Gå til innhold

[Løst]Telenors musikkbutikk - Nedlastingsproblem


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg prøvde å kjøpe eit album hos musikkbutikken til Telenor. Så prøvde eg å laste ned albumet som zip-fil til PC, men fekk feilmeldinga "Kan ikke laste ned xxx.zip fra wdc.aspiro.com. Tilkoblingen til serveren ble tilbakestilt". Prøvde dette ein gong til, men med same resultat. Så prøvde eg å laste ned mp3-filene ei om gongen, og greidde å laste ned 9 av 15 melodiar, medan resten ga tilsvarande feilmelding som over.

 

post-128036-1266428679_thumb.jpg

 

Dermed har eg brukt tre forsøk, og det er ikkje mogeleg å prøve på nytt.

 

Skuffa og irritert over å ha betalt for ei vare eg ikkje fekk sendte eg e-post til kundesørvis hos Telenor, som ga dette svaret:

 

Hei, og takk for henvendelsen.

 

 

Jeg ser at du har lastet ned fra Aspiro. De har kortnummer 2225. Du må ta kontakt med Aspiro for å få hjelp med resten av nedlastingen. Følg denne linken, så vil du få kontaktinformasjon på innholdsleverandørene:

http://www.02139.no/ Ha en fin dag.

 

 

 

Med vennlig hilsen

XXXXXXXXXXXXXXX

kundeansvarlig

Telenor Norge

 

Tidlegare i dag vidaresendte eg e-posten til [email protected], men eg har enno ikkje høyrt noko frå dei.

 

No har eg funne denne lenka hos Telenor, som viser til at det er Platekompaniet, og ikkje Aspiro som har ansvaret for nettbutikken.

 

Kva er eigentleg rett? Er det Aspiro eller Platekompaniet eg må kontakte? Tykkjer elles at det er svært dårleg at ei slik teneste skal vere så ustabil, særleg når den gjev seg ut for å vere ei teneste frå Norges største mobiloperatør, som vanlegvis pleier å levere tenester av god kvalitet.

 

Platebransjen klagar over at folk lastar ned gratis frå TPB, og stevnar Telenor for retten fordi dei ikkje sensurerer internett. Men dersom nokon ynskjer å vere lovlydig, så vert det lagt alle mogelege hindringar i vegen. Det er heilt håplaust at ein ikkje skal få lov til å laste ned musikken ein har kjøpt og betalt for fordi systema deira har svikta tre gonger på rad på same melodi.

 

Lurer altså på kven eg skal kontakte, og om andre har liknande erfaringar med Telenor/Platekompaniet/Aspiro sin musikkbutikk.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei

Jeg har opplevd noe liknende selv men det gjaldt en EP på 3 låter. Fikk kun lastet ned 2 av de tre, og fikk aldri lastet ned siste låt.

 

Tok da kontakt med platekompaniet sin kundeservice, der jeg fikk 3 ekstra kreditt i tillegg til den låta jeg aldri fikk lasta ned.

 

Veldig god service i mine øyne! :)

 

Så send mailen din til platekompaniet du

Lenke til kommentar

Då er e-posten sendt til Platekompaniet. Så får eg håpe det løyser problemet.

 

Edit: Fekk svar frå Platekompaniet i dag, der dei har nullstilt antal forsøk, slik at eg kan prøve på nytt. Har no lasta ned dei 6 resterande melodiane, 5 gjekk på fyrste forsøk, medan den sjette gjekk på andre forsøk etter å ha fått same feilmelding som sist. Tykkjer framleis at systemet er for ustabilt til å vere ein seriøs nettbutikk. Eg brukar mobilt breiband, kan det ha noko med problemet å gjere? Eg får i alle fall aldri slike feil ved nedlastingar andre stader på nettet.

 

Uansett skal Platekompaniet ha pluss i margen for god sørvis :thumbup: Aspiro har eg ikkje høyrt eit sukk i frå, medan kundesørvis hos Telenor rett og slett ikkje hadde greie på kven som har kundesørvis på deira eigen musikkbutikk, evt. så las dei ikkje skikkeleg gjennom det eg skreiv.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...