eg er sikkert seint ute, men i går var eg endeleg innom Kickstarter.com, for å sjå på dette fenomenet som har blitt nemnt i tilknytning til ei mengde interessante prosjekt nyleg. For dei som er endå latare enn meg og ikkje har fått det med seg enno: Kickstarter er ei nettside der kreative personar kan få finansiering frå folket for prosjekta sine. Mange spelutviklarar har her sett ei moglegheit til å bruke dette til å lage spel som ellers ikkje ville ha blitt finansiert dersom dei måtte gå gjennom vanlege utgjevarar som EA og Ubisoft. Dette har fleire fordelar:
- Kreativ fridom. All makt går til utviklar og spelar, pengefolket sit ikkje lenger med øvste myndigheit.
- Ein kan satse smalare, både med tanke på sjanger og målplattform. Satt på spissen, vil utgjevarane i dag helst at ting skal vere førstepersons skytespel som skal tilpassast konsollane, for å selge til flest mogleg. Eg trur Kickstarter vil vere særleg positivt for PC-speling, fordi utviklarar kan få finansiert reine PC-spel igjen.
- Ingen DRM-tvang. Alle prosjekta eg har sett har ein DRM-fri kopi av spelet som ein av donasjonspremiane.
Uansett, eg anbefalar alle som ikkje har gjort det enno, og særleg dei som er interesserte i PC-speling, å sjekke sida, og å støtte dei prosjekta dei likar. Sjølv har eg funne ei mengde spennande prosjekt der. Eg tenkte kanskje vi kunne bruke dette emnet som ein samletråd for å sette fokus på dei prosjekta vi likar best. Ta med lenke til prosjektet på Kickstarter, samt gjerne eigne diskusjonstrådar på forumet.
Her er mine favorittar so langt:
Wasteland 2

Eg vil tru dei fleste har høyrt om dette, men eg skal ta ei rask oppsummering: Brian Fargo, mannen bak mellom anna Interplay, Wasteland og Fallout, vil lage eit nytt Wasteland-spel. Wasteland var forløparen til Fallout, og mange av dei samme menneska er involverte. Brian og gjengen ønskar å lage eit taktisk, turbasert spel med sterk historiefokus. Dei store utgjevarane ville neppe ha teke i eit slikt konsept med eldtang, men takka vere Kickstarter vil dette no bli ein realitet, og med mykje større budsjett enn opprinneleg planlagt. Brian Fargo ba opprinneleg om $900 000, men har i skrivande stund samla inn nesten $2 300 000, og det er fortsatt 6 dagar igjen. Brian Fargo lovar at alt dei får inn av ekstra pengar vil bli brukt til å lage eit større og betre spel. Når dei t.d. 2,5 millionar, leiger han inn eit par ekstra designarar, for å lage fleire område og fleire oppdrag. I tillegg er det slik at dei som donerar $15 eller meir får spelet DRM-fritt når det er ferdig. Ikkje ein dårleg pris dersom ein ser på det som ei førehandsbestilling, sjølv om det nok blir ei stund å vente.
Prosjektside på Kickstarter
Gamer.no-artikkel 1
Gamer.no-artikkel 2
Gamer.no-artikkel 3
Diskusjonstråd
Shadowrun Returns

Shadowrun er eit rollespel, eller kanskje snarare ein samling rollespel på forskjellige format. Det Shadowrun eg kjente til frå før var Shadowrun for SNES, eit litt ukjent spel som fekk gode omtalar, men ikkje solgte so bra. Det er godt å sjå at Shadowrun no får ein ny sjanse, for det har ei ganske eineståande blanding av ting eg likar: high fantasy, science-fiction cyberpunk og RPG. Der ser ut til å vere fleire som er interessert i konseptet, for spelet har allereie meir enn dobla det opprinneleg målet på $400 000, med 18 dagar igjen. Som med Wasteland 2, gir ein donasjon på minst $15 deg ein DRM-fri versjon av spelet når det er ferdig.
Prosjektside på Kickstarter
Make Leisure Suit Larry come again!

Leisure Suit Larry in the Land of the Lounge Lizards bør ikkje trenge nokon introduksjon. Al Lowe er no attende som spelutviklar etter ei lang periode ute av bransjen, og han vil bringe attende dei klassiske Sierra-spela. I første omgong er det altso Larry 1 som skal lagast på nytt. Sjølv om dette "berre" er snakk om ein nyversjon, har eg trua på dette spelet, og gledar meg til igjen å styre Larry i sin søken etter ekte kjærleik...eller i alle fall å miste jomfrudomen. I tillegg er det slik at Larry 1 var eit av dei tyngst piratkopierte spela nokon gong, og eg må innrømme at eg den gongen ikkje var noko betre, so det kjennest godt å kunne bidra til utviklinga denne gongen. Innsamlinga har no komt eit stykke over halvvegs av målet på $500 000, med 21 dagar igjen. For $15 får du spelet når det er ferdig. For $100 får du mellom anna ein Leisure Suit Larry-kondom (skal tru om t.d. EA ville ha tillete det).
Prosjektside på Kickstarter
Intervju med Al Lowe
Teknofil-artikkel
Diskusjonstråd
The Banner Saga

The Banner Saga er eit taktisk strategispel, med fokus på historie, og basert på vikingkultur. Spelet blir laga av avhopparar frå Bioware. Det ser ut til at dei har komt ganske langt allereie, og det ser lovande ut. Finansieringa har for lengst gått i orden: dei har snart femdobla målet på $100 000, og der er 9 dagar att. For ein donasjon på $10 får du spelet når det er ferdig. For $50 får du visstnok i tillegg dei to påfølgjande spela i den planlagde trilogien, samt diverse andre belønningar.
Prosjektside på Kickstarter
Gamer.no-artikkel
Diskusjonstråd
Dette er dei fire eg har bestemt meg for å støtte førebels, men der er mange andre spennande prosjekt eg vurderar. Er der nokon andre som har forslag til prosjekt som bør støttast?
Kay
Dette innlegget har blitt redigert av KayAU: 11. april 2012 - 14:41











