Gå til innhold
Trenger du hjelp med internett og nettverk? Still spørsmål her ×

Nettverk i hus - CAT6, CAT6a eller CAT7?


Anbefalte innlegg

Takk for innspel, folkens, eg er med på tankegangen. Eg tek dette med meg, og så ser eg kva eg landar på.

 

Enno ein takk så langt til alle som har bidrege i tråden, inkludert dei som har bidrege med frisk debatt og til tider høg temperatur!  ;) Det har som sagt vore lærerikt for min del. Eg reknar meg sjølv for å ha rimeleg bra med kunnskapar om PC og tilhøyrande maskin- og programvare, men oppsett av LAN er ikkje noko eg har plundra veldig mykje med i mi tid.

 

Greitt å ha eit forum som dette der ein stille spørsmål og få innspel når ein treng det!  :new_woot:

Endret av Garegaupa
  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Eit anna spørsmål som har dukka opp for meg i denne samanhengen: Slik det ser ut no, etter å ha undersøkt litt, så ligg eg an til å satse på ein rackmontert UniFi USG PoE 24-port switch og eitt stykk UniFi AC Pro AP som får straum direkte frå switchen via PoE (eg går ut frå at eitt aksesspunkt bør halde for å dekke tre etasjar i eit hus med cirka 80 m2 grunnflate når aksesspunktet står i andre etasje og det berre er treveggar og -golv signalet skal gjennom?).

 

Det eg er litt meir i tvil om er UniFi USG. Eg kunne tenkt meg ein slik òg for maksimal tryggleik og kontroll, men eg ser at det vert knotete å bruke ein annan ruter enn Altibox sin heimesentral med tanke på distribusjon av både Internett- og TV-signal.

 

Er det nokon som veit om UniFi USG kan stå i brumodus mellom Altibox-sentralen og switchen (altså med Altibox-sentralen som DHCP-tenar) slik at ein unngår desse utfordringane? Ein skulle tru det var lett å finne ut av, men no har eg søkt og søkt på nettet utan å finne eit klårt svar...

 

Viss dette går, vil ein misse mykje funksjonalitet viss ein brukar USG som ein rein brannmur og droppar ruterfunksjonane?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Eg kan sette DMZ-host i heimesentralen, ja. Eg må tilstå at dette med DMZ er noko eg ikkje har leika meg med før, så eg er litt uklår på kva det medfører.

 

Er det slik at viss eg set USG som DMZ-host så går all trafikk berre "rett gjennom" Altibox-heimesentralen og inn til USG? Kva oppnår eg med dette, vert eg ikkje då berre sitjande med to DHCP-tenarar i systemet og fullt kaos? Eller misforstår eg fullstendig no?  :hmm:

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

OK, kanskje me har forskjellig sentral, då? Eg har den nye (Altibox FMG), og der er det fire RJ45-portar som går både på Internett og fjernsyn på same tid, avhengig av kva ein koplar til. Det er denne fleksibiliteten eg ynskjer å behalde, slik som viss eg no berre koplar Altibox-sentralen direkte på switchen. Då vil eg kunne kople til dekodar, PC eller kva eg måtte ynskje i alle nettverksuttak utan å måtte tenkje på å kople om noko eller gjere nokon justeringar i systemet.

 

Viss eg derimot set sentralen i brumodus (til dømes for å ha ein USG mellom sentral og switch) så vil det verte meir som du seier, at ein port leverer Internett (VLAN 102), medan dei tre andre portane leverer fjernsynssignal (VLAN 101). Så er der to separate portar for IP-telefoni (VLAN 100), dei forstår eg at vil fungere likt om sentralen står i brumodus eller ikkje.

 

Sjølvsagt kan eg kople VLAN 102 inn på switchen, og så berre kople dei uttaka som skal ha fjernsynssignal direkte i sentralen (i alle fall så lenge eg ikkje treng meir enn tre dekodarar). Spørsmålet for min del er berre om det er verdt å styre med dette og misse den fleksibiliteten eg har per i dag, eller om eg berre skal droppe heile USG-en og kople sentralen rett i switchen. Antakeleg er den innebygde brannmuren til Altibox god nok for mitt bruk.

 

Det kjem òg litt an på om eg misser mykje funksjonar i UniFi-pakkeløysinga viss eg har både switch og aksesspunkt frå dei, men ikkje USG?

Lenke til kommentar

Eg kom over ein interessant diskusjon her (spesielt side 4 i tråden er interessant i dette høvet):

 

https://www.hjemmeautomasjon.no/forums/topic/1716-altibox-pluss-vs-egen-routerwifi/?page=4

 

Tru om ikkje det er dette oppsettet her (IGMP Proxy på USG med input frå både VLAN 101 og 102, samt IGMP Snooping aktivisert i switch) som må til for å få det til å fungere slik eg ynskjer?

 

Er det nokon som ser nokon potensielle ulemper med denne framgangsmåten her (bortsett frå at det nok ikkje er heilt "plug and play" å setje opp :dremel:)?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Den er grei!  :) Eg tippar nok at eg til å begynne med går for UniFi switch og AP, og vurderer USG seinare. Eg kjem til å kjøpe eit rackskåp med god kapasitet, så det skal verte uproblematisk å dytte inn fleire einingar på eit seinare tidspunkt.

 

Eg vurderer òg å berre putte inn ein slik sak som dette (som vart føreslegen tidlegare i tråden) eller tilsvarande mellom heimesentral og switch, det bør verte noko meir plug and play: https://www.getcujo.com/smart-firewall-cujo/ Då får eg som ein bonus litt foreldrekontroll-funksjonar som (så vidt eg veit) ikkje finst i USG.  :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...