Gå til innhold

Earendil

Medlemmer
  • Innlegg

    2 558
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Earendil

  1. Jeg liker aksjeroboter, det illustrer hvor lite sammfunnsnyttig aksjespekulasjon er på en god måte.AtW

     

    Konseptet aksjeselskap og moglegheitane til å investere i eit AS er ein av dei viktigaste oppfinningane i moderne tid. Dette kjem nok ikkje til sin fulle rett når det er tale om handel med aksjerobotar, men ein skal ikkje undervurdere kor viktig aksjeselskapsinstituttet har vore i oppbygginga av den moderne verda.

    • Liker 3
  2. Hvorfor ikke koble seg på ved knytepunktet direkte? Isteden for å skyte seg dit :)

     

    Fordi at det ikkje kan gjennomførast.

     

    Informasjonen som blir nytta til å vurdere om handelen skal gjennomførast eller ikkje, blir henta frå ulike punkt rundt om i verda, og handlar skjer på ulike børser verda rundt. Som påpeika i artikkelen er det vanleg at serverane som gjennomfører aksjerobothandlar er plassert på sentrale punkt, som Oslo Børs eller Wall Street, men det strekk ikkje alltid til.

  3. Hvorfor flyr fluer o.l. rett oppi ansiktet mitt konstant? Jeg slår etter dem og gjør det jeg kan for å ta livet av dem, men de lærer ikke.

     

    Dersom jeg stod ovenfor en 300 meter høy kjempe som slo og sparket etter meg hele tiden så ville jeg kanskje vurdert å IKKE irritere han mer enn nødvendig.

     

    Ja, men så er dine kognitive funksjoner heilt annales enn dei som ei flue har. Det blir det samme som å spørje kvifor ein hund ikkje lærer seg å forstå språket du snakkar, du snakkar jo til den heile tida.

  4. Hvorfor bruker ikke Russland det latinske alfabetet? Siden Russland deler mye historie med resten av europa langt tilbake i tid, og mesteparten av europa har gått for det latinske alfabetet så virker det så rart at Russland skal bruke noe annet.

     

    Argumentet kan òg nyttast mot norsk. Kvifor utviklar ikkje nordmenn som er meir likt språk som engelsk, fransk, latin og tysk? Norsk er jo i stor grad beslekta med desse språka.

     

    Poenget mitt er at det kan vere mange grunnar for dette. Ein av dei kan vere praktiske, som Han Far skriv. Andre kan vere kulturelle, t.d. at ein ønskjer å ta vare på sin eigen kultur.

  5. Du sender inn ein begjæring om tvangsrealisering av det aktuelle pengekravet, i dette tilfellet ei begjæring om tvangssal av eigedomen. Dette er eit utleggsbegjæring. Om du ønskjer å lese meir om dette anbefalar deg deg å lese Tvangsfullbyrdelseslova, og då særleg kap 7 som omhandlar utleggsforretningar.

     

    Men kvifor ønskjer du å tvangsselge eigedomen når den er overbehefta frå før av? Den beste løysinga er då heller å få debitor (og kreditor) til å bli med på ei gjeldsordning. Dette vil i hvert fall medføre at det kan vere ein liten sjanse for å få realisert pengekravet.

     

    Du kan ikkje sende inn ei begjæring om tvangsfullbyrding av det manuelle arbeidet som han har teke på seg. Det du kan gjere er å omrekne kva dette arbeidet ville ha kosta i kroner og øyre, og så inkludere det i utleggsbegjæringa.

     

    Kvifor har denne tråden forresten tagen "jordskifte"? Jordskifte er noko heilt anna enn det tråden omhandlar.

     

    http://nn.wikipedia.org/wiki/Jordskifte

  6. Du er....

    24 år

    _____

     

    Eg er forresten 16 år. Får ta det som eit kompliment. smile.gif

    Du er....

    25 år

    _____

     

    No er eg altså 17 år. Har modna litt ihvertfall. smile.gif

     

    Update: No er eg 24 år og fekk ein mental alder på 27 år. Nuvel.

  7. Du spør om dykk har fyrsteprioritetspant i eigedomen, vil dette sei at dykk allereie har stifta pant i eigedomen? Ved å sjekke grunnboka kan du sjå kva prioritet dykkar panterett har. Om dykk ikkje har stifta panterett i egedomen vil dykkar krav vere usikra og dykk vil stå på same linje som andre usikra kreditorar. (Med andre ord langt bak i køa.)

     

    Dykk står fritt til å sende inn ei begjæring om tvangssal av eigedomen til namsmannen, men om dykkar krav ikkje er sikra ved panterett vil dette vere lite taktisk sidan nette formue til skuldnar då kanskje ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje dykkar krav.

     

    Det kan forøvrig ikkje fremjast krav om "tvangsfullbyrdelse av handleplikt". Det du siktar til er tvangsfullbyrding av pengekravet som dykk har mot vedkomande eigar av huset.

    • Liker 1
  8. Hei!

     

    Eg skal sortere ei liste i Word slik som denne som er vedlagt.

     

    Eg ønskjer at sakene skal bli sortert etter årstal fyrst, altså C-123/99. Deretter ønskjer eg at lista skal bli sortert etter saksnummer, altså C-123/99. Med andre ord skal lista sorterast etter etter kva årstal saka er frå, deretter etter saksnummer.

     

    Døme:

    C-101/99

    C-102/99

    C-104/04

     

    Er det mogleg å gjere dette i Word? Ei slik sortering er jo hakket meir avansert enn vanleg alfabetisk sortering.

     

    Er det i tillegg mogleg å lage ei oversikt i Word over kvar i dokumentet eit ord er nemna, t.d. kvar "C-101/99" er nemna?

     

    På førehand takk for all hjelp!

    post-30777-0-11267000-1342888067_thumb.png

  9. Japp ;) Men det går heilt fint, det finst massevis av erstatningar som du kan nytte. Det krevjer likevel at du brukar vesentleg meir tid på mat enn tidlegare, så det er eit prioriteringsspørsmål.

  10. Men kva er det som rasjonelt begrunner dette? Kvifor skal det vere eit vilkår at gjenstanden blir født?

     

    Eit anna argument kan vere at gjenstanden føler smerte. Men det er mange dyreartar som ikkje føler smerte, t.d. enkelte reptildyr. Ut frå dette synspunktet vil reptildyr vere utelukka.

    http://www.anapsid.org/herppain2.html

     

    Og i forlengelsen av spørsmålet mitt om kva liv er; kva gjer vi om vi kjem til at kunstig intelligens er liv? Når vi har universelle menneskerettar og til ein viss grad i enkelte land rettar som vernar velferda til enkelte dyr, kvifor skal ikkje dette òg gjelde for gjenstandar som er ikkje-biologiske?

  11. Eg har eit spørsmål som eg har tenkt på ei god stund, men som det er vanskeleg å finne eit skikkeleg svar på: Kva er eigentleg liv?

     

    Eg er klår over at svaret på spørsmålet i stor grad er avhengig av verdimessige standpunkt, men om ein lausriv seg for dette opnar spørsmålet for ein interessant drøfting.

     

    For kva er eigentleg liv? Mange vil sei at liv er ei biologisk organisme som utviklar seg og reagerer i kraft av ytre omgjevnader. Men ved eit slikt synspunkt vil òg mange former for kunstig intelligens vere liv, t.d. dette dømet:

    http://blogs.discovermagazine.com/sciencenotfiction/2008/11/06/knight-rider-self-programming-machines/

     

    Mange vil da kanskje invende at programmet ikkje kan oppfylle kriteria til liv, fordi det ikkje eksisterar reint fysisk. Men kva skal grunngi dette? Kvifor bør det vere eit vilkår at gjenstanden eksisterar fysisk?

     

    Men i så tilfelle vil t.d. ein robot som Asimo oppfylle kritera til liv:

     

    Roboten reagerer jo på ytre omgjevnader og lærer deretter og så langt bør den oppfylle vilkåra til kva som er liv.

     

    Eit motargument kan vere at gjenstande bør reagere på kommando frå seg sjølv om det skal oppfylle kriteria til liv. Uansett vil jo Asimo då oppfylle vilkåra til kva som er liv, då den i stor grad er autonom.

     

    Eit anna argument for liv kan vere at gjenstanden bør vere bevisst på seg sjølv og at den eksisterer. Men ved dette vilkåret vil mange dyreartar falle utanom; hundar er jo t.d. ikkje sjølv klår over at dei eksisterer.

     

    Ut frå det eg har skrive bør gjenstandar som t.d. Asimo oppfylle vilkåra for kva som er liv. Det verkar som eit merkeleg argument at gjenstanden må vere biologisk.

     

    For dei som har lese litt om the technologial singularity kan eg nemne teorien om mind uploading.

    http://en.wikipedia.org/wiki/Mind_uploading

     

    Om vi legg til grunn at mind uploading faktisk er mogleg og at den aktuelle gjenstanden må vere biologisk for at det må vere tale om liv, så vil vi ikkje lenger vere i live på det tidspunktet bevisstheita vår blir lasta opp til ei datamaskin.

     

    Kva trur dykk? Kva er vilkåra for at det skal vere tale om liv? :)

  12. § 228 "Er en Legemsfornærmelse gjengjældt med en Legemsfornærmelse, eller er ved en saadan en forudgaaende Legemsfornærmelse eller Ærekrænkelse gjengjældt, kan den lades straffri."

    Vel, for å vere korrekt gjev ikkje lovteksten ein absolutt tillatelse til å gjengjelde skade på legeme. Føresegna "kan" føre til at handlinger som elles er straffbare ikkje vil vere straffbare grunna av at den kun var ei gjengjelding.

     

    Sitat frå Rettsdata angåande "kan"-vurderinga:

    "Det er m.a.o. overlatt rettens skjønn om provokasjonen skal medføre at gjerningspersonen frifinnes. Avgjørelsen beror primært på en avveining av legemsfornærmelsens grovhet i forhold til hvilken provokasjon som har utløst den."

     

    Å seie at norsk lov automatisk gjev adgang til å gjengjelde eit åtak på ein sjølv blir difor upreist. Forøvrig er det snakk om fysisk vald føresegna regulerar og ikkje æreskrenkingar, jf. det som er sagt ovanfor.

    • Liker 1
  13. advokat under tilsåelses dom; slik som jeg forstår det så nei, det er noe av "greia" med tilsåelsesdom, man forenkler prossesen og kutter på kostnadene og tiden det tar å behandle saken.

     

    Etter at noko er sikta for ei straffbar handling har dei etter den europeiske menneskerettskonvensjonen art. 6 krav på advokat frå tidspunktet sikting blir oppretta til endelig domfellelse.

  14. Tror nok at siden du provoserte fram situasjonen, og at du mindreårig under påvirket tilstand av alkohol. Så vil han slippe unna med en bot, og liten gjenoppreisning til deg.

    Korvidt vedkomande var påverka av rusmiddel eller ikkje har ingen relevans i høve til spørsmålet om skadevaldar har gjort seg skuldig i brot mot ei straffbar handling. Spørsmålet i saka vil vere om skadevaldar har "øver Vold" mot vedkomande etter Straffelova § 228 i denne saka. Eg ser ikkje korleis det at vedkomande var påverka av rusmiddel vil vere relevant ved dette spørsmålet. Det at vedkomande sjølv kunne ha framprovosert situasjonen vil likvel vere reelvant, men privat synsing tenar ingen ved rådgjeving av juridiske spørsmål.

  15. (...)vi MÅ ha kjøtt for å overleve. (...) vitaminene og mineralene vi trenger for å OVERLEVE fins kunn nok av i kjøtt.

     

    Folk som er vegetarianer må hele tiden ta supplimenter for at de skal ikke falle sammen.

     

    De som ikke tar suplimenter og vil være 100% "vegen", ender opp med lav energi, deprimert, hjernen begynner å slite, gå ned i vekt osv osv.

    Ærleg talt, kor tek du dette frå? Eg har fleire venner som er vegetarianerar og eg kjenner fleire veganerar. Ingen tek kosttilskot og eg kan gå fullstendig god for at dei ikkje lid av lav energi, depresjon, lav vekt eller liknande. Eg seier ikkje at eit slikt kosthald kan vere sunt for alle, men at ein må ha rom for individuelle behov i høve til kva kosthald som er best.

  16. Eg kan her prøve å gje deg ei rask oppsummering. Angåande manglande varmekablar på badet ditt har du absolutt ikkje eit rettsleg krav der du kan krevje å få lagt inn varme på badet.

     

    Vidare forutsett eg at dykk leiger leiligheita. Dykk er då omfatta av Husleigelova. Etter Husleigelova § 2-15 kan du ha rett til å halde tilbake ein sum av husleiga, men summen må vere høvesvis etter det mangelen du vil ha retta. Med andre ord; du kan ikkje halde tilbake heile husleiga, men kun ein viss del av den som vil kunne sikre deg at huseigar rettar manglar på leiligheita.

     

    Merk; at du skal ha rett til å halde tilbake husleiga forutsett at det ligg føre ein mangel ved leiligheita. Etter § 2-2 ligg det føre ein mangel på leiligheita om standarden avvik frå det som er avtala dykk mellom eller om rommet ikkje "passer til de formål tilsvarende husrom vanligvis blir brukt til", jf. bokstav A.

     

    Då du ikkje har nokre særlege opplysningar om kva du og huseigar har avtala dykk mellom angåande standarden på leiligheita er den einaste relevenate føresegna du har for mangelsvurderinga bokstav A, altså må badet dykkar ikkje passe til dei føremåla som vanlege bad vanlegvis blir brukt til. Eg legg til grunn at badet dykkar er fullt brukande, altså ligg det ikkje føre nokon mangel ved leiligheita.

     

    Du kan difor som utgangspunkt ikkje halde tilbake leiga på leiligheita. Du har heller ikkje krav på erstatning, då erstatningsansvar frå huseigar si side etter § 2-13 forutsetter at det ligg føre ein mangel ved leiligheita.

     

    Slik eg ser det er vanleg oppseiing etter § 9-4 med oppseiingsfrist etter § 9-6 den einaste moglegheita dykk har for å kome ut av husleigehøvet. Om dykk då vel å seie opp leigeavtalen kan dykk då slutte å betale leige etter tre månader. Dykk må også ha flytta ut innan denne tida.

     

    Men merk deg dette; eg er ingen praktiserande jurist. Du skal difor ikkje ta alt seg sei for god fisk, men mi personlege meining er at du her har ei dårleg sak. Likevel bør du ikkje ta det eg har sagt her som nokon fasit.

×
×
  • Opprett ny...