida so er dei meir omtalt i media dei siste 10 åra enn det har vore før det. Likevel, det er som «å pisse i buksa for å halde varmen»  å ikkje snakke om det i samfunnet og skulen, all den tid i laupet av livet vil opptil 5 % oppleve panikkangst (men i følgje egne erfaringar og samtalar med mange rundt meg tipper eg førekomsten er mykje høgare, men det er ikkje relevant her sjølvsagt).[3] Vidare syner tala frå Folkehelserapporten at omtrent 30 % vil få ein angstliding i laupet av livet og 25 % vil få ein depresjon.[4] Har du fleire enn fire og fem personar i ditt liv, so vil du garantert (ja, eg gir garanti) enten oppleve det sjølv eller kjenne nokon som har opplevd dette. Viss ikkje denne førekomsten kvalifiserer til å bli snakka om, so veit ikkje eg.

 

Og for å knyte desse tala til bipolar liding, tidlegare manisk-depressiv, treng eg kanskje ikkje ein gong å seie at depresjon førekomsten har direkte relevans for bipolar liding når ein er i den depressive fasen, men også angst høyrer til i denne fasen.[5] Meir hokus pokus er det ikkje. Det er «business as usual», dei som veit veit.

 

I den motsette polen, mani, finner ein stort forbruk av pengar (ikkje relevant for meg den gongen, eller sidan då, akkurat dette har eg kontroll på), rask og ulogisk tankegong, realitetsbrist (psykose) og religiøse tankar (etter mitt syn og mange andres, definitivt realitetsbrist/psykose det også) m.m.[6] Her blir det vel også rett å skyte inn at det finns fleire ulike nivå av bipolar liding, du har 1, 2, 3a, 3b og 4.[7] Det er derimot, kun 1 og 2, som er godkjent av det internasjonale diagnosesystemet ICD-10 utgjeven av Verdens Helseorganisasjon (WHO).[8] No vil kanskje mange seie at den maniske delen er unormalt. La oss sjekke ut det òg.

 

Risikoen for å utvikle (merk utvikle) bipolar 1 i laupet av livet er mellom 1 og 2 %. Yes, I am special, peeps! Wiiiiii! Not. Kvinner og menn har omtrent like stor sjanse for å utvikle bipolar liding 1 (den spesielle klubben eg er so heldig å vere ein del av).[9] Mellom 3 og 5 % vil utvikle bipolar 2 liding, der flesteparten er kvinner slik forsking syner so langt.[10] So langt, ser det ut til å vere sjeldan, men ikkje meir sjeldan enn at i desse Facebook-tider, der folk har 500+ «venner», so vil ein ha ca. 5-25+ personar med desse diagnosane på venne-lista til ein kvar tid. Altso er det ikkje heilt usannsynleg at du har direkte eller indirekte kontakt med denne «menneskerasen».

 

Årsakane til bipolar liding tyder på å vere arveleg jf. tvillingstudiar, men om ein har arveanlegg, trenger ein ikkje å bli sjuk. Dersom den eine parten i eit einegga tvillingpar utviklar bipolar liding, har den andre tvillingen ein 40-70 prosent risiko for å utvikle same sjukdom. Både born og søsken (førstegradsslektningar) av ein pasient med bipolar liding har ein 20-25 prosent auka risiko for sjukdommen.[11] Miljøet er av stor betydning, og stress og søvn kan vere ein utløysande faktor.[12] Her burde eg skyte inn at eg gjekk nesten utan søvn i ei veke før eg blei innlagt og eg fortsette med å sove dårleg i alle fall ein månad inn i innleggelsen. Ein kvar kan vel bli gal av mangel på søvn, ikkje sant småbornsforeldre? I tillegg spiste eg svært veldig lite, og var tynn etter min normalvekt då eg blei lagt inn. Dei skipsforliste som sitter i redningsbåten utan mat, blir vel ikkje heilt god i nøtta dei heller over tid, eller kva?

 

I tillegg kan belastande livshendingar utløyse bipolar liding.[13] Hallo, overgep av ein politibetjent, avhøyr av spesialenheten og lang rettssak, samlivsbrot og dødsfall i nær familie.

 

Stort forbruk av pengar er ikkje uvanleg, det er berre å slå på fjernsynet, finne fram popcornet og kose seg med «Luksusfellen», «Kim Kardashian» (ja, dei er rike, men pengeforbruket er manisk i sin rette tydning), all slags feittsugings-program (ja, det er kanskje normalt no om dagen, like fullt heilt unaudsynt og manisk bruk av pengar). «You name it», som eine læraren min sa på godt norsk. Det er fristande å sløyfe faktum her, men det skal eg i alle fall ikkje, vil jo ikkje bli tatt for det, då er jo det eg skriver urelevant. So hald dykk fast! No har norske hushaldningar 3000 milliardar i gjeld i september 2016 melder Dagens Næringsliv.[14] Det er sikkert ikkje blitt mindre no, heller meir. Men eg skal sjekke, ja.

 

Unge nordmenn mellom 18 og 26 år hadde 1 milliard i kredittkort gjeld i juni 2015, skriv NRK.[15] Unge nordmenns inkassogjeld har auka med 50 prosent frå 2015 til 2016 i aldersgruppa 18 til 25 år til 235 millioner kroner ifølgje Kredinor.[16][17] Lindorff forfølgjer krav på 2.2 milliarder kroner, der mange prøver den strategien å flykte frå gjelda ved å flytte til utlandet, skrives det 19. januar 2018.[18] McKinsey (konsulentselskap) har slått saman gjeld for selskapar, finanssektoren og hushaldningar og har komen fram til at Noreg hamna på 14. plass med ein gjeldsgrad på 244 prosent av BNP (bruttonasjonalprodukt), i februar 2018. Til samanlikning har Hellas gjeldsgrad på 317 prosent av BNP.[19] No skal eg ikkje dermed konkludere med at dette gjev bevis på høg førekomst av mani, men det er eit faktum at høg pengebruk, noko det å ta seg meir gjeld enn ein kan betene er, er eit av hovudkriteria for å diagnotisere bipolar liding (mani) jf. ovanfor.

 

For å vere personleg og u-relevant - eg har eigd kredittkort og kun brukt det ein gong. Eg er svært sparsam med pengar. Eg er den typen som skraper av muggen på leverposteien (den gongen eg spiste det), og spiste resten. Til skrekk og gru for mine økonomiske sambuarar. Sorry, not so sorry. Eg er like frisk, no problemo, om ikkje det er akkurat dette som har medført bipolar liding. Dette bør det forskast på. Fører mugg til bipolar liding? Eg gir ballen til dei det gjelder. I tillegg låner eg pensumbøker på biblioteket (eg burde kanskje ikkje avsløre dette når eg tenker meg om – det blir vel rift om desse då). Og eg handler lite og når eg handler, er det ofte brukt. Eg overtar brukte mobilar og anna elektronikk av mine nære. Eg reiser på restplassbillettar. Eg har levd på husmannsknekkebrød og havregryn dei siste åra (dette kan vere litt skummelt dog det er fare for å bli alvorleg matlei og hugs vitaminane!). Uansett takk besta og foreldra mine for å lært meg å vere økonomisk. Det har derfor vore vanskeleg for meg å akseptere diagnosen på akkurat dette punktet, som blei framheva veldig, for det stemmer slett ikkje for meg.

 

Derimot har eg vel i staden starta eit par prosjekt[20] (dette er endå eit av kjenneteikna på bipolar liding). Men i sakte tempo. «YYY» (organisasjon i startfasen og nettmagasin for å promotere ZZZ, som er ein anna organisasjon, der abc osv.) var eit tidsfordriv ein periode og ein lidenskap, men eg hadde eit par års pause, det har ikkje kosta meg noko. Det var kun for å spreie nokon nye idèar og tankar med fleire. Elles har eg kun haldt meg opptatt med det som måtte gi meg glede, ingenting manisk med det.

 

Derimot var eg kanskje litt manisk i studie, det kan vel mine medstudentar og studieveiledar m.fl. skrive under på. Kanskje det er dette som har utløyst bipolar liding? Igjen dei som bør kjenne seg kalle, go go go! Men no skal det seiast at eg ville skunde meg for eg har ein stygg overgrepshistorie og ein lang og pinefull rettssak der politibetjenten blei fengsla, bak meg. I det heile tatt ein liten haug med traumer som eg må kjempe mot. Det skal bli spanandes å gå i gang med fjerde år og strafferett kjenner eg. Not.

 

Også kjem eg til det kanskje meir opplagte symptomet, hurtig og ulogisk tankegong. Dette vil nok skile «normale» folk frå dei bipolare, dette er forsovidt godt beskrive av skodespelaren Claire Danes som Carrie Mathison i serien «Homeland». Der ho i periodar for å løyse saker bevisst går av Litium (ja, det er eit grunnstoff brukt i batteri, men det er også den mest vanlege medisin mot bipolar liding), og tapeteserer veggane med bileter, trådar og skrift, for å kome fram til ei løysning. Det skal seiast ein blir svært effektiv i den maniske fasen nokon gonger, gitt at ein har hypomani (bipolar 2, mindre alvorleg enn mani[21]). Det er ikkje utan grunn at mange kunstnarar har hatt denne diagnosen, og at noko av det siste legen og dei ansatte sa til meg var at me har mange i media som me hjelper og det blir jo mykje god kunst av dette (eg såg ikkje på dette som noko positivt). Men slik eg opplevde manien når det gjekk over i religiøse vrangforstyrringar (eg skal ta for meg det seinare), so får ein ikkje «so mykje ut av manien», anna enn «å drite seg loddrett ut» og skremme vatnet av folk, og ikkje minst seg sjølv (himmel og helvete og den soga der).

 

So kjem eg til brannfakkelen i symptoma på bipolar liding - religiøse vrangforstyrringar. Eg skal ikkje seie so mykje om dette enn at dei ansatte sa til meg når vi kom inn på dette tema - kyrkja og kristendommen tar vi ganske useriøst og med stor ironi. No klarte eg sikkert å få mange på nakken, men det er som det er, som dei sa til meg. Det einaste eg kjenner på meg er at vitskapen har størst plass i mitt hjarta, og det  har blitt meir og meir viktig å halde fast på dette for å halde meg til røynda. Stephen Hawking, og dei andre, blir dei store heltane. Apropos store heltar. Eg såg i mine vrangforstyrringar folk som heltar, so til dykk ansatte som såg superhelt-teikningane mine – dei teller ikkje! Forget it.

 

 

Korleis er det å få diagnosen?

 

Det kan vere en lettelse å få ein diagnose å forhalde seg til.

”En del ting falt på plass. Når man tross alt er syk, er det bedre å ha en diagnose. Det var en lettelse å få et navn på det. Jeg vet nå at jeg har en sinnslidelse” - Hanne.

 

Ved å få ein diagnose kan ein forstå sin eigen situasjon betre og kjenne lettelse over at ein no skal få hjelp.

”På en måte var det som om jeg forsto mer. Det var en lettelse at jeg skulle få den her medisineringen som gjorde meg mer stabil” – Johanna.

 

Diagnosen kan gi ein bekreftelse på at ein har faktiske plager.

”Fordelene er at man blir tatt mer seriøst. Det har blitt lettere å forholde seg til helsevesenet på en måte. Legene tar deg alvorlig, at du ikke bare spiller syk” – Gunnhild.

 

Å få diagnosen kan gi ein forklaring på oppførsel overfor ein sjølv og familien.

”Jeg tror det blir bedre nå når min mor og far forstår at det er en sykdom jeg har. At jeg ikke gjør ting på faenskap” – Morten.

 

Ein del kjenner at diagnosen bidrar til negativ sjølvoppfatning.

”Nei, jeg tenker at det er et slags stempel, altså en stigmatisering. Jeg har ikke lyst til å gå rundt og tenke på meg selv som manisk depressiv. Det har ikke hindret meg i å gjøre alminnelige ting, men jeg føler jeg har et stempel i panna. Tror diagnosen har vært med på å skape et mer negativt selvbilde” – Sara.

 

Fleire opplev at diagnosen ikkje påvirker sjølvbilete når ein kjenner seg frisk. Sjølvbilete blir først påvirka negativt når ein får ein manisk eller depressiv episode.

”Altså, når jeg er bra, så tenker jeg ikke på diagnosen. Men når jeg er deprimert så tenker jeg bare: ”Tenk, du er sinnssyk”. Jeg ble en sinnssyk person. Jeg ble en tulling” – Kurt.

 

Det kan vere vanskeleg både for ein sjølv og for andre å forstå kva som er eit uttrykk for sjukdommen og kva som er å vere seg sjølv.

”Problemet er at behandlerne vet for lite om meg. Hvis jeg forteller om livet mitt og hva jeg består av, så blir jeg ikke trodd. De kaller det for storhetstanker. De tror jeg fantaserer. Men altså, hva er meg og hva er sykdommen?” – Hilde.

 

Mange lærer seg sjølv betre å kjenne etter å ha fått diagnosen.

”Jeg leste en bok for ikke så lenge siden der det stod at man skulle lære av sin sykdom og da begynte jeg for første gang å tenke igjennom at, ja, den har jo hatt sine lyse sider. Man har i alle fall lært seg selv å kjenne på mange plan” – Sindre.

 

Ein del er redd for kva diagnosen kan gjere med framtiden.

”Selvfølgelig har jeg en stor frykt for at det skal gå sosialt og karrieremessig galt, at jeg ikke skal klare å komme tilbake igjen ordentlig. At diagnose og sykdom skal gjøre det sånn at jeg rett og slett blir uføretrygdet” – Eirik.[22]

 

Eg kan skrive under på dette. Og spesielt det Sara skriv - det er som å bli overkøyrt av ein dampvegvalsar i sjølvbilete, hivd i ein papirstrimlar og fyrt opp på bålet. Altso, det står ikkje særleg bra til med det sokalla «sjølvbilete». Å seie at ein er «knust», blir berre ein understatement. Innhaldslaust og lite beskrivande.

 

 

Dermed kjem ein naturleg inn i problemstillinga, korleis opplevast formidlinga av diagnosen?

 

Mange kjenner at diagnosen blei formidla på ein grei måte.

 ”Jeg føler at den ble gitt på en ok måte. Jeg hadde en mistanke om det selv, jeg jobber jo innen helsevesenet, så hadde jo litt greie på hva det gikk ut på og kunne kjenne meg igjen når jeg leste om den” – Marit.

 

Andre kjenner det blei satt av for lite tid ved diagnoseformidlingen.

 ”Det er for travelt, hele veien. Du får ti minutter og så er det rett ut døren” – Jon-Petter.

Formidlinga av diagnosen kan kjennast overfladisk, og informasjonen mangelfull.

”Nei, jeg fikk ingen informasjon om sykdommen eller bivirkningene. Hun sa bare: ”Du har en manisk depressiv lidelse, det er en psykisk lidelse. Du må spise litium, og gjør du det, er alt bare velstand” – Martin.

 

Enkelte tar sjølv kontakt med behandlar for å få informasjon om sjukdommen.

”Det var liksom aldri en skikkelig utgreining av hva det var for en diagnose jeg hadde fått. Men etter den perioden med voldsom mani og så depresjon, og så rett ut og ingen etterbehandling, da tok jeg selv kontakt med en psykiater for å høre hva jeg hadde vært igjennom. Og da fikk jeg vite litt om diagnosen min” – Geir.

 

Mange får utlevert eit informasjonshefte når dei får diagnosen. Dette heftet kan gi ein grei innføring i kva det inneberer å få lidelsen.

 ”Det første de kan gjøre er å levere ut disse heftene med forskjellige sykdommer, slik at pasienten får mulighet til selv å sette seg inn i det. Så pasienten får en aning om hva det egentlig er som er problemet” – Laila.

 

Det kan likevel vere vanskelig å få med seg kva som står i heftet når ein kjenner seg dårlig. Derfor bør ein også bli forklart kva det inneberer å ha bipolar lidelse når ein får diagnosen.

 ”Jeg fikk en sånn brosjyre om bipolar lidelse. Men jeg leste ikke noe i den. Når jeg var deprimert og hadde det trasig så bladde jeg litt i den, men det kan være vanskelig å få med seg informasjon når en er syk. Det hadde vært bedre om det i tillegg ble fortalt hva du hadde i vente” – Siren.

 

Det kan også vere vanskeleg å få med seg muntleg informasjon i dårlige perioder.

”Du skal huske på at når man er deprimert, fryktelig deprimert, så er det ikke så greit å huske hva folk sier om det går fort” – Anne-Marie. [23]

 

“Check”, “check”, “check”. Dobbelt “check”på heile lista. So for å sløyfe det heile saman med den ovannemnte hovudproblemstillinga, kva og korleis behandlinga bør skje ved sjukehusinnlegging ved akutt mani, legane bør ta seg like god tid til å forklare godt til pasienten om diagnosen på eit tidleg stadium, eller i det minste symptoma om diagnosen ikkje er klar.

 

Anta at folk, ja bipolar liding- pasientar er folk dei òg, klarar å forstå konsept som blir forklart slik at sjølv bestemor Magda på 85 skal kunne forstå (slik ein meget smart person sa, eventuelt skreiv, ein plass). Men akkurat dette gjelder vel, når eg tenker meg om, legar som driver først og fremst med somatisk sjukdom (som om det er noko forskjell på somatisk og psykisk sjukdom).

 

Hadde legane og dei ansatte varsamt forklart at psykosane, mareritt i vaken tilstand, realitetsbrist, kjært born har mange namn, kunne avhjelpast med antipsykose-tablett og berre gitt meg den i smeltetablettform slik eg framleis spiser, so kunne eg lettare og fortare «kome til meg sjølv». Eg hadde då mest sannsynlegvis ikkje gått i over to månader og «virra». Problemet med å bli innlagt med låste dører, i motsetnad til dei somatiske avdelingane der ein kan kome og gå som ein sjølv vil, er at det manglast tillit mellom pasient og pleiar og legar. Ingen skal «fengslast eller fråteken fridommen på anna vis» utan lov og dom i Norge jf. Grunnloven 1814 § 94 første ledd. Sjølv om Norge likevel varetektsfengslar langt utover det som er lovleg, er det likevel ikkje lov. Ein kan skjønna at folk med psykiske lidingar som psykose, der det ligger i sakas natur at ein er ute av stand å ta vare på seg sjølv, er det naudsynt at samfunnet, herunder hjelpeapparatet held ein under oppsyn. Men på den andre sida bør likevel hjelpeapparatet strekke seg langt for å nå inn.

 

Eg var ikkje psykotisk 24/7 sjølv i starten, eller eg var ikkje like «gal» heile tida. Eg forstod at eg ikkje var ved mine fulle fem. Eg kan hugse måltida og klesvasking og utgongar med pårørande og ansatte. Men eg kan ikkje hugse ein gong at dei faktisk sa direkte til meg at no er du psykotisk og dette har me medisinar for. Og det synes i alle fall eg er absurd å tenke på. Er ikkje dette det viktigaste? Å få meg frisk fortast mogleg? Og som ovannemnt, om dei ikkje var sikre på den endelege diagnosen, so måtte dei i alle fall, mtp. at dei jobbar med psykotiske pasientar heile tida, kjenne igjen symptom-teikna på psykose. No skal det også seiast eg hugsar ikkje alt frå innlegginga. Kanskje prøvde dei. Men eg håpar og trur eg ville ha hugsa det om dei verkeleg forsøkte. Igjen det «beste» med innlegginga var gode og varme møter og samtalar med andre innsatte og ansatte.

 

Eg kan berre drøyme om at denne teksten kan vere til hjelp for berre ein einaste person. Alt over det vil berre vere ein bonus.

 

«Rant» over.

 


 

post-407473-0-68771800-1523040131_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...