Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 503
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Adrenalinet er nok det, og særleg i kombinasjon med alkohol som er bedøvande. Slag har stort skadepotensial men samtidig er ikkje nødvendigvis alle slag effektive. Hjernen er godt beskytta særleg når hodet forheld seg relativt sett i ro slil som når ein ligg på bakken. Dei farlegaste slaga er slag som får hodet i bevegelse og særleg om akselerasjonen blir negativ eller skifter retning. Om du ser til boksesporten så varer dei fleste kampane mykje meir enn 10 sekund med slag, men med rett type slag så er det mogleg å ta knockout på fyrste slaget.
  2. Nettopp. Full frifinnelse setter en enda skumlere presedens. Det gir jo politiet blanko-fullmakt til å banke opp hvem dem måtte føle for. Ingen sier at det var feil å være hardhendt med Simensen, men det kunne ha vært løst på mange andre måter enn å dundre løs med over 20 slag mot hode og kropp på en som allerede blei holdt nede - slik den nå dømte voldsmannen i uniform gjorde. Heilt einig, det er jo nettopp derfor denne dommen er så viktig. Vi vil ha ein presedens for korleis politiet skal bruke makt. At forsvaret argumenterer for at det var både nødvendig og riktig å regelrett angripe Simensen med 13 slag på 10 sekund utan forvarsel, det les eg som eit argument for at denne politimannen også hadde vært fult innafor loven om politimannen hadde trekt tenestepistolen og skutt Simensen 15 gongar på 10 sekund. Det var ingenting i denne situasjonen som tilsa at slik voldsbruk var nødvendig, og det er heller ingenting som taler for at det forelå ein så stor trussel at politimannen måtte handle på eigen hand på dei 3 sekunda som gjekk før Simensen lå i bakken. Sjølv med all min godvilje og all mulig fortsåing for at den dømte politimannen var skikkelig livredd, så kan eg ikkje forstå anna enn at voldshandlinga ikkje berre var unødvendig, men det var også ein veldig stor fare for at situasjonen kunne bli verkeleg farleg. Rettssaka har vist at den voldsdømte politimannen ikkje kjente til Simensen frå før og ikkje viste om at Simensen hadde kniv og batong, men sjølv om vi tek utgangspunkt i at politimannen intuitivt viste Simensen var farleg og bevæpna, så vart situasjonen løyst feil. Det smarte valget hadde vært verbal kommunikasjon samtidig som politimannen går bakover og skaper avstand. Dette ville gitt større reaksjonstid dersom Simensen gjekk til angrep, om nødvendig ved å trekke pistolen. Og det ville gitt politikollegaene anledning til å kome til unnsetning og få kontroll på Simensen med ein gong utan å måtte slå masse ganger. Hadde Simensen faktisk hatt til hensikt å skade politimannen så hadde han gode sjansar til å gjere det. Hadde det ikkje vært for at politimannen klarte å kaste Simensen i bakken så hadde situasjonen vært mykje farlegare, Simensen kunne til og med tatt politimannens pistol under basketaket. Om det hadde vært ei politidame som var 20 kg lettare i nøyaktig same situasjon så ville ho aldri ha løyst dette oppdraget ved å gå i brytekamp, til det hadde risikoen for skade vært for stor. Ei politidame ville samarbeida med sine kollegaer og saman fått kontroll på Simensen utan å risikere skade på verken seg sjølv eller Simensen. Det sagt så er det heilt klart at politiet skal ha lov til å forsvare seg. Politiet må via sitt yrke sette seg i farlege situasjonar og det skulle berre mangle at politiet ikkje skulle få bruke vold der det er nødvendig. Men i denne saka framstod det som totalt unødvendig voldsbruk. Eg trur nok også at dersom den dømte politimannen hadde vedgått at han gjorde ei feilvurdering og at han burde handtert Simensen på ein anna måte, så kan det til og med være at voldsbruken hadde blitt vurdert av retten som forsvarleg når situasjonen fyrst spissa seg til slik at Simensen låg på bakken og prøvde å reise seg opp. Domstolen kan likevel ikkje lage rettspraksis på at politiet skal kunne skyte fyrst og spørje etterpå, og når den dømte politimannen er så tydeleg på at dette var den einaste rette måten å løyse oppdraget på så blir det vanskeleg for støtte det synet.
  3. Eg er ueinig då det for meg framstår som rimeleg klart at formålet med kopiere så mykje tekst frå ei tidlegare masteroppgåve må ha vært å skaffe seg urettmessig fordel når den masteroppgåve ikkje vart nemt som referanse. Eg er likevel heilt einig i at juks og plagiering ikkje er det same, og at det er fint mogleg å plagiere tekst utan at det nødvendigvis er juksing. Det vil være svært dårleg akademisk arbeid å lime inn tekst frå andre utan moglegheit for å ettergå referansane og dermed også konlusjonane, men det å gjere dårleg arbeid er ikkje nødvendigvis det same som juks. Eit anna eksempel på plagiering som ikkje nødvnedigvis er juks i den forstand er dersom du stjel innsamla data frå nokon andre utan å oppgje dei som kjelde, men at alle faglege konklusjonar og slutningar basert på datasettet er dine eigne tolkningar på eit tilstrekkeleg høgt fagleg nivå. I dette konkrete tilfelle så tenker eg at formålet var å oppnå ein urettmessig fordel ved å basere seg tungt på ei tidlegare masteroppgåve utan å tydeleggjere kva som Kjerkol & Co har skrevet sjølv og kva som er henta frå ein annan student sin oppgåve. Av same grunn så meiner eg også at det er fundamentalt feil å dømme studentar for juks basert på sjølvplagiat. Eg kan gå med på at det å "plagiere seg sjølv" kan være uryddig når det blir gjort utan å oppgi kvar du fyrst skreiv formuleringa, men at ein skal ha hatt ein fordel av å "stjele frå seg sjølv" er eg ikkje einig i. Sjølvplagiering bør straffast med nedsatt karakter, og ei utestenging på to semester er ein heilt klart urimeleg konsekvens for å skrive tekst som ein sjølv har opphavet til.
  4. Han må nok pårekne at denne dommen også medfører at han mister jobben ved at han blir avskjediga for grov tenestefeil. I tillegg er også vilkåra for vanleg oppseiing til stades ettersom han naturleg nok ikkje kan møte på jobb når han sitter i fengsel, og at det vil være veldig unaturleg å innvilge permisjon for å sone ein voldsdom. I utgangspunktet så er er det ikkje foreineleg med politiyrket å ha fått ein strafferaksjon, men i motsetting til opptak på politihøgskulen så er det ikkje så firkanta vandelskrav for å jobbe i politiet. I praksis blir det opp til kvart enkelt politidistrikt å vurdere om vandelen kan vurderast som tilfredsstillande dersom han søker jobb i det distriktet. Det er mogleg at politimannen kan få ein ny politijobb seinare, men det krev at han likevel blir vurdert som skikka og ein del av den vurderinga vil nok være korleis politimannen sjølv reflekterer over dommen. Det er også ein viss fare for at politimannen kan bli "unnskyldt" dersom dei som tilsetter vurderer saka annaleis enn retten, og derfor legg til grunn at dette ikkje er eit alvorleg lovbrot, men heller ein bagatellmessig sak som fekk alt for streng straff. Det sagt så vil likevel terskelen være svært stor for at han får ny politijobb. I staten er det ganske firkanta ved tilsettingar så det er ikkje nok at politistasjonssjefen åleine vil sjå mellom fingrane på vandelen. Det er i alle fall rimeleg sikkert at denne (ex-)politimannen nok ikkje får seg ny politijobb med ein gong han er ferdig å sone, men etterkvart som tida går så vil også slike saker bleikne på vandelsattesten. Eg er forresten veldig overraska over at det vart så streng dom. Det er ikkje vanleg at ein idømmer strengare straff enn aktoratets påstand, så eg hadde forventa at han i det beste fall hadde blitt dømt til halv straff i forhold til påstanden, altså 30 dagers fengsel.
  5. Eg overdriver litt. Dei største forbrukarane av frossenpizza er barnefamilar og unge menn. Eg finn i farta ikkje gode kvalitetssikra tal men tal av nyare dato omtalar mellom 5 og 6 kg frossenpizza per person i snitt. Det betyr at kvar einaste nordmann i snitt et minst ein frossenpizza i måneden, og trekk vi frå alle dei som aldri et frossenpizza som blant anna dei eldre så er det nok nokre få personar som et langt meir enn snittet med frossenpizza. Ei barnefamilie på fem personar har då ei "kvote" på ein frossenpizza i veka om dei ikkje et meir enn gjennomsnittsnordmannen. Det er nok ein reell fare for at det kan være barn som får to pizzastykker med grandis som middag omtrent dagleg fordi dei ikkje liker anna middagsmat. I tillegg kjem anna junk food der frossenpizza kanskje ikkje er av det aller verste for folkehelsa. Når det gjeld prisen for å kjøpe Grandiosa framfor å lage sjølv så er det mykje dyrare med ferdigmat. Grunnen til at det er dyrt å lage heimelaga pizza er jo fordi det er mykje dyrare med skikkelege råvarer. Litt fordel er det for Stabburet som produserer i stor skala, men største problemet du får om du skal lage heimelaga Grandiosa er nok at du ikkje får tak i dårlege nok råvarer. Det såkalte pizzakjøttet som du får på vanleg grandis består for det fyrste av berre 40% kjøtt (og då garantert ikkje av dei beste kjøttstykka), resten er soyaprotein, stivelse og vatn. Ikkje er det mykje fyll på pizzaen heller, mesteparten av pizzaen er brød med eit tynt lag tomatsaus, litt "pizzakjøtt" og resten ost (omtrent 20%). Skal du lage noko som liknar heime så må du kjøpe f.eks hermetisk bogskinke for å få eit produkt som liknar, og sjølv om slik hermetisk skinke heller ikkje er eit reint kjøttprodukt så er i det minste kjøttinnholdet ein del høgare med i overkant av 60% kjøttinnhold. Fant ei oversikt over straumkostnader her For å forklare x-aksen. 1 betyr i dette tilfellet dei 10% av husholdningar med lågast inntekt. 10 betyr dei 10% av husholdningar med høgast inntekt. 5 og 6 er altså kostnaden for heilt gjennomsnittlege hushaldningar. Som du ser så brukte dei fleste husholdningar vinteren 2021/2022 ca 3% av inntekta på straum. Men det råka særleg hardt den 10% som har lågast inntekt som brukte nesten 8% av inntekta si på straum den vinteren. Merk også at i denne grafen er straumstøtta trekt frå, så dette er det som husholdningane faktisk måtte betale frå eigen privatøkonomi. Ser ein på tala utan straumstøtte så er utgjorde straumforbruket for dei fleste husholdningane ca 4%, men ikkje for dei fattigaste. Utan straumstøtte måtte dei fattigaste husholdningane betalt ca 11 % av inntektene sine på straum om dei ikkje hadde fått straumstøtte. Så for dei aller fleste så er ikkje straumen ein uforutsmessig stor ugift når ein ser stort på det, men det er klart at det å hoppe frå å bruke 1% av inntekta på straum og rett opp på 3% utgjer sjølvsagt eit dramatisk hopp som gjorde at mange måtte omdisponere husholdningsbudsjettet sitt. Særleg dramatisk vart det sjølvsagt for dei som har minst som tidlegare vintere brukte ca 2% av inntektene sine før det i 2021/2022 byksa opp til nesten 8%, det merkes godt på eit alt hardt pressa husholdningsbudsjett. Utan at eg funnet statistikk på det så antek eg at vi kan sjå same tendensen på matvareprisane, for 90% av husholdningane så nok matbudsjettet på 10-15% av inntektene, men for dei som har minst så hadde det ikkje overraska meg om dei må bruke kanskje opp mot 25% av inntekta si på mat.
  6. Det som blir problematisert er at juks på masteroppgåve ikkje er spesielt godt definert. Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatt er openbart juks. Har du med kalkulator på matteeksamen der kalkulator ikkje er tillatt hjelpemiddel så er det klart juks, men på ei masteroppgåve så er det ingen slike ulovlege hjelpemiddel. Så då står ein berre igjen med å vurdere om reglane for kjeldebruk er fulgt. Det er tydeleg at sensor som vurdere oppgåva i 2021 har lagt heilt andre vurderingar til grunn for kva som er reglane for kjeldebruk. Det ligg også ei fagleg og ganske så subjektiv vurdering til grunn her. For det fyrste så er det opprinnelege utslaget på 19% tekstlikheit ikkje nødvendigvis einsbetydande med juks, slik tekstlikheit får ein opp også om teksta er oppgitt med rett kjelde. Sensor må derfor uansett gå inn og sjekke opp om den oppgitte tekstlikheita er kopiert utan kjeldehenvisning eller om det er rett sitert og derfor kan sjåast vekk frå. Den andre faglege vurderinga som sensor skal gjere er å vurdere kva studenten har funnet ut og konkludert med i oppgåva. Ein kan nok i teorien kopiere 80% av teksta om ein har korrekt kjeldehenvisning dersom dei siste 20% er svært gode vurderingar der forskning frå andre har blitt brukt til å dra nye spennande konklusjonar. (Eg meiner personleg at det i klartekst burde stå at det også er juks få andre til å skrive tekst på din bestilling utan å oppgje den personen som opphavsmann sjølv om teksta er ny og upublisert). Eg vil til slutt legge til at det framstår som rimeleg klart at heile masteroppgåva til Kjerkol i svært stor grad støtter seg til oppgåva som Fossland leverte i 2019. Eg vil derfor påstå at oppgåva til Fossland derfor var det aller viktigaste kjelda å oppgi, og at det å ikkje oppgi oppgåva til Fossland som kjelde ikkje kan forsåast på anna måte enn at Kjerkhol framstilte teksta til Fossland som sin eigen tekst. På dette spørsmålet er eg litt delt. På den eine sida så er bestått grad ein relativt viktig formalitet, og rett skal være rett. Samtidig så meiner eg at masteroppgåva ein har levert blir mindre og mindre viktig for yrkesutøvinga jo lenger tid det går. Om 3 år er lenge nok er eg også i tvil om, men om det er 30 år sidan mastergraden vart levert og vedkommande har praktisert yrket like lenge utan store feil så tenker eg at eg heller vil ha ein anestesisjukepleiar med mykje erfaring (og kunnskap) framfor ein nyutdanna sjukepleiar som var ganske god på å skrive referanseliste. Så sjølv om det er feil at det skal lønne seg å jukse, så tenker eg samtidig at dersom ein har praktisert eit yrke lenge nok så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå eit skjæringspunkt mellom formalkompetanse og realkompetanse. Har det gått tilstrekkeleg lang tid så vil det å annulere graden bli ein rein formalitet for å straffe juksere. Og i veldig liten grad basert på at det er nødvendig å fråta vedkommande jobben fordi vedkommande ikkje har kompetansen. Når det har gått nokre år i yrkeslivet så er omtrent alt ein lærte på skulen uansett gløymt, så studieresultata blir mindre og mindre viktige. Eg tenker likevel at 3 år fortsatt er relativt ferskt, og ein må anta at ein person som berre har jobba i tre år fortsatt støtter seg til kompetansen som ein skulle ha fått gjennom skulen. Ein foreldingsfrist på mellom 5 og 10 år framstår som meir passande. 1. Eg meiner at det må vurderast som juks når det var så mykje som var kopiert frå ei tidlegare masteroppgåve utan at den oppgåva har vært oppgitt som referanse. Eg er langt meir tilbøyeleg med å avfeie kopiering av tekst frå andre stadar utan referanse som slurv, men masteroppgåva til Fossland burde openbart blitt oppgitt som kjelde, og som minimum som inspirasjon om Kjerkol skal fortsette å påstå at det ikkje vart kopiert frå den. 2. Her er eg til dels einig. Det går ikkje klart fram at eit universitet har adgang til å ombestemme seg og i ettertid underkjenne eksamensresultat. Feilaktige vedtak kan i utgangspunktet takast opp til ny vurdering om det kjem fram heilt nye opplysningar, men det er litt tvil på om dette er ei slik sak som kan vurderast på nytt, og om vilkåra om nye opplysningar er oppfylt. Adgangen til å trekke tilbake ein godkjent grad bør i alle tilfeller forskriftsfestast slik at det er heilt klart at ein får graden på vilkår. Forskrifta bør nok også ha ei foreldingstid, men kanskje viktigast så bør det være avgrensing for kor mange gangar ei jukse sak kan takast opp til vurdering. Særleg for politikarar og andre profilerte personar så kan eg potensielt sjå ei utfordring om at det kan kome anklagar om juks kvart valg år som ein del av valgkampen. Det får være nok at ei oppgåve kan granskast på nytt berre ein gong. 3. Heilt einig i at det utvilsomt er dårleg handtverk. Sånn sett er det nok mest pinleg for Nord Universitet som klarte å gi toppkarakter på ei slik oppgåve, då kan ikkje lista for bestått masteroppgåve ligge spesielt høgt.
  7. Nord universitet har nok kasta seg rundt i eit forsøk på å redde ansikt og framstå som seriøse. Eg er forøvrig einig i at det er problematisk dersom kvart enkelt universitet skal kunne vurdere heilt sjølv kva som er akseptabel kopiering. For det medfører at det kan bli til dels store forskjellar frå universitet til universitet kva som eigentleg ligg til ein mastergrad.
  8. Eg fant i farta ikkje statistikk med heilt oppdatert graf. Denne grafen frå SSB stopper i 2003 så dei siste 20 åra mangler. Det betyr likevel forholdsvis lite fordi dei siste åra så har andelen som blir brukt på mat flata ut og ligg i dag på ca 13%, vi har vært nede i 11 % også men grafen flatar ganske greit ut der den stoppar på grafen nedafor på mellom 10 og 15 %. Konklusjonen er at sidan etterkrigstida der nesten halve lønna gjekk til å kjøpe mat så er vi i dag nede i ca 10%. Største fallet har vært sidan 1985. Det er fleire grunnar til at maten har relativt sett blitt billegare. Eg tenker at det kanskje er særleg relevant å dra fram at vi i dag har fleire utgiftspostar å fordele lønna vår på. Frå 50-talet der ei husholdning omtrent berre hadde utgifter til hus, mat og kle, så har vi i dag mange andre utgiftsposter i tillegg, særleg innafor kommunikasjon og underholdning. Sjølv om det kanskje ikkje er superrelevant for statistikken så gjer eg meg også nokre tankar om at maten kanskje eigentleg er billegare enn grafen viser. Gjennomsnittsnordmannen har nok langt dyrare matvaner enn ein hadde før 80 talet. Både med tanke på at fleire i dag tek seg råd til flottare råvarer, og ikkje minst at svært mykje av matvarene i dag er heil eller halvfabrikata. Eg trur nok at statistisk sett så kunne vi brukt langt mindre andel av lønna på mat om vi i større grad kjøpte reine råvarer. Når halve Norge har Grandiosa til middag så er det nødvendigvis dyrare enn å lage heimelaga middag.
  9. Tenker det samme. Det folk forstår som fengselsstraff er at ein må inn for å sone. Så når kortversjonen "dømt til fengsel" er brukt så kan du trygt anta at det er ubetinga fengselsstraff som er meint. Når ein bli idømt betinga fengselsdom så vil det være presisert. Vil legge til at ein betinga fengselsdom er ikkje nødvendigvis berre at ein slepp å sitte i fengsel om ein ikkje begår nye lovbrot i prøvetida. Betinga fengsel kan også ha andre betingelsar, heriblant at delar av fengselsdommen må sonast medan resten kan være på prøvetid. Andre aktuelle betingelsar kan være tvungen behandling, avstå frå rus, og liknande. Får ein slike betingelsar så tenker eg at det ikkje er heilt korrekt å seie at ein i praksis ikkje får straff, for i slike tilfeller så blir ein ilagt avgrensningar på kva ein får gjere. Ved "vanleg" betinga dom så har du heilt rett i at ein unngår i praksis straff om ein klarer å holde seg på matta gjennom prøvetida. I slike tilfeller der det ligg vilkår til dommen så kan nok avisoverskriftene variere litt alt etter kor godt journalisten har satt seg inn i dommen, men hovudregelen er at ein spesifiserer kva straffeutmålinga vart om det er noko anna enn ubetinga fengsel.
  10. Det er ikkje det at eg trur at Kjerkol snakka sant, poenget mitt var at det er ein teoretisk muligheit for at Kjerkol ikkje viste om jukset. Ho burde uansett tatt meir ansvar. Om ikkje ved å legge seg heilt flat så skulle ho i alle fall tatt ein langt meir ydmyk tilnæring og ikkje vært så avvisande. Hadde forsvaret hennes vært at dei henta tekst frå andre oppgåver, men at dei meinte at det var innafor det som var akseptabelt i oppgåveskrivinga så kunne ho i det minste redda seg inn på at ho hadde gjort ei feilvurdering, og ikkje på at ho har juksa og prøvd å bortforklare juksinga etterpå. Det siste er langt meir problematisk for tilliten som politikar enn det å ha feilvurdert.
  11. Kanskje eg skal gjere det same. Grunnen til at eg falt av og ikkje fullførte spelet var nok at eg rota meg vekk i sideoppdrag og samlemani. I tillegg var det vel eit oppdrag som eg fyrst i ettertid forstod var tidskritisk. Så sjølv om det ikkje eigentleg betyr noko at eg ikkje fekk fullført det oppdraget fordi eg var for opptatt med å plukke blomster så bidrog nok det til at motivasjonen fekk seg ein knekk. I alle andre spel så går ikkje oppdraga ut på tid slik at ein har god tid til å gjere mykje anna sjølv om ein er på eit hasteoppdrag. Dette er kanskje det som er største ulempen med at spelet prøver å være realistisk, samtidig så er det kanskje lettare å starte ei ny gjennomspeling når eg er klar over dette og ikkje bruker opp tida på å utforske verdenen. Realistisk sett så ville nok ein karakter som skal hevne sin familie ikkje brukt så mykje tid på heilt andre ting. Nokon som veit korleis det fyrste spelet fungerer når du er ferdig med main quest? Er det slik som i liknande spel at du då går over til "free roaming" og kan fullføre alt av sideoppdrag etterpå? Eller er det rulletekst og tilbake til hovedmenyen?
  12. Det er nokre fordelar også med gruppeoppgåve, fyrst og fremst at ein kan spare litt tid ved å dele på skrive og lese-arbeidet. I enkelte tilfeller kan også oppgåvene bli betre som gruppearbeid dersom kvar av deltakarane bidreg med ein spisskompetanse slik at fleire fagområder kan kombinerast til ei ny og unik samanstilling av kunnskap. Det sagt så er nok den vanlegaste grunnen til at ein skriv masteroppgåve saman med nokon andre at det er ein forholdsvis enkel måte å få levert ei godkjent oppgåve på.
  13. Kjenner til det. Har berre sett litersbokser til øl og har også prøvd å drikke frå ei slik ølboks. Konklusjonen er at boksa blir sotr og uhandterlig å drikke frå, og at du skal drikke ganske så fort for at ølet ikkje skal bli både varmt og flatt mot slutten. Etter mitt syn så eigner litersbokser seg svært dårleg til å drikke kullsyreholdig leskedrikk. Det er mogleg at litersboksa er tenkt for å dele slik at ein heller over til to eller tre glass, men etter mitt syn så forsvinn då litt av poenget med å ha ei stor boks framfor fleire små. Treng ein litt større kvantum så får ein også på enkelte butikkar kjøpt 5 liters ølfat, men det er ein heilt anna type beholder. Slike fem liters fat er også heilt håplause på alle måtar, og har vel som einaste funksjon at det er litt stilig å sette ei øltønne på bordet. Mistenker at ølboks på rundt 1 liter er omtrent rundt maksstørrelse før det blir for stort volum i forhold til tjukkelsen på aluminiumet.
  14. Det som openbart var meint var at Kjerkol har sjølv valgt å utsette seg for potensielle mediastormar ved å ta jobben som minister. Så det at mastergraden vart underkjent gir også konsekvensar for denne rektoren som ho skreiv oppgåva saman med. Det Kjerkol indirekte seier er at jukse saka er eit politisk angrep mot hennar politiske verv, og at denne rektoren ikkje fortente å miste mastergraden i ein kritikk som var retta mot Kjerkol. Eg kan være einig i at det kan virke "urettferdig" at også denne rektoren mister sin grad, hadde det ikkje vært for at Kjerkol er politikar så ville nok juksinga aldri bli oppdaga. Det betyr likevel ikkje at det er feil at også rektoren mister mastergraden. Det einaste gode argumentet for at det er urettferdig at også denne rektoren blir ramma i denne saka er at dei fleste andre med mastergrad som ikkje er aktive i politikken og som har sluppet unna med plagiering nok kan sove trygt om natta sidan universiteta ikkje kjem til å gjennomføre etterkontroll av andre masteroppgåver som er skrevet av meir anonyme studentar. Det er nok også eit moment at konsekvensane ved å miste mastergraden potensielt er mykje større for denne rektoren. I ytterste konsekvens så kan tapet av mastergraden medføre at ho mister jobben som rektor. I det offentlege skal ein tilsette den best kvalifiserte søkaren, så utan denne mastergraden så er det ikkje sikkert at ho var beste søkaren til rektorjobben slik at jobben rettmessig skulle gått til nokon andre. Kjerkol kjem til å sprette tilbake uavhengig av om tek masteren på nytt, ho treng ikkje utdanning for dei jobbane som er aktuelle for henne, enten det er politiske verv eller som rådgjevar. Det sagt så meiner eg at media har vært veldig flinke til å ikkje omtale rektoren med namn eller anna identifiserande informasjon. Så for dei som berre har lest om saka i media og ikkje bur i det aktuelle lokalområdet (eller har søkt opp masteroppgåva) så har namnet til rektoren vært ukjent for offentlegheita. Eg klarer ikkje å sjå korleis media skulle ha klart å skåne rektoren meir enn det som har blitt gjort. Det må i så tilfelle være ved å ikkje oppgi at Kjerkol har skrevet masteroppgåva saman med ein person til. Det å holde tilbake slik informasjon vil presse-etisk være tvilsomt, i tillegg så har det vært til Kjerkol sitt forsvar når ho gjekk ut og nekta for plagiering. Fortsatt er det ikkje klart om dei juksa saman eller om det berre er ein av dei som juksa. Og dersom det skulle være berre denne rektoren som har juksa utan at Kjerkol viste om det så taler jo det for at Kjerkol kan ha snakka sant når ho avviste at det hadde blitt juksa.
  15. Mistenker at det har med produksjonsvolum å gjere. Markedet for mopedbil er ganske lite så ein får ikkje dei heilt store masseproduksjonsfordelane. I tillegg er det ikkje heilt rett fram når det gjeld førarkort. Utan klasse B så må ein ha sertifikat for moped, og då må ein være bevist på kva kode ein har tatt. Har du tatt førarkort med kode 145 (gjeld i Norge) eller kode 146 (gjeld i Europa) så kan du køyre mopedbil, men berre opp til maks eigenvekt på 150 kg. I praksis er alle mopedbilar tyngre enn dette og då må ein ha mopedsertifikat med kode 147. Dette slepp ein å tenke på om ein er over 18 år og har tatt lettmotorsykkellappen eller vanleg førarkort, men om ein ikkje har anna enn mopedlappen så må ein være bevist på kva sertifikat ein har. Den som berre har førarkort for vanleg moped kan ikkje køyre mopedbil, og skal ein endre til kode 147 så må ein i praksis ta all obligatorisk opplæring på nytt. Det er derfor ikkje gitt at ein kvar 16 åring med mopedsertifikat kan køyre ein mopedbil på sitt sertifikat, så det gjer også sitt til for at det blir litt avgrensa kor mange mopedbilen er aktuell for. Den aller største fordelen med mopedbil er strengt tatt at dersom ein har mista førarkortet på grunn av helsemessige grunnar så kan ein via legen søke om å få tilbake førarretten for mopedbil. Det er nok også grunnen til at største brukargruppa av mopedbilar er godt voksne personar som av ulike grunnar ikkje har fått godkjent helseattest men som likevel har fått lov til å fortsette å køyre mopedbil. For å spissformulere meg litt så medfører det at mopedbil for veldig mange blir ein avansert motordreven rullestol. Mopedbilane fyller ei veldig smal nisje som det er veldig få som befinner seg i. Så har du gyldig førarkort i klasse B så er det nesten ingen grunnar til å kjøpe mopedbil. Eg vil nesten påstå at dersom du køyrer så korte avstandar at ei makshastigheit på 45 km/t ikkje er eit hinder for dit bruksområde, så kan du like godt vurdere å kjøpe ein motorisert rullestol med tak. Då blir makshastigheita riktig nok redusert til maks 15 km/t men til gjengjeld får du fordelen av å være definert som gåande slik at du kan ta snarvegar via gangfelt og gater som er einvegs eller har forbod mot motorkøyretøy. Med mopedbil må du holde deg i vegbana og du må følgje alle dei vanlege trafikkreglane.
×
×
  • Opprett ny...