https://www.nrk.no/vestland/bergen-fringe-festival-2024-utsett-pa-ubestemt-tid-_-vil-droppa-kunstnar-ori-lenkinski-1.16856875
Kansellering av ulike årsaker er visst på moten for tida. Ein kunstfestival i Bergen er avlyst etter at ein kunstnar vart kansellert fordi ho bur i Israel. I haust var det snakk om kansellering av kunstnarar fordi dei var palestinarar.
På den eine sida meiner eg at det blir feil å kansellere kunstnarar og kulturarbeidarar berre på grunn av nasjonalitet, statsborgarskap eller sterke følelsar kring terroraksjonar, pågåande krigar eller konfliktar som kunstnarane uansett ikkje har noko med eller kan lastast for. Dette inkluderer sjølvsagt også russarar. På den andre sida er det ugreit å sleppe til kunstnarar som opptrer som reine propagandistar eller talerøyr for regime eller terrororganisasjonar som gjer seg skuldige i krigsbrotsverk eller brot på folkeretten. Så blir spørsmålet kvar ein skal setje grensa, og temaet er kanskje så vanskeleg at det fortener ein eigen tråd. Mi meining er uansett at bergensarane i dette tilfellet har bomma kraftig.