Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 511
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Konsulentar som driv kan drive sin virksomheit gjennom direktekontakt med ein og ein klient slik som legar og fysioterapeutar, samt diverse typar rådgivarar har nok dei beste forutsetningane for å starte for seg sjølv med relativt enkle middel, men det er svært få som har ein så inngåande fagkompetanse at dei kan tilby sine tenester heilt på eigenhand. Det er også vanskeleg å få stor nok tillit til at til dømes pasientar velger akkurat din legeklinikk der du er einaste legen. Blir du sjuk i 14 dagar og ikkje har ein vikar å sette inn så er det nok til at heile bedrifta går over ende sidan pasientane då går til andre legekontor for å få hjelp i staden for å vente til at du skal blir frisk. Det største hinderet for dei aller fleste for å starte for seg sjølv er at det typisk krev ei stor investering å opprette si eiga bedrift, alt frå arbeidsutstyr, lokalitetar, reknskapsprogram, osv kostar ein del. Det neste problemet er at sjølv med stor investering i reklame så kan det ta tid å skaffe nok kundar/klientar til at økonomien går rundt. Veldig mange går konkurs fordi dei går tomme for sparepengar før dei har fått ein stor nok kundegruppe til at bedrifta er lønnsom. Det nest største hinderet er at mange roter med økonomien. Det krev ganske mykje kompetanse å drive ei bedrift så rein fagkompetanse er ikkje nok. Mange bedrifter går konkurs etter 1-2 år når ein får momsrekninga frå staten og har enten gløymt å kreve inn moms for sine tenester eller har brukt opp momsen som fri kapital i bedrifta og derfor ikkje har pengar å betale med. Eg vil også tru at mange vegrer seg for å starte si eiga bedrift sjølv om dei kan fordi det for dei aller fleste betyr at ein i det minste den fyrste tida må jobbe nesten døgnet rundt utan å kunne ta ut særleg mykje i lønn. Det er veldig lønnsomt å være sjef i si eiga bedrift som går bra, for då får ein alt overskotet i eiga lomme, men det er ikkje særleg lønnsomt å være sjef i ei bedrift som ikkje har råd til gi deg lønn utan å gå konkurs.
  2. Synes det er vanskeleg å vurdere betydninga av slikt materiale når ein berre har politiets skildring av materialet sett gjennom svært tjukke moral-briller. Kva desse reklamefolderane faktisk viste til er svært uklart. Det einaste vi med rimelegheit kan kan konludere med er at reklamefolderen i seg sjølv ikkje innholdt ulovleg materiale, for at det vært seksualiserte bilder, teikningar eller tekst så hadde politiet satt dette beslaget heilt øvst som det mest ulovlege beslaget. Det framstår jo som nesten useriøst når ein lister opp både pornografien og krigsfilmane i same liste. Pornografien kan kanskje være relevant som motiv eller motivasjon for ugjeringa, men det er er ingen grunn til å anta at actionfilmar frå Hollywood har hatt stor innvirkning utover at moralpolitiet ser på actionfilmar som styggedom. Å skrekk og gru at politiet fant "perverst" innhold i ein koffert full av porno.
  3. Alle masteroppgåver er per definisjon forskning og gir forskningskompetanse, det ligg i læreplanen for faget at oppgåva skal være basert på forskning. Forskning og vitenskap blir ofte brukt omkvarandre og er i realiteten synonym. I tillegg er det litt ulike meiningar om kvar grensene går også innad i det akademiske miljøet. Litt enkelt sagt så er likevel målet med alle oppgåver er at studenten skal samle inn data og bruke disse opplysningane til å gi ny kunnskap. Det må ikkje nødvendigvis ligge tunge realfagleg arbeid til grunn, men studenten må vurdere dei opplysningane som ligg til grunn og presentere ein konklusjon. I Kjerkol sin oppgåve så var dei innsamla dataene samla inn ved å intervjue aktuelle personar i ulike kommuner, og på bakgrunn av dette så vart det gitt ein konlusjon. Sidan det framstår som klart at Kjerkhol og rektoren reint faktisk har gjennomført intervju og på den måten sjølv gjort jobben med å samle inn data, så er det litt ulike oppfattingar av i kor stor grad det har blitt juksa. Kjerkhol har blitt felt på plagiat, altså å ha brukt teksta til andre utan å referere til dei. Det hadde vært langt grovare juksing dersom det hadde blitt juksa med at dei dikta opp intervjua eller henta intervjua frå andre utan å sjølv gjere jobben. Sjølv er eg av den oppfattinga at det i større grad burde være ein skala av ulik alvorlegheitsgrad for dei ulike formane for juks. For min del så gir det ingen meining at straffa for såkalla sjølvplagiat skal gi nøyaktig same straffa som å ha fabrikert forskning. Sjølvplagiering er i verste fall dårleg oppgåveskriving, medan det siste kan i verste fall sparke føtene under all framtidig forskning på feltet dersom framtidige studentar og forskarar tek dei fabrikerte opplysningane for god fisk og baserer sin forskning på falske data. Sjølvplagiering burde ikkje tolkast som juks i det heile tatt og burde blitt straffa med nedsatt karakter. Fabrikering og oppdikting av forskningsresultat er så grovt at burde føre til permanent utestenging frå utdanningsinstitusjonane. Å sjå nærmare på korleis forsikringsselskapa forsikrar seg sjølv på vil også kunne være forskning, men ein må kome fram med ny informasjon som konklusjon. Ein kan ikkje skrive masteroppgåve om forsikringar dersom ein berre skriv at forsikringsselskapa har sjølv forsikringsavtalar, men ved å sjå på korleis fleire forsikringsselskap gjer det så er det mogleg å sette dette saman til ny kunnskap om korleis forsikringsselskapa vurderer risiko og kostnader ved skade. Eg er likevel einig i at med det store talet på masteroppgåver som i dag blir skrevet i slike "mjuke fag" så den reelle forskningsverdien i dei fleste masteroppgåver svært lav. Det er svært få studentar som klarer å finne heilt ny kunnskap, i beste fall kjem dei til same konklusjon som andre har gjort før dei og på den måten bekrefter tidlegare etablert kunnskap.
  4. Det var det som var argumentet i den opprinnelege rettssaka også, ein tok det for gitt at det var to gjerningsmenn og då var det berre VK som var kandidaten sjølv om det ikkje var faste bevis for at han var der. At JHA skulle få med seg ein heilt ukjent om han ikkje var åleine er nok usannsynleg. Det er lite fysiske bevis for talet på gjerningsmenn, og dermed også bevis som knytter VK til åstaden.
  5. Det er forsøk på å få VK til å bli usikker og dermed framstå som lite truverdig. Sjølv om VK er frikjent så vil det styrke JHA sitt forsvar om VK framstår som uærleg slik at dommerne tenker at VK kanskje hadde ei rolle likevel. Alt som gir tvil om JHA gjorde ugjerninga åleine vil være til JHA sin gunst. Er det rom for å tvile på at JHA er skuldig så skal han frikjennast.
  6. Ja dei 3-4 fyrste boksene kanskje, mange blir nok likevel kasta, helst i plast-returen. Nå har eg ikkje på kva utslepp ei slik take-away boks utgjer, men eg mistenker at sjølv om plasten ikkje er veldig tjukk så må ei slik boks brukast ganske mange gongar før det er meir miljøvenleg med ei boks som i teorien kan vaskast kontra ved å bruke ekte eingongsemballasje som inneheld mykje mindre plast. Det sagt så er det nok klar at min lokale kinaresturant burde hatt ei returordning der dei tek imot boksene, vaskar dei og bruker dei på nytt. Det burde ikkje være eit problem å lage ei slik ordning men eg vil tru at det største hinderet er at disse boksene er så billige i innkjøp at det ikkje lønner seg å bruke arbeidstid på å samle inn og vaske brukte bokser.
  7. Om det stemmer at det blir unntak så lenge pantegraden er over 80% så er jo det kjempebra. Det var heilt nye opplysningar for meg, men om det stemmer så er det veldig bra for Norge sin del. Om dette heile tida har lagt til forslaget så har det blitt veldig dårlig kommunisert. Hadde EU presisert dette med ein gong så hadde ein spart seg mykje støy og motstand. Eg synes likevel at eit krav om 80% resirkulering er noko slapt i forhold til ambisjonane ein går ut med, men det viser jo litt kor dårleg stilt det er i resten av EU når dei må ha 1,5 år på seg til å kome opp i 80% eller starte med flaskevask. EU burde heller jobbe for å få på plass ei felles panteordning på tvers av EU/EØS slik at ei flaske som er kjøpt i Spania fint kan pantast i Norge, eller som minimum bli akseptert og registrert i panteautomaten. Eg synes det er noko idiotisk at dersom eg forsøker å pante ei svensk brusboks så får eg den spytta ut igjen. Eg kan være med på at eg av praktiske årsaker ikkje får utbetalt svensk pant, men automaten burde vel heilt klart akseptere boksa slik at også den svenske boksa kan bli resirkulert? Svenske bokser som kjem i retur har nok ein litt større sjanse for å bli trykka flate og kasta i nærmaste søppelbøtte. Eg er noko meir skeptisk til det som står i artikkelen om at det også blir forbod mot eingongsemballasje. Vi overlever nok det også, i verste fall så må vil ikkje fast food bransjen lenger kunne tilby anna enn fatservering i salgslokalet. Spørsmålet er vel meir kor strengt forbodet skal være, og korleis ein definerer eingongsemballasje. Er det berre dei klassisek take-away boksene som blir slutt på, eller vil forbodet gå så langt at burgerkjedene ikkje får pakke inn burgeren i papir? Vil min lokale kinaresturant kunne fortsette med sine take-away bokser? Dei har plastbokser med lokk som er stempla i botnen med opllysning om at dei mellom anna kan vaskast i oppvaskmaskin. Vil det dette då omgå forbodet mot eingongsemballasje sidan boksa teknisk sett kan vaskast og brukast på nytt sjølv om det i praksis ikkje er nokon som gjer det? Det er litt som med avgifta som vart innført på plastposar. Det er heilt greit at ein innfører gebyr som gjer at folk reduserer bruken av eingongsposar, men når ein samtidig presser prisen ned på fleirbruksposar som er langt meir ressurskrevande å produsere så er eg litt redd for at delar av fleirbruksposane blir brukt som eingongsposar eller berre nokre få gongar. Det er ikkje bra at når eg står i kassa og skal betale så betalar eg nesten det same for to tøyposar som det koster for to tynne plastposer, vi må ikkje være så ivrige på å legge avgift på eingongsprodukt at det blir lønnsomt å ha eingongsbruk på fleirbruksprodukt. Eg sitt eigentleg berre å venter på at take-away kjedene snart bytter ut sitt nye eingongs bambusbestikk med billeg bestikk i stål som berre blir brukt ein gong. IKEA selger bestikk i 16 delar til 59 kr, det er under 4 kr per del. Det er sikkert mogleg å få enda billegare bestikk også om ein kjøper store parti, men eg tenker at når du betalar over 100 kr for for ein hamburgermeny så er det småpenger at du for under fire kroner får med ein gaffel i rustfritt stål som du kan kaste i restavfallet etterpå. Vi når ei grense for der eingongsprodukt faktisk er meir miljøvenleg enn alternativa. Ein får kjøpt kaffekrus i keramikk til under 10 kr, så kaffebarane kan heilt fint starte å selge kaffe inkludert kopp. Så dyrt det er med kaffe så betyr det ganske lite at kaffeen som du vanlegvis får i pappbeger koster 10 kr meir for å få det i keramikkrus, men miljømessig vil det være ein katastrofe å skulle transportere så mykje tung keramikk ut til utsalgsstadane for at kundane skal bruke det som om det var eingningskoppar.
  8. Omorganisering i det offentlige er litt som logo-endring i andre bedrifter. Det brukes mykje pengar nesten berre for å vise at leiinga har handlekraft til å prøve noko nytt. Felles for begge delar er at det blir mykje støy og styr i organisasjonen i ei periode fram til at folk har vendt seg til det nye og då blir det eigentleg ganske likt som før. Det som ofte er største utfordringa i det offentlege er at det alltid blir jobba med effektivisering og innsparing sidan budsjetta blir redusert eller ikkje auker i takt med kostnadsuken. Samtidig så får man stadig nye oppgåver som skal løysast, av og til med tilhøyrande ferske penger inn. Så då driv ein å omorganiserer for å få mest mogleg ut av pengane, men med det problemet at det er vanskeleg å gjere noko med dei tilsette, så dei får stort sett fortsette i same eller liknande stilling. Dersom det er ein mellomleder som har blitt fråtatt sine leiaroppgåver så har vedkomamnde rett til å behalde leiarlønna, så lønnskostnadane blir i svært lite grad endra av omorganisering. Det sagt så er det offentlege blitt langt meir profesjonalisert dei siste åra. Det mellom anna ikkje lenger slik at dersom du får deg jobb i staten eller i banken så har du ein trygg jobb livet ut, også i det offentlege er det i dag mogleg å miste jobben etter ei omorganisering, noko som for relativt få år sidan nesten aldri skjedde. Strengt tatt så er nok største problemet med at den overordna folkevalde styringa ikkje er samstemt i korleis dei ulike etatane og einingane skal driftast og organiserast. Då får vi slike utfall der vi har ei regjering som vil slå saman kommuner og fylker over ein lav sko til stor investeringskostnad og litt varierande suksess, så får vi regjeringsskifte og ein startar å splitte oppigjen kommuner og fylker med dertil høg startkostnad ettersom det må byggast to heilt nye organisasjonar. Det blir litt ulempen med eit folkestyre, ulike parti har ulike syn på korleis ting bør gjerast. Og før endringa til den gamle regjeringa har fått fungere lenge nok til bære frukter så kjem det inn ei ny regjering som vil prøve noko heilt anna. Sånn sett er ikkje problemstillinga unik for det offentlige, for det blir fort slik også i andre verksemder om det er mykje utbytting i toppleiinga. Det som er unikt for det offentlege er nok det at hyppig utskifting av toppleiinga er regelen snarare enn unntaket.
  9. Adrenalinet er nok det, og særleg i kombinasjon med alkohol som er bedøvande. Slag har stort skadepotensial men samtidig er ikkje nødvendigvis alle slag effektive. Hjernen er godt beskytta særleg når hodet forheld seg relativt sett i ro slil som når ein ligg på bakken. Dei farlegaste slaga er slag som får hodet i bevegelse og særleg om akselerasjonen blir negativ eller skifter retning. Om du ser til boksesporten så varer dei fleste kampane mykje meir enn 10 sekund med slag, men med rett type slag så er det mogleg å ta knockout på fyrste slaget.
  10. Nettopp. Full frifinnelse setter en enda skumlere presedens. Det gir jo politiet blanko-fullmakt til å banke opp hvem dem måtte føle for. Ingen sier at det var feil å være hardhendt med Simensen, men det kunne ha vært løst på mange andre måter enn å dundre løs med over 20 slag mot hode og kropp på en som allerede blei holdt nede - slik den nå dømte voldsmannen i uniform gjorde. Heilt einig, det er jo nettopp derfor denne dommen er så viktig. Vi vil ha ein presedens for korleis politiet skal bruke makt. At forsvaret argumenterer for at det var både nødvendig og riktig å regelrett angripe Simensen med 13 slag på 10 sekund utan forvarsel, det les eg som eit argument for at denne politimannen også hadde vært fult innafor loven om politimannen hadde trekt tenestepistolen og skutt Simensen 15 gongar på 10 sekund. Det var ingenting i denne situasjonen som tilsa at slik voldsbruk var nødvendig, og det er heller ingenting som taler for at det forelå ein så stor trussel at politimannen måtte handle på eigen hand på dei 3 sekunda som gjekk før Simensen lå i bakken. Sjølv med all min godvilje og all mulig fortsåing for at den dømte politimannen var skikkelig livredd, så kan eg ikkje forstå anna enn at voldshandlinga ikkje berre var unødvendig, men det var også ein veldig stor fare for at situasjonen kunne bli verkeleg farleg. Rettssaka har vist at den voldsdømte politimannen ikkje kjente til Simensen frå før og ikkje viste om at Simensen hadde kniv og batong, men sjølv om vi tek utgangspunkt i at politimannen intuitivt viste Simensen var farleg og bevæpna, så vart situasjonen løyst feil. Det smarte valget hadde vært verbal kommunikasjon samtidig som politimannen går bakover og skaper avstand. Dette ville gitt større reaksjonstid dersom Simensen gjekk til angrep, om nødvendig ved å trekke pistolen. Og det ville gitt politikollegaene anledning til å kome til unnsetning og få kontroll på Simensen med ein gong utan å måtte slå masse ganger. Hadde Simensen faktisk hatt til hensikt å skade politimannen så hadde han gode sjansar til å gjere det. Hadde det ikkje vært for at politimannen klarte å kaste Simensen i bakken så hadde situasjonen vært mykje farlegare, Simensen kunne til og med tatt politimannens pistol under basketaket. Om det hadde vært ei politidame som var 20 kg lettare i nøyaktig same situasjon så ville ho aldri ha løyst dette oppdraget ved å gå i brytekamp, til det hadde risikoen for skade vært for stor. Ei politidame ville samarbeida med sine kollegaer og saman fått kontroll på Simensen utan å risikere skade på verken seg sjølv eller Simensen. Det sagt så er det heilt klart at politiet skal ha lov til å forsvare seg. Politiet må via sitt yrke sette seg i farlege situasjonar og det skulle berre mangle at politiet ikkje skulle få bruke vold der det er nødvendig. Men i denne saka framstod det som totalt unødvendig voldsbruk. Eg trur nok også at dersom den dømte politimannen hadde vedgått at han gjorde ei feilvurdering og at han burde handtert Simensen på ein anna måte, så kan det til og med være at voldsbruken hadde blitt vurdert av retten som forsvarleg når situasjonen fyrst spissa seg til slik at Simensen låg på bakken og prøvde å reise seg opp. Domstolen kan likevel ikkje lage rettspraksis på at politiet skal kunne skyte fyrst og spørje etterpå, og når den dømte politimannen er så tydeleg på at dette var den einaste rette måten å løyse oppdraget på så blir det vanskeleg for støtte det synet.
  11. Eg er ueinig då det for meg framstår som rimeleg klart at formålet med kopiere så mykje tekst frå ei tidlegare masteroppgåve må ha vært å skaffe seg urettmessig fordel når den masteroppgåve ikkje vart nemt som referanse. Eg er likevel heilt einig i at juks og plagiering ikkje er det same, og at det er fint mogleg å plagiere tekst utan at det nødvendigvis er juksing. Det vil være svært dårleg akademisk arbeid å lime inn tekst frå andre utan moglegheit for å ettergå referansane og dermed også konlusjonane, men det å gjere dårleg arbeid er ikkje nødvendigvis det same som juks. Eit anna eksempel på plagiering som ikkje nødvnedigvis er juks i den forstand er dersom du stjel innsamla data frå nokon andre utan å oppgje dei som kjelde, men at alle faglege konklusjonar og slutningar basert på datasettet er dine eigne tolkningar på eit tilstrekkeleg høgt fagleg nivå. I dette konkrete tilfelle så tenker eg at formålet var å oppnå ein urettmessig fordel ved å basere seg tungt på ei tidlegare masteroppgåve utan å tydeleggjere kva som Kjerkol & Co har skrevet sjølv og kva som er henta frå ein annan student sin oppgåve. Av same grunn så meiner eg også at det er fundamentalt feil å dømme studentar for juks basert på sjølvplagiat. Eg kan gå med på at det å "plagiere seg sjølv" kan være uryddig når det blir gjort utan å oppgi kvar du fyrst skreiv formuleringa, men at ein skal ha hatt ein fordel av å "stjele frå seg sjølv" er eg ikkje einig i. Sjølvplagiering bør straffast med nedsatt karakter, og ei utestenging på to semester er ein heilt klart urimeleg konsekvens for å skrive tekst som ein sjølv har opphavet til.
  12. Han må nok pårekne at denne dommen også medfører at han mister jobben ved at han blir avskjediga for grov tenestefeil. I tillegg er også vilkåra for vanleg oppseiing til stades ettersom han naturleg nok ikkje kan møte på jobb når han sitter i fengsel, og at det vil være veldig unaturleg å innvilge permisjon for å sone ein voldsdom. I utgangspunktet så er er det ikkje foreineleg med politiyrket å ha fått ein strafferaksjon, men i motsetting til opptak på politihøgskulen så er det ikkje så firkanta vandelskrav for å jobbe i politiet. I praksis blir det opp til kvart enkelt politidistrikt å vurdere om vandelen kan vurderast som tilfredsstillande dersom han søker jobb i det distriktet. Det er mogleg at politimannen kan få ein ny politijobb seinare, men det krev at han likevel blir vurdert som skikka og ein del av den vurderinga vil nok være korleis politimannen sjølv reflekterer over dommen. Det er også ein viss fare for at politimannen kan bli "unnskyldt" dersom dei som tilsetter vurderer saka annaleis enn retten, og derfor legg til grunn at dette ikkje er eit alvorleg lovbrot, men heller ein bagatellmessig sak som fekk alt for streng straff. Det sagt så vil likevel terskelen være svært stor for at han får ny politijobb. I staten er det ganske firkanta ved tilsettingar så det er ikkje nok at politistasjonssjefen åleine vil sjå mellom fingrane på vandelen. Det er i alle fall rimeleg sikkert at denne (ex-)politimannen nok ikkje får seg ny politijobb med ein gong han er ferdig å sone, men etterkvart som tida går så vil også slike saker bleikne på vandelsattesten. Eg er forresten veldig overraska over at det vart så streng dom. Det er ikkje vanleg at ein idømmer strengare straff enn aktoratets påstand, så eg hadde forventa at han i det beste fall hadde blitt dømt til halv straff i forhold til påstanden, altså 30 dagers fengsel.
  13. Eg overdriver litt. Dei største forbrukarane av frossenpizza er barnefamilar og unge menn. Eg finn i farta ikkje gode kvalitetssikra tal men tal av nyare dato omtalar mellom 5 og 6 kg frossenpizza per person i snitt. Det betyr at kvar einaste nordmann i snitt et minst ein frossenpizza i måneden, og trekk vi frå alle dei som aldri et frossenpizza som blant anna dei eldre så er det nok nokre få personar som et langt meir enn snittet med frossenpizza. Ei barnefamilie på fem personar har då ei "kvote" på ein frossenpizza i veka om dei ikkje et meir enn gjennomsnittsnordmannen. Det er nok ein reell fare for at det kan være barn som får to pizzastykker med grandis som middag omtrent dagleg fordi dei ikkje liker anna middagsmat. I tillegg kjem anna junk food der frossenpizza kanskje ikkje er av det aller verste for folkehelsa. Når det gjeld prisen for å kjøpe Grandiosa framfor å lage sjølv så er det mykje dyrare med ferdigmat. Grunnen til at det er dyrt å lage heimelaga pizza er jo fordi det er mykje dyrare med skikkelege råvarer. Litt fordel er det for Stabburet som produserer i stor skala, men største problemet du får om du skal lage heimelaga Grandiosa er nok at du ikkje får tak i dårlege nok råvarer. Det såkalte pizzakjøttet som du får på vanleg grandis består for det fyrste av berre 40% kjøtt (og då garantert ikkje av dei beste kjøttstykka), resten er soyaprotein, stivelse og vatn. Ikkje er det mykje fyll på pizzaen heller, mesteparten av pizzaen er brød med eit tynt lag tomatsaus, litt "pizzakjøtt" og resten ost (omtrent 20%). Skal du lage noko som liknar heime så må du kjøpe f.eks hermetisk bogskinke for å få eit produkt som liknar, og sjølv om slik hermetisk skinke heller ikkje er eit reint kjøttprodukt så er i det minste kjøttinnholdet ein del høgare med i overkant av 60% kjøttinnhold. Fant ei oversikt over straumkostnader her For å forklare x-aksen. 1 betyr i dette tilfellet dei 10% av husholdningar med lågast inntekt. 10 betyr dei 10% av husholdningar med høgast inntekt. 5 og 6 er altså kostnaden for heilt gjennomsnittlege hushaldningar. Som du ser så brukte dei fleste husholdningar vinteren 2021/2022 ca 3% av inntekta på straum. Men det råka særleg hardt den 10% som har lågast inntekt som brukte nesten 8% av inntekta si på straum den vinteren. Merk også at i denne grafen er straumstøtta trekt frå, så dette er det som husholdningane faktisk måtte betale frå eigen privatøkonomi. Ser ein på tala utan straumstøtte så er utgjorde straumforbruket for dei fleste husholdningane ca 4%, men ikkje for dei fattigaste. Utan straumstøtte måtte dei fattigaste husholdningane betalt ca 11 % av inntektene sine på straum om dei ikkje hadde fått straumstøtte. Så for dei aller fleste så er ikkje straumen ein uforutsmessig stor ugift når ein ser stort på det, men det er klart at det å hoppe frå å bruke 1% av inntekta på straum og rett opp på 3% utgjer sjølvsagt eit dramatisk hopp som gjorde at mange måtte omdisponere husholdningsbudsjettet sitt. Særleg dramatisk vart det sjølvsagt for dei som har minst som tidlegare vintere brukte ca 2% av inntektene sine før det i 2021/2022 byksa opp til nesten 8%, det merkes godt på eit alt hardt pressa husholdningsbudsjett. Utan at eg funnet statistikk på det så antek eg at vi kan sjå same tendensen på matvareprisane, for 90% av husholdningane så nok matbudsjettet på 10-15% av inntektene, men for dei som har minst så hadde det ikkje overraska meg om dei må bruke kanskje opp mot 25% av inntekta si på mat.
  14. Det som blir problematisert er at juks på masteroppgåve ikkje er spesielt godt definert. Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatt er openbart juks. Har du med kalkulator på matteeksamen der kalkulator ikkje er tillatt hjelpemiddel så er det klart juks, men på ei masteroppgåve så er det ingen slike ulovlege hjelpemiddel. Så då står ein berre igjen med å vurdere om reglane for kjeldebruk er fulgt. Det er tydeleg at sensor som vurdere oppgåva i 2021 har lagt heilt andre vurderingar til grunn for kva som er reglane for kjeldebruk. Det ligg også ei fagleg og ganske så subjektiv vurdering til grunn her. For det fyrste så er det opprinnelege utslaget på 19% tekstlikheit ikkje nødvendigvis einsbetydande med juks, slik tekstlikheit får ein opp også om teksta er oppgitt med rett kjelde. Sensor må derfor uansett gå inn og sjekke opp om den oppgitte tekstlikheita er kopiert utan kjeldehenvisning eller om det er rett sitert og derfor kan sjåast vekk frå. Den andre faglege vurderinga som sensor skal gjere er å vurdere kva studenten har funnet ut og konkludert med i oppgåva. Ein kan nok i teorien kopiere 80% av teksta om ein har korrekt kjeldehenvisning dersom dei siste 20% er svært gode vurderingar der forskning frå andre har blitt brukt til å dra nye spennande konklusjonar. (Eg meiner personleg at det i klartekst burde stå at det også er juks få andre til å skrive tekst på din bestilling utan å oppgje den personen som opphavsmann sjølv om teksta er ny og upublisert). Eg vil til slutt legge til at det framstår som rimeleg klart at heile masteroppgåva til Kjerkol i svært stor grad støtter seg til oppgåva som Fossland leverte i 2019. Eg vil derfor påstå at oppgåva til Fossland derfor var det aller viktigaste kjelda å oppgi, og at det å ikkje oppgi oppgåva til Fossland som kjelde ikkje kan forsåast på anna måte enn at Kjerkhol framstilte teksta til Fossland som sin eigen tekst. På dette spørsmålet er eg litt delt. På den eine sida så er bestått grad ein relativt viktig formalitet, og rett skal være rett. Samtidig så meiner eg at masteroppgåva ein har levert blir mindre og mindre viktig for yrkesutøvinga jo lenger tid det går. Om 3 år er lenge nok er eg også i tvil om, men om det er 30 år sidan mastergraden vart levert og vedkommande har praktisert yrket like lenge utan store feil så tenker eg at eg heller vil ha ein anestesisjukepleiar med mykje erfaring (og kunnskap) framfor ein nyutdanna sjukepleiar som var ganske god på å skrive referanseliste. Så sjølv om det er feil at det skal lønne seg å jukse, så tenker eg samtidig at dersom ein har praktisert eit yrke lenge nok så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå eit skjæringspunkt mellom formalkompetanse og realkompetanse. Har det gått tilstrekkeleg lang tid så vil det å annulere graden bli ein rein formalitet for å straffe juksere. Og i veldig liten grad basert på at det er nødvendig å fråta vedkommande jobben fordi vedkommande ikkje har kompetansen. Når det har gått nokre år i yrkeslivet så er omtrent alt ein lærte på skulen uansett gløymt, så studieresultata blir mindre og mindre viktige. Eg tenker likevel at 3 år fortsatt er relativt ferskt, og ein må anta at ein person som berre har jobba i tre år fortsatt støtter seg til kompetansen som ein skulle ha fått gjennom skulen. Ein foreldingsfrist på mellom 5 og 10 år framstår som meir passande. 1. Eg meiner at det må vurderast som juks når det var så mykje som var kopiert frå ei tidlegare masteroppgåve utan at den oppgåva har vært oppgitt som referanse. Eg er langt meir tilbøyeleg med å avfeie kopiering av tekst frå andre stadar utan referanse som slurv, men masteroppgåva til Fossland burde openbart blitt oppgitt som kjelde, og som minimum som inspirasjon om Kjerkol skal fortsette å påstå at det ikkje vart kopiert frå den. 2. Her er eg til dels einig. Det går ikkje klart fram at eit universitet har adgang til å ombestemme seg og i ettertid underkjenne eksamensresultat. Feilaktige vedtak kan i utgangspunktet takast opp til ny vurdering om det kjem fram heilt nye opplysningar, men det er litt tvil på om dette er ei slik sak som kan vurderast på nytt, og om vilkåra om nye opplysningar er oppfylt. Adgangen til å trekke tilbake ein godkjent grad bør i alle tilfeller forskriftsfestast slik at det er heilt klart at ein får graden på vilkår. Forskrifta bør nok også ha ei foreldingstid, men kanskje viktigast så bør det være avgrensing for kor mange gangar ei jukse sak kan takast opp til vurdering. Særleg for politikarar og andre profilerte personar så kan eg potensielt sjå ei utfordring om at det kan kome anklagar om juks kvart valg år som ein del av valgkampen. Det får være nok at ei oppgåve kan granskast på nytt berre ein gong. 3. Heilt einig i at det utvilsomt er dårleg handtverk. Sånn sett er det nok mest pinleg for Nord Universitet som klarte å gi toppkarakter på ei slik oppgåve, då kan ikkje lista for bestått masteroppgåve ligge spesielt høgt.
  15. Nord universitet har nok kasta seg rundt i eit forsøk på å redde ansikt og framstå som seriøse. Eg er forøvrig einig i at det er problematisk dersom kvart enkelt universitet skal kunne vurdere heilt sjølv kva som er akseptabel kopiering. For det medfører at det kan bli til dels store forskjellar frå universitet til universitet kva som eigentleg ligg til ein mastergrad.
×
×
  • Opprett ny...