Gå til innhold

Faktisk.no: 11 ting du må vite om ACER og EUs tredje energimarkedspakke

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Artikkelen unnlater å analysere det mange av oss frykter, nemlig at vind og sol ikke leverer og vannmagasinene tappes utover høsten, ene og alene fordi strømprisen er høy.

Erfaringsmessig er det derimot motsett. Fordi vinden er kraftigast frå september til mars, vert det mindre tapping av magasina om vinteren (på hausten er magasina på det fullaste) enn om vi satsar på vasskraft åleine. Rundt jul, når forbruket og prisane er på sitt høgaste i Noreg, er det negative prisar i Danmark nesten kvart år.

Statkraft tjener mye penger, og når vinteren kommer er magasinfyllingen så lav at vi må importere.

Det heng ikkje heilt på greip. Statkraft tener meir pengar på å vente med produksjonen til prisane er høge om vinteren. Dei som ikkje må selje om hausten for å unngå vasstap pga fulle magasin, ventar til vinteren.

Er vi uheldige får vi en streng vinter i Europa, samtidig som det er lite vind, og strømprisen kan bli ekstremt høy.

I Europa er det nesten ingen som fyrer med straum. Låge temperaturar har liten innverknad på straumforbruket i andre land. Høge temperaturar har derimot stor innverknad om sommaren, når snøen smeltar og elvene renn over i Noreg.

Markedskreftene har ingen begrensning i slike tilfeller, hvor vi var over kr 10,-/kWh i Midt Norge noen timer i 2009.

Kva skulle vi elles bruke til å regulere forbruket? Rullerande straumkutt når forbruket er høgare enn det som er forsvarleg å produsere, samstundes som vi skal ivareta leveringstryggleiken? Midt-Noreg ligg uheldig til med berre ei utanlandslinje til Sverige. I NO2, som har stor kapasitet til utlandet, hadde ein slik pris aldri oppstått.

Det var eit tilsvarande tilfelle i vinter, der prisen i NO3 gjekk over 2 kroner/kWh i fleire timar. Resten av landet, som har betre nett til utlandet, hadde prisar kring 40 øre/kWh. Det NO3 treng er ein kabel til Shetland og Færøyene med samarbeid om vindkraft. Då hadde prisane vorte kraftig redusert om vinteren. Der bles det meir eller mindre konstant, men vindkraft løner seg ikkje so lenge dei må kaste mykje av krafta.

Statkraft ble på denne tiden beskylt for nettopp spekulasjon på dette området, ved at de solgte mye strøm i september og oktober fordi prisene var høye i EU.

Det var eit utval som granska straumkrisa den vinteren. Dei kom til heilt andre årsakar. M.a. at industri som fekk billig kraft på vilkår om å ikkje selje denne krafta vidare, ikkje hadde noko incitament til å redusere forbruket i dei timane. Eitt industrifelt står for halve kraftforbruket i Møre og Romsdal.

Vinteren 2010/2011 måtte vi importere fordi magasinfyllingen var lav, og prisen på Nord Pool gikk opp til ca det doble.

I slike tilfeller gnir Statkraft og staten seg i hendene, da det er importprisen som også blir prisen fra egen produksjon, og vi får et "Kronår".

Nei, det er feil. Det er prisen i Noreg som avgjer prisen frå produksjonen til Statkraft. Prisen vi betaler for den importerte krafta er lågare (elles ville det ikkje lønt seg å importere), men prisdifferansen går til Statnett når dei sel krafta i Noreg til høgare pris.

Med andre ord god fortjeneste om høsten, som igjen fører til ekstra store inntekter om vinteren.

Det rimar ikkje. Dei som tappar magasina om hausten til låg pris, har ikkje noko å selje til høg pris om vinteren. På hausten er det som regel plenty straum frå haustregnet som renn nedover elvene til havet, og ofte problem med vasstap frå fulle magasin. Det har hendt at produsentar har tappa magasina litt for mykje om hausten i påvente av haustregn som kom som snø i staden, men det er vanskeleg å spå på førehand.

Taperne er befolkningen i Norge som tvinges til å være batteri for EU, med høye strømpriser som takk.

Visste du at 7 kablar på 1400 MW til Tyskland kan spare CO2-utslepp tilsvarande det dei totale CO2-utsleppa i heile Noreg? Eg kan syne deg reknestykkjet, om du er interessert. Etter mi meining er det verd eit par øre ekstra i straumpris, som til sjuande og sist hamnar i statskassa og i retur i form av redusert nettleige. Ikkje minst vil ein slik importkapasitet gje oss mykje lågare prisar midt på vinteren pga billig vindkraft frå Nord-Tyskland.

Ekstra bittert er det å vite at skattepengene til besteforeldrene våre ble brukt for å finansiere utbyggingene, og verdiene som ligger i dette er med rette kalt "Arvesølvet" vårt.

Det stemmer ikkje. Staten har alltid teke utbyte frå Statkraft. Utbyggingane har vore finansiert med inntekter frå Statkraft, ikkje skattepengar.

Overlater Stortinget disponeringen av vannkraften vår til ACER, kan det godt hende det blir flertall for å si opp hele EØS-avtalen om noen år.

Med andre ord et stort ansvar som hviler på Stortinget.

Om du les pressemeldinga frå EU, ser du EU med ACER implementerer det same regelverket som Stortinget vedtok for Noreg i 1991 og i kraftsamarbeidet med Sverige i 1996.
  • Liker 7
Lenke til kommentar

Veldig lite prat om EUs fjerde energimarkedspakke som er på trappene, mange som mener vi burde vente med innmelding før vi har sett hva den pakken inneholder.

Og Norge får verken stemmerett eller vetorett som vi ellers ikke har i eøs-avtalen som vi har med EU så hva de enn bestemmer må vi da bare akseptere det.

Det er lett og tenke seg at EU ser på Norges sin rene energikraft som en lettvint løsning for og klare klimaavtalen og pålegger oss å selge mer ren kraft og samtidig importere "møkkete" kraft og/eller må dele på klimakvoter mer resten av EU.

Det om bekymrer meg er at vi da ikke har noen kontroll over hva som kan hende på sikt og legger hele "arvesølvet" i EU's sine hender til deres forgodtbefinnende.

Endret av Nautica
  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Til Sturle S:

Sitat:

"Det rimar ikkje. Dei som tappar magasina om hausten til låg pris, har ikkje noko å selje til høg pris om vinteren."

Det blir for mye å kommentere alle punktene hvor vi ikke er enige, så jeg nøyer meg med litt refleksjon rundt sitatet.

Det store problemet er usikkerheten, da fornybar energi dreier seg om været.

Før 1992 var det krav til forsyningssikkerhet, som førte til stor overkapasitet.

Han som hadde ansvaret den gang, Wiedsvang tror jeg han het, hadde en artikkel i Sunnmørsposten hvor han reflekterte litt over utsiktene, og problemstillingen var at en stor del av utbyggingene var i ferd med å bli nedbetalt, og skulle da strømprisen bare beregnes etter "drift og vedlikehold"?

Vi vet hvordan det gikk. Reiten fikk politikerne til å vedta at markedskreftene skulle bestemme strømprisen, og vi fikk den nye energiloven.

Alle vet at mye av en vare betyr lave priser, som i dette tilfellet gjorde at det ble nærmest full stopp i nye utbygginger i håp om høyere priser på strømmen.

Når nå ACER skal bestemme på dette området kan vi oppleve at kullkraftverk blir lagt ned, og at norsk vannkraft skal gjøres disponibel som balansekraft.

Ingen vet når sol og vind leverer, men kraftbehovet i EU er slik at vi fort kan ende opp med attraktive priser for Statkraft om høsten.

Uten reguleringer som sikrer et minimum av magasinfylling i inngangen til vinteren, kan vi fort få tvungen import, og prisen vi må betale for strømmen vet ingen i dag.

Vi har en rimelig grad av sikkerhet, med kontrollen plassert i Norge, men hvordan det går med EU bak rattet står igjen å se.

Vi gir fra oss makt over en fantastisk naturressurs, som er det vi har stemt imot 2 ganger i folkeavstemning.

Så kan vi spørre oss: respekterer ikke Stortinget EU-avstemningene? 

  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Artikkelen unnlater å analysere det mange av oss frykter, nemlig at vind og sol ikke leverer og vannmagasinene tappes utover høsten, ene og alene fordi strømprisen er høy.

Erfaringsmessig er det derimot motsett. Fordi vinden er kraftigast frå september til mars, vert det mindre tapping av magasina om vinteren (på hausten er magasina på det fullaste) enn om vi satsar på vasskraft åleine. Rundt jul, når forbruket og prisane er på sitt høgaste i Noreg, er det negative prisar i Danmark nesten kvart år.

Statkraft tjener mye penger, og når vinteren kommer er magasinfyllingen så lav at vi må importere.

Det heng ikkje heilt på greip. Statkraft tener meir pengar på å vente med produksjonen til prisane er høge om vinteren. Dei som ikkje må selje om hausten for å unngå vasstap pga fulle magasin, ventar til vinteren.

Er vi uheldige får vi en streng vinter i Europa, samtidig som det er lite vind, og strømprisen kan bli ekstremt høy.

I Europa er det nesten ingen som fyrer med straum. Låge temperaturar har liten innverknad på straumforbruket i andre land. Høge temperaturar har derimot stor innverknad om sommaren, når snøen smeltar og elvene renn over i Noreg.

Markedskreftene har ingen begrensning i slike tilfeller, hvor vi var over kr 10,-/kWh i Midt Norge noen timer i 2009.

Kva skulle vi elles bruke til å regulere forbruket? Rullerande straumkutt når forbruket er høgare enn det som er forsvarleg å produsere, samstundes som vi skal ivareta leveringstryggleiken? Midt-Noreg ligg uheldig til med berre ei utanlandslinje til Sverige. I NO2, som har stor kapasitet til utlandet, hadde ein slik pris aldri oppstått.

Det var eit tilsvarande tilfelle i vinter, der prisen i NO3 gjekk over 2 kroner/kWh i fleire timar. Resten av landet, som har betre nett til utlandet, hadde prisar kring 40 øre/kWh. Det NO3 treng er ein kabel til Shetland og Færøyene med samarbeid om vindkraft. Då hadde prisane vorte kraftig redusert om vinteren. Der bles det meir eller mindre konstant, men vindkraft løner seg ikkje so lenge dei må kaste mykje av krafta.

Statkraft ble på denne tiden beskylt for nettopp spekulasjon på dette området, ved at de solgte mye strøm i september og oktober fordi prisene var høye i EU.

Det var eit utval som granska straumkrisa den vinteren. Dei kom til heilt andre årsakar. M.a. at industri som fekk billig kraft på vilkår om å ikkje selje denne krafta vidare, ikkje hadde noko incitament til å redusere forbruket i dei timane. Eitt industrifelt står for halve kraftforbruket i Møre og Romsdal.

Vinteren 2010/2011 måtte vi importere fordi magasinfyllingen var lav, og prisen på Nord Pool gikk opp til ca det doble.

I slike tilfeller gnir Statkraft og staten seg i hendene, da det er importprisen som også blir prisen fra egen produksjon, og vi får et "Kronår".

Nei, det er feil. Det er prisen i Noreg som avgjer prisen frå produksjonen til Statkraft. Prisen vi betaler for den importerte krafta er lågare (elles ville det ikkje lønt seg å importere), men prisdifferansen går til Statnett når dei sel krafta i Noreg til høgare pris.

Med andre ord god fortjeneste om høsten, som igjen fører til ekstra store inntekter om vinteren.

Det rimar ikkje. Dei som tappar magasina om hausten til låg pris, har ikkje noko å selje til høg pris om vinteren. På hausten er det som regel plenty straum frå haustregnet som renn nedover elvene til havet, og ofte problem med vasstap frå fulle magasin. Det har hendt at produsentar har tappa magasina litt for mykje om hausten i påvente av haustregn som kom som snø i staden, men det er vanskeleg å spå på førehand.

Taperne er befolkningen i Norge som tvinges til å være batteri for EU, med høye strømpriser som takk.

Visste du at 7 kablar på 1400 MW til Tyskland kan spare CO2-utslepp tilsvarande det dei totale CO2-utsleppa i heile Noreg? Eg kan syne deg reknestykkjet, om du er interessert. Etter mi meining er det verd eit par øre ekstra i straumpris, som til sjuande og sist hamnar i statskassa og i retur i form av redusert nettleige. Ikkje minst vil ein slik importkapasitet gje oss mykje lågare prisar midt på vinteren pga billig vindkraft frå Nord-Tyskland.

Ekstra bittert er det å vite at skattepengene til besteforeldrene våre ble brukt for å finansiere utbyggingene, og verdiene som ligger i dette er med rette kalt "Arvesølvet" vårt.

Det stemmer ikkje. Staten har alltid teke utbyte frå Statkraft. Utbyggingane har vore finansiert med inntekter frå Statkraft, ikkje skattepengar.

Overlater Stortinget disponeringen av vannkraften vår til ACER, kan det godt hende det blir flertall for å si opp hele EØS-avtalen om noen år.

Med andre ord et stort ansvar som hviler på Stortinget.

Om du les pressemeldinga frå EU, ser du EU med ACER implementerer det same regelverket som Stortinget vedtok for Noreg i 1991 og i kraftsamarbeidet med Sverige i 1996.

Denne vinteren har det vore mykje vind i danmark og tyskland, og vi har eksportert netto 5,3 twh til no.

Lave temperaturar har lita innvirkning på straumprisen sei du, er det tilfeldigheiter som gjer at vi får pristoppar i nordpool på kalde dager? Maksdagen i vinter eksporterte oss til alle unntatt danmark, så det var nok ikkje norge som trekte opp prisen.

Eg vil også ha kabler til utlandet, men sju 1400mw kabler til tyskland ville gitt meir enn 2 øre prisvekst. Danmark rekner at viking link, 1400 mw kabel til england, vil gi 10-15 øre prisauke. Men i norge vil en tilsvarande kabel til england gi 2 øre prisvekst? Her er det noken som lurer oss, igjen.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Det er lett og tenke seg at EU ser på Norges sin rene energikraft som en lettvint løsning for og klare klimaavtalen og pålegger oss å selge mer ren kraft og samtidig importere "møkkete" kraft og/eller må dele på klimakvoter mer resten av EU.

Hæ? Kva er det slags vås du kokar ihop? Korleis får du det til?

Skal vi ha ein kabel for eksport av kraft til eit kraftnett, og samstundes ein annan kabel for import av forureinande kraft, eller korleis fungerer fantasien din for dette tenkte tilfellet?

Poenget med norske kraftkablar er som for kablane til Danmark: Importere veldig billig overskot av vindkraft når dei har det, og selje attende dyr vasskraft når dei har lite vind. Målet er å tene pengar. Fortenesta går til Statnett, og vidare delvis som utbyte til staten og delvis til å redusere nettleiga (den delen som går til Statnett).

EU arbeider for ein liberalisert kraftmarknad etter mønster av den vi har hatt i Noreg i 27 år. Vi er allereie med i den andre energipakken, den tredje er det ingen problem med, og dersom du er redd for ein fjerde so får vi vel vente på den. Eg tvilar på at EU kjem til å reversere prosessen i den fjerde.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Eneste salget av strøm, burde være bedrifter som etablerer seg her, og bruker strømmen, samtidig som det skaper arbeidsplasser.

Det ville føre til den sikre død for norsk industri. Industrien er avhengig av sikker forsyning heile tida. Dei kan ikkje berre slå av og på etter kor myke kraft som er tilgjengeleg. I 8 av åra sidan 2000 har Noreg hatt underskot av kraft. I dei andre har vi hatt overskot, av og til store overskot. Skulle vi berre starta opp eller lagt ned industri alt etter kraftsituasjonen det året?

Det er ikkje tilfeldig at ny kraftkrevjande industri etablerer seg i NO2. Det er der vi har kablar til utlandet, og difor er det der industrien har rikeleg tilgang til rimeleg kraft uavhengig av nedbør i kvart enkelt år.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Visste du at 7 kablar på 1400 MW til Tyskland kan spare CO2-utslepp tilsvarande det dei totale CO2-utsleppa i heile Noreg? Eg kan syne deg reknestykkjet, om du er interessert. Etter mi meining er det verd eit par øre ekstra i straumpris, som til sjuande og sist hamnar i statskassa og i retur i form av redusert nettleige

Tror du faktisk på dette? Du kan jo kanskje forklare hvorfor både strømpris og nettleie har steget de siste årene, samtidig som eksporten til utlandet har økt eksponentielt. Og ikke tro det stopper der, man har planlagt å belaste det norske folk med en 30% økning i nettleien de neste årene i tillegg. Store deler av dette er for å dekke etterslep på utbygging og vedlikehold vi allerede har betalt for gjentatte ganger, strømkabler til utlandet, og nye strømmålere som OGSÅ gir oss dyrere strøm.

Man kunne likegodt innført en ekstra skatt, kalt den "tyskerskatten" der hver nordmann betalte noen lapper i året for å subsidiere strømprisen i Tyskland. Se hvor godt modtatt det hadde blitt, for det er akkurat det som skjer.

Endret av likferd
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Før 1992 var det krav til forsyningssikkerhet, som førte til stor overkapasitet. Han som hadde ansvaret den gang, Wiedsvang tror jeg han het, hadde en artikkel i Sunnmørsposten hvor han reflekterte litt over utsiktene, og problemstillingen var at en stor del av utbyggingene var i ferd med å bli nedbetalt, og skulle da strømprisen bare beregnes etter "drift og vedlikehold"?

Vi vet hvordan det gikk. Reiten fikk politikerne til å vedta at markedskreftene skulle bestemme strømprisen, og vi fikk den nye energiloven.

Når var det Wiedsvang skreiv det? Liberaliseringa starta allereie i 1970, då Borten-regjeringa slo fast at kraftproduksjon- og forsyning skulle vere samfunnsøkonomisk lønsam. Sidan den tid har prosessen gått mot liberalisering.

Motstandarane mot liberalisering var til dømes SV, som meinte at krafta då ville verte for billig slik at det gjekk utover ENØK-tiltak og at vi då ville gå mot ei økologisk katastrofe. So var det AP, som meinte at all krafta då ville gå til byane, fordi betalingsviljen var større der. Distrikta ville ikkje lenger få straum.

AP forstod nok ikkje då korleis marknaden fungerer, og SV har fått delvis gjennomslag for å auke prisane gjennom avgifter.

Alle vet at mye av en vare betyr lave priser, som i dette tilfellet gjorde at det ble nærmest full stopp i nye utbygginger i håp om høyere priser på strømmen.

Når nå ACER skal bestemme på dette området kan vi oppleve at kullkraftverk blir lagt ned, og at norsk vannkraft skal gjøres disponibel som balansekraft.

Det er jo det beste som kan skje. Merk at det må falle saman med utbygging av ny kraftproduksjon i form av sol- og vindkraft. Noreg kan ikkje erstatte eit einaste av dei store kolkraftverka på kontinentet med eige overskot. Dei må erstatte produksjonen sjølv, men Noreg kan balansere den variable produksjonen. Det er svært lønsamt for norske skattebetalarar. Eg kan tenkje meg at arbeidarane i kolkraftindustrien på kontinentet, spesielt den mektige brunkolindustrien i Tyskland, er nervøse.

Ingen vet når sol og vind leverer, men kraftbehovet i EU er slik at vi fort kan ende opp med attraktive priser for Statkraft om høsten.

Fantastisk! Hausten er tradisjonelt ein periode med svært låge prisar, fordi vassmagasina renn over og det er mykje vind, samstundes som temperaturane framleis er relativt høge. Dersom du trur ACER kan få slutt på hauststormane og -flaumane, er det jo strålande! Sjølv trur eg hausten kjem til å verte ein sesong med lægre prisar enn før, slik vi har sett tendensen med høgare overføringskapasitet frå Danmark og meir vindkraft i Sverige.

Uten reguleringer som sikrer et minimum av magasinfylling i inngangen til vinteren, kan vi fort få tvungen import, og prisen vi må betale for strømmen vet ingen i dag.

Jau, det veit vi veldig godt. Då betaler vi prisen for tysk og gasskraft. Den er godt under dei 2 kronene som kundar i NO3 har betalt tidlegare i år. Kundar i NO2 slapp den høge prisen pga import av dansk og tysk varme- og vindkraft via kabelen frå Damark.

Knipa pleier ikkje å komme før til våren, som regel med ein kald og sein vår som utset snøsmeltinga. Om våren er det òg lite vindkraft, som set ekstra press på forsyninga i april/mai, avhengig av landsdel.

Vi har en rimelig grad av sikkerhet, med kontrollen plassert i Norge, men hvordan det går med EU bak rattet står igjen å se.

Vi gir fra oss makt over en fantastisk naturressurs, som er det vi har stemt imot 2 ganger i folkeavstemning.

Nøyaktig kva slags makt hevdar du at ACER tek frå oss? Vi har jo implementert alle reglane i ACER på 1990-talet.

Så kan vi spørre oss: respekterer ikke Stortinget EU-avstemningene? 

Jaudå. Folket bestemte at vi skulle vere husmenn av EU, i staden for å melde oss inn og få medråderett. Det var det vi fekk.
  • Liker 2
Lenke til kommentar

Eneste salget av strøm, burde være bedrifter som etablerer seg her, og bruker strømmen, samtidig som det skaper arbeidsplasser.

Det ville føre til den sikre død for norsk industri. Industrien er avhengig av sikker forsyning heile tida. Dei kan ikkje berre slå av og på etter kor myke kraft som er tilgjengeleg. I 8 av åra sidan 2000 har Noreg hatt underskot av kraft. I dei andre har vi hatt overskot, av og til store overskot. Skulle vi berre starta opp eller lagt ned industri alt etter kraftsituasjonen det året?

Det er ikkje tilfeldig at ny kraftkrevjande industri etablerer seg i NO2. Det er der vi har kablar til utlandet, og difor er det der industrien har rikeleg tilgang til rimeleg kraft uavhengig av nedbør i kvart enkelt år.

Kor du finn import 8 år sida 2000? Eg finn 01,03,04,06 og 10. Og en netto eksport for perioden på 118twh

Lenke til kommentar

Visste du at 7 kablar på 1400 MW til Tyskland kan spare CO2-utslepp tilsvarande det dei totale CO2-utsleppa i heile Noreg? Eg kan syne deg reknestykkjet, om du er interessert. Etter mi meining er det verd eit par øre ekstra i straumpris, som til sjuande og sist hamnar i statskassa og i retur i form av redusert nettleige

Tror du faktisk på dette? Du kan jo kanskje forklare hvorfor både strømpris og nettleie har steget de siste årene, samtidig som eksporten til utlandet har økt eksponentielt.
Straumprisen har jo vore spesielt låg dei siste åra. Her er gjennomsnittsprisen i NO2 (som har best samband med utlandet) dei siste 10 åra. I 2015 hadde vi den lågaste straumprisen nokon sinne, når vi tek omsyn til inflasjonen.

2008: 324,48

2009: 295,47

2010: 407,14

2011: 359,78

2012: 218,32

2013: 290,44

2014: 228,03

2015: 176,63

2016: 233,24

2017: 268,93

Og ikke tro det stopper der, man har planlagt å belaste det norske folk med en 30% økning i nettleien de neste årene i tillegg.

https://e24.no/energi/nederland/statnett-tall-saa-mye-tjener-vi-paa-kraftkablene/23961797

Den innanlands bygginga til Statnett er ei anna sak. Ja, det fordyrer, men det er like mykje fordi det går politikk i det. Ta til dømes Fardal-Ørskog. Dei visste i årevis at berre 1/4 av kapasiteten i linja kunne utnyttast, og det var til og med oppe i Stortinget. Likevel gjekk dei med Olje-Borten Moe i ryggen for full utbygging og massevis av fordyrande konflikter. Linja har knapt påverka prisen i NO3. Eller Hardanger-linja. Statnett meinte at det ikkje var mogeleg å leggje sjøkabel. No har eit anna selskap fått lov til å leggje ein kabel langs den same fjorden, og den kabelen skal ikkje slutte i Samnanger. Han skal gå heilt til Skottland. Det logiske ville vere å byggje ein avleggjar til Samnanger, og spare heile Hardanger-linja, men der òg gjekk det politikk i saka. Statnett hadde sagt at det ikkje var mogeleg å leggje ein kabel i Hardangerfjorden, og til dags dato vil dei ikkje vere med på den kabelen. Difor kjem mykje av inntektene frå den kabelen til å gå til andre enn Statnett, og vi forbrukarar betaler for Hardanger-linja i staden. Vi burde overlate heile nettet til private selskap for å få ei meir rasjonell utbygging, men so langt har ikkje liberaliseringa komme.

Private bør ta ansvar i NO3 òg, med ein kabel rett vestover for tilkopling av massevis av vindkraft rundt Shetland og Færøyene. Då vert det slutt på at magasina går tomme om vinteren. Kanskje heilt til Island for maksimal forsyningstryggleik.

Er ikkje den private kabelen til skottland stoppa? Trudde stortinget hadde bestemt at berre statnett skal ha lov til å lage utenlandskabler.

Shetland bør få kabel ja, og evt færøyene og island. Men den må til skottland, det er der det er høge priser og betalingsvilje til noke slikt.

Lenke til kommentar

Kor du finn import 8 år sida 2000? Eg finn 01,03,04,06 og 10. Og en netto eksport for perioden på 118twh

Nei,d et har du sanneleg rett i. Eg sjekka for nokre år sidan, og kom fram til 8 av dei siste 20. Av ein eller annan grunn har 20 år vorte til 2000 og med tida har 1996, 1997 og 1998 falle ut av dei siste 20 åra. 1996 i alle fall, sidan siste statistikk er frå 2016.
Lenke til kommentar

Artikkelen er relativt god i forhold til nivået andre medier har lagt seg på, men mangler informasjon om at ACER på egenhånd kan utvide sitt domene til å omhandle norsk gass. Sier vi først ja, sitter vi i revesaksa og må la kjøper definere premissene for salg av norsk gass og elektrisitet – kanskje også olje. Det sier seg selv at Norge som selger har andre interesser enn EU som kjøper.
 
At partiene på høyresiden i Norge Ap, Frp, Høyre og Venstre er så kåte etter å gi fra seg suverenitet til EU er for meg et stort mysterie. Det er gledelig å se at folket har fått nok, gruppen Stopp ACER på Facebook har 90.000 medlemmer nå.

Endret av Aiven
  • Liker 3
Lenke til kommentar

Er ikkje den private kabelen til skottland stoppa? Trudde stortinget hadde bestemt at berre statnett skal ha lov til å lage utenlandskabler.

Kabelen er ikkje veldig privat. Dei selskapa som er med har nesten berre offentlege eigarar. Nei, arbeidet med kabelen går vidare. Motstandarane tapte stortingsvalet. Statnett har sett alt for mykje prestisje inn på påstanden sin om at kabelen er umogeleg, so dei vert nok ikkje med uansett.

Shetland bør få kabel ja, og evt færøyene og island. Men den må til skottland, det er der det er høge priser og betalingsvilje til noke slikt.

Ein slik kabel vil ikkje vere like lønsam eller meiningsfull. Skotland har som regel overskot av vindkraft på same tid som det er mykje vind rundt Shetland og Færøyene, og har svært avgrensa lagringskapasitet.
Lenke til kommentar

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...