Gå til innhold

Øystein.F.

Medlemmer
  • Innlegg

    2 450
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

1 følger

Nylige profilbesøk

10 719 profilvisninger

Øystein.F. sine prestasjoner

487

Nettsamfunnsomdømme

  1. Det er veldig overdrive, og som du seier, demonstrerer mangel på forståing for mekanikkane. Men nei, vi visste ikkje om det. Eg fekk uansett berre koden og deadline. Det er tydeleg at enkelte har fått hakket meir materiale, men kven som har fått kva og kvifor veit eg ikkje.
  2. Eg har vore i betre humør, for å seie det slik.
  3. Det har eg allereie gjennomgått i detalj ovanfor.
  4. Den er heilt grei den, men pålitelege er dei likevel ikkje. Eg har mang ein gong sett spel med blanda mottaking blir review bomba for dei mest usaklege ting ein kan tenke seg. Nokre gongar er det absolutt legitim respons, men denne gongen synest eg det er ein noko spesiell reaksjon.
  5. Den siste der skal eg absolutt gje deg medhald i, og la det til no. Eg har tatt ein kikk på Steam, og for å vere heilt ærleg er det vanskeleg å ta mykje av det seriøst. Mange som har gitt tommelen ned har ikkje spelet i historikken sin ein gong, den som ligg på topp har spelt det i 15 minutt, knapt nok til å få laga ein karakter. Det er vanskeleg å legge mykje vekt på noko som legg så lite krav til speletid som Steam Reviews. Eg toler veldig godt at folk er ueinige med meg,r, men eg meiner vi må diskutere på riktige premissar, og ha fakta på bordet. I dette høve er det mykje feilinformasjon ute og går, og det er den eg vil til livs. Det er difor eg seier folk enten lyg, eller er feilinnformert. For nesten alle påstandane er demonstrativt feil. Slik som at ein må betale for å få campingutstyr, at ein må betale for å skifte utsjånad, må betale for å teleportere. Dette er påstandar som har gått igjen hos dei fleste som angrip spelet. Og dei er feil. Du kan, men kvifor? Du får meir enn du brukar gjennom å spele. Eg er ikkje ueinig med deg. Eg meiner ferdige produkt bør vere ferdige produkt. Eg mislikar mikrotransakjonsar, eg mislikar dlc, og kan ikkje fordra sesongpass for det vitnar om eit spel som ikkje vil la meg vere ferdig sjølv om eg har nådd rulleteksten. Men akkurat dette plagar meg ikkje, for det er så irrelevant at eg veit eg ikkje går glipp av noko som helst. Dei er i tillegg usynlege. Inne i spelet er det ingen hint om nokon butikk, ingen oppfordringar om å kjøpe noko. Du må avslutte og gå til hovudmenyen for å finne butikken. Hadde dei selt sterkare våpen, sjeldne gjenstandar for bruk til å oppgradere våpen og rustnigar (langt viktigare enn nivået på in innleigd pawn), eller ein teleporteringskrystall med uendeleg bruk, og reklamert for det kvar gong du gjekk inn i menyane, då hadde eg vore einig. Når butikken tilbyr ting som totalt endrar spelet, er det manipulativ speldesign. Dette framstår meir som eit noko kynisk forsøk på å presse litt meir pengar ut av folk ved å selge dei noko dei på ingen måte treng. Kult? Langt derifrå, men ikkje verre enn at eg himlar litt med auga og går tilbake til spelet. Så kan ein sjølvsagt ta ein større diskusjon rundt mikrotransaksjonar og dlc og kva som er greit og ikkje, men av alle syndarane der ute, er Dragon's Dogma 2 så langt nede på rangstigen at dei knapt er synlege.
  6. Eg får berre beklage, eg tenkte det var ikkje noko poeng i å sjå den videoen sidan eg har sett fleire andre, lest steam-responsen, sett reaksjonar på diverse forum, og tenkte det berre var same ulla. Såg den no, og kan konstatere at den ikkje bydde på noko eg ikkje har sett og høyrt før i dagane etterpå. Kanskje den er hakket meir tendensiøs. Eg uttalar meg ikkje om PC-versjonen, det kan eg ikkje, for eg har ikkje spelt den. Eg uttalar meg utelukkande om mikrotransaksjonane. Det er mykje feilinnformasjon ute og går ang. dette spelet, og det er på ingen måte pay to win. Eg har for tida tusenvis av rift crystals, og det er fordi det rett og slett ikkje blir brukt noko særleg. Det er ingen grunn til å hyre dyre pawns langt over ditt nivå fordi du snart tar dei igjen uansett, så det er bortkasta krystallar. Det er ein bisarr ting å bruke pengar på fordi du heile tida får slike krystallar gjennom å drepe monster, utføre oppdrag, finne portalar, etc etc. Wakestones er det inga meining i å kjøpe heller, sidan spelet kastar dei på deg. Campingsett er ein meiningslaust å bruke peng på. Joda, det veg bittelitt mindre enn dei du finn i spelet, men du har fire pawns å fordele ting på, om du blir nedlassa av 0.5 kg gjer du noko veldig feil. Bruke pengar på ein eingongsnøkkel? Du finn nøklar i spelet og har svært sjeldan bruk for dei. Betale for å gi pawnen din tilfeldig inclination? Ser ikkje kva det skal vere godt for. Du kan kjøpe i pawnsjappa i staden og få det du eventuelt vil ha der. Betale for å endre utsjånad når det kostar 500 rift crystals og alt du treng for å få dei er gjere eit oppdrag eller drepe nokre monster? Desse tinga Capcom har lagt ut for sal er heilt merkelege. Det framstår mest som eit forsøk på å tene pengar på folk som normalt ville brukt juksekodar i staden for å spele spelet. Det einaste eg ser ein potensiell grunn til å bruke pengar på er musikken frå originalen, som godt kunne ha vore inkludert i spelet sjølvsagt. Ikkje misforstå, eg synest det er noko skit, men det er skit du lett kan ignorere fordi i motsetning til det mange folk påstår, har det lik null innverknad på spelet. Elles får eg beklage tonen, det var ikkje meininga å vere spydig. Hadde nett stått opp og kan tidvis vere litt morgongretten av meg
  7. Har ikkje sett worth a buy-videoen, så eg har ikkje anklaga han for noko som helst. Det eg seier er at dei som hevdar du må kjøpe ting for å endre utsjånad eller campe, eller teleportere spelet etc lyg, eller er ikkje er informerte nok til å uttale seg. Eg er ikkje for mtx, berre så det er sagt. Eg synest det er ein uting og saknar tida då vi låste opp nye kostyme etc ved å spele, men angrepet på kva desse mikrotransaksjonane byr på er basert på ei lang rekke løgner og feilinformasjonm
  8. Denne saka er eit godt døme på kor useriøse mange, og spesielt youtube-profilar er, for det aller meste av dette er vås. Det første først, ja, eg kan forstå det er kjipt å ikkje få atarte eit nytt spel, men Capcom har allereie sagt at dei ser på dette, dei ser også på dette med framerate. Så, til desse mikrotransaksjonane. Det var ingen mikrotransaksjonar i spelet før lansering, dei kom på plass på lanseringsdagen. Eg ser det blir påstått at pressa blei informert om dette på førehand, men det blei ikkje vi. Vidare er det rein løgn at du må kjøpe mikrotransaksjonar for å endre utsjånad eller campe, eller noko av det andre. Alt dette er tilgjengeleg i spelet med gull eller riftkrystallar, og svært lite av det kostar mykje. Du blir ikkje tvinga til noko som helst. Dei har berre gjort det mogleg å kjøpe seg ut av nokre av dei beste opplevingane spelet byr på. Akkurat det er ganske snodig. Men ja, du har fått servert eit sett med løgner frå folk som umogleg kan ha spelt spelet, men gjerne vil ha klikk frå deg. Det er ganske kynisk spør du meg. Før lansering hadde eg brukt fast travel fleire gongar, eg hadde mange campingsett liggande i ei kiste, og eg hadde endra utsjånad på både hovudperson og pawn eit par gongar, heilt utan å bruke ei einaste krone. Men eg er einig. Kvar blei det av integriteten? Vi har ein youtube-arme som knapt bryr seg om kildekritikk og serverer blanke løgner over ein lav sko.
  9. Som du ser har eg testa på Xbox. Korleis spelet er på PC og PS5 har eg såleis ikkje grunnlag for å uttale meg om.
  10. Men verdt å hugse på, som nemnt i teksten, at det ikkje er tale i spelet, berre skrift.
  11. Switch-versjonen har norsk språk ja, det var den eg testa.
  12. Eg har alle konsollane mine sidan Super Nintendo samla på eit rom, med CRT TV. Utfordringa er at det er ikkje lett å få tak i gode CRT TVar i dag. Det meste eg har kome over er ganske råtne TVar frå hytta av obskure merke som Tanra. Det er òg vanskeleg å finne skjermar som støttar noko anna enn 50hz, så å spele noko anna enn PAL blir raskt ei utfordring. Men likevel, veldig glad eg har desse gamle skattane, og kan ploppe inn Super Mario World når eg kjenner suget.
  13. Du kan fint spele det aleine, men eg vil absolutt anbefale å spele Yaluza: Like a Dragon først. Det er første spel med Kasuga i hovudrolla, og det er heilt fantastisk.
  14. Eg møtte ingen slangar i løpet av dei timane eg spelte.
  15. Det er no ikkje så rart. Då SoundBlaster gjorde sitt inntog og vi brått fekk musikk som høyrdest ut som dei var spelt inn med ekte instrument, er det naturleg at ein ser på PC speaker-variantane som noko tafatte. Eg hugsar godt eg var litt seinare ute med lydkort enn nokre vener, og kor natt og dag forskjell det var på enkelte spel. Daggerfall til dømes, eg fant først ut det var musikk på det då eg spelte det hos ein ven.
×
×
  • Opprett ny...