Gå til innhold

Islandsk-kurs i Bergen?


Helgis22

Anbefalte innlegg

Heisann..

 

Jeg bare lurer på om det finnes kurs for å lære islandsk i Bergen? Altså ikke kurs på nett. Men om det er eneste alternativ, så si fra :D

 

Jeg forstår 70% islandsk ettersom jeg er halvt islandsk. har bare aldri orket å bry meg som liten, men har blitt mer interisert nå i ettertid.

 

Den aller beste måten å lære seg på ville vell vært å reist ned dit alene, uavhengig av norsk-pratende personer, ikke sant? Da blir du jo tvingt inn i språket. Det er dette jeg planlegger EGENTLIG, men jeg reiser ikke før om 1,5 år så kan like greit hive meg i det.

 

 

takktakk om noen har svar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Friundervisninga har faktisk to kurs: Et "nivå-1"-kurs, kor ein skal læra uttale/alfabet/tal, stilla/svara på enkle spørsmål, fortelja litt om seg sjølv/sine og skriva korte/enkle meldingar. Etterpå eit "nivå-2"-kurs, kor ein går vidare i å oppfatta samtale og skriva heilt korte og enkle tekstar. Vilkåret for siste kurset er at du er trygg i alfabetet og lese-/uttalereglane, helst og knota ned dei heilt kortaste og enklaste setningane.

 

Fyrste kurset går torsdagar og tek til 22. september, siste tysdagar og tek til 20. september. Kursa går så kvar veke 1730-1930 i 12 veker.

 

VIL du, så lærer du i grunnen temmeleg fort når du er på Island, i alle fall å skjøna, skriftleg og munnleg. (Å nytta språket sjølv krev ein del grammatikkinnsyn, når du ikkje har fått målet inn "naturmetoden" gjennom ein lang oppvekst og vil ha litt effektiv progresjon utan for mykje feilskjer). Berre hugs: Har du teorigrunnlag, uttalereglar mm trygt i ryggsekken når du kjem, vert progresjonen når du er der endå brattare. Dessutan er det nok lettare å få hine til å snakka islandsk då, ikkje slå over i engelsk i rein medkjensle, sidan du er så veik i islandsk. Ganske mange der er opptekne av å ikkje snakka islandsk når hin er særs veik (sidan dei ikkje vil du skal vera språkleg underlegen) og slår temmeleg automatisk over i engelsk då. Evt den suppa dei kallar "skandinavisk": Sognenorske uttalereglar skånesvensk ordbok og københavnsk grammatikk...

Lenke til kommentar

Okei. Kult!

 

Takk for kvikk og bra svar. Hvor er dette kurset da?? er det ett sted jeg kan få litt informasjon om kurset?

 

Ikke bra om de foretrekker engelsk, haha. Da lærer jeg jo ikke noe! :)

Stad skifter år for år, men er normalt på ein eller annan skule sentralt i Bergen, evt i Friundervisninga sine eigne lokaler (på Nygård, retning Danmarksplass no, trur eg). Ein telefon til friundervisninga (5555-3610) kan sikkert hjelpa deg vidare. Kursa heiter "islandsk 1" og "islansk 2". Vanlegvis har friundervisninga eit informasjonsmøte for dei som har skrive seg opp som interesserte på eit kurs kring 15. august, og det er då på informasjonsmøtet ein melder seg på.

 

Det er ellers alltid eit vilkår for at friundervisninga sine planlagde kurs vert sett i gong: Nok som vil vera med. "Nok" vil normalt seia ikring like mange personar som vanlege folk har fingrar. Språkkurs hjå friundervisninga kostar normalt 75-100 kr pr kurstime, altså 1800-2400 for eit slikt kurs.

 

Ingen islending ved sine fulle fem ser på noko anna enn islandsk som idealspråket, men dei er ofte vant til å vera mangespråklege og slår svært lett over til engelsk som "nøytral grunn" når dei merkar andre har problem med islandsk. Slik sett er dei ofte elendige lærarar så lenge du er på nivået "skjønar 80 % sjølv, men har store problem med å ordleggja meg skikkeleg sjølv endå". Då tolkar dei fort som at du har like store problem med å skjøna som du har med å snakka - og slår over tvert. Det KAN jo og ha noko med at Island har hatt ein del band til Danmark nokre hundre år (og er ikkje HEILT fri slike band enno), og at danskar ofte vert temmeleg krakilske når islendingar snakkar fire ord til dei på islandsk. Farleg mange danskar har nemleg meir innsnevra "spennvidde" kva gjeld det å skjøna språklege nyansar enn gjennomsnittet i Oslo 3! Ein gjennomsnittleg danske skjønar ikkje norsk meir enn helvta så godt som ein gjennomsnittleg nordmann skjønar dansk - og islandsk og kinesisk har nokolunde same vanskegrad der.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...