Gå til innhold

Kickstarter - kva prosjekt støttar du?


Anbefalte innlegg

Hei,

 

eg er sikkert seint ute, men i går var eg endeleg innom Kickstarter.com, for å sjå på dette fenomenet som har blitt nemnt i tilknytning til ei mengde interessante prosjekt nyleg. For dei som er endå latare enn meg og ikkje har fått det med seg enno: Kickstarter er ei nettside der kreative personar kan få finansiering frå folket for prosjekta sine. Mange spelutviklarar har her sett ei moglegheit til å bruke dette til å lage spel som ellers ikkje ville ha blitt finansiert dersom dei måtte gå gjennom vanlege utgjevarar som EA og Ubisoft. Dette har fleire fordelar:

 

- Kreativ fridom. All makt går til utviklar og spelar, pengefolket sit ikkje lenger med øvste myndigheit.

 

- Ein kan satse smalare, både med tanke på sjanger og målplattform. Satt på spissen, vil utgjevarane i dag helst at ting skal vere førstepersons skytespel som skal tilpassast konsollane, for å selge til flest mogleg. Eg trur Kickstarter vil vere særleg positivt for PC-speling, fordi utviklarar kan få finansiert reine PC-spel igjen.

 

- Ingen DRM-tvang. Alle prosjekta eg har sett har ein DRM-fri kopi av spelet som ein av donasjonspremiane.

 

Uansett, eg anbefalar alle som ikkje har gjort det enno, og særleg dei som er interesserte i PC-speling, å sjekke sida, og å støtte dei prosjekta dei likar. Sjølv har eg funne ei mengde spennande prosjekt der. Eg tenkte kanskje vi kunne bruke dette emnet som ein samletråd for å sette fokus på dei prosjekta vi likar best. Ta med lenke til prosjektet på Kickstarter, samt gjerne eigne diskusjonstrådar på forumet.

 

Her er mine favorittar so langt:

 

Wasteland 2

 

1154570.jpeg

 

Eg vil tru dei fleste har høyrt om dette, men eg skal ta ei rask oppsummering: Brian Fargo, mannen bak mellom anna Interplay, Wasteland og Fallout, vil lage eit nytt Wasteland-spel. Wasteland var forløparen til Fallout, og mange av dei samme menneska er involverte. Brian og gjengen ønskar å lage eit taktisk, turbasert spel med sterk historiefokus. Dei store utgjevarane ville neppe ha teke i eit slikt konsept med eldtang, men takka vere Kickstarter vil dette no bli ein realitet, og med mykje større budsjett enn opprinneleg planlagt. Brian Fargo ba opprinneleg om $900 000, men har i skrivande stund samla inn nesten $2 300 000, og det er fortsatt 6 dagar igjen. Brian Fargo lovar at alt dei får inn av ekstra pengar vil bli brukt til å lage eit større og betre spel. Når dei t.d. 2,5 millionar, leiger han inn eit par ekstra designarar, for å lage fleire område og fleire oppdrag. I tillegg er det slik at dei som donerar $15 eller meir får spelet DRM-fritt når det er ferdig. Ikkje ein dårleg pris dersom ein ser på det som ei førehandsbestilling, sjølv om det nok blir ei stund å vente.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel 1

Gamer.no-artikkel 2

Gamer.no-artikkel 3

Diskusjonstråd

 

 

Shadowrun Returns

 

1154569.jpeg

 

Shadowrun er eit rollespel, eller kanskje snarare ein samling rollespel på forskjellige format. Det Shadowrun eg kjente til frå før var Shadowrun for SNES, eit litt ukjent spel som fekk gode omtalar, men ikkje solgte so bra. Det er godt å sjå at Shadowrun no får ein ny sjanse, for det har ei ganske eineståande blanding av ting eg likar: high fantasy, science-fiction cyberpunk og RPG. Der ser ut til å vere fleire som er interessert i konseptet, for spelet har allereie meir enn dobla det opprinneleg målet på $400 000, med 18 dagar igjen. Som med Wasteland 2, gir ein donasjon på minst $15 deg ein DRM-fri versjon av spelet når det er ferdig.

 

Prosjektside på Kickstarter

 

 

Make Leisure Suit Larry come again!

 

1154568.jpeg

 

Leisure Suit Larry in the Land of the Lounge Lizards bør ikkje trenge nokon introduksjon. Al Lowe er no attende som spelutviklar etter ei lang periode ute av bransjen, og han vil bringe attende dei klassiske Sierra-spela. I første omgong er det altso Larry 1 som skal lagast på nytt. Sjølv om dette "berre" er snakk om ein nyversjon, har eg trua på dette spelet, og gledar meg til igjen å styre Larry i sin søken etter ekte kjærleik...eller i alle fall å miste jomfrudomen. I tillegg er det slik at Larry 1 var eit av dei tyngst piratkopierte spela nokon gong, og eg må innrømme at eg den gongen ikkje var noko betre, so det kjennest godt å kunne bidra til utviklinga denne gongen. Innsamlinga har no komt eit stykke over halvvegs av målet på $500 000, med 21 dagar igjen. For $15 får du spelet når det er ferdig. For $100 får du mellom anna ein Leisure Suit Larry-kondom (skal tru om t.d. EA ville ha tillete det). :D

 

Prosjektside på Kickstarter

Intervju med Al Lowe

Teknofil-artikkel

Diskusjonstråd

 

 

The Banner Saga

 

1154566.jpeg

 

The Banner Saga er eit taktisk strategispel, med fokus på historie, og basert på vikingkultur. Spelet blir laga av avhopparar frå Bioware. Det ser ut til at dei har komt ganske langt allereie, og det ser lovande ut. Finansieringa har for lengst gått i orden: dei har snart femdobla målet på $100 000, og der er 9 dagar att. For ein donasjon på $10 får du spelet når det er ferdig. For $50 får du visstnok i tillegg dei to påfølgjande spela i den planlagde trilogien, samt diverse andre belønningar.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel

Diskusjonstråd

 

 

Dette er dei fire eg har bestemt meg for å støtte førebels, men der er mange andre spennande prosjekt eg vurderar. Er der nokon andre som har forslag til prosjekt som bør støttast?

 

Kay

Endret av KayAU
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

I tillegg til enkelte av disse støtter jeg Pinkerton Road, som er Jane Jensen sitt nye selskap. Skaperen av Gabriel Knight og Gray Matter ønsker å lage adventure spill i samme gate. Gamer har en artikkel på forsiden. De er ikke i mål med sine 300 000 $ enda, men innsamlingen er relativt fersk og ting ser foreløpig greit ut.

 

http://www.kickstart...d-2012-2013-csg

Endret av Wrathmont
Lenke til kommentar

Jane Jensen/Pinkerton Road er absolutt mellom dei eg vurderar. Eg tenkte å ta ein titt på det tidlegare arbeidet hennar, som er innkjøpt men ikkje prøvd enno (Gabriel Knight-spela). Starflight Inception er òg høgt på lista over prosjekt eg vurderar. :)

 

Double Fine Adventure ville eg garantert ha investert i, dersom eg berre hadde oppdaga Kickstarter litt før. No ser det ut til at eg må ta til takke med å kjøpe spelet når det er ferdig.

 

Kay

Lenke til kommentar
Synes det som skjer rundt Kickstarter nå er betydelig mer spennende enn hva de store studioene leverer for tiden.

Eg er fullstendig einig med deg. Det har vore ei oppblomstring av indie-aktivitet i det siste, og det som no skjer på Kickstarter, der nokon av dei beste spelutviklarane gjennom tidene får midla dei treng for å lage dei spela dei vil lage, er eit utruleg spennande steg vidare. For min del er dette ein lenge etterlengta motreaksjon mot retninga spelindustrien har utvikla seg i: profitt går foran alle andre hensyn, og pengefolka styrer det meste. Presentasjonsvideoen for Wasteland 2 bekrefta intrykket eg hadde frå før, og i følgje Brian Fargo har dei verkeleg møta han har hatt med utgjevarar vore mykje verre enn parodiane i videoen.

 

Eg vil at kreativitet, kvalitet, og ønsket om å lage best moglege spel skal vere styrande. Eg kjem til å følgje med på Kickstarter vidare, og "stemme med lommeboka mi", som dei seier. :)

 

Kay

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Då har eg støtta eit prosjekt til:

 

Starlight Inception

 

Romskytespel frå selskapet til ein Lucasarts-veteran. Dette er ikkje ein sjanger eg har brukt mykje tid på før, men dette prosjektet ser interessant nok ut til at eg vil bidra. I tillegg til kampar i verdsrommet, lovar dei kampar på planetar og månar, samt utforsking.

 

Prosjektside på Kickstarter

 

 

Ei lita påminning: The Banner Saga-innsamlinga er no i innspurtsfasa! Innsamlinga er allereie utruleg vellukka, men meir pengar åpnar for nye moglegheiter. Mellom anna ser det ut til at dei no får nok pengar til å la eit fullt orkester jobbe med lydsporet. I tillegg er dette ein god sjanse for å "førehansbestille" eit svært lovande spel til ein rimeleg pris.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Får føre det opp her også!

Grim Dawn - diabloklonen for de som er redd diablo 3 fokuserer for mye på casual gamere.

http://kck.st/I2ACkD

 

Er laget av 2 av skaperne av Titan Quest og på samme engine, men denne gangen lager de spillet slik de vil og ikke som THQ ville ha det.

De har jobbet med spillet siden 2009 for egne penger men behøver hjelp til å få ansatt noen flere på heltid så de blir ferdig i nær fremtid.

De har en liten gameplay video og et kult konsept, absolutt vært en titt om man liker arpg'er.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...

I dag har eg støtta endå eit prosjekt:

 

Legends of Eisenwald

 

post-77504-0-92508800-1337068535_thumb.jpg

 

Dette ser ut til å kunne bli ein skikkeleg godbit: turbasert strategi med rollespelelement, på eit heksagonbasert kart med nydeleg detaljert grafikk med handteikna preg (sjekk bileta). Utviklarane har no kunngjort eit sett med mål dersom dei når visse beløp, og dei ser verkeleg bra ut. T.d. kan dei ta med eit sett med ekstra karakterar og bossar (Goethe-inspirert Erlkönig blir nemnt som eit døme), slott kan bli oppgraderbare, og meir. Dei som støttar prosjektet får vere med og stemme. Ein annan potensielt kjekk ting med dette prosjektet, er at ein får med eit tidlegare spel frå utviklaren som ei ekstra løn når ein donerar $15 eller meir. Der er berre 6 dagar att av kampanja, og dei har akkurat passert målet sitt, men der er mange ting dei kan gjere med ekstra pengar. Eg oppfordrar alle som likar strategi og/eller rollespel til å støtte dette.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel

Tråd på forumet

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Jeg har støttet Wasteland 2

http://www.kickstart...land-2?ref=live

 

Jeg skal støtte Xenonauts

http://www.kickstart...41191/xenonauts

 

Og Carmageddon: Reincarnation

http://www.kickstart...n-reincarnation

 

 

Nå mangler jeg bare et skikkelig old school RTS spill å støtte. Jeg lengter tilbake til tiden da jeg spilte Dark Reign, Krush kill'n destroy og ikke minst C&C serien fra Westwood.

Endret av Enceladus
Lenke til kommentar

Då har eg òg støtta...:

 

Xenonauts

 

Der er vel ikkje so mykje ein treng å seie om dette, utanom at det er ein svært lovande nyversjon og utviding av UFO/XCom: Enemy Unknown. Samanlikna med den offisielle nyversjonen, ser dette ut til å ligge mykje nærmare originalen. Sjølv trur eg der er rom for begge spela. :) Xenonauts har vore i utvikling ei stund allereie, og der finst ein demo som viser ein tidleg versjon.

 

Prosjektside på Kickstarter

Demo

Gamer.no-artikkel

Tråd på forumet

 

Kay

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...