Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 158
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Gazer75 sine prestasjoner

856

Nettsamfunnsomdømme

  1. Om ein ser totalen så er det nok mange fleire enn 5% som ikkje kan lade heime og difor ikkje har skaffa seg elbil. Er vel kun omlag 25% av personbilparken som er elektrisk så langt. Ein kan sikkert installere lading i burettslag osv, men for ein del så blir det svært dyrt når dei må betale anleggsbidrag på toppen. Eldre blokker har ikkje nok reserve inn til å kunne drifte lading av ein masse elbilar og det lokale nettet og trafoen er ikkje dimensjonert for det. Då trillar millionane ut i oppgraderingar. Må hugse på at mykje av det gamle lågspent nettet i Norge er 230V IT og ikkje 400V TN. Ikkje alle som bur sentralt til og kan velje og vrake i lading heller. Er vel berre Tesla og Ionity som har abonnement. Dei kan det vere langt til ein del plassar. Når det er sagt så skal det vere ganske dyr lading før ein er på linje med diesel. For min del sparar eg 25-50% på drivstoff med elbilen ved 100% hurtiglading. Sidan eg brukar under 100kWh i snitt per månad så er abonnement ikkje verdt det hjå Tesla. Er og mykje styr med kort kabel og ladeluke høgre bak. Nokre samanlikningar runda til næraste 50 øre/liter: 5kr/kWh @ 250Wh/km = 19kr/liter @ 6,5L/100km 5kr/kWh @ 200Wh/km = 18kr/liter @ 5,5L/100km 5kr/kWh @ 150Wh/km = 17kr/liter @ 5L/100km 6,5kr/kWh @ 250Wh/km = 25kr/liter @ 6,5L/100km 6,5kr/kWh @ 200Wh/km = 23,5kr/liter @ 5,5L/100km 6,5kr/kWh @ 150Wh/km = 19,5kr/liter @ 5L/100km Trur eg har vore litt snill med forbruket til fossil bilen her, men det gir no ein peikepinn.
  2. Er ikkje tvil om at det blir dyrare systemdrift når dei må kjøpe meir primær og sekundær reserve som ofte er dyrt. Sverige har også mindre regulerbar vasskraft som kan balansere systemet. Kan kanskje hjelpe med fleire linjer over grensa til Norge. Men så må det kome meir typisk pumpekraft også, ikkje slike sesong baserte pumpekraftverk som vi har.
  3. Hjelper ikkje at OED brukar to år på å behandle klage på konsesjon for nye linjer og kablar. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/hamang-barum-smestad/nyhetsarkiv/vedtak-statnett-skal-bygge-kabel-mellom-hamang-i-barum-og-smestad-i-oslo/ Litt som forventa når det skal gå gjennom Bærum og Oslo vest. Spent på om det blir kabling når linjene i Groruddalen skal oppgraderast.
  4. Og det er vel litt av problemet. Operatørane veit at veldig mange ikkje bryr seg og då kan dei ta ekstra. Så lenge prisane er som dei er vil det sitje lenger inne for folk å byte til elbil om dei ikkje kan lade heime. Ein må sjekke pris om ein må bruke hurtig-lading ellers kan ein risikere å betale meir enn om ein køyrer diesel.
  5. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Feil i speedometer er definert i seksjon 5.3 i Regulation No 39 of the Economic Commission for Europe of the United Nations (UN/ECE) 0 ≤ (V1 – V2) ≤ 0,1 V2 + 4 km/t Der V1 er speedometer og V2 er faktisk fart. Difor skal det faktisk alltid vere 4km/t feil ved nye dekk på original standard dimensjon. Testing på dei fleste bilar skal gjerast i 40, 80 og 120. Min e-Golf er mellom 3 og 4 feil på mine 195/65-R15 vinterhjul i 80, og i 40 er det 1-2 feil.
  6. Fekk aldri registrert meg på AliExpress så enda med å bruke Ebay. Kosta vel under 1200kr med frakt og MVA, og tok litt over ei veke før den var i postkassa.
  7. Meir kraft er betre enn ingen ting. Vi har ikkje all verden med vasskraft å byggje ut, spesielt ikkje magasinkraft. Ein kan sikkert diskutere kva ein skal bruke krafta til, men utan meir kraft vil industri ikkje etablere seg og skape arbeidsplassar. Er mykje eksisterande industri som vil elektrifisere som burde få kraft før ein gjev den til data senter osv. Eg tenker eit samarbeid med Sverige og Finland om eit par atomreaktorar bør vurderast. Om vi har eit par 500MW reaktorar nær Oslo så vil ein dekke ein basis last. F.eks. på Slagentangen der det gamle Esso raffineriet var. I framtida kan ein sikkert bruke dagens gassterminalar til dette også.
  8. Sett bort frå prisen på havvind så er jo det bra for oss. Jo meir vindkraft vi har jo meir kan magasinkraftverka spare vatn. Og slik det ser ut så planlegg fleire produsentar oppgradering for meir effekt og ser på pumping for å nytte overskot i vindkraft.
  9. Ingen politikar som vil behalde jobben torer å gå for nye kablar. Godt spørsmål. Det vanlege svaret er vel at det er dette prisen for kvalifiserte personar i ein internasjonal marknad. Dette har eg vel snakka om før i denne eller andre trådar. Mykje av nettet vårt vart bygd ut frå 1950 til 1980, og etter så mange år er det utslite og må fornyast. Kostnad med vedlikehald overgår prisen for å byggje nytt. Samtidig så er forbruket og produksjonen auka som krev kraftigare nett. Gamle trafostasjonar kan vere plassert slik at det er dyrt å oppgradere samtidig som dagens nett må vere i drift. Flyten kan ha endra seg så ny stasjon bør vere andre plassar i nettet osv. Hamang stasjon ved Sandvika er jo eit godt eksempel på plassmangel i tettbygde strok. Den er vel kostnadsrekna til 900 millionar. Er litt spent på om dei byggjer stort nok med plass for utviding når ting er innandørs og gass isolert (GIS) i desse nye stasjonane som erstattar gamle.
  10. Blir nok neppe overskot til å betale ut flaskehalsinntekter framover. Statnett har jo masse prosjekt på gang for å oppgradere og utvide nettet. Slikt kostar pengar. Det må blir ei ny kraftkrise med store prisforskjellar for at det skal skje.
  11. Tvilar på vi ser produksjon frå Sørlige Nordsjø 2 før om 8-10 år. Går vel to år med KVU og konsesjonshandsaming. Med inflasjon så er nok prisen vi må betale ein heilt anna når dette er i gang.
  12. Har du sjekka om desse havnene også prosesserer gass til ferdig produkt? Tippar dei fleste kun er for å ta i mot LNG og eventuelt lagre den. Våre gassanlegg har litt andre funksjonar.
  13. Med full automatikk så vil rekninga for lading kome frå utleigar. Kort er heilt klart det enklaste. Dei fleste nye stasjonar som kjem i år vil nok ha dette, og gamle må ha det på plass før utgangen av 2025.
  14. Ein del av dei gamle som vart bygde for 20-25 år sidan er vorte fornya. Gamle turbinar er fjerna og nye meir effektive er sette opp.
  15. Tråden har sklidd litt ut. Problemet her var ikkje å starte eller betale for lading, dei hadde appen og den fungerte fint. Du kan scanne QR koden på uttaket og få rett plugg i appen. Kortbetaling vil nok gjere ting endå enklare. Spesielt for turistar som kan bruke Visa eller Mastercard osv utan å styre med app. Det finnest vel apps i dag som støttar det meste av ladeoperatørar i Europa, men desse skal jo tene pengar og tek ekstra betalt. Automatisk lading ala Tesla kjem nok på fleire og fleire bilar. Er vel noko Plug & Charge greie på Mer sine stasjonar med VW ID bilane trur eg. Tesla opnar i desse dagar opp sine stasjonar i USA for Ford sine bilar og der går ting automatisk via ein CSS1 til J3400 adapter som Ford kundar kan bestille. Set adapter i Tesla pluggen (J3400) og set adapter i bilen så startar lading automatisk. Korleis ein stoppar ladinga veit eg ikkje, har ikkje sett video om prosessen endå.
×
×
  • Opprett ny...