Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    43 976
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Zeph vant dagen sist 17. desember 2012

Zeph hadde mest likt innhold!

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

50 670 profilvisninger

Zeph sine prestasjoner

12k

Nettsamfunnsomdømme

11

Hjelpsomme svar

  1. Alt er relativt. “FatFIRE” seier ikkje stort, så det er enklare å forhalde seg til kroner. Folk har ulike interesser og pengebehovet kan variere stort. Uansett så er høge inntekter nødvendigvis viktig for å tene opp større beløp. Høg inntekt, vinne i lotto, høg avkastning på investeringar, drive med eigedom. Det er fleire måtar å bli rik på. Når ein vil slutte i arbeid er òg veldig avgjerande. Multipliser det du vil ha utbetalt i året med eit tal mellom 30-40 så kan du finne noko som nærmar seg eit realtistisk anslag. Formuesskatten er 1,0-1,1% og sjølvsagt ein del av reknestykket når du kjem opp i så store beløp. Å ha pengar i eigedom er ein god måte å redusere formuesskatten, men då er pengane samtidig låst der. Avhengig av kvar ein bur i landet så kunne dei hatt større vekst i aksjemarknaden, med dertil risiko. I tillegg måtte du då betalt renter på eit lån. Ein fordel med å ha midlar i bustaden du skal bu i er at du kan bruke den som sikring og ta opp lån for å leve på seinare i livet. Det er blitt stadig fleire som tar opp lån på huset seint i livet og kun betalar renter, men det har gjerne dempa seg litt med rentehevingane. Rentenivået er kanskje litt utslagsgjevande, men eg ser for meg å ha nedbetalt bustad den dagen eg vil slutte i arbeid. Eg har ikkje inntekt eller forbruk som tilseier at FatFIRE er noko å tenke så mykje på. Viktigare er det å vite kva forbruk ein har, prøve å sjå for seg korleis forbruket kan sjå ut fleirr tiår fram i tid og bruke det til å legge ein plan for kor mykje pengar du treng.
  2. Scheffler er kanskje den beste og mest dominerande sidan Tiger ja. Rahm hadde ein veldig god periode i 2020-2022. OWGR-poengmessig er Scheffler lengre framfor nestemann enn nokon har vore sidan Tiger, men sidan LIV-spelarane får så lite OWGR-poeng i dag så er ikkje det systemet like nøyaktig lengre. Datagolf kan gje ein indikasjon, men det fungerer heller ikkje like godt etter LIV.
  3. Korleis skal me vite kor mykje du vil bruke på giftering? Du må først bestemme deg for eit prisområde, ev. om det er nokre typar som er uaktuelle. Gå til ein gullsmed og sjå på utvalet. Dei har ulike metall til ulike prisar. Skal det vere gull så er gult gull billegare enn kvitt. Vil du endå lengre ned i pris er sølv eit alternativ. Finn du noko som passar så ligg det diverse ute på Finn.no. Dei billegaste i sølv til under 1000 kroner.
  4. Om du hadde ståande gjeld på slutten av året så sjekker du først om det dukka opp på skattemeldinga automatisk. Om ikkje må du legge inn sjølv. For at det skal ha noko for seg må du betale formuesskatt. Same greia for renter på gjeld, men der blir det trukket frå skatt på inntekt. Om det er verdt innsatsen kjem an på kva beløp der er snakk om og korleis du verdset tida di. Kva er feil? Det står jo at dette normalt blir rapportert inn, men du bør sjekke om alt stemmer. Manglar noko så må du legge det inn sjølv. Edit: Ser poenget ditt no, og du har heilt rett. Heile beløpet, altså alle rentene du har betalt, skal rapporterast inn, så reknar Skatteetaten ut kva du skal ha i frådrag. Det er dårleg skrive av forfattaren og kan fort føre til at nokon rapporterer feil.
  5. Har verdien fulgt utviklinga til fondene midlane var plassert i under flyttinga?
  6. DNB har lågare plattformavgift, men totalsummen du betalar er jo innanfor 0,01-0,02 prosentpoeng. Hos DNB: 0,20% - DNB Global Indeks A 0,18% - KLP AksjeGlobal Indeks A Hos Nordnet: 0,19% - Nordnet Global Indeks Hos KLP: 0,18% - KLP AksjeGlobal Indeks A Hos Kron: 0,15% - Kron Indeks Global
  7. For dei som bur i Norge heile livet er og er før til pensjonsalder vil vel alle får 40 år? Det er ikkje krav om å arbeide dei åra, kun at du er medlem av folketrygda. Spørsmålet deretter er korleis du kjem fram til kva du kan få utbetalt i pensjon ut over minstepensjon, med eit atterhald om at reglane kan endre seg. For inntekt du tener opp i dag blir det lagt til ein sum (18%) på beløpet du har ståande i pensjonskassen. Korleis kjem du fram til kva du kan få utbetalt i ulike scenario med dagens reglar? Har oppteningstid, altså år i arbeid, noko betydning i dagens system eller er det den summen som er utgangspunktet for det heile? Om to personar har likt opptjeningsbeløp, der ein har jobba 30 år og den andre 40 år, vil dei få utbetalt det same når dei startar uttak av pensjon frå staten? Edit: Det heiter kanskje garantipensjon for alle fødd etter 1963, ikkje minstepensjon. Garantipensjon blir visst avkorta mot inntektspensjon opp til 80%.
  8. Trur det stemmer, men kjøper du KLP sine indeksfond så betalar du vel kun plattformavgift så prisen blir rundt 0,18-0,20%? https://www.nordnet.no/market/funds/17334521-nordnet-global-indeks?details https://www.nordnet.no/market/funds/17334524-nordnet-usa-indeks?details Kjøper du KLP- eller DNB-fond hos Nordnet så kjem kostnader i tillegg og prisen opp på 0,28-0,30%.
  9. Det er ein tråd som tar for seg det spørsmålet her: Her var det snakk om forskjellane i prisar på fond.
  10. Zeph

    Tesla - kaféen

    Heldig for konkurrentane i billigsegmentet då, med mindre dei justerer prisen på M3 kraftig ned.
  11. Før dei var kjøpt opp visste jo ingen om det ville bli godkjent. Når det vart godkjent byrja dei første å melde flytting til ny bank og køane oppsto. Nokre avventa for å sjå kva som skjedde med Sbanken som ein del av DNB, i håp om at dei ville behalde det som det var utan dei store endringane. Når endringane kom og ting ikkje fungerte så meldte fleire om flytting.
  12. Eg har heile tida vore DNB-kunde, så det er kanskje forskjell på dei som hadde Sbanken.
  13. Zeph

    Tesla - kaféen

    https://www.nrk.no/nyheter/elon-musk_-tesla-kuttar-_meir-enn-10-prosent_-av-dei-tilsette-1.16844473
  14. Du må i så fall bruke justert bruttoscore, ikkje bruttoscore. Du må uansett ved bruk av Stableford først vite kor mange slag du har tildelt per hol. Med nettoslag vil du framleis ha ei grense for kor mange slag du kan registrere, der maks tilsvarar 0 Stableford-poeng. Eksempel 1: Par 4. Du har tildelt 1 ekstra slag og brukar 6 slag Stableford: 1 slag over ditt par, 1 poeng Justert bruttoscore: 6-1 = 5 Eksempel 2: Par 4. Du har tildelt 2 ekstra slag og brukar 9 slag Stableford: 3 slag over ditt par, 0 poeng Justert bruttoscore: 9-2 = 7 Der du med Stableford ikkje kan få negative poeng har du med det nye systemet alltid ein netto dobbel bogey som er den høgaste score du kan få på eit hol Netto dobbel bogey for det andre eksempelet over er: Par 4 + 2 (dobbel bogey) + 2 (tildelt slag) = 8. Dvs. at når du har brukt 8 slag utan å fullføre holet kan du plukke opp om du vil. Uansett kor mange slag du brukar over 8 vil justert bruttoscore for holet vere 8.
×
×
  • Opprett ny...