Gå til innhold

Kickstarter - kva prosjekt støttar du?


Anbefalte innlegg

Då har eg støtta eit par nye spel, som eg vil nytte høvet til å promotere litt. :) Det første er:

 

Bolt Riley - A Reggae Adventure Game

 

Dette prosjektet ser ut til å slite litt med å få finansiering, men eg håpar verkeleg dei klarar å få det over målstreken, for eg trur dette kan bli bra. Kort fortalt er dette eit klassisk peik-og-klikk-eventyrspel, som ser ut til å vere kraftig inspirert av Monkey Island. I likheit med nemnde klassikar, tek du rolla som ein ung mann som veit kva han har lyst til å bli (reggae-musikar i staden for pirat i dette tilfellet). Den musikalske stilen er heller ikkje milevidt ifrå Monkey Island, og det eg har sett av spelet so langt gir meg håp om eit spel som er rikt på atmosfære, i ein unik setting.

 

Det er heller ikkje noko minus at Adventure Mob har fått med seg Lori og Corey Cole på laget som designarar. Dette er paret bak dei fantastiske Quest for Glory-spela frå Sierra. Sierra hadde mange bra spelseriar, men QFG blir nok alltid favoritten min.

 

Det ser ut som om Adventure Mob har komt eit godt stykke på vegen allereie, og det dei har vist til no er lovande. Nedanfor er eit par videoar dei har posta, først ein trailer og so eit lite glimt frå spelet i sin noverande tilstand.

 

https://www.youtube.com/watch?v=uWhMwq9e6UU

 

https://www.youtube.com/watch?v=FNFvw5E7byk

 

Prosjektside på Kickstarter

 

Kay

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det andre prosjektet eg vil promotere, er ein nyversjon av eit av favorittspela mine frå ein av favorittutviklarane mine:

 

Wings: Remastered Edition

 

Cinemaware var eit unikt spelselskap, som var på toppen i Amiga-plattforma si storheitstid. Dei satsa på filmatiske opplevingar, og produserte fleire klassikarar, der kanskje Defender of the Crown og It Came from the Desert var dei mest kjente.

 

Wings var et av dei siste, og av dei beste spela deira. Her tok du rolla som ein pilot under første verdskrig. Men Wings var meir enn ein flysimulator. Det du gjorde mest av var kanskje å flyge rundt og skyte ned fly i ein 3D flysimulator, men spelet bydde òg på to andre heilt andre modusar, ein isometrisk (strafing) og ein sett ovanfrå (bombing). Du kunne tildele piloten din ferdigheiter, og han ville gå opp i rang etter korleis oppdraga gjekk. Det samme gjaldt medpilotane dine, som flaug saman med deg, gjekk opp i rang og dauda alt etter korleis oppdraga gjekk. Mellom oppdraga fekk du òg lese dagboka til piloten din, der han skreiv om livet på basen og sine tankar om krigen. Det heile var veldig stemningsfult og rikt på innleving, noko som delvis skuldast eit glimrande lydspor frå Ken Melville.

 

No ønsker dei altso å lage ein nyversjon av Wings, og om det lukkast kanskje andre Cinemaware-klassikarar òg (som t.d. It Came from the Desert). Dei prøvde seg på ei kampanje tidlegare utan å nå fram. Denne gongen ser dei ut til å ha førebudd seg mykje betre, og dei har mellom anna sluppe ein konseptdemo. Denne kan lastast ned frå heimesida til prosjektet, sjå lenka nedanfor.

 

Screenshot-82-copy.png

 

Prosjektside på Kickstarter

Heimeside for prosjektet

Cinemaware si heimeside

 

Kay

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 1 år senere...
Det er ei god stund sidan sist, men eg har funne eit nytt prosjekt å støtte:

 

Hero-U: Rogue to Redemption

 

CastleoverSardonia.jpg

 

Ok, so er ikkje dette strengt teke eit nytt prosjekt. Lori og Corey Cole, skaparane av den fantastiske Quest for Glory-serien, hadde si første kampanje for dette spelet i oktober 2012. Den gongen samla dei inn litt meir enn målet på $400,000. Det å komme attende og spørje om meir pengar er vanlegvis problematisk, men i dette tilfellet ser det ut til at stemninga mellom dei som støtta den første kampanja er god, og mange av oss har valgt å støtte dei ein gong til. 

 

Der er fleire grunnar til at eg sjølv velger å gi meir pengar til prosjektet. Den første er at Cole-paret har vore åpne og tydelege om kor pengane har blitt brukt, og om kvifor dei har brukt meir tid og pengar enn opprinneleg planlagt. Den korte versjonen er at ambisjonane for spelet har auka. Dei hadde opprinneleg sett for seg eit enkelt mykje enklare eventyrspel med ein mindre krevande grafisk stil, men tilbakemeldingane frå dei som støtta dei tyda på at dei heller ville ha noko som likna meir på dei originale QFG-spela, i isometrisk perspektiv. For å få til dette, har dei lagt opp til eit lengre utviklingsløp, og prøvd å strekke pengane so langt som mogleg. Mykje av arbeidet foregår på frivillig basis, og dei har sjølve teke opp lån på huset sitt for å finansiere det som må betalast.

 

Den andre grunnen til at eg vil støtte dei, er at eg fortsatt har tru på spelet dei lagar. Der kjem sikkert til å komme mange spel i tida framover som er både mekanisk og teknisk betre. Men Cole-paret er på mange måtar utradisjonelle utviklarar, og har tidlegare vist ei evne til å lage spel som er spesielle. QFG-serien er fortsatt, nesten 20 år etter at eg oppdaga han, ein av mine absolutte favorittar. Ved første augekast ser dei ut som vanlege eventyrspel i klassisk Sierra-stil, men dei er mykje meir. Her fekk ein rollespelelement, alternative løysningar på problem, og ei atmosfære få andre kunne måle seg med. Der var mykje humor og mange håplause ordspel, men òg meir alvorlege tema. Kvart av spela var basert på mytologien frå ein spesifikk del av verda, som utgjorde ein viktig del av ei gjennomført atmosfære. 

 

Hero-U ser ut til å ta ei liknande tilnærming til speldesign. Planen er å lage ein serie med eventyr-/rollespel-hybridar, der kvar tek for seg ei ulik rollespelklasse. Det første omhandlar altso den heroiske tjuven, som må bruke kløkt for å overvinne utfordringane. Men heller enn at eg fortsetter å bygge på denne veggen av tekst, ta ein titt på kampanjevideoen, test dei spelbare prototypane, eller sjekk videoen nedanfor, som fokuserar på det visuelle.

 


 




 

Kay

Lenke til kommentar

Et prosjekt jeg støtter. Squad heter det, og er et fps spill bygget på unreal engine 4.

Utviklerne er de samme som har laget Project Reality moden til bf2, som fortsatt spilles.

Squad skal være en åndelig etterfølger av Project Reality, men uten begrensingene som bf2 motoren satte på de.

 

Les mer her: https://www.kickstarter.com/projects/offworldindustries/squad

 

Og sjekk ut hjemmesiden deres joinsquad.com for flere videoer.

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
Det er på høg tid å fortelle om eit anna spel eg har støtta nylig:

 

Regalia - Of Men And Monarchs

 

Utviklaren sjølv skildrar dette spelet som "Disgaea meets Persona with a western twist on the classic strategy JRPG genre". Sjølv vil eg skildre det som ei tiltalande blanding av massevis av forskjellige element eg likar. Dette er eit taktisk rollespel med turbaserte kampar, bybygging, diplomati, ekspedisjonar, sosiale relasjonar og ein veldig sjarmerande grafisk stil. Og hovudpersonen heiter Kay. Det var vel berre eit spørsmål om tid før nokon ville lag eit spel med meg i hovudrolla. :)

 

03a59721de7132b08bc87245f71e5cad_origina

172473c2819fbbd11f885cc9b84991ff_origina

 

Eg foreslår at de tek ein titt på kampanjesida, sidan dei har ei mengde detaljar der, og forklarar ting betre enn eg kan klare.

 


 

Kay

  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Wings var jo kongespill! Spesielt stemninga, som du nevner. Var nok best på dogfights da, mer enn strafing og bombing. Må se nærmere på hva de har på siden sin.

Wings er på mi topp 10, kanskje topp 5 liste (Amiga/pc) igjennom tidene. Helt enig det med stemninga. Meget sterkt hvordan de greide å formidle den med datidens teknologi

 

Ikke allverdens de har greid å samle inn til oppusset versjon...

 

Litt skeptisk til om det holder å bare pusse det opp. Kan fort bli litt som Pirates! En annen topp 10/5 for meg (Amiga det også). Pirates Gold ble liksom bare greit nok.

 

Litt morsomt, forresten, å se på Cinemarewares "over the top" plakater for spillene sine på siden sin. Spesielt plakaten til Defender of the Crown gir inntrykk av at spillet kun er en parodi/farse. ;)

Endret av maanemann
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...