Helgis22 skrev 6. august 2011 - 19:37:
Okei. Kult!
Takk for kvikk og bra svar. Hvor er dette kurset da?? er det ett sted jeg kan få litt informasjon om kurset?
Ikke bra om de foretrekker engelsk, haha. Da lærer jeg jo ikke noe!

Stad skifter år for år, men er normalt på ein eller annan skule sentralt i Bergen, evt i Friundervisninga sine eigne lokaler (på Nygård, retning Danmarksplass no, trur eg). Ein telefon til friundervisninga (5555-3610) kan sikkert hjelpa deg vidare. Kursa heiter "islandsk 1" og "islansk 2". Vanlegvis har friundervisninga eit informasjonsmøte for dei som har skrive seg opp som interesserte på eit kurs kring 15. august, og det er då på informasjonsmøtet ein melder seg på.
Det er ellers alltid eit vilkår for at friundervisninga sine planlagde kurs vert sett i gong: Nok som vil vera med. "Nok" vil normalt seia ikring like mange personar som vanlege folk har fingrar. Språkkurs hjå friundervisninga kostar normalt 75-100 kr pr kurstime, altså 1800-2400 for eit slikt kurs.
Ingen islending ved sine fulle fem ser på noko anna enn islandsk som idealspråket, men dei er ofte vant til å vera mangespråklege og slår svært lett over til engelsk som "nøytral grunn" når dei merkar andre har problem med islandsk. Slik sett er dei ofte elendige lærarar så lenge du er på nivået "skjønar 80 % sjølv, men har store problem med å ordleggja meg skikkeleg sjølv endå". Då tolkar dei fort som at du har like store problem med å skjøna som du har med å snakka - og slår over tvert. Det KAN jo og ha noko med at Island har hatt ein del band til Danmark nokre hundre år (og er ikkje HEILT fri slike band enno), og at danskar ofte vert temmeleg krakilske når islendingar snakkar fire ord til dei på islandsk. Farleg mange danskar har nemleg meir innsnevra "spennvidde" kva gjeld det å skjøna språklege nyansar enn gjennomsnittet i Oslo 3! Ein gjennomsnittleg danske skjønar ikkje norsk meir enn helvta så godt som ein gjennomsnittleg nordmann skjønar dansk - og islandsk og kinesisk har nokolunde same vanskegrad der.