Gå til innhold

Anmeldelse: Gotham City Impostors (PS3)


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Jeg kjøpte dette spillet på impuls uten å vite noe om det. Riktignok på PC, men likevel synes jeg det er relevant.

 

Personlig storkoser jeg meg med spillet, og har planer om å fortsette med det så lenge mulighetene er der. Etter det jeg har lest på forumer har det vært en stor spillerflukt pga matchmaking-problemene, men jeg håper folk vil vende tilbake når fiksen kommer.

 

Ellers så kan det jo være verdt å nevne at spillet kommer med haugevis av DLC.

 

Jeg er glad dere anmeldte spillet, og jeg synes karakteren er vel fortjent. Personlig foretrekker jeg dette over f.eks Modern Warfare any day, men jeg ser også at spillet ikke er feilfritt :-)

Lenke til kommentar

Revnende usamd, sjølv om eg (diverre) kjøpte spelet på release.

 

Om nokon vil vite kvifor, så tar eg meg den fridomen å berre sakse det eg tidlegare har skrive om GCI (PC). Ein del tekst, så det kjem i spoiler:

 

 

 

Dei aller fleste tilråinger eg kjem med, har eit par aber. Til dømes er Battlefield 3 fullstendig meiningslaust om du ikkje er interessert i multiplayer, for singleplayeren er som ei oppsummering av alt som er galt med sjangeren. Sånn er det ikkje med Gotham City Impostors – eg kan ikkje finne nokon grunn til at ein burde spele det, endå mindre betale for det.

 

 

Gotham City Impostors har i teorien einkvar føresetnad for å vere ein fantastisk morosam Batman-take på TF2. Den veldig gode introvideoen, som og var første trailer for spelet, syner fram nøyaktig kva som er så forlokkande med konseptet: Useriøs multiplayer-action, personalisering av Batman- og Joker-imitatører, teikneserie-gale våpen og dingsebomsar, eit passe absurd konsept, og utvikla av Monolith – som er på sitt beste når dei ikkje er all seriousface (jamfør dei brilliante No One Lives Forever-spela kontra dei gradvis mindre interessante FEAR 1 & 2). Det må jo nesten verte bra.

 

Og kjerna i spelet er bra. På sitt beste kan spelet blande konkurranse, humor og rein absurditet til ein fantastisk cocktail. Problemet er at det heile vert overskugga av følgjande:

 

1. All dritten dei har pakka rundt spelet

Games For Windows Live, favorittrammeverket til alle som hatar kundane sine, er sjølvsagt med. Førebu deg på utruleg mykje fram og tilbake med innlogging og tittelskjermar, restarting av spelet, patching sjølv om Steam gjer det for deg, nok ein registrering av nøkkel i tillegg til å ha kjøpt spelet på Steam, også vidare. I tillegg kjem den fantastiske funksjonaliteten som innebær at alle sin mikrofon er på som default, og du må enten mute alle, eller finne deg i å få eit innblikk i andre folk sitt privatliv, musikksmak, og alminnelege PC-lydar.

 

Om ikkje det var nok med både Steam og GFWL, så vil Warner Bros Games (!) at du skal registrere deg på deira private Facebook-klone òg. Dei har skamvett nok til å vedgå at det er “a bit of a pain in the patooshka”, men det hjelp ikkje. Kvifor mase, når de veit det er irriterande? Men for all del, du får jo eit våpen-skin. Hurra! Noko som tar oss til neste punkt:

 

2. Du må betale for spelet, men det kjennes ut som eit F2P-spel

Som observante lesarar sikkert har gjetta, så vil ikkje det seie at spelet “kjennes gratis ut”, men snarare at det følg designprinsippa frå F2P-skolen: Elementet som utgjer mykje av progresjonskjensla i spelet, opplåsing og customization, er bura inne bak ein vegg. Du kan anten klatre over veggen med å spele veldig mykje, eller du kan betale for å få han fjerna. Andre spel har gjerne ein poeng-XP-ratio på 1:1, her er han noko sånt som 4:1, viss du ikkje vil betale for ein XP-boost-ting, eller rett og slett berre kjøpe “Unlock Keys”. For å vere på den sikre sida er det òg ein separat virtuell valuta for å låse opp kostymedelar.

 

10 euro er forsåvidt ein kurant pris for eit multiplayer-only spel med 3 game modes og 5 kart – men ikkje om det skal oppføre seg som om du ikkje har betalt. Det geniale her at dei har tatt det kjipaste frå vanlege, kommersielle releases og F2P-spel og slått dei saman: Ørten lag med DRM og registrering, pluss seig, seig (gratis)progresjon og tre-fire system for monopolpengar du kan bruke for å omgå den seige progresjonen.

 

3. Matchmaking frå helvete

Om dette heng saman med bruken av GFWL, eller om det berre er resultatet av ein utruleg dårleg matchmaking-rutine frå Monolith, er eg ikkje sikker på. Resultatet er uansett katastrofalt for inntrykket, og for kor lenge ein gidd å halde på med dette. Når du har dansa deg forbi alt av GWFL, WBID, og andre fine akronym, kanskje rota litt med installingane, trykk du på “Play Now!”. Som er ein veldig misvisande knapp. For det første har Monolith gått for ein P2P-løysing for multiplayer, i staden for dedikerte servarar. I eit multiplayer-only-spel til PC er dette ikkje mogleg å forsvare, sjølv om det er ein multiplattform-release. P2P er desidert suboptimalt når det gjeld latency (og fører med seg klassikaren host advantage), og det gjer prosessen med å få starta eit spel vanskelegare fordi ein ikkje medvite kan slå opp servarar med folk på, og joine.

 

I staden må du berre hoppe inn i lobbyen og satse på at matchmaking-rutinen i spelet skal få i gang ein kamp for deg. Om planetene står på linje, og alt faktisk går som det skal, tar dette likevel i Gotham City Impostors gjerne 5-20 minutter sjølv midt i primetime. Om du skulle vere tolmodig nok til å få starta eit spel, er matchmaking-rutinen så katastrofalt på trynet at det er heilt vanleg å få eit lag av folk på level 1-10 satt opp mot eit lag av utelukkande 30-40+, kjemisk fritt for utjamning. Etter alt styret før du får spele og det konstante maset om å bruke pengar på dilldall, er eg full av forståing for alle dei som gav opp her. For dei som kjempa og venta seg gjennom muren av dritt pakka rundt sjølve gameplayet, kjem neppe kjerna i spelet til å vere nokon religiøs oppleving.

 

4. Realistisk keisame våpen

I eit spel der folk kler seg ut som Batman, Jokeren, Batgirl og Harley Quinn, og det absurde og komiske vert framheva som hovudmoment i designet, så ville det logiske kanskje vere å ta inspirasjon frå DC Comics, eller å bare finne på ymse smågale ting ein kan kverke kvarandre med. I staden er alle dei faktiske våpna som tatt ut av Modern Warfare-spela – eit erkegenerisk utval av assault rifles, shotguns, LMGs, SMGs. Plusspoeng for rakettkastar. Dei “whacky” navna hjelp ikkje – alle dei standard, metallgrå våpna kjennes inkongruente og malplasserte i det fargeglade universet der alt anna av utstyr er akkurat så komisk som du ville venta. Du har Gagdets, som ofte har med manøvrering å gjøre: Den klassiske Zip Linen, ein kappe som let deg fly om du kan finne oppdrift, rulleskøyter eller sko med springfjær. Support Items er ting som ein fattigmanns Batarang (ein vanleg bomerang) feller, troll-i-eske-granatar, også vidare. Så kvifor kunne ikkje dei ta litt av all fantasien dei brukte her, og koke opp våpen som ikkje ser og kjennes ut som om dei er løfta rett ut av MW2?

 

Det er vanskeleg å tru at eit spel der du kan vere ein sterkt overvektig, klovnesminka mann som suser rundt på rulleskøyter med ein rakettkastar kan vere keisamt, men det er det faktisk. Sjølv om karta er ganske gode, med mykje potensiale for gagdet-basert manøvrering og vertikal rørsle, og dei to spelmodusane som ikkje er TDM er morosamme variantar av CTF og Point Capture, er det ikkje nok. Ikkje når det medvite er lagt så mange frustrasjonsmoment i vegen som mogleg (einaste dei ikkje har er vel Ubi-DRM), og rammeverket rundt kvar match er så grunnleggjande svakt. Diverre. Eg hadde i grunn sett fram til dette spelet, men det ser i grunn ut som om Monolith berre vert mindre og mindre i stand til å levere gode spel.

 

 

 

TLDR: 2/10-spel på PC, neppe mykje betre på konsoll. 7/10 til dette er noko av det meir generøse eg har sett.

Endret av Zealuu
Lenke til kommentar

Jeg kjøpte dette på release og gud bedre hvor frustrerende det er å måtte logge seg inn på windows live hver gang man starter spillet. Er man så lur at man trykker på automatisk innlogging, gjelder det nemlig ikke bare for spillet men også for hotmail kontoen din og for windows live messengeren din. Ikke så kult om man ikke vil at de andre som bruker pc'en skal se hva venner og venniner skriver til deg hele tiden.

Også til selve spillet... Jeg kjøpte spillet på release, jeg har klokket inn 3 timer på spillet... En halv time med tutorials, og om jeg er litt raus så kanskje en halv time med de utfordringene til singleplayer. Og 2 timer hvor jeg har venta på å komme inn i en match. Matchmaking på pc er ti skritt bakover i tid... Jeg har ennå ikke kommet meg inn i en eneste match, jeg har enten disconnecta eller blitt sittende å vente i en konstant loop på nok folk til å joine en match, hvor folk plutselig dukker opp og forsvinner... Spillet er et eneste lappeteppe med irriterende ting...

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Matchmakinga har vært ubrukelig siden begynnelsen (Alpha). Det vil si at det er like trolig at det blir fikset.

Jeg spilte altså i alpha og litt i beta. Artig nok, men jeg kunne ikke finne noe til å motivere meg til å spille mer.

Et dårlig halvår for Batman :(

 

?

 

Arkham City kom for tre måneder siden.

 

Jeg ble desverre veldig skuffet over BAC, og har enda ikke funnet motivasjonen til å fullføre. Hvorfor aner jeg ikke :(

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...