Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    43 914
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Zeph vant dagen sist 17. desember 2012

Zeph hadde mest likt innhold!

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

50 450 profilvisninger

Zeph sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

11

Hjelpsomme svar

  1. Nei, det gjer eg ikkje. Eg har ikkje satt opp noko reknestykke heller. https://www.finansnerden.no/hva-betyr-norske-skatteregler-okonomisk-uavhengig/ 480k*35 = 16,8 m
  2. Dette har ikkje med draumar eller levemåte å gjere, men matematikk. Eg har ikkje tid til å kome med motforslag akkurat no, men kan prøve seinare, om ingen andre kjem på banen før den tid. Det er sjølvsagt veldig mykje som er usikkert mtp. framtidig økonomi, skattereglar osv., men me kan ikkje anna gjere enn å ta utgangspunkt i dagens situasjon. 4%-regelen seier veldig enkelt at du må ha 25 ganger forbruket. 480k*25 = 12 m. Det er frå USA og er kanskje ikkje like riktig her, men om du doblar det er du likevel ikkje oppe i 30 m.
  3. 30 m høyrest veldig konservativt ut eller direkte feil måte å rekne på. Tar reknestykket utgangspunkt i at du betalar skatt på alle 30 millionane? Dvs. at heile summen er gevinst?
  4. Så lenge likningsverdien er over 1,7 m så betyr det ingenting om det er verdiar i hus, fond, aksjar eller på konto. Det er derimot forskjell på likningsverdi avhengig av kva type verdi det er. Din primærbustad har 25% likningsverdi av marknadsverdien. Er bustaden verdt 1 m så er likningsverdien 250 k, som inngår i summen som blir skattbar frå 1,7 m. Aksjefond har 20% rabatt, så 1 m i fond har 800 k i likningsverdi. Midlar på konto har 0% rabatt, så 1 m på konto har 1 m i likningsverdi. Du må for øvrig kun skatte av verdien over 1,7 m. Dvs. at om du har ein likningsverdi på 1,8 m så må du skatte av 100 k.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor kan me ikkje ta som noko standard på same måte som WLTP. Det er alt for lite kontroll på eit sånt eksperiment. Den kan gje indikasjonar.
  6. Potensialet er gjerne høgare ved å eksponere seg meir mot USA, men samtidig blir risikoen større.
  7. Nordnet Teknologi Indeks kostar 0,29% på Nordnet, så eg forstår ikkje heilt kva dei skal fram til.
  8. Det er riktig. Når kjøpet er gjennomført vil ikkje framtidige valutaendringar påverke verdien. Du vil verken tene eller tape noko på at valutaen varierer. Går kursen ned er det ein fordel med valutasikring sidan verdien ikkje blir redusert tilsvarande. Går kursen opp er det ei ulempe med valutasikring sidan verdien ikkje aukar tilsvarande. Kjøpetidspunktet for den enkelte andel er avgjerande for om det på lang sikt vil svare seg eller ei med valutasikring, samt tidspunktet du skal selge. Ser me tilbake til 1960 så er det mange som vil tenke det ser naturleg ut at den no skal ned igjen, men hadde det vore 100% sikkert ville alle investert deretter, og sånn er det ikkje. Du betalar litt ekstra for valutasikring. 0,02 prosentpoeng var forskjellen på eit par fond eg sjekka. Eit poeng som av og til blir repetert om fordelen med å ikkje valutasikre er at når ting blir dyrare her i landet pga. svak krone (som no), så vil andelar i eit aksjefond bli meir verdt av den same årsaken. Om kursen og prisane deretter går ned igjen vil sjølvsagt verdien på det usikra fondet gå ned igjen òg. Fondstilbydarane har meldt at det er blitt kjøpt ein større andel valutasikra fond dei siste åra som følgje av høg kurs og at mange ventar at den skal ned igjen. Fasiten på kva du bør kjøpe i dag får du den dagen du skal selge igjen. Om det er 5-10 år fram i tid så veit ingen kva som er det beste kjøpet. Mange spekulerer og anbefalar, men ingen veit sikkert. Eg har ingen valutasikra fond i dag. Det som går igjen av anbefalingar frå professorar og personar i bransjen som eg har lese er å vere forsiktig med valutasikring og eventuelt plassere mindre delar av verdiane der om du vil sikre, ikkje alt.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    WLTP-rekkevidda er resultatet dei får på ein standardisert test. Det er ikkje ein garanti for rekkevidde i andre tilfelle. Skal du kjøre nokre tusen høgdemeter i 25 grader C så vil du heller ikkje klare WLTP-rekkevidda. Det var snakk om ein vinter-WLTP-test, men EU droppa det. Det er veldig synd sidan ein standardisert test ville gitt betre tal. Den enkelte brukar sine erfaringar samt vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor gjev den beste indikasjon på forskjell på bilane, sjølv om testen har sine eigne ulemper med traséval, dekkdimensjonar osv.
  10. Eg har budd i burettslag med felles internett og TV, der standard er lågaste hastigheit og minste TV-pakke. I neste bustad var det kun felles internett med lågaste hastigheit. Dei som ville kunne oppgradere hastigheit og ev. bestille TV-kanaler. Det er ikkje sikkert Altibox vil tilby kun internett, ref.: https://www.altibox.no/boligselskap/beboer/
  11. Eit mobilabonnement vil vel strupe hastigheita om du overgår 100 GB ila. ein månad? Og du betalar minst 350,- i månaden.
  12. Ja, og om den blir svekka 10% når du har eit valutasikra fond så vil du miste 10%. Derav spørsmålet om kvifor du trur den skal styrke seg sidan du vurderer eit valutasikra fond.
  13. Eg har tenkt det siste året at Yr er blitt meir upresis. Det er ikkje nødvendigvis riktig, men gjerne eit resultat av at meldinga svingar ofte. Har nokon erfaring med andre leverandørar av vêrspådomar som dei føretrekk over Yr?
  14. Ja, den store ironien i det heile er at Putin syt over at Ukrania trekk vestover og vil bli med i NATO, når det er akkurat hans handlingar som har dytta dei i den retningen. Alt av påstandar og utsegn frå Russland er så dumt at dei knapt kan tru det sjølve. Det hadde gjort seg med meir intern konflikt i Russland.
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    Dei fleste elbilar har ein buffer, 5-10% kanskje, så det er i mange tilfelle ikkje mogleg å lade til 100%. Tesla endra for ei tid sidan anbefalinga om lading i det daglege frå 90% til 80%, men dei har så vidt eg veit ikkje buffer i toppen heller, så der kan du faktisk lade til 100%. Eg har lese at det er først og fremst lading til 100% (reellt eller ei) der den blir ståande sånn over lengre tid som er mest farleg, gjerne med pluggen i så den heile tida blir toppa opp. At den blir lada til 100% kort tid før ein kjøretur som tar kapasiteten under 80-90% var mindre problematisk.
×
×
  • Opprett ny...