Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 516
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Det spørs litt kva du legg i å stole på utrekninga. Å rekne ut bremselengda er ikkje 100% korrekt, så sånn sett så kan du ikkje stole på at det svaret du fekk ved utrekning også vil være 100% likt reint fysisk. Formelen for bremselengde er ikkje ei nøyaktig skildring av kva som skjer fysisk, formelen er ein modell som forklarer det vi fysisk observerer. Formelen er utrykt som v² / ( 2 * µ * g) der µ er estimert gjennomsnittleg friksjon. Kva som er den reelle friksjonen mellom dekk og underlag gjennom heile nedbremsinga er ein stor usikkerheitsfaktor, men for dei fleste formål så er det nøyaktig nok å anta at µ = 0,9 eller 1 på tørr asfalt. Reelt sett så veit vi at dette ikkje stemmer, det kjem ann på overflata på både dekk og vegbane og ved bremsing så blir gummien varm som igjen påvirker frisksjonen. Formelen for bremselengde har heller ikkje med seg andre faktorar som om oppbremsinga skjer i ein bakke, kva vindretninga er, korleis luftmotstanden er, osv, osv. Derfor stemmer ikkje formelen for bremselengde og du kan faktisk ikkje stole på den, men det er ein god nok matematisk modell for å kunne forutsjå kva som skjer når ein bil bremser til ei nøyaktigheit som er akseptabel. Er du ein våghals som skal utføre eit stunt der du køyrer mot stupet og bråbremser i siste liten slik at bilen stopper heilt ute på kanten slik at nokre få centimeter til eller frå er forskjellen på liv og død, ja då er ikkje denne formelen nøyaktig nok. Då må du også ta høgde for ei rekke andre faktorar som kan påvirke bremselengda.
  2. Det er som med fartsgrensene, du kan ikkje stole på at skilta er rett. Du må sjølvsagt sjekke opp om det føreligg gyldig vedtak om fartsgrense på strekninga. Det er vedtaket om lokal forskrift som er styrande for kva kva som er rett skilting. Finnes ein del eksempel på situasjonar der UP har hatt fartskontroll basert på skilta, der ein i ettertid har måtte betale tilbake bøtene fordi det har mangla gyldig skiltvedtak. Når det gjeld kva som bør gjerast med krysset så spørs det kva ein vil oppnå. Dersom eg forutsetter at det er meint å oppretthalde at dei som kjem frå Kabelgata har vikeplikt så burde det leggast ned ei stripe til med kantstein eller malast på ei kvit linje for å tydeleggjere at fortauet fortsetter rett fram og at bilane som kjem frå Kabelgata krysser fortauet og derfor har vikeplikt. For å være enda tydelegare så burde det også vært malt vikepliktslinje samt satt opp eit skilt om vikeplikt. Det sagt så ser det ut som at dette krysset er så trafikkert og med så mange butikkar og slikt som har dette som tilkomstveg at heile krysset bør endrast for å framheve at Kabelgata er open for alminneleg ferdsel og at alle bør ha vikeplikt frå høgre i dette krysset. Med dagens utforming så er det enklast å gjere ved å fjerne den nedsenka kantsteinen og la heile krysset være asfaltert. For sjølv om Kabelgata er ein privat veg så er den så open for alminneleg ferdsel at eg vil argumentere at det her burde være eit vanleg kryss.
  3. Det dei som var der personleg eller opplevde sakene via media husker er det dei gjorde når dei fekk nyheita. Det er lett å huske at 22 juli var på ein fredag og at eg var på veg heim frå jobb når eg høyrte på radioen at det hadde vært ein eksplosjon i Oslo, men kva eg gjorde på jobb den dagen og kven eg prata med husker eg ingenting frå. Fram til at eg fekk nyheita så var det "ein vanleg dag" utan noko å bite seg merke i. Sjølv om eg hadde vært i Oslo og kjent trykket frå bomba så hadde eg ikkje reflektert så mykje over kva eg gjorde før der, alt som skjedde etterpå hadde eg nok huska godt men ikkje alle kvardagslege detaljar som er heilt urelaterte til hendinga. Nyheita om at eit nokre ungar er savna vil av dei aller fleste bli oppfatta som at dei sikkert har gått seg bort eller besøkt nokon utan å seie ifrå. Dei aller fleste slike løyser seg etter nokre timar når jentene dukker opp igjen. Nokre dagar seinare når det var klart at det dreide seg om ei drapssak så er det meir naturleg å tenke tilbake på kva ein har sett og gjort, men då kan det alt være forseint om ein berre gjorde heilt vanlege rutinemessige ting. No huskar eg ikkje i farta om det var hundeluftaren eller det var eit anna vitne som i vitneavhøyret sa at han hadde observert JHA på eit tidspunkt som i ettertid ikkje viste seg å stemme. Går ein tur i det same området kvar einaste dag og så fleire dagar blir spurt om å i detalj fortelle om kva ein såg og høyrte under spasserturen så er det ikkje så lett å gjengi det i ettertid. Som nemnt så starta Baneheiasaka som ei sak om nokre jenter som ikkje kom heim til avtalt tid etter ein badetur. Utan at det er nokon haldepunkt for at ein ser etter mistenkte så er det ingen grunn til å memorisere alle personane ein har sett i området som sannsynlegvis ikkje har noko form for tilknytting til saka. Sjølv om forsvinninga skulle være ei drukningssak (som var vel det dei fleste frykta ettersom jentene hadde vært å bada åleine) så er det heller ingen grunn til å memorisere alt som skjedde den dagen. Ein tek kanskje ein kjapp refleksjon på om ein såg to jenter i 8-10 års alderen den dagen, men utanom det så er det unaturleg å skulle memorisere så mykje meir som skjedde.
  4. Ser på formateringa at trådstarter har klipt teksta frå eit anna innlegg. Mistenker trolling på tvers av ulike forum. @irole Veit ikkje om du faktisk lurer på dette men kan likevel svare. Du blander måleeiningar med matematikk, det er to ulike ting. Det dei har til felles er at ein kan bruke begge delar på både rasjonelle og irrasjonelle ting. Så før ein roter seg vekk med å tenke på kva som er dei kortaste og dei lengste målbare avstandane så bør ein ha kontroll på dei rasjonelle sidene som ein har eit intuitivt forhold til i dagleglivet. Du har heilt rett i at før så brukte ein andre måleeiningar, både tommer, alen og favn var i vanleg bruk. Sjølv om disse måla ikkje var presist definert og derfor kunne variere litt frå person til person så var nøyaktigheita god nok til kvardagslege forhold. Sånn sett er det ingen forskjell frå i dag når vi typisk brukar meter som den grunnleggande måleeininga, for sjølv om ein meter er presist definert som avstanden som lys tilbakelegger på 1/299 792 458 sekund så brukar vi aldri så meter på ein så nøyaktig måte. Når vi måler kor høge vi er så oppgir vi det aldri som meir nøyaktig enn ned til nærmaste centimeter, ofte heller ikkje meir nøyaktig enn nærmaste decimeter. Vi kan sjølvsagt oppgi høgda vår i både millimeter og nanometer men det blir langt meir nøyaktig enn kva vi vanlegvis har bruk for. Så vi kan måle alt til nært 100% nøyaktig, men då kjem vi opp i tal som ingen har forhold til og som ingen har praktisk nytte av å vite. På større avstandar som avstanden mellom bustaden din og skulen så oppgir vi det målet vanlegvis i kilometer eller til nærmaste 100 meter om avstaden er liten. Dersom du treng å vite talet på centimeter til skulen så gjer vi det vanlegvis ved å dele talet på meter med 100 for å få centimeter, då blir ikkje svaret meir nøyaktig enn det opprinnelege målet men det er ofte godt nok. Du kan sjølvsagt ligge på kne og måle avstanden med ein linjal for å få det eksakte talet på centimeter og millimeter, men det er vanlegvis alt for detaljert i forhold til kva som er nødvendig, og det kan i praksis være vanskeleg å få eit heilt nøyaktig mål sidan det er rom for mennesklege feil når du skal måle på den måten.
  5. Er heilt einig i din tolkning. Forskrift om kjørende og gående i trafikk § 7: Dei som kjem frå Kabelgata har vikeplikt i begge retningar. Fyrst for gåande og syklande som skulle kome på gangvegen, og deretter vikeplikt for dei som køyrer i Risløkkeveien fordi den som kjem frå Kabelgata skal inn på vegen frå sykkelveg, gangveg eller fortau. Det sagt så ser det ut til å være så mange bedrifter og stor trafikk i Kabelgata at eg vil påstå at det i denne gata også burde være nedsenka kantstein som viser at gangfeltet svinger inn i Kabelgata og ikkje ha nedsenka kantstein tvers over som om det var utkjørsla frå ein parkeringsplass. Det er heilt klart at Kabelgata er open for alminneleg ferdsel så det gir rom for misforståingar. Eg står likevel på min opprinnelege konklusjon om at køyretøy som kjem frå Kabelgata utvilsomt krysser gangvegen, her markert med ei rett linje av nedsenka kantstein, og dermed har vikeplikt i begge retningar. Det er likevel såpass stort rom for ulike tolkningar (som også denne tråden viser) at det viktigaste er nok å minne om at ein kvar skal ferdast hensynsfult og være aktpågivande og varsom slik at det ikkje kan oppstå fare.
  6. Konsulentar som driv kan drive sin virksomheit gjennom direktekontakt med ein og ein klient slik som legar og fysioterapeutar, samt diverse typar rådgivarar har nok dei beste forutsetningane for å starte for seg sjølv med relativt enkle middel, men det er svært få som har ein så inngåande fagkompetanse at dei kan tilby sine tenester heilt på eigenhand. Det er også vanskeleg å få stor nok tillit til at til dømes pasientar velger akkurat din legeklinikk der du er einaste legen. Blir du sjuk i 14 dagar og ikkje har ein vikar å sette inn så er det nok til at heile bedrifta går over ende sidan pasientane då går til andre legekontor for å få hjelp i staden for å vente til at du skal blir frisk. Det største hinderet for dei aller fleste for å starte for seg sjølv er at det typisk krev ei stor investering å opprette si eiga bedrift, alt frå arbeidsutstyr, lokalitetar, reknskapsprogram, osv kostar ein del. Det neste problemet er at sjølv med stor investering i reklame så kan det ta tid å skaffe nok kundar/klientar til at økonomien går rundt. Veldig mange går konkurs fordi dei går tomme for sparepengar før dei har fått ein stor nok kundegruppe til at bedrifta er lønnsom. Det nest største hinderet er at mange roter med økonomien. Det krev ganske mykje kompetanse å drive ei bedrift så rein fagkompetanse er ikkje nok. Mange bedrifter går konkurs etter 1-2 år når ein får momsrekninga frå staten og har enten gløymt å kreve inn moms for sine tenester eller har brukt opp momsen som fri kapital i bedrifta og derfor ikkje har pengar å betale med. Eg vil også tru at mange vegrer seg for å starte si eiga bedrift sjølv om dei kan fordi det for dei aller fleste betyr at ein i det minste den fyrste tida må jobbe nesten døgnet rundt utan å kunne ta ut særleg mykje i lønn. Det er veldig lønnsomt å være sjef i si eiga bedrift som går bra, for då får ein alt overskotet i eiga lomme, men det er ikkje særleg lønnsomt å være sjef i ei bedrift som ikkje har råd til gi deg lønn utan å gå konkurs.
  7. Synes det er vanskeleg å vurdere betydninga av slikt materiale når ein berre har politiets skildring av materialet sett gjennom svært tjukke moral-briller. Kva desse reklamefolderane faktisk viste til er svært uklart. Det einaste vi med rimelegheit kan kan konludere med er at reklamefolderen i seg sjølv ikkje innholdt ulovleg materiale, for at det vært seksualiserte bilder, teikningar eller tekst så hadde politiet satt dette beslaget heilt øvst som det mest ulovlege beslaget. Det framstår jo som nesten useriøst når ein lister opp både pornografien og krigsfilmane i same liste. Pornografien kan kanskje være relevant som motiv eller motivasjon for ugjeringa, men det er er ingen grunn til å anta at actionfilmar frå Hollywood har hatt stor innvirkning utover at moralpolitiet ser på actionfilmar som styggedom. Å skrekk og gru at politiet fant "perverst" innhold i ein koffert full av porno.
  8. Alle masteroppgåver er per definisjon forskning og gir forskningskompetanse, det ligg i læreplanen for faget at oppgåva skal være basert på forskning. Forskning og vitenskap blir ofte brukt omkvarandre og er i realiteten synonym. I tillegg er det litt ulike meiningar om kvar grensene går også innad i det akademiske miljøet. Litt enkelt sagt så er likevel målet med alle oppgåver er at studenten skal samle inn data og bruke disse opplysningane til å gi ny kunnskap. Det må ikkje nødvendigvis ligge tunge realfagleg arbeid til grunn, men studenten må vurdere dei opplysningane som ligg til grunn og presentere ein konklusjon. I Kjerkol sin oppgåve så var dei innsamla dataene samla inn ved å intervjue aktuelle personar i ulike kommuner, og på bakgrunn av dette så vart det gitt ein konlusjon. Sidan det framstår som klart at Kjerkhol og rektoren reint faktisk har gjennomført intervju og på den måten sjølv gjort jobben med å samle inn data, så er det litt ulike oppfattingar av i kor stor grad det har blitt juksa. Kjerkhol har blitt felt på plagiat, altså å ha brukt teksta til andre utan å referere til dei. Det hadde vært langt grovare juksing dersom det hadde blitt juksa med at dei dikta opp intervjua eller henta intervjua frå andre utan å sjølv gjere jobben. Sjølv er eg av den oppfattinga at det i større grad burde være ein skala av ulik alvorlegheitsgrad for dei ulike formane for juks. For min del så gir det ingen meining at straffa for såkalla sjølvplagiat skal gi nøyaktig same straffa som å ha fabrikert forskning. Sjølvplagiering er i verste fall dårleg oppgåveskriving, medan det siste kan i verste fall sparke føtene under all framtidig forskning på feltet dersom framtidige studentar og forskarar tek dei fabrikerte opplysningane for god fisk og baserer sin forskning på falske data. Sjølvplagiering burde ikkje tolkast som juks i det heile tatt og burde blitt straffa med nedsatt karakter. Fabrikering og oppdikting av forskningsresultat er så grovt at burde føre til permanent utestenging frå utdanningsinstitusjonane. Å sjå nærmare på korleis forsikringsselskapa forsikrar seg sjølv på vil også kunne være forskning, men ein må kome fram med ny informasjon som konklusjon. Ein kan ikkje skrive masteroppgåve om forsikringar dersom ein berre skriv at forsikringsselskapa har sjølv forsikringsavtalar, men ved å sjå på korleis fleire forsikringsselskap gjer det så er det mogleg å sette dette saman til ny kunnskap om korleis forsikringsselskapa vurderer risiko og kostnader ved skade. Eg er likevel einig i at med det store talet på masteroppgåver som i dag blir skrevet i slike "mjuke fag" så den reelle forskningsverdien i dei fleste masteroppgåver svært lav. Det er svært få studentar som klarer å finne heilt ny kunnskap, i beste fall kjem dei til same konklusjon som andre har gjort før dei og på den måten bekrefter tidlegare etablert kunnskap.
  9. Det var det som var argumentet i den opprinnelege rettssaka også, ein tok det for gitt at det var to gjerningsmenn og då var det berre VK som var kandidaten sjølv om det ikkje var faste bevis for at han var der. At JHA skulle få med seg ein heilt ukjent om han ikkje var åleine er nok usannsynleg. Det er lite fysiske bevis for talet på gjerningsmenn, og dermed også bevis som knytter VK til åstaden.
  10. Det er forsøk på å få VK til å bli usikker og dermed framstå som lite truverdig. Sjølv om VK er frikjent så vil det styrke JHA sitt forsvar om VK framstår som uærleg slik at dommerne tenker at VK kanskje hadde ei rolle likevel. Alt som gir tvil om JHA gjorde ugjerninga åleine vil være til JHA sin gunst. Er det rom for å tvile på at JHA er skuldig så skal han frikjennast.
  11. Ja dei 3-4 fyrste boksene kanskje, mange blir nok likevel kasta, helst i plast-returen. Nå har eg ikkje på kva utslepp ei slik take-away boks utgjer, men eg mistenker at sjølv om plasten ikkje er veldig tjukk så må ei slik boks brukast ganske mange gongar før det er meir miljøvenleg med ei boks som i teorien kan vaskast kontra ved å bruke ekte eingongsemballasje som inneheld mykje mindre plast. Det sagt så er det nok klar at min lokale kinaresturant burde hatt ei returordning der dei tek imot boksene, vaskar dei og bruker dei på nytt. Det burde ikkje være eit problem å lage ei slik ordning men eg vil tru at det største hinderet er at disse boksene er så billige i innkjøp at det ikkje lønner seg å bruke arbeidstid på å samle inn og vaske brukte bokser.
  12. Om det stemmer at det blir unntak så lenge pantegraden er over 80% så er jo det kjempebra. Det var heilt nye opplysningar for meg, men om det stemmer så er det veldig bra for Norge sin del. Om dette heile tida har lagt til forslaget så har det blitt veldig dårlig kommunisert. Hadde EU presisert dette med ein gong så hadde ein spart seg mykje støy og motstand. Eg synes likevel at eit krav om 80% resirkulering er noko slapt i forhold til ambisjonane ein går ut med, men det viser jo litt kor dårleg stilt det er i resten av EU når dei må ha 1,5 år på seg til å kome opp i 80% eller starte med flaskevask. EU burde heller jobbe for å få på plass ei felles panteordning på tvers av EU/EØS slik at ei flaske som er kjøpt i Spania fint kan pantast i Norge, eller som minimum bli akseptert og registrert i panteautomaten. Eg synes det er noko idiotisk at dersom eg forsøker å pante ei svensk brusboks så får eg den spytta ut igjen. Eg kan være med på at eg av praktiske årsaker ikkje får utbetalt svensk pant, men automaten burde vel heilt klart akseptere boksa slik at også den svenske boksa kan bli resirkulert? Svenske bokser som kjem i retur har nok ein litt større sjanse for å bli trykka flate og kasta i nærmaste søppelbøtte. Eg er noko meir skeptisk til det som står i artikkelen om at det også blir forbod mot eingongsemballasje. Vi overlever nok det også, i verste fall så må vil ikkje fast food bransjen lenger kunne tilby anna enn fatservering i salgslokalet. Spørsmålet er vel meir kor strengt forbodet skal være, og korleis ein definerer eingongsemballasje. Er det berre dei klassisek take-away boksene som blir slutt på, eller vil forbodet gå så langt at burgerkjedene ikkje får pakke inn burgeren i papir? Vil min lokale kinaresturant kunne fortsette med sine take-away bokser? Dei har plastbokser med lokk som er stempla i botnen med opllysning om at dei mellom anna kan vaskast i oppvaskmaskin. Vil det dette då omgå forbodet mot eingongsemballasje sidan boksa teknisk sett kan vaskast og brukast på nytt sjølv om det i praksis ikkje er nokon som gjer det? Det er litt som med avgifta som vart innført på plastposar. Det er heilt greit at ein innfører gebyr som gjer at folk reduserer bruken av eingongsposar, men når ein samtidig presser prisen ned på fleirbruksposar som er langt meir ressurskrevande å produsere så er eg litt redd for at delar av fleirbruksposane blir brukt som eingongsposar eller berre nokre få gongar. Det er ikkje bra at når eg står i kassa og skal betale så betalar eg nesten det same for to tøyposar som det koster for to tynne plastposer, vi må ikkje være så ivrige på å legge avgift på eingongsprodukt at det blir lønnsomt å ha eingongsbruk på fleirbruksprodukt. Eg sitt eigentleg berre å venter på at take-away kjedene snart bytter ut sitt nye eingongs bambusbestikk med billeg bestikk i stål som berre blir brukt ein gong. IKEA selger bestikk i 16 delar til 59 kr, det er under 4 kr per del. Det er sikkert mogleg å få enda billegare bestikk også om ein kjøper store parti, men eg tenker at når du betalar over 100 kr for for ein hamburgermeny så er det småpenger at du for under fire kroner får med ein gaffel i rustfritt stål som du kan kaste i restavfallet etterpå. Vi når ei grense for der eingongsprodukt faktisk er meir miljøvenleg enn alternativa. Ein får kjøpt kaffekrus i keramikk til under 10 kr, så kaffebarane kan heilt fint starte å selge kaffe inkludert kopp. Så dyrt det er med kaffe så betyr det ganske lite at kaffeen som du vanlegvis får i pappbeger koster 10 kr meir for å få det i keramikkrus, men miljømessig vil det være ein katastrofe å skulle transportere så mykje tung keramikk ut til utsalgsstadane for at kundane skal bruke det som om det var eingningskoppar.
  13. Omorganisering i det offentlige er litt som logo-endring i andre bedrifter. Det brukes mykje pengar nesten berre for å vise at leiinga har handlekraft til å prøve noko nytt. Felles for begge delar er at det blir mykje støy og styr i organisasjonen i ei periode fram til at folk har vendt seg til det nye og då blir det eigentleg ganske likt som før. Det som ofte er største utfordringa i det offentlege er at det alltid blir jobba med effektivisering og innsparing sidan budsjetta blir redusert eller ikkje auker i takt med kostnadsuken. Samtidig så får man stadig nye oppgåver som skal løysast, av og til med tilhøyrande ferske penger inn. Så då driv ein å omorganiserer for å få mest mogleg ut av pengane, men med det problemet at det er vanskeleg å gjere noko med dei tilsette, så dei får stort sett fortsette i same eller liknande stilling. Dersom det er ein mellomleder som har blitt fråtatt sine leiaroppgåver så har vedkomamnde rett til å behalde leiarlønna, så lønnskostnadane blir i svært lite grad endra av omorganisering. Det sagt så er det offentlege blitt langt meir profesjonalisert dei siste åra. Det mellom anna ikkje lenger slik at dersom du får deg jobb i staten eller i banken så har du ein trygg jobb livet ut, også i det offentlege er det i dag mogleg å miste jobben etter ei omorganisering, noko som for relativt få år sidan nesten aldri skjedde. Strengt tatt så er nok største problemet med at den overordna folkevalde styringa ikkje er samstemt i korleis dei ulike etatane og einingane skal driftast og organiserast. Då får vi slike utfall der vi har ei regjering som vil slå saman kommuner og fylker over ein lav sko til stor investeringskostnad og litt varierande suksess, så får vi regjeringsskifte og ein startar å splitte oppigjen kommuner og fylker med dertil høg startkostnad ettersom det må byggast to heilt nye organisasjonar. Det blir litt ulempen med eit folkestyre, ulike parti har ulike syn på korleis ting bør gjerast. Og før endringa til den gamle regjeringa har fått fungere lenge nok til bære frukter så kjem det inn ei ny regjering som vil prøve noko heilt anna. Sånn sett er ikkje problemstillinga unik for det offentlige, for det blir fort slik også i andre verksemder om det er mykje utbytting i toppleiinga. Det som er unikt for det offentlege er nok det at hyppig utskifting av toppleiinga er regelen snarare enn unntaket.
  14. Adrenalinet er nok det, og særleg i kombinasjon med alkohol som er bedøvande. Slag har stort skadepotensial men samtidig er ikkje nødvendigvis alle slag effektive. Hjernen er godt beskytta særleg når hodet forheld seg relativt sett i ro slil som når ein ligg på bakken. Dei farlegaste slaga er slag som får hodet i bevegelse og særleg om akselerasjonen blir negativ eller skifter retning. Om du ser til boksesporten så varer dei fleste kampane mykje meir enn 10 sekund med slag, men med rett type slag så er det mogleg å ta knockout på fyrste slaget.
  15. Nettopp. Full frifinnelse setter en enda skumlere presedens. Det gir jo politiet blanko-fullmakt til å banke opp hvem dem måtte føle for. Ingen sier at det var feil å være hardhendt med Simensen, men det kunne ha vært løst på mange andre måter enn å dundre løs med over 20 slag mot hode og kropp på en som allerede blei holdt nede - slik den nå dømte voldsmannen i uniform gjorde. Heilt einig, det er jo nettopp derfor denne dommen er så viktig. Vi vil ha ein presedens for korleis politiet skal bruke makt. At forsvaret argumenterer for at det var både nødvendig og riktig å regelrett angripe Simensen med 13 slag på 10 sekund utan forvarsel, det les eg som eit argument for at denne politimannen også hadde vært fult innafor loven om politimannen hadde trekt tenestepistolen og skutt Simensen 15 gongar på 10 sekund. Det var ingenting i denne situasjonen som tilsa at slik voldsbruk var nødvendig, og det er heller ingenting som taler for at det forelå ein så stor trussel at politimannen måtte handle på eigen hand på dei 3 sekunda som gjekk før Simensen lå i bakken. Sjølv med all min godvilje og all mulig fortsåing for at den dømte politimannen var skikkelig livredd, så kan eg ikkje forstå anna enn at voldshandlinga ikkje berre var unødvendig, men det var også ein veldig stor fare for at situasjonen kunne bli verkeleg farleg. Rettssaka har vist at den voldsdømte politimannen ikkje kjente til Simensen frå før og ikkje viste om at Simensen hadde kniv og batong, men sjølv om vi tek utgangspunkt i at politimannen intuitivt viste Simensen var farleg og bevæpna, så vart situasjonen løyst feil. Det smarte valget hadde vært verbal kommunikasjon samtidig som politimannen går bakover og skaper avstand. Dette ville gitt større reaksjonstid dersom Simensen gjekk til angrep, om nødvendig ved å trekke pistolen. Og det ville gitt politikollegaene anledning til å kome til unnsetning og få kontroll på Simensen med ein gong utan å måtte slå masse ganger. Hadde Simensen faktisk hatt til hensikt å skade politimannen så hadde han gode sjansar til å gjere det. Hadde det ikkje vært for at politimannen klarte å kaste Simensen i bakken så hadde situasjonen vært mykje farlegare, Simensen kunne til og med tatt politimannens pistol under basketaket. Om det hadde vært ei politidame som var 20 kg lettare i nøyaktig same situasjon så ville ho aldri ha løyst dette oppdraget ved å gå i brytekamp, til det hadde risikoen for skade vært for stor. Ei politidame ville samarbeida med sine kollegaer og saman fått kontroll på Simensen utan å risikere skade på verken seg sjølv eller Simensen. Det sagt så er det heilt klart at politiet skal ha lov til å forsvare seg. Politiet må via sitt yrke sette seg i farlege situasjonar og det skulle berre mangle at politiet ikkje skulle få bruke vold der det er nødvendig. Men i denne saka framstod det som totalt unødvendig voldsbruk. Eg trur nok også at dersom den dømte politimannen hadde vedgått at han gjorde ei feilvurdering og at han burde handtert Simensen på ein anna måte, så kan det til og med være at voldsbruken hadde blitt vurdert av retten som forsvarleg når situasjonen fyrst spissa seg til slik at Simensen låg på bakken og prøvde å reise seg opp. Domstolen kan likevel ikkje lage rettspraksis på at politiet skal kunne skyte fyrst og spørje etterpå, og når den dømte politimannen er så tydeleg på at dette var den einaste rette måten å løyse oppdraget på så blir det vanskeleg for støtte det synet.
×
×
  • Opprett ny...