Gå til innhold

Anmeldelse: Ninja Gaiden 3 (X360)


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Synes ikke karakteren står helt i stil med omtalens tone, nei.Det har dessverre vært gitt at dette kom bli å en gigantisk skuffelse helt siden den første teaseren, hvor noe av det første man fikk se var en quick-time-event. Ingen synes de er morsomme og de har ingen hensikt -- hvorfor finnes de fortsatt?

 

Takk for tilbakemeldingar. Om kvalitetane til spelet ikkje kom godt nok fram er det sjølvsagt beklageleg, og mitt ansvar, men når det er sagt var dette ein vanskeleg tekst å formulere.

 

Problemet er at spelet er ekstremt ulikt dei tidlegare spela i serien, og dei endringane som er gjorde er av ein slik natur at det praktisk talt uansett vil høyrest negativt ut når ein dreg samanlikninga.

 

Det gjer derimot ikkje Ninja Gaiden III til eit dårleg spel. Det er eit underhaldande og solid actionspel, og det gjer mykje riktig, men styrer samtidig langt unna serien sitt opphav. Eg har ingen formeiningar om at ein Ninja Gaiden-fan kjem til å like spelet, men om du samanliknar det med eit tilfeldig actionspel vil det ikkje vere tvil om at det er høg kvalitet over dette produktet. Eg må vurdere spelet for kva det er, ikkje for kva det ikkje er.

 

Når det er sagt, om du les teksten min, og ser skildringar av eit spel du ikkje har lyst til å spele, då har eg gjort jobben min godt nok til at du veit kva du har i vente, sjølv om vi kanskje skulle vere ueinige på kva karakter spelet fortener.

Lenke til kommentar

men om du samanliknar det med eit tilfeldig actionspel vil det ikkje vere tvil om at det er høg kvalitet over dette produktet

 

Nei? Dette er eit tilfeldig actionspel. Mekanisk er det erkegenerisk, overforenkla og uinspirert, noko som gjer det endå verre at dei har ikledt det Ninja Gaiden-namnet. Fokuset skal visstnok ligge på "historia" - eit element Tecmo aldri har vore særleg gode på, med eller utan Itagaki. No skal vi KJENNE PÅ KJENSLER om kor hardt det er å vere ninjamann som må drepe litt her og litt der, og resultatet er sjølvsagt katastrofalt.

 

Om dei ville ha ein tøvete-men-sjarmerande ninjarøvarhistorie som til dømes Ninja Blade byr på (basert på talet QTEs ser det jo ut som om det er her Tecmo har henta mesteparten av inspirasjonen til NG3 uansett), så går ikkje det å blande den enkle mekanikken med po-faced japansk kjensledrama skrive av nokon som i beste fall berre har ein akademisk kjennskap til konseptet "kjensler". Då må dei nesten ta det heilt ut over heile lina.

 

Om dei ikkje ville at det skulle vurderast som eit Ninja Gaiden-spel, kunne dei droppa å bruke Ninja Gaiden-namnet.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...