Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    6 764
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

13 736 profilvisninger

torbjornen sine prestasjoner

8,6k

Nettsamfunnsomdømme

2

Hjelpsomme svar

  1. Når eit land blir angripe av eit anna land er det vel sjølvsagt at landet søkjer støtte hos dei som vil forsvare landet og at det angripande landet blir fiende. På byrjinga av 1800-talet var Storbritannia fienden vår (jf. diktet om Terje Vigen). Då Storbritannia minela kysten vår i aprildagane 1940 protesterte Norge heftig. Då tyskarane okkuperte landet vårt vart motstanden mot Quisling, tyskarar og nazistar stor, og det måtte harde middel til for å kontrollere folket. Då freden kom 8. mai 1945 var det elleville gledesscener rundt om. Undertrykkjinga var over, og Norge var igjen eit fritt land. Under krigen danna det seg sterke band mellom Norge og Storbritannia, og som er sterke den dag i dag. Kva om britane hadde komme tyskarane i forkjøpet? Er det ikkje rimeleg å tenkje seg at Norge då ville ha søkt støtte hos dei som ville "hjelpe" Norge?
  2. Dersom Vesten kan skaffe seg naturressursar på eiga hand blir ein mindre avhengige av autoritære land som Russland og Kina. Det blir dermed vanskelegare å drive utpressing mot Vesten, slik som Russland prøvde på når det gjaldt energi. Det er såleis heller ikkje utan interesse at det har vore fleire mystiske avsporingar på jarnbana mellom Kiruna og Narvik i seinare tid.
  3. Ghadaffi var vel aldri ein trussel mot naboane eller verdsordninga. Folk hadde det vel kanskje også betre under Ghadaffi enn dei har fått det etterpå. Som med Afghanistan har Libya blitt svikta av Vesten etter krigen. Russland vart svikta av Vesten på 1990-talet. No er det Ukraina som blir svikta av Vesten. Men til poenget ditt: Spørsmålet om straffeforfølgjing av tyrannar er eit vanskeleg dilemma. Uansett kva ein gjer blir det feil.
  4. Som skrivebordskrigar er eg like frustrert over den vaklande Ukraina-støtta som det du er. Men innlegget ditt om at store deler av Ukraina støttar Russland etter to år med krig og terrorbombing er like fullt sprøyt.
  5. Du har rett, men når Russland kan bombe Ukraina fritt og Ukraina må kjempe krigen med minst ei hand på ryggen blir dette ynskjet urealistisk ynskjetenkjing. Om Ukraina skal ha ein sjanse må ukrainarane få kjempe på sin måte, med nok våpen og ammunisjon utan at det blir lagt band på dei. Og ein må ha ein plan for det ein vil oppnå.
  6. Om tenåringane skaffar seg fiskebåt kan dei tene gode pengar og skaffe seg erfaringar. https://www.nrk.no/mr/17-aringar-i-gjemnes-batnfjorden-flemma-tente-400.000-kroner-pa-romt-laks-oppdrettslaks-fra-leroy-1.16811930
  7. Det er trass alt ganske stor skilnad på å vere krigstrøytte etter over 2 år med terrorbombing og utmattingskrig og påstanden din om at store deler av befolkninga støttar Russland. Om mange i- og utanfor Russland er likegyldige og om USA og andre ikkje gjev nok støtte til at Ukraina kan vinne betyr ikkje dette nødvendigvis støtte til Russland. Så ja, det du kom med der er sprøyt.
  8. Skal dei hente båtar frå det som er att av Svartehavsflåten? Er det grunn til å tru at det blir lettare for russarane å patruljere Dnipro enn Svartehavet?
  9. Kverna mel og mel. Nok ein gong er talet på tapte russiske soldatar over 1000, og det går til både tanks, artelleri, armerte- og uarmerte køyrety, 25 droner og eit cruisemissil er nedskotne og eit luftvernsystem øydelagt.
×
×
  • Opprett ny...