Gå til innhold

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    1 451
  • Ble med

Om Garegaupa

  • Bursdag 09. feb. 1981

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

11 106 profilvisninger

Garegaupa sine prestasjoner

85

Nettsamfunnsomdømme

  1. Eg har eit Roccat Ryos MK Pro-tastatur som eg per i dag har kopla til to ulike PC-ar via ein KVM-switch. No treng eg å kople til eit webkamera til KVM-switchen, og då er eg ein USB-port i manko. Eg prøva difor å kople vekk den eine av dei to USB-tilkoplingane til tastaturet, og førebels så fungerer det 100 %. Eg kan ikkje merke noko som helst forskjell så langt. Kan eg berre la det vere slik, tru? Eller risikerer eg at det vert for mykje straumtrekk på den eine USB-tilkoplinga når eg gjer det på denne måten? (Eg brukar ikkje den ekstra USB-porten i tastaturet til noko, i tilfelle det spelar nokon rolle.)
  2. Det skal du sjølvsagt få lov til å meine. Fordi me har 100 % felles økonomi (altså ikkje noko "dine" og "mine" pengar her i huset), og har lyst til å sleppe ein evig runddans med overføring mellom kontoane alt ettersom kven som har mest pengar på konto og/eller størst utgifter på det aktuelle tidspunktet.
  3. Eg reknar med at dette vert løysinga for oss. Når det er sagt så tykkjer eg dette er eit snodig krav frå Vipps si side. Så lenge du har norsk BankID (som er eit anna av krava deira) så burde det vere nok, etter mitt syn. Så vidt eg har forstått så er det ikkje akkurat uvanleg at eit ektepar berre har felleskonto i banken, så der må no vere mange med same problemstilling.
  4. Men korleis skal ein då tolke dette, som òg står på nettsidene til Vipps? Det siste avsnittet ville eg tolka som at ein kan kople til berre eit bankkort, og at alt er OK så lenge ein minimum disponerer ein norsk bankkonto? Men det er kanskje feil oppfatta?
  5. Kona og eg ynskjer å ha ein felles lønskonto for å gjere økonomien meir oversiktleg. Når eg kontaktar banken så får eg beskjed om at i så fall kan berre kontoeigar kan bruke Vipps, for det er eit krav å ha eigen bankkonto. 🤔 Eg har søkt noko på nettet, men eg vert ikkje heilt klok. Eg tenkte ikkje dette var noko problem viss ein bruka Vipps med kredittkort eller bankkort? Ein vil gjerne ikkje kunne betale rett til/frå bankkonto, men det kan me leve godt med. Eller tek eg feil? Må ein ha eigen løns-/brukskonto for å i det heile teke kunne bruke Vipps? 🤔
  6. Takk for mange gode innspel i denne tråden! Eg (eller rettare sagt arbeidsgjevar) endte til slutt opp med å kjøpe denne her: https://noerdic.no/products/cable-matters-kvm-svitsj-2-til-1-displayport-1-4-8k60hz-4k120hz-3xusb3-0-med-5gbps Det har fungera som fjell så langt! Uproblematisk veksling mellom heime-PC og arbeids-PC, og på heime-PC-en har eg 2560x1440@240 Hz og VSync. Greitt med den vesle fjernkontrollen til å veksle mellom PC-ane òg. Skulle eg pirke på noko så hadde det vore greitt med meir enn tre integrera USB-portar, samt gjerne inn- og utgangar for lyd. Men det er pirk, eg er veldig godt nøgd. Endå ein gong takk for hjelpa!
  7. Takk for alle innspel så langt! Det hadde eg ikkje tenkt på som ei mogelegheit, men no skal eg sanneleg sjå på det. Takk for tipset! OK, greitt å vite at du har dårlege erfaringar med KVM. Viss det er eit generelt problem så er det eit godt argument for å sjå på alternative løysingar.
  8. På heimekontoret så har eg per i dag ein kraftig stasjonær PC med USB-tastatur, USB-mus og 32" Samsung Odyssey G7-skjerm. No er eg i ferd med å byte arbeidsplass, og kjem såleis til å sitje mykje på heimekontor frametter. Som ny arbeids-PC har eg fått ein Microsoft Surface Pro 6. Snerten sak å reise rundt med, men alt for liten for dagleg arbeid. Difor ynskjer eg å kunne bruke tastatur, mus og skjerm som eg allereie har opp mot Surface-en, og å kunne byte enkelt mellom heime-PC og arbeids-PC. Slik eg ser det så har eg to mogelegheiter: Ein KVM-switch der eg koplar til både skjerm, tastatur og mus. Ein enklare switch der eg berre koplar til tastatur og mus, og så brukar ein av dei ledige portane på skjermen (den har 2 x DP og 1 x HDMI) til å kople til arbeids-PC-en. Viss eg skal gå for løysing nummer 1 så vil eg ha ei løysing som gjer at eg får utnytta det fulle potensialet i G7-en, altså 2560x1440@240 Hz. Slike veks ikkje akkurat på tre, så langt eg kan forstå. Eg har funne ein så langt som eg meiner skal fungere: https://www.connectpro.com/products/udp-12ap-displayport-1-4-kvm-switch-for-single-monitors-and-2-systems Dyr som berre rakkaren, men ny arbeidsgjevar har sagt at dei planlegg med å kjøpe inn ei heimekontorpakke til dei som jobbar mykje heimanfrå (innhaldet i denne pakka er enno ikkje heilt avgjort), så sluttsummen for dei vert fort mindre på denne måten uansett. Likevel, viss det vil fungere like bra (eller betre) å berre kople dei to PC-ane rett i skjermen og så ha ein billegare og enklare sak for mus og tastatur så kan eg like godt gjere dette. Kva slags løysing ville folket her ha gått for?
  9. Takk for tipset, dette skal eg sjå nærare på.
  10. Takk for tipset, eg var ikkje klår over den hurtigtasten.
  11. Eg har prøva å finne ut nøyaktig korleis dette med ultrabreie skjermar fungerer i praksis, men eg har ikkje klara å søkje meg fram til det svaret eg ynskjer på nettet. Kanskje er det berre eg som er usedvanleg treg i oppfatninga... Det eg lurar på er rett og slett om det er best å bruke desse som to enkeltståande skjermar i ein (altså med to kablar frå skjermkortet), eller å berre bruke det som ein svær, brei skjerm (med ein kabel frå skjermkortet)? Viss ein gjer sistnemnde, kan ein då få det til å gå automatikk i at skjermen vert dela i to ved kontorbruk? Det er nok greitt å spele på brei skjerm, men å ha Word eller nettlesaren smurt utover heile den skjermflata verkar ikkje særleg praktisk for meg. Ein kan sjølvsagt endre storleiken på vindaugo og tilpasse kvar gong ein opnar eit nytt program, men det enklaste (for min del, i alle høve) ville vere at alt berre fungera som om der var to separate skjermar.
  12. Ja, det var planen å gjere uansett. Alt skal på bordet ved eit eventuelt sal, både denne og ein del mindre skavankar som eg veit om. Det var berre det at eg hadde fått ei oppfatning av at eg uansett kunne ende opp som ansvarleg sjølv om eg opplyste om alt eg veit om som er gale, men då er det kanskje feil oppfatning frå mi side?
  13. Eg har ein traktor som eg vurderer å selje privat. Den er nokon år gammal, og den har i alle fall eitt teknisk problem som potensielt kan verte dyrt for ein eventuell ny eigar (eller det kan gå bra resten av traktorens levetid). Spørsmålet er om eg kan selje den "som den er" slik at eg ikkje risikerer ein eventuell reklamasjon på dette? Eg har alltid trudd at dette var ei mogelegheit, men her om dagen sa ein kjenning til meg at det ikkje er lov å selje køyretøy med slikt atterhald lenger? Er det nokon her som veit noko om dette?
  14. Takk for tipset, @Hanne9867, den skal eg sjå nærare på!
  15. Eg lyt kome i gong att med å trene regelmessig etter eit lengre opphald. Eg er slik at eg treng eit spark bak for å kome i gong, og då kunne det ha vore greitt å hatt ein god app på telefonen (Android) som kunne mase litt på meg og brukast til å fylgje opp resultat av treninga. Eg har null erfaring på dette området, er det nokon som har nokon tips? Krav/ynskje til ein slik app: Må støtte trening utan bruk av apparat/treningsstudio. Eg vil kunne trene heime utan "ekstrautstyr" eller ta meg ein joggetur i skog og mark. Eg ynskjer ein kombinasjon av styrketrening (for heile kroppen), kondisjonstrening og "oppstramming" (mageskinnet heng noko laust etter eit større vekttap for nokon år sidan ). Må fungere, ikkje berre love gull og grøne skogar - eg veit godt at eg ikkje kjem til å sjå ut som Arnold Schwarzenegger i sine glansdagar på seks månadar med ti minutts trening per dag, sjølv om enkelte appar tykkjest love det ). Bør kunne brukast til å fylgje opp resultata av treninga slik at eg kan setje meg mål og sjå korleis det går i forhold til måla over tid. Alle gode forslag vert mottekne med takk! Eg kan godt betale nokon kroner for ein god app, men det hadde vore greitt med i alle fall ein gratis testperiode så eg får sett om den passar for meg.
×
×
  • Opprett ny...