Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 370
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,6k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Utfordringa her er å sikre seg mot misbruk? Det er nok ikkje mange arbeidstakarar som vil poste under fullt namn (om dei ikkje skal bli pensjonist), og anonyme vurderingar er langt mindre verdt. I tillegg får du utfordringa med falske tilbakemeldingar frå arbeidsgivar sjølv. Den juridiske risiko ved falske anklager som krenker privatlivets fred, eller uriktige påstander som kan utløyse erstatningssøksmål, ligg på den som skriver innlegget. Likevel vil nok du som driftar av ei slik side få eit redaktøransvar for det som blir publisert på din plattform.
  2. Eg tenker at mest relevante paragraf er straffelovens: Ettersom dette gjeld SMS så er nok vanskeleg å finne grunnlag for anna enn at det er krenking av barnets fred å sende uønska tekstmeldingar. Skal det være aktuelt å bruke kapittel 26 om seksuallovbrot så må ein nok ha meir enn ein SMS å bygge det på. Høyres ut som at det mest hensiktsmessige er å sende bekymringsmelding, så får politiet vurdere om det er grunnlag for etterforskning og eventuelt tiltale. Sjølv om den kriminelle lavalderen er 15 år, så setter FNs barnekonvensjon i praksis store avgrensingar for korleis mindreårige kan straffast. Fengselsstraff er i praksis utelukka for kriminelle under 18 år med mindre det er snakk om alvorlege voldslovbrot som drap. Og sjølv då så kan ein ikkje bruke vanleg fengsel ettersom mindreårige ikkje skal sone saman med voksne. Så straffemessig er det kun bøter som er aktuell straff, og sjølv det kan være vanskeleg i praksis om 16 åringen ikkje har inntekt slik at pengane ikkje kan tvangsinndrivast og den substituerte fengselsstraffa i praksis ikkje kan brukast ovanfor nokon som er umyndige.
  3. Burde vel ikkje være noko større problem enn til dømes legelisten.no.
  4. Blir veldig off-topic, det som er problemet er at kvinner ofte har lettare for å innfinne seg med at jobben er slik og slik, og så utføre jobben likevel utifrå ei plikts og lojalitetskjensle. Det er tross alt noko enklare for ein snekkar å legge ned hammaren og nekte å bygge huset før han får X kroner i lønn sidan konsekvensen er at arbeidsgivar tapar pengar ved at huset ikkje blir bygd, og ein sjukepleiar som legg ned arbeidet og krev X kroner med det resultatet at pasientane lider under manglande stell og arbeidsivar er nesten like glad fordi då sparer ein lønnskostnaden ved at sjukepleiaren er i streik.
  5. Denne tråden blir sikkert også stengt på grunn av misbruk av gjestefunksjon. Advokatar har ingen slik dobbeltrolle, dei aller aller fleste forstår at advokatar har ein jobb å gjere, og den jobben er å ivareta sin klient. Det stemmer heller ikkje at forsvarsadvokaten har i oppgåve å reinvaske sin klient. Forsvarsadvokaten skal jobbe for å så tvil om bevisgrunnlaget er godt nok til å dømme, og dersom det blir dom at den dommen blir så mild som lova tillet. Du vil derfor svært sjeldan høyre ein advokat seie til media at klienten er uskuldig. Det som blir sagt til media er at det er klienten som hevdar seg uskuldig, uforståande, eller liknande begrep. Så dei fleste tilfeller så framgår det veldig klart at advokaten berre vidareformidler påstanden til klienten, og at det ikkje er advokaten sjølv som påstår at klienten er uskuldig.
  6. Mulig dette er gamalt og utdatert, men det eg fekk vite frå ein tidlegare arbeidsgjevar som at om policy at ein skulle reise med SAS var at SAS hadde alltid minstekravet med utdanna kabinbesetning pluss eventuelle nytilsette under opplæring medan Norwegian fylte minstekrava og inkluderte nytilsette i talet på kabinbestening. Og at det var denne litt auka personalkostnaden som medførte at billettane var litt dyrare, men mot at ein då flaug med eit flyselskap som hadde hakket høgare sikkerheitsfokus enn billegselskapa som la seg på lovpålagte minstekrav for å være billegast mogleg. Eg veit ikkje om dette lenger stemmer. Særleg Norwegian har jo utvikla seg frå å være eit billegselskap til å bli eit kvalitetsselskap som har satsa på ein moderne flypark med dertil komfort. I dag er det vel berre Norwegian som tilbyr inflight entertainment, wifi og mobillading på dei fleste innenlandsflygningane. SAS har vel dette i all hovudsak berre på sine internasjonale flygingar.
  7. Dette er heilt sikkert samansatt, likevel så er nok det å starte med å drepe familien enten basert på eit trur ein skal skjerme familien frå noko ved å drepe dei fyrst, eller heilt motsatt at det er eit motiv for at ein har konkludert med at familien må døy. I tillegg så er eg redd for at det kan være ein metode som gjer det lettare å ta sitt eige liv. Det er ofte enklare å skade andre enn det er å skade seg sjølv, og har du fyrst drept familien din så finnes det nok ikkje betre motivasjon enn det for å ikkje "feige ut". Meiner ein at ein ikkje hadde noko å leve for før, så har ein ikkje akkurat noko meir å leve for etter at ein har drept heile familien sin. Det som er vanskeleg i slike saker er at det er nok nærmast umogleg å finne motivet ettersom det ikkje lenger er nokon igjen å spørre. Eg kan sjå for meg at slike saker kan utløysast både av at ein er så narsissistisk at ein tenker at det er betre å drepe familien fyrst for å spare dei for lidinga med å vekse opp utan faren. Men eg kan også sjå for meg at slike saker kan være utløyst av hemnmotiv som til dømes utroskap. Det treng ikkje ein gong å være sant, men eg kan sjå for meg at dersom ein fyrst har overbevist seg om at kona har vært utro og at barna ikkje er dine (eller at familien din er bytta ut med romvesen/øgler) så kan sjå for meg at det kan være eit hemnmotiv.
  8. Det generelle rådet er å ikkje ete meir enn ein neve med nøtter per dag, og at ein helst bør ete usalta nøtter. Det som er usunt med nøtter er at det er kaloritett mat. Så sjølv om det er mykje bra næringsstoffi nøtter så kan det være lett å overspise. Som med alt anna så er likevel det viktigaste alt det andre du spiser. For dei aller fleste med variert kosthold så kjem nøttene i tillegg til og ikkje som erstatning for anna mat.
  9. Men det er slik realitetane er. Når du møter til eit jobbintervju så gir du eit fyrsteinntrykk, så får du i beste fall 60 minutt til å rette opp det inntrykket du har gitt. Det er ingen som klarer å lære deg å kjenne skikkeleg på berre ein time, men desto viktigare at ein prøver å lære mest mogleg om korleis ein utnyttar denne timen på best måte til å overbevise om at det er akkurat du som er den rette personen til stillinga. Fordi at jobbintervjuprosessen vanlegvis er ein forhasta prosess der ein på kort tid skal finne den som er rett for jobben, så er det viktig å ta til seg dei tipsa du får, sjølv om det er små bagatellar. Grunnen til at du fort blei avskrevet som uaktuell kan fort være svært små detaljar, som at den som intervjua tenkte at du framstod som desperat etter jobben fordi du hadde på dressjakke, til at du vart avfeid som lite førebudd fordi du ikkje nytta sjangsen til å kome med spørsmål om firmaet, uavhengig av at grunnen til at du ikkje hadde spørsmål var fordi du var godt førebudd og hadde lest deg opp på det som er å vite om firmaet. Heilt typisk for slike tilbakemeldingar er der ein til tross for at ein er godt kvalifisert ikkje får jobben er ofte at ein har gjort eller sagt noko som satte deg i eit dårleg lys, ofte er dette små ting som kan være utruleg enkelt å rette opp i ved neste intervju, for som påpeikt så handlar det ofte om å være på beste oppførsel i maks 60 minutt. Eg tenker også at det kostar jobbsøkaren veldig lite å ta kontakt i ettertid og spørje om råd eller grunngjevning for kvifor ein ikkje vart vald. Eg skjønner poenget med at det kan kjennest som at du underkastar deg ved å spørje om konstruktiv tilbakemelding, men samtidig er jo dette ein arbeidsgivar som du ikkje treng å forholde deg til i framtida ettersom du ikkje fekk jobben. Eigentleg kan ein dra mange parallellar mellom jobbintervju og dating. Sjølv om ein har ein kjempespennande CV/profil så er det ofte små detaljar som skiller eit vellykka intervju eller ein god date, frå ei miserabel oppleving fordi daten/kandidaten gjorde eit eller anna som stjal all oppmerksomheit i negativ forstand.
  10. Poenget er vel at utan omfattande øvelse i å bruke AG3 på fullauto så var ikkje AG3 særleg godt egna til å skyte full auto utanom slike tøm magasinet drillar utan særleg mål og meining. Einaste fornuftige funksjonaliteten med fullauto på AG3 var at det hadde ein liten fordel framfor enkelskudd dersom ein var i ein situasjon der ein måtte bruke AG3 i nærkamp som inne i bygg. Det er likevel heilt klart at HK416 er betre egna til å bruke på fullato i slike situasjonar ettersom det er enklare å kontrollere rekylen og få mesteparten av kulene til å gå omtrent i den retninga du peiker. Det er fortsatt alt for lite magasin og for høg skuddtakt på HK416 til at det er fornuftig å bruke fullauto i dei fleste situasjonar, men der fullauto på AG3 omtrent berre var eit teoretisk alternativ, så er det nokre få situasjonar der ein med HK416 kan bruke fullauto utan at nesten alle skudda går til himmels.
  11. Ein kjem sjølvsagt langt med sjølvinnsikt, men samtidig så er det jo eit eller anna som ein har feilvurdert med seg sjølv når ein gang på gang kjem til intervju men utan å få jobbtilbodet. Eksempelet med korleis ein skal kle seg er ikkje eit eksempel med eit fasit svar. For sjølv om det kanskje er i overkant formelt å møte i full dress til jobbintervju hos eit gartneri, så er det like skivebom å kome i treningstøy til eit jobbintervju i ein bank. Samtidig så er det også veldig avhengig av den som intervjuer kva ein vurderer som best og dårlegast fyrsteinntrykk. Er det ein sporty HR-sjef i banken så kan det til og med være at ein har betre inntrykk av jobbsøkaren som ser ut til å kome rett frå fjelltur som han som stiller i dressjakke. I andre land så er ofte rådet at ein kan aldri være overkledd, så er ein i tvil så kler ein seg ekstra fint. Men den norske kulturen er ganske annaleis både når det gjeld formalitetar og ikkje minst forventningar. Fordi vi i Norge er uvante med at folk stiller i dress med mindre det er 17 mai eller gravferd så gir nok dress på jobbintervju litt andre assosiasjonar i Norge enn det gir i andre land. Tilsvarande er nok takhøgda i Norge langt høgare for treningsklær fordi vi assisierer det med ein positiv treningsglede og at vi i liten grad assosiserer treningstøy med klær som berre late folk bruker. Eit siste moment er også at klær tener fleire formål. På den eine sida så forteller det noko om kven du er som person, og då kan du rett og slett ryke på jobbintervjuet fordi arbeidsgiver trur at du er alt for pent kledd eller alt for uformelt kledd til å passe inn i jobbmiljøet. Men på den andre sida så seier også klesvalget noko om kor seriøst du tek jobbintervjuet. For sjølv om det er i overkant stivt å møte til alle jobbintervju i full dress, så sender du i alle fall eit signal om at du har kledd deg særskilt for dette jobbintervjuet og at du ikkje berre har droppa innom på turen mellom treningssenterert og henting i barnehagen. Eg kan heilt fint være med på at ikkje alle arbeidsgivarar er like flinke, og at enkelte henger seg alt for mykje opp i uvesentlege bagatellar. Men ein del av "spelet" med å få seg jobb er også å klare å tilpasse seg det den som tilsetter ønsker, som til dømes å finne rett nivå for korleis ein kler seg til ulike jobbintervju.
  12. I Norge er nok trusselen frå ekstremister på høgresida les: nazistar vurdert som ein større trussel enn ekstremistar på venstresida les: jihadistar, men det er nok ei vurdering som er basert både på statistikken over kven som har vært gjerningsmann i dei siste terroraksjonane i Norge og at vi i Norge nok har fleire høgreekstreme som potensielt kan være ein trussel og som vi i mindre grad har oversikt over sidan dei fleste er etnisk norske som har holdt ein lav profil fram til det plutseleg smell. Eg vil gjette på at PST vurderer at dei har betre oversikt over det det venstreradikale miljø i Norge. Grunnlaget for den midlertidige bevæpninga av politiet no i påska er mellom anna knytt til ei trusselvurdering av religiøse trusamfunn og då særleg jødiske. Jødar er nok særleg utsatt for ekstremistar på begge sider av heilt ulike grunnar.
  13. Det er vanlegvis ikkje utstyret det står på, det er kokken. Ulike panner krev ulik teknikk, og ulike matrettar krev også ulik teknikk. Er du typen som settter steikeplata på maks når du skal varme opp? Og når du varmer opp steikepanna, kor varm lar du den bli før du legger i maten? Støypejern er suverent når du treng mykje varme over lengre tid som ved steiking av kjøtt, men støypejern er veldig lite egna dersom du berre vil slenge steikepanna på omnen, klekke to egg og ha ferdige speilegg etter 3 min. Skal du lage mat på den måten så vil ei tynnare steikepanne av stål eller aluminium være langt betre.
  14. Som nemnt er det eigentleg ikkje mogleg å plassere nazismen på ei venstre-høgre akse, i tillegg har også betydninga endra seg. Det som likevel er største problemet med å definere nazismen som høgre- eller venstrepolitikk er at det som gjer nazismen ille er ikkje arbeidar og skattepolitikken. Det som var ille var viljen til å begå folkemord, og den passer ikkje inn i høgre-venstre linja. Ei anna utfordring er at nazistpartiet til Hitler endra seg under hans leiing. Det starta som eit arbeidarparti som var imot kapitalistiske og store firma som var ein trussel mot industriarbeidarane, men partiet endra raskt rettning til å være meir kapitalistisk og profittrelatert fordi Hitler trengte produksjonen til dei store selskapa fornsin krigføring, og kunne tilby billeg slavearbeid som betaling. Min påstand er at nazistane motnslitten ikkje hadde eit partiprogram som kunne brukast til å styre ein stat, mot slutten av krigen var dei eit reint krigsparti som ikkje hadde andre politiske mål enn det som akkurat der og då var nyttig for krigsindustrien. Det var liksom ikkje så nøye med om fortenesten havna i statskassa for myndigheitene å investere i tråd med god venstrepolitikk, eller om pengane havna i lommene til private investorar som kan investere pengane å skaffe meir verdiskapning i tråd med god høgrepolitikk. Det som var viktig var at våpenproduksjonen var så høg som du kunne være.
  15. Det er ikkje svaret som er elementært, det som er elementært er å lære seg korleis du kan finne eit svar, og korleis du underbygger det svaret du har funnet. Det spørsmålet du stiller er både veldig enkelt og veldig komplisert alt etter korleis ein ser på det, og særleg når spørsmålet er stilt på generelt grunnlag og ikkje utifrå ei spesifikk sak.
×
×
  • Opprett ny...