Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 460
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,7k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Han er uskuldig i den saka han har blitt straffa for, og det er den som er grunnlaget for erstatninga. Det er uansett heilt feil å straffe eit lovbrot med strafferamma for eit anna lovbrot. Om han fortener lang straff for for det han er (rettmessig) dømt for så er det jo i den saka han skal få straffa. Noko av grunnen til at han fortsatt var i forvaring var fordi han ikkje utviste tilfredsstillande anger for handlinga. Det at han fortsatte å hevde sin uskuld etter dommen vart brukt som argumentasjon på at han ikkje var rehabilitert nok til å sleppe fri.
  2. Ja. Og det spørs kanskje om Staten har spekulert i at det er dette som vil skje, og at dei derfor ikkje treng å betale ut ei veldig høg erstatning. For eg hadde nok gjort det same som deg. Sjølv om det er grunnlag for å anke og kanskje få tilkjent det doble i erstatning, så hadde i alle fall eg tenkt nøye over om det er verdt bruke enda fleire år av levetida på å kjempe mot Staten i ei ankesak. Akkurat her er det kanskje like greit å cashe ut pengane og stikke. 55 mill i dag er tross alt mykje betre enn å kanskje få 90 mill om eit par år.
  3. Dette bidreg nok til at Nord universitet får dårlegare omdømme. Mitt inntrykk er at Nord universitet har sin inntekt frå å opprette heilt nye mastergrader for å tiltrekke seg studentar, utan at eg har inntrykk av at dei har fagmiljøet til sikre kvaliteten på graden. Basert på det som eg har lest andre stadar så virka det som at det var nok som skurra med Kjerkol sin masteroppgåve at det må stillast spørsmål ved om det var rett å gi oppgåva karakteren B og seinare karakteren A etter munnleg presentasjon, når den opprinnelege plagiatkontrollen avdekte 19% tekstlikheit. Sjølv om all teksta hadde vært korrekt sitert (noko som ein nærmare sjekk raskt ville avklart at den ikkje var) så er det vel i overkant å vurdere ei oppgåve som berre inneheld 81% sjølvskreven tekst til toppkarakter? Mastergrad skal i utgangspunktet gi studenten forskerkompetanse, men dette er nok blitt ganske uttynna etterkvart som fleire og fleire skal ta mastergrad. Det er også ei utfordring at universiteta har økonomiske interesser av å gjere utdanninga så lett som mogleg, for jo fleire studentar som søker og deretter består utdanninga, jo meir pengar tener universitetet. Dei har nok ein dårleg sak reint juridisk. Det einaste som dei eventuelt kan krangle på er kva som skal telle som ny og relevant informasjon som gir grunnlag for å vurdere vedtaket på nytt. Dersom den nye plagiatsjekken berre har avdekka forhold som var eller burde vært kjent når det opprinnelege vedtaket vart fatta, så kan det være eit litt tynt argument for at det ikkje føreligg nye opplysningar i saka. For det er heilt klart at eit vedtak kan revurderast og endrast dersom det kjem fram nye opplysningar i saka. Og sjølv om det kanskje burde være ein foreldelsesfrist for kor lenge etterpå ei karaktervurdering kan vurderast på nytt (eller kor mange gangar), så er det ingen slik foreldingsfrist per dags dato. Så lenge juks uansett ikkje er akseptert, og så lenge ein ikkje vurderer gamle saker sett ut frå nye og endra reglar for kva som blir ansett som juks, så ser eg ikkje at rettssikkerheita står i fare. Eg ville nok likevel foreslå at ein ikkje burde grave for mykje i gamle oppgåver, så kanskje ei foreldingstid på type 10 år kunne vært på sin plass? Eg ville også foreslått at det bør være ei avgrensing på kor ofte ein levert besvarelse skal kunne revurderast. Ikkje fordi at jukserane skal sleppe unna, men fordi det kan potensielt være ei utfordring om profilerte personar eller direkte konkurrentar til ein jobb til stadig heit må tole å få graden sin innklaga og behandla. For sjølv om ein er 100% sikker på at nemda ikkje vil finne juks, så har det nokre konsekvensar for jobb og karriere om ein søker jobb med tittel som for tida er under gransking av ei klagenemd. Og sjølv om at juks ikkje skal lønne seg, så vil eg ikkje ha eit system der ein legg store ressursar i å annulere utdanning. Fokuset må og bør være å gi utdanning. Eg er nok ganske sikker på at det er mange som ein eller anna gong har juksa i ein eller anna grad. Om ein avdekker at ein politikar i 9 klasse møtte opp til ei tyskprøve med dei bestemte artiklane skrevet på viskelæret så synes eg ikkje det er rett å annulere all utdanning tatt etter ungdomsskulen, sjølv om det nok teknisk sett vil være mest korrekt. For kanskje hadde ein ikkje bestått i tysk om ein ikkje hadde juksa på ungdomsskulen, og då hadde ein ikkje vært kvalifisert til vidaregåande, som igjen betyr at ein ikkje var kvalifisert til å starte på universitetet. Det skal ikkje lønne seg å juke, men samtidig så bør ein gi rom for at folk kan ha gjort dumme ting i ungdommen utan at ein skal straffast for det resten av livet. Kanskje særleg innafor politikken så blir det vanskeleg å finne representantar om absolutt alt skal granskast og publiserast i avisa. Ikkje at Kjerkol kan skjule seg bak ungdommeleg uvitenheit, for 3 år er ikkje så lenge i denne samanhengen. Men hadde det vært 10 år sidan mastergraden var levert så ville eg vurdert å sjå annaleis på det.
  4. Det er slik. Grunnen er nok at heile oppgåva skal være eit sjølvstendig arbeid. Så dersom du stryker på masteroppgåva så kan du ikkje på neste forsøk berre rette opp i dei manglane som sensor påpeikte. Du må legge nok arbeid i oppgåva til å bevise at du kan gjere det åleine. Det er lov å bruke oppigjen forskninga og dataene, men ein må presentere funna på ein ny måte.
  5. For å få tilbake mastergraden så må ho skriv ny oppgåve. Det må då være ei heilt ny oppgåve eller så må den opprinnelege masteroppgåva omskrivast til å omhandle eit anna tema. I dette tilfellet er det ikkje nok at Kjerkol skriv om dei plagierte avsnitta og leverer på nytt. Så kjem det langt større spørsmålet, og eit spørsmål som universitetsmiljøet ikkje vil svare på. For kva er eigentleg akseptabel tekstlikheit i eit slikt stykke arbeid? Ein skriv tross alt ganske mykje tekst om tematikk som andre har omtalt før. I tillegg så skrives teksten på ein akademisk måte, for litt av poenget er jo å vise at ein gjennom fem år med utdanning har lært å formulere seg som ein akademiker og då kan ein nesten ikkje skrive folkeleg og med få faguttrykk. Med mindre ein sjølv legg inn skrivefeil, dårleg gramatikk og snirklete formuleringar så er det ikkje til å unngå at delar av teksten blir ganske likt det andre har skrevet før. Her er eit par eksempel frå VG sin oversikt over tekstlikheitene. Knarvik har i ein rapport skrevet: "Teknologi bringer flere faktorer som ledere må forholde seg til." Kjerkhol har skrevet: "Teknologi bringer inn flere faktorer som ledere må forholde seg til". Dette er sjølvsagt ei veldig kort setning, det er derfor ikkje så mange meiningsfulle måtar ein kunne skrevet om setninga på utan å miste innholdet. Påstanden her er nok intuitivt korrekt for dei aller fleste, så at nokon andre har skrevet ned noko liknande burde ikkje være overraskande. Eit litt lenger eksempel er der KS på sin nettside har skrevet "Aldersvennlige lokalsamfunn handler om å gjøre samfunnet i stand til å møte utfordringene og mulighetene knyttet til en aldrende befolkning. Flere sektorer må involveres og medvirkning må være i fokus for at eldre skal kunne delta i samfunnet". Og Kjerkhol har skrevet: "Kommunene må sette seg i stand til å møte utfordringene og mulighetene knyttet til en aldrende befolkning. Flere sektorer må involveres og medvirkning må være sentralt for at eldre og brukere av helse- og omsorgstjenestene skal kunne oppnå god helse og livskvalitet". Teksta er veldig lik, men meiningane som blir uttrykt er såpass openbare og har blitt debatert såpass ofte at ei viss tekstlikheit må kunne påreknast. Det sagt, så er det sjølvsagt spesielt grovt der også skrivefeila har blitt med på copy/paste, for då er det liten grunn til å tru at dette er originale ord som Kjerkol har skrevet heilt sjølv. Men på ein del av dei andre eksempla så er det jo aktuelt å stille spørsmål ved om teksten er ganske lik fordi Kjerkol har skrevet ned nøyaktig det same som ho nettopp las ein annan stad utan å oppgi referanse, eller om teksten tilfeldigvis liknar fordi ein skriv om eit tema som har blitt omtalt før. Nå har eg ikkje lest Kjerkol sin masteroppgåve, men påstandar om at innføring av teknologi kan gjere arbeidet meir komplekst, og at kommunane må klare å forholde seg til ei stadig aldrande befolkning er ikkje akkurat revolusjonerande ny forskning. Så det akademiske arbeidet som Kjerkol & Co har utført ser ut til å være ei samanstilling av kjent kunnskap, og den kjente kunnskapen vil nødvendigvis har blitt formulert før. Det vil ikkje kunne være påregneleg å forvente at alle masterstudentar skal leite fram alle stadar det er skrevet noko som liknar på det som studenten sjølv vil skrive. Då må eventuelt studenten ha tilgang til eit slikt plagiatverktøy for å kryssrefere sin eigen oppgvetekst. Det er lov å sitere, og det er lov å hente tekst frå andre kjelder, men då skal ein refere til kvar ein har henta teksta frå. Men det betyr også at dersom delar av teksta har blitt lik med eit uhell så er det sjølvsagt heilt urimeleg å forvente at studenten skal refere til ei tekst som studenten reint faktisk aldri har lest. Så når mastergoppgåva blir vurdert så må ein ta høgde for at delar av teksten vil kunne være lik teksta som til dømes ein anna student har skrevet i sin masteroppgåve om nesten det same temaet. Heller ikkje i akademiske tekster er det gitt at ting kan løysast på så mange ulike måter. Når murarlærlingen setter opp ein teglsteinsvegg på sin fagprøve så vil det overraske meg om muren ikkje liknar murarar som har blitt murt opp før. Det er tross alt ikkje så mange ulike måter å på fagmessig vis sette opp ein slik mur.
  6. Det er ganske mange ulike grunnar til at Ukrainarane i Norge ikkje jobbar, og ofte vil det være ein god kombinasjon av mange faktorar. Eit moment er at i alle fall i starten av invasjonen så hadde mange av flyktningane frå Ukraina håp og forventning om å snarleg kunne returnere. Det gjorde nok sitt til at motivasjonen til å investere tid i norskkurs, investere pengar i bustad/møbler, og investere sosial kapital i å inngå sosiale rellasjonar vart liten. I tillegg er det ganske attraktivt å ikkje jobbe på grunn av høge ytingar. Ein flyktning som deltek i introduksjonsprodrammet får omtrent 20 000 kr i månaden. Eg fant ein annan stad at i 2024 så er typisk ingeniørlønn i Ukraina på 8500 kr. Så mange som flykta til Norge har nok fått ei vesentleg lønnsauking, sjølv om at også levekostnadane er høgare i Norge. Eit anna viktig moment er at arbeidarrettigheitene står sterkt i Norge. Dette gir naturleg nok godt vern for arbeidstakarane men samtidig så blir det vanskeleg å få seg jobb sidan få arbeidsgivarar vil gi folk ein sjanse sidan den risikoen fell tilbake på arbeidsgivaren som ikkje lett kan kvitte seg med den tilsette om det ikkje fungerer så bra. I tillegg så er norske arbeidsgivarar litt redde for å tilsette høgt utdanna i stillingar som krev lite utdanning ettersom ein då reknar med at arbeidstakaren kjem til å slutte i jobben etter kort tid. Det er ofte ganske dyrt å drive opplæring av nytilsette, i mange jobbar kan det fort ta 1-3 år med internopplæring før bedrifta får ein netto forteneste på den tilsette. Sjølv om mange av dei ukrainske flyktningane er høgt utdanna, så er det ein vesentleg forskjell på arbeidskultur. Sjølv om dei kan faget så er det vanskeleg å for ukrainske flyktningar å finne seg til rette på ein norsk arbeidsplass fordi vi gjer ting på ganske ulik måte. Det er heller ikkje alle ukrainske universitetsutdanningar som kan brukast i Norge. Ukraina er ikkje med i det gode EU/EØS selskapet, og det gjer at vegen for å få sin utdanning godkjent for norske forhold kan bli lang og kronglete, kanskje spesielt i stillingar som krev autoriasjon.
  7. Det er ofte også å foretrekke for arbeidstakaren som då slepp å passe på å ikkje bruke opp pengane før ein tek ut ferie. Veldig mange bedrifter praktiserer også ei løysing der feriepengane blir utbetalt i juni. Strengt tatt skal feriepengane utbetalast når du tek ferie og så skal ein ha vanlig lønn så lenge ein jobbar som normalt. Det er likevel ofte å foretrekke å gi alle tilsette feriepengar samtidig. For trådstarter så hadde eg vurdert å kreve feriepengane utbatalt med ein gong og ikkje inngå avtale om å få feriepengane seinare. Dette fordi det framstår som at arbeidsgivaren din roter litt på dette området, og skulle det være noko feil i feriepengegrunnlaget så er det lettare å få ordna i det når du fortsatt er på arbeidsplassen og jobbar i oppseiingstida.
  8. Du må ta saka vidare til tingretten. Forliksrådet har som formål å finne ei løysing for å holde saka unna rettssystemet. Dermed er ikkje bevisvurdering ein stor del av saka, ofte prøver ein å få partane til å inngå eit forlik. Forliksrådet er politisk oppnemnd og har ikkje nødvendigvis noko som helt av jus kompetande. Politiet er med som sekretær.
  9. Blir litt trangt om alle skal busette seg innafor ring 3, men du skal ikkje så langt vekk før det er både god plass og billege bustadar å få kjøpt.
  10. Men det er ingen grunn til at brukernamnet treng å være synlig når du bruket det til innlogging. Mitt spørsmål er meir relatert til kvifor ein ikkje skjuler begge felta, for eg kan vel ikkje være den einaste som har starta å skrive passordet for å så sjå at eg skriv i brukarnamnfeltet slik at passordet er synlig (ofte husker systemet siste siste brukarnamn som vart brukt slik at ein går rett på skriving av passord). Eg har også væry borti at eg skriv brukarnamnet, deretter trykker tab utan at det blir registrert slik at passordet mitt kjem rett etter brukarnamnet og ikkje på neste linje. For meg framstår det for meg like usikkert som om f.eks. betalingsterminalen hadde vært slik at den skriv PIN koda i displayet slik at eg må både dekke kodepanelet og displayet når eg tastar koda.
  11. Du må også gjere avtale om å få ta ut ferien i mai. Etter ferielova kan du berre kreve å få ta ut tre samanhengande veker i hovudferieperioden 1 juni til 30 september. Om du gjer avtale om åbta ut ferien i oppseiingstida så bør du sjølvsagt også avklare det økonomiske.
  12. Kanskje. Du må finne ei god formulering som også er sant. Poenget er å vise at det er ein konsekvens ved å ikkje gi deg avtale enten økonomisk ellet arbeidsmessig.
  13. Så lenge du betalar låna dine så er det nok lite vilje til å gi deg ein avtale som gir kreditor mindre inntekt. Ei løysing kan derfor være å direkte seie at du kjem til å misleghalde lånet fordi du har for mykje gjeld og må prioritere å betale andre kreditorar fyrst. Då legg du eit press på kreditor som enten må foreslå ein avtale som medfører at du fortsetter å være fast betalar i bytte mot mindre innbetalingar, eller så må dei stå på at låneavtalen ikkje skal endrast og ta jobben med tvangsinnkreving. Så lenge det er sant at du ikkje har råd til å betjene alle låna dine så vil det ikkje hjelpe kreditor med tvangsinnkreving når det ikkje er pengar å ta av.
  14. Kvifor er det på alle innloggingssider slik at passordet du skriv inn blir skjult under stjerner medan brukarnamnet alltid er i klartekst? Om du ikkje treng å lese passordet ditt for å skrive det rett, så treng du heller ikkje å lese brukarnamnet. Og skulle du være uheldig å skrive passordet i feil felt så vil alle som ser skjermen din også sjå kva passord du har. Kvifor er ikkje både brukarnamn og passordfeltet skjult? Det må vel gi betre datasikkerheit i bytte mot minimalt med ulempe ved at du kan ha skrevet feil brukarnamn?
  15. Ja, det var nok stas å uteksaminere ein profilert politikar. Og når skandalen var eit faktum så vart det fyrst heilt taust, og deretter om å gjere å redde ansikt. Det hadde derfor vært nesten sjokkerande om Nord universitet vart ståande ved same konklusjon som ved fyrste sensur, særleg i etterkant av Borch saka. Men det er ingen grunn til at ho blir kasta, ho var like dugandes og kompetent då ho vart utnemnt til helseminister. Slike ministerpostar er mest statusverv som ein får som takk for partilojalitet, og i liten til ingen grad basert på fagleg kompetanse.
×
×
  • Opprett ny...