Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    43 907
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Zeph vant dagen sist 17. desember 2012

Zeph hadde mest likt innhold!

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

50 432 profilvisninger

Zeph sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

11

Hjelpsomme svar

  1. Det er riktig. Når kjøpet er gjennomført vil ikkje framtidige valutaendringar påverke verdien. Du vil verken tene eller tape noko på at valutaen varierer. Går kursen ned er det ein fordel med valutasikring sidan verdien ikkje blir redusert tilsvarande. Går kursen opp er det ei ulempe med valutasikring sidan verdien ikkje aukar tilsvarande. Kjøpetidspunktet for den enkelte andel er avgjerande for om det på lang sikt vil svare seg eller ei med valutasikring, samt tidspunktet du skal selge. Ser me tilbake til 1960 så er det mange som vil tenke det ser naturleg ut at den no skal ned igjen, men hadde det vore 100% sikkert ville alle investert deretter, og sånn er det ikkje. Du betalar litt ekstra for valutasikring. 0,02 prosentpoeng var forskjellen på eit par fond eg sjekka. Eit poeng som av og til blir repetert om fordelen med å ikkje valutasikre er at når ting blir dyrare her i landet pga. svak krone (som no), så vil andelar i eit aksjefond bli meir verdt av den same årsaken. Om kursen og prisane deretter går ned igjen vil sjølvsagt verdien på det usikra fondet gå ned igjen òg. Fondstilbydarane har meldt at det er blitt kjøpt ein større andel valutasikra fond dei siste åra som følgje av høg kurs og at mange ventar at den skal ned igjen. Fasiten på kva du bør kjøpe i dag får du den dagen du skal selge igjen. Om det er 5-10 år fram i tid så veit ingen kva som er det beste kjøpet. Mange spekulerer og anbefalar, men ingen veit sikkert. Eg har ingen valutasikra fond i dag. Det som går igjen av anbefalingar frå professorar og personar i bransjen som eg har lese er å vere forsiktig med valutasikring og eventuelt plassere mindre delar av verdiane der om du vil sikre, ikkje alt.
  2. Zeph

    Elbil-tråden

    WLTP-rekkevidda er resultatet dei får på ein standardisert test. Det er ikkje ein garanti for rekkevidde i andre tilfelle. Skal du kjøre nokre tusen høgdemeter i 25 grader C så vil du heller ikkje klare WLTP-rekkevidda. Det var snakk om ein vinter-WLTP-test, men EU droppa det. Det er veldig synd sidan ein standardisert test ville gitt betre tal. Den enkelte brukar sine erfaringar samt vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor gjev den beste indikasjon på forskjell på bilane, sjølv om testen har sine eigne ulemper med traséval, dekkdimensjonar osv.
  3. Eg har budd i burettslag med felles internett og TV, der standard er lågaste hastigheit og minste TV-pakke. I neste bustad var det kun felles internett med lågaste hastigheit. Dei som ville kunne oppgradere hastigheit og ev. bestille TV-kanaler. Det er ikkje sikkert Altibox vil tilby kun internett, ref.: https://www.altibox.no/boligselskap/beboer/
  4. Eit mobilabonnement vil vel strupe hastigheita om du overgår 100 GB ila. ein månad? Og du betalar minst 350,- i månaden.
  5. Ja, og om den blir svekka 10% når du har eit valutasikra fond så vil du miste 10%. Derav spørsmålet om kvifor du trur den skal styrke seg sidan du vurderer eit valutasikra fond.
  6. Eg har tenkt det siste året at Yr er blitt meir upresis. Det er ikkje nødvendigvis riktig, men gjerne eit resultat av at meldinga svingar ofte. Har nokon erfaring med andre leverandørar av vêrspådomar som dei føretrekk over Yr?
  7. Ja, den store ironien i det heile er at Putin syt over at Ukrania trekk vestover og vil bli med i NATO, når det er akkurat hans handlingar som har dytta dei i den retningen. Alt av påstandar og utsegn frå Russland er så dumt at dei knapt kan tru det sjølve. Det hadde gjort seg med meir intern konflikt i Russland.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Dei fleste elbilar har ein buffer, 5-10% kanskje, så det er i mange tilfelle ikkje mogleg å lade til 100%. Tesla endra for ei tid sidan anbefalinga om lading i det daglege frå 90% til 80%, men dei har så vidt eg veit ikkje buffer i toppen heller, så der kan du faktisk lade til 100%. Eg har lese at det er først og fremst lading til 100% (reellt eller ei) der den blir ståande sånn over lengre tid som er mest farleg, gjerne med pluggen i så den heile tida blir toppa opp. At den blir lada til 100% kort tid før ein kjøretur som tar kapasiteten under 80-90% var mindre problematisk.
  9. Kvifor trur du den skal ned igjen på 7 kroner? Om den skulle gå ned igjen så vil det vere ein fordel å ha eit valutasikra fond, men det er det på ingen måte noko garanti for at den skal. At kursen har vore lågare før betyr ikkje at den må gå ned igjen.
  10. Det er ganske stor forskjell på finanskrisa of Covid-krakket. Dei siste femti åra er det dotcom-bobla og finanskrisa som har satt størst preg på finansverda, og det tok langt fleire år før f.eks. MSCI World Index var på ny ATH. Om me i tillegg skal tenke på inflasjon så gjekk det endå lengre før verdien var på eit tilsvarande nivå som før krakket. Covid var det største krakket sidan finanskrisa og det gjekk bra nedover den gang òg, men henta seg inn igjen relativt kjapt. Uansett så er det beste strategien å tenke langsiktig og spare jamt og trutt.
  11. Internettforbindelse er vel i dag så og seie obligatorisk for dei aller fleste husstander, og ein god pris på fiber kan bli billegare enn individuelle coax-avtaler, sjølv med lågaste coax-hastigheit, men det må du eller styret sjekke opp i. Det ein bør unngå er å blande TV-signal inn i dette, noko Altibox sjølvsagt har lyst å selge inn. Send inn forslag til neste generalforsamling. Når dei får tak i prisar og lagt det inn på ei generalforsamling så kan det bli stemt over og vedteke eller avslått.
  12. Om dei er litt utfordrande i starten så lærer små born ekstremt rask. Enkelte spel krever kanskje at du er med den første perioden før dei lærer seg bruk av knappane. Det største hinderet om dei aldri har brukt ein Switch før er å forstå konseptet med knappar. Når det først er innlært blir det enklare å forstå nye spel.
  13. Det er logisk, men når veit du at det blir nedgangstider? Kor langt ned skal det gå før du kjøper? Med denne historikken (globalt indeksfond) kunne du endt opp med å vente ganske lenge og gå glipp av mykje oppgang ved å vente på dårlege tider før ei større investering. Det er ikkje mange tidspunkt historisk sett der det har svart seg å vente med ei investering. Min strategi har alltid vore å kjøpe når eg kan med alt er har tilgjengeleg på det tidspunktet. Det kan gå nedover på kort sikt, men sannsynlegvis ikkje.
  14. BG3 kostar 769,- for standardutgåve på PS Store. 899,- er for Digital Deluxe Edition.
  15. Om biletet skal illustrere høgdeforskjell så kan det ikkje vere snakk om mange millimeter.
×
×
  • Opprett ny...