Gå til innhold

enixitan

Medlemmer
  • Innlegg

    1 358
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av enixitan

  1. Eg vil oppgradere frå ein Crucial m4 128 GB SSD, for å få meir plass. PC-en har bare SATA-2/SATA-300-tilkobling, så eg lurar på om ein billigare SSD (f.eks. Crucial BX200 eller Toshiba Q300) vil opplevast som like rask som m4, eller ein dyrare SSD. Eg har ikkje noko problem med ytelsen på m4, så eg er bare ute etter meir lagringsplass.

  2. Her får man en garantert funksjonell Pc, samtidig som man har 3 års service. Om jeg bygger min egen risikerer jeg når noe går feil at jeg må betale mye for å få noen til å feilsøke maskinen, samtidig som jeg muligens ikke kan fikse problemet.

    Komplett har 3 års garanti på PC-ane dei bygger, men eg klarer ikkje å finne ut kva denne garantien faktisk inneber ut over forbrukarrettane du har i lovverket. Service er ikkje det same som garanti, Komplett tek ikkje i mot PC-en din ein gong i året for å kontrollere at alt er som det skal, som om det var ein ny bil. For meg ser det ikkje ut til at du får noko meir enn reklamasjonsretten du har frå før, som gjeld i fem år.

     

    Skilnaden på å kjøpe delar og å kjøpe PC er kva du kan reklamere på. Kjøper du delar har du reklamasjonsrett på delane, og som du seier må du sjølv prøve å finne ut kva for del som er årsak til ein feil. Kjøper du ein PC har du reklamasjonsrett på PC-en, og virkar den ikkje kan du la Komplett finne ut av problemet. Reklamasjonsretten varer uansett i fem år (gitt normal bruk), sidan ein PC er meint å vare lenger enn to år må PC-delar nødvendigvis òg vare lenger enn to år. "3 års garanti" (som tilsynelatande er verdilaus) betyr ikkje at reklamasjonsretten på PC-en går over til delane etter tre år, du har kjøpt PC-en, og har reklamasjonsrett på PC-en (men ikkje delane).

     

    Eg ville brukt litt tid på å leite opp trådar med andres erfaringar med Komplett-bygde PC-ar. Bygginga der går ganske kjapt for seg, og eg har lest nokre trådar som viser at Komplett gjer minst like mange feil som mannen i gata. Kablar som ikkje er kobla til, dårleg kabelorganisering, festar to eller tre av fire skruar osb. Alle kan bygge ein PC, manualane som følgjer med delane dekker alt du må vere obs på (som å ikkje skru hovudkortet rett i kabinettet, men bruke hovudkortfeste som følgjer med - det overraskar meg kor mange som faktisk klarer å gjere denne feilen). Det forutset sjølvsagt at du les dei.

     

    I tillegg må du rekne med å gjere ein del feilsøking uansett om du får problem. Igjen, leit etter andres erfaringar, både med feil på PC generelt og reklamasjon hjå Komplett. Du kan ikkje sende den frå deg så fort du får ein blåskjerm, for med mindre blåskjermen kjem ved oppstart og det er umogleg å reinstallere operativsystemet kjem ikkje teknikarane til å oppdage det, og sender PC-en i retur med ein faktura på tida dei har brukt. Du må finne ut korleis du kan framprovosere problemet, og gjere ein god jobb med å dokumentere problemet og korleis Komplett kan framprovosere det.

     

    Det som derimot skal seiast om Komplett er at om du faktisk gjer ein grundig jobb med feilsøking har dei som oftast ein ganske smertefri reklamasjon. Eg reklamerte på eit skjermkort i fjor, som då var 4,5 år gamalt (minnefeil, artifacts, og blåskjerm før eller seinare). Eg testa kortet i to separate PC-ar og skjermar, tok bilete som viste problemet på begge to, testa dei same PC-ane med eit anna skjermkort, la ved loggar frå diverse testverktøy som stadfesta problemet, og brukte ein del tid på å dokumentere problemet og kva eg hadde gjort. Dette var nødvendig fordi problemet ikkje viste seg før skjermkortet fekk noko å jobbe med, ti minutt på Windows-skrivebordet gjekk fint. Eg sendte inn den relativt lange rapporten, fekk RMA-nummer og sendte inn kortet, og hadde nytt kort i maskina ei veke etterpå (tenk på at postgang begge vegar er inkludert). Det er fleire butikkar som ville protestert på å bytte ut eit så gamalt kort, men det var ingen diskusjon frå Komplett.

     

    Edit: I Butikker og verksteder og Forbrukerrett kan du finne trådar med andres erfaringar.

    • Liker 1
  3. Dersom TV-en har DVB-T-mottakar kan du koble ei UHF-antenne til TV-en, og ta inn NRK-kanalane distribuert av RiksTV. Alle moderne TV-ar har DVB-T-mottakar. Eldre TV-ar har ikkje innebygd DVB-T-mottakar, og er difor avhengige av ein ekstern mottakar (populært kalt dekoder, men det er ikkje nødvendig å dekode NRK-kanalane, fordi dei er ikkje koda).

     

    Du kan ikkje ta inn NRK via satelitt utan programkort, men dette er ikkje grunnlag for å påstå at du må ha programkort for å ta inn NRK via bakkenettet. NRK skal vere tilgjengeleg i Noreg, og sidan bakkenettet er geografisk avgrensa er det ikkje nødvendig å kode kanalane. Satelittsendingar skil ikkje mellom landegrenser, og NRK via satelitt er difor like tilgjengeleg i Noreg som i Storbritannia, Sverige og andre. Svenskar og britar har ikkje rett til å motta NRK utan kostnad, difor må norske abonnentar ha programkort for å sjå NRK via satelitt.

  4. Er kunden missfornøyd med et produkt/tjeneste han har kjøpt? Godta at han er missfornøyd og ikke begynn å krangle om at tjenesten har levert som den skulle e.l.

     [...]

    Kjøper man internett som privatkunde og krever fordeler som firmakunda så skal man ha veldig gode argumenter for å kreve erstatning. Hva sier retningslinjene på de forskjellige abb? Er dette et virkelig scenario?

    Ja, det er absolutt eit realistisk scenario (kjelde: eg har jobba med kundebehandling for ein nettleverandør). Du seier at ein ikkje skal krangle om tenesta er levert som den skal, og stiller litt seinare spørsmål om kva vilkåra seier. Dette er ei sjølvmotseiing. Som kundebehandlar har eg til gode å oppleve ein kunde som tek situasjonen med meir fatning når eg viser til at retting av slike feil innan fem arbeidsdagar etter at kunden har meldt om problemet er innanfor vilkåra han har godteke. Å trekke fram vilkåra er gjerne det mest kranglete ein kundebehandlar kan finne på.

     

    Ølsalg 18:01. Er kunden grei ber jeg ham ta ut x kroner, så slår jeg det inn dagen etter(problem unngått). Å gi denne slags service er selvsagt en utfordring når man er satt under statlige reguleringer. Om sjefen er Nazi og har bestemt at det er null rom for avvik, ja da får man bare gi dårlig service. Ideelt sett burde man hatt en rask melding over høytaler 3min før ølsalget stenger. Er det butikksjefen selv som sitter i kassa vil man ofte komme til en god løsning.

    Formuleringa di tyder på at du faktisk sel øl og/eller tilsvarande varer. Ser du på klare lovbrot som "gode løysingar"? Det er heilt greit å vere ueinig i regelverket, det gjev deg ikkje rett til å bryte det, spesielt ikkje som den profesjonelle parten.

    • Liker 2
  5.  

    Da folder hun ut stokken igjen, og går noe nølende over veien på rød mann, før hun trygt på andre siden folder sammen stokken igjen og går videre.

     

    Sært...

     

    Hun virker tilsynelatende ganske sleip her. Man kan jo se om det er rødt (og i tillegg varsel på grønt) uten å kunne se fargene noe hun tydeligvis gjør her - og tar en frekkis med den hvite stokken?  :hmm:

     

     

     

    Ikke så sært, bestemoren min var en av dem en god stund, hun hadde gangsyn nok til å se hvor hun gikk, men hadde ikke kjent meg igjen om jeg hadde stått ved siden av henne, og fortauskanter så hun heller ikke uten stokken.

    Hvit stokk brukes av mange svaksynte, både for å gjøre det klart for andre at de ser dårlig, og som en hjelp når du har dårlig dybdesyn ;)

     

    Det einaste underlege er at ho tek seg bryet med å brette stokken ut og saman igjen for så korte avstandar. Det er heilt normalt å kun ha behov for stokk i enkelte situasjonar, fordi det finst enormt mange måtar å sjå dårleg på. Synstap kan ikkje målast med ein lineær skala mellom A og B.

    • Liker 3
  6. Det virker som om de prøver å gå over kjøpsloven, og den er vel ufravikelig såvidt jeg vet? Eller er det spesielle lover som gjelder ved konkursbo?

    Forbrukarkjøpsloven er ufråvikeleg. Kjøpsloven opnar for å avtale kva som helst. Om eit konkursbo reknast som næringsverksemd, som vil vere det avgjerande for kva for lov som gjeld, veit eg ikkje.

     

    Eg hadde ikkje gitt ein stor seddel for ei så dårleg avtale, med så lite informasjon om produktet. Eg syns dette er vel så underleg:

    Kjøper plikter å umiddelbart etter overdragelse av Macbook å formattere harddisk og slette alle elektroniske opplysninger på Macbook, samt all programvare på Macbook som krever lisens eller lignende.

    Den blir solgt "som den er", men kjøpar får ikkje lov til å bruke den "som den er". Lurar på korleis det hadde gått i retten.

  7. Det finnes klar gel, men jeg har ikke funnet noen med like bra glid som skum.

    Bulldog shave gel (finst på Vita, mykje billigare på mankind.co.uk). Funkar best i dusjen, du må vere våt i fjeset. Væt hendene, ta ein mellomstor dæsj i handflaten, gni mellom hendene til du får kvitt skum mellom fingrane, gni inn i skjegget. Kost og såpe er gode greier, men dette (inkludert resultatet) er perfekt når eg har det travelt.

  8. Føler dette er litt vell billig. Ka synst dere?

     

    Mhm er fullt klar over det, men det er jo mulig å få litt for det?

     

    Har våre inne på finn og sett, men er fortsatt veldig usikker. Nokon som har peiling på priser?

    Om du allereie har sett kva som ligg på Finn har du vel ein idé om kva ei slik pakke går for. Underprising av elektronikk er ikkje noko bruktmarknaden på Finn er kjent for, eg vil nok heller seie at det er den dyraste opne bruktmarknaden me har.

     

    Du "føler" at 1850 er for lite. Kva er prisen du kan leve med? Legg den ut for det og sjå kva som skjer. Får du ikkje napp kan du ta det som eit hint, eller vurdere at bruksverdien er høgare enn ein lågare salsverdi.

     

    Om eg ikkje tek feil finst omtrent alle spela til PS4/XbOne, nokre som oppfølgjarar. Det er ikkje noko særegent ved denne samlinga. Om eg var interessert i desse spela og skulle kjøpe konsoll i dag hadde eg ikkje lagt 50% av nyprisen av ein PS4 på bordet for å få ein brukt PS3. Eg hadde brukt dei pengane på å skaffe ein PS4, ferdig med det.

     

    At du har brukt "ein del peng" på det bryr ikkje marknaden seg om. Min feite 40GB-PS3 er ikkje meir verdt enn ein nykjøpt PS3 nanoslim (eller kva dei heiter no til dags), sjølv om min hadde ein høgare kjøpspris då eg kjøpte den. Om du vil få mest mogleg igjen av kjøpesummen, og likevel selje til ein "rettferdig" pris, er du for seint ute. Du måtte ha solgt før PS4 kom, eller rundt release til ein som bare var bittelitt interessert i PS4.

  9. Eg hadde same type jobb for nokre år sidan, og det var ingen slike tilfelle medan eg jobba der. Det skal seiast at Facebook kanskje var mindre utbreidt då enn det er no, sjølv om det var både tanter, onklar og besteforeldre på Facebook då òg.

     

    Det var heilt akseptert å opptre kun med fornavn (men ikkje falskt navn), og gje eit ID-nummer dersom kundar hadde behov for å nevne ein enkeltperson i ein samanheng. Det vil nok redusere sjansen for at slikt skjer.

    • Liker 3
  10. The splitting of the +12V rail

     

    The bottom line is, for 99% of the folks out there single vs. multiple +12V rails is a NON ISSUE. It's something that has been hyped up by marketing folks on BOTH SIDES of the fence. Too often we see mis-prioritized requests for PSU advice: Asking "what single +12V rail PSU should I get" when the person isn't even running SLI! Unless you're running a plethora of Peltiers in your machine, it should be a non-issue assuming that the PSU has all of the connectors your machine requires and there are no need for "splitters" (see Example 1 in the previous bullet point).

    Det er andre her på forumet som kan meir om dette enn meg, men eg syns innlegget virkar fornuftig. Eg hadde ikkje stolt på nokon som seier at du bare skal kjøpe Corsair. Corsair kom på marknaden for 6-7 år sidan med tilnærma 100% kvalitetsvarer i PSU-sortimentet sitt, og bygde opp eit godt rykte på det. No har dei derimot introdusert ein heil del middelmådige produkt, der dei satsar på å overleve på lojalitet og historikk. Skal du kjøpe Corsair i dag må du lese deg opp på akkurat den serien/modellen du vurderar, og ikkje konkludere at RM-serien er bra fordi AX-serien er bra.

  11. Hvis vi tar et eksempel: Hvis man for eksempel har en php-fil på webserveren som viser MySQL-passord i klartekst, noe som ikke er uvanlig, så vil vel denne sårbarheten gjøre at man kan liste det ut og igjen utføre bashkommandoer som gjør at man kan utføre MySQL-spørringer i databasen. Eller tar jeg feil?

    Du kan køyre alle kommandoar brukaren du "kom inn som" kan køyre. Det er derimot ikkje gitt at du får sjå output frå kommandoen du snik inn, så om eg sender ein GET-førespurnad som får serveren til å køyre "cat passwords.txt" får eg ikkje nøvendigvis innhaldet i passwords.txt som svar på førespurnaden. Ved å opprette eit reverse shell vil du kunne få eit shell på serveren, men framleis bare med rettighetane til brukaren du kom inn som. Du vil då kunne sjå filene denne brukaren har tilgang til å sjå, til dømes, og køyre PHP-skriptet du nevner, og sjå resultatet av det, samt køyre spørjingar mot databasen, gitt at du har (tilgang til) all informasjonen du treng; brukarnavn, passord, server osb.

    • Liker 1
  12. Men du vil uansett bare få eit shell med rettighetane til brukaren som køyrer prosessen som køyrer shell-et. Altså, rettighetane til web-serveren/skriptet, eller kva det måtte vere. Eg kan sjå at ein ondsinna DHCP-server er eit problem, men det er avgrensa til nokon med fysisk tilgang til nettverket ditt, som i tillegg klarer å svare på DHCP-førespurnaden din før den ekte DHCP-serveren i nettverket gjer det. Det kan vere eit problem i store lokalnettverk, til dømes universitet.

     

    Om nokon framleis køyrer web-serveren sin som root, synd for dei.

     

    Dette er sjølvsagt eit større problem for typiske embedded-system (ruterar, IP-kamera, andre smådingsar) fordi dei som regel bare har ein brukar (root), men kor mange embedded-system har bash installert i det heile tatt? Alle eg kjenner til brukar Busybox (med ash).

  13. Det jeg sier er at man skal lete lenge etter en psu som yter like bra iforhold til prisen. Særlig da komplett hadde dem på salg.

    Nei, du må ikkje leite lenge; Supernova G2 750W kostar det same eller mindre, ferdig leita. Tidlegare i september kosta faktisk G2 850W det same som V750S gjer no. Tilbodsprisen gjeld ikkje lenger, så den er ikkje interessant. Kjem VS-serien på tilbod er det heilt greit å samanlikne kva ein får med andre enhetar i den aktuelle prisklassa, men slik det er no er V750S prisa likt med enhetar som er betre.

  14. HardOCP: V650S

     

    Det er 650W-modellen, men heile VS-serien er bygd på den same plattforma. Testresultat kan variere mellom modellar, men det er liten tvil om at VS-serien er eit tydeleg hakk under V-serien.

     

    Problemet er vel ikkje at VS-serien er elendig med store bokstavar, problemet er at den bare er OK og i ei prisklasse der ein forventar betre. EVGA Supernova G2 750W kostar det same som eller mindre enn Cooler Master V750S, og Supernova *2-modellane er heilt topp.

×
×
  • Opprett ny...