Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 470
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,7k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Det som er spesielt med bønder er at sjølv om dei er sjølvstendig næringsdrivande så er det reint politisk ikkje akseptabelt at ein legg ned drifta. Det er tross alt lettare for den lokale blikkenslagaren i bygda å legge ned bedrifta fordi det ikkje er lønnsomt enn det er for bonden som kanskje har drift av familiegården som ei forutsetning for å ikkje måtte flytte. Politisk sett så vil ein ha landbruk i Norge, så det er ikkje gitt at bøndene berre kan legge ned gårdsdrifta om lønnsomheita ikkje er der. Bøndene er også i stor grad avskåret for å berre drive med det som er lønnsomt, blant anna ved at det er lagt begrensningar på kor mykje ein kan produsere (som fekk sitt utslag no i påska når det var for lite egg fordi eggbøndene ikkje fekk produsere formykje). Når det gjeld spørsmålet om sjølvforsyning så meiner eg at det til dels er eit sidespor. I Norge er vi per dags dato nesten sjølvforsynte om ein ser på matbehovet, det vi manglar på sjølvforsyningsgraden er at vi ikkje sjølv kan produsere den maten som vi i dag er vande med. Blir grensene stengt så kan vi nesten livnære oss på fisk og poteter, men det er mykje anna som vi får mykje mindre av som kornprodukt, sukker, kjøtt (gjennom at vi ikkje får importert nok kraftfor), osv. Så det blir vanskeleg å fortsette med tacofredagar når det blir lite av både tortillas, storfekjøtt og guacomole. Ei utfordring for sjølvforsyningsgraden vår er at vi eksporterer nesten all fisken vår, det er lite fisk på norske middagstallerkenar. Så hadde vi blitt flinkare til å ete den maten vi produserer i Norge så hadde vi fått mykje høgare sjølvforsyningsgrad.
  2. I et slikt tilfelle så er det ikkje eigentleg nokon gode incentiv for å stille på jobb i løpet av dagen. Har du ein litt firkanta arbeidsgivar så må du levere eigenmelding også for den dagen for å ikkje få "skulk" for dei fyrste timane der du var sjuk. Reint praktisk løyser enn det der også enten med å føre dei fyrste fråværande timane som avspassering som ein jobbar inn igjen seinare, eller ved at ein møter på jobb og jobbar ut dagen sjølv om ein ikkje får noko ekstra for det ettersom ein alt har registrert arbeidsdagen som eigenmeldingsfråvær. Slik det er i dag så er det eigentleg slik at dersom du fortsatt sjuk fyrste delen av dagen så har du ingen personleg gevinst ved å kome på jobb i løpet av dagen. I enkelte tilfeller er det kanskje ikkje ein gong ønska at du skal møte på jobb etter lunsj på grunn av at det er kanskje er skaffa vikar eller du av andre grunn ikkje får utført jobben din på ein tilfredsstillande måte når du ikkje kunne være der frå morgonen av.
  3. Du kan fint bruke eigenmelding for berre delar av dagen, men det tell som ein full eigenmeldingsdag uavhengig av kor mykje eller lite som er igjen av arbeidsdagen. Korleis dette blir løyst reint praktisk varierer nok mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. Det er nok arbeidsgivarar som er så firkanta at du ikkje får lov til å forlate arbeidsplassen før arbeidsdagens slutt med mindre du leverer eigenmelding. Andre arbeidsgivarar er nok langt meir fleksible og lar deg gå heim før tida utan at du må bruke verken eigenmelding eller avspassering som ein "takk for at forsøkte å gjere jobben din". For tilsette som har muligheit til det så trur eg nok at mange velger å ta sjukdom delar av dagen som avspasseringsdagar for å ikkje "bruke opp" eigenmeldingsdagane.
  4. Det kjedelige svaret er at det er heilt opp til kva som er avtalt, alternativt kva som er akseptert praksis på arbeidsplassen om det manglar klare rettningslinjer. Det som er heilt klart uansett er at sjølve reisetida er arbeidstid, dette er tid som den tilsette ikkje sjølv kan disponere. Likevel så er det ingen automatikk i at reisetida skal være kompensert som som vanleg arbeidstid. Det er her det kjem mykje ann på kva som er avtalt. Mitt syn er at kva som er rimeleg å kreve kjem ann på dei eksakte forholda. På min arbeidsplass så ville ein i dette gitte tilfellet gjort det så enkelt som at ein fører tre fulle dager på 7,5 t. Når ein reiser i ordinær arbeidstid så blir det etter mitt syn mykje enklare, for om ein får betalt for å sitte på kontoret eller sitte på ein flyplasss/fly går mykje for det same. Dersom flyet går kl 08.00 og ordinær arbeidstid starter kl 08.00 så skal ein teknisk sett føre timar for timane i forkant som ein treng for å reise til flyplassen. Samtidig så er det nok slik at dersom ein tek eit så tidleg fly så er ein framme i Spania og innsjekka på hotellet i god tid før slutten av ordinær arbeidtid. Er ein framme på hotellet kl 13 så skal ein strengt tatt trekke frå dei timane fram til slutten på ordinær arbeidstid. På min arbeidsplass så ville ein gjort det så enkelt at ein berre fører full arbeidsdag og reknar med at det går opp i opp. Det store spørsmålet er korleis tida på onsdags- og torsdagskvelden skal førast. På den eine sida så står Per fritt til å bruke tida si i Spania slik han vil på kveldstid, på den andre sida så er Per avskåret frå å bruke denne tida på familie og heimlege syssler. Mitt syn i den saken er at i kva grad ein skal kreve kompensasjon kjem kanskje litt ann på kor ofte ein blir sendt på reise, og ikkje minst kva ein har blitt forespeila og har signert på når det gjeld reisevirksomheit. Om ein ikkje reiser så ofte så tenker eg kanskje at det er lettare å sjå på reisevikrsomheita som eit gode der ein får ein mini-sydentur der arbeidsgivar dekker både kost og losji. Men det er klart at dersom ein blir sendt til Spania kvar veke når ein aller helst vil bruke kveldane sine på heilt andre ting så blir reiseaktivteten så stor at eg ville ha krevd kompensasjon for den tida som eg ikkje får disponere fritt, og i verste fall heilt åleine på eit hotellrom langt ute på den spanske landsbygda. Eksempelet hadde stilt seg heilt annaleis om det var snakk om reise utanom ordinær arbeidstid.
  5. Dette. Resultatet blir stort sett bra på det du meinte å male, men du må påregne å bruke ekstra mykje tid på å sette opp plast for å ikkje få malingssøl over alt.
  6. Det er også ein ganske klar trend at disse open world spela alltid lover mykje meir enn dei klarer å levere på, og at dei store spelprodusentane prøver å sikte så breidt at dei bommer på nesten alle nisjene slik at ingen av spelarane får dette spelet som sin nye favoritt. Det gir også sitt utslag i denne debatten. Enkelte vil helst at spelet også har mest mogleg nakenheit, andre vil helst realistiske karakterar, andre vil ha karakterar som er forbilder, osv, osv. Som produsent så kan ein ikkje oppfylle ønska til alle, og ein må tenke på at alle valg ein tek i spelutviklinga også potensielt vil støte frå seg kundar. Det er nok mange som ikkje vil kjøpe spel med nakenheit eller som vil boikotte spelet fordi karakterane er for stygge, osv. Resultatet av alt dette blir ofte at at karakteren blir ei kjedelig blanding av alt, og dermed litt for nøytrale. Då får vi spel-damer som ikkje er kjempepene, men heller ikkje kjempestygge, som altså blir ganske nøytrale og kjedelige.
  7. Samleposten "denne type spel" blir sjølvsagt veldig stor. Det er i stor grad dei store spel-studioa som har gått i retning av å ha kvinnelege karaterar med meir androgynt utsjåande, for sjølv om markedet er dominert av unge menn så er det økonomiske spørsmålet: -kor mange unge menn kjem til å heller kjøpe heilt andre spel, kontra kor mange ny spelarar kan ein tiltrekke seg ved å sikte bredt. Sjølv om det ofte snakkest høgt om boikott så vil det erfaringsmessig være relativt få som faktisk boikotter. I tillegg til at dei store spelprodusentane prøver å få kapra fleire potensielle kunder så handlar det også mykje om kultur og kunstneriske friheiter. Det er nok ein del spelstudio som for det fyrste består av tilsette som representerer eit større mangfold enn det var for berre få år sidan. Det er er nok også til dels meir interessant å bruke andre karakterar i forhold til at ein kan fortelle andre historier enn før, og kanskje også at det reint teknisk er meir interessant å lage ein "stygg" karakter med ureinhud enn ein karakter porselenshud når ein fyrst har utvikla datagrafikk som er i stand til å vise detaljane. Laura Croft starta sin karriere i Tomb Raider med trekanta pupper og det var sjokkerande nok til at det vart ein snakkis til tross for at grafikken var så kantete at at alle proposisjonane vart heilt urealistiske. Det kjem sjølvsagt ann på kva spel det handlar om, men i mange spel så er målet at spelaren skal kunne identifisere seg med karakteren ein speler. Personleg så trur eg nok at strategien med "stygge" kvinner er litt feilslått for det er ikkje alltid at poenget er at ein vil spele ein karakter som er akkurat slik som meg. Skulle identifiseringsgrada vært størst så burde vel dei fleste spelkarakterane være ein halvfeit 20 åring som ikkje kan sprinte. Også kvinner vil ha forbilder å sjå opp til, og ein oppnår kanskje ikkje dette med karakterar som er urealistisk pene, men samtidig er det ikkje sikkert at det blir noko betre om ein går andre vegen. Som med veldig mykje anna så er det pengane som rår, og særleg i USA så er det tydeleg at mangfoldige karakterar lønnar seg. Dei støter nok frå seg ein del gamere som berre vil spele som kvite pene damer, men det er nok rekna som ein akseptabel risiko så lenge ein totalt sett får fleire kjøparar. Blant mindre spelstudio så får du fortsatt spel med klassiske "babes" som spring lettkledd rundt i spelet, ein får att på til regelrett pornospel, i tillegg til spel som er heilt motsett. Grunnen til at vi ikkje får fleire slike spel er at det er ikkje tilstrekkeleg god nok økonomi i å lage slike spel. Så kan det sjølvsagt også være at eigarane av dei store spelstudioa har ein politisk agenda der dei er villige til å ta ein økonomisk tap gjennom dårlegare spelsalg for å få fokus på saka, og kanskje også mediaomtale som kan fungerer som reklame for det neste spelet. Eg tviler likevel på at det er spesielt mange eigarar som trur så sterkt på sin eigen ideologi at dei er villige til å køyre bedrifta i grus framfor å levere det kundane vil ha.
  8. Tenestene ein blir tilbudt frå NAV er også basert på kva som er vurdert som nødvendig. Om du skulle være arbeidsledig fordi du ikkje søker på jobbar så er det ingen som søker for deg. I "gamle dagar" så var det ofte slik at ein meldte seg arbeidledig hos Aetat, og der kunne det være at ein hadde ei liste over arbeidsplassar som trengte ufaglærte arbeidstakarar, så fekk ein nesten automatisk ein lite inspirerande manuell jobb som ein måtte ta uavhengig av om ein var utdanna som snekker eller psykolog. Dette var ei løysing som folk ikkje var særleg fornøgde med. Men i prinsippet så kunne NAV lagt seg på ein langt strengare linje når det gjeld plikta til å søke og ta ledig arbeid. Hadde nok vært superenkelt for NAV å nekte arbeidsledige arbeidsavklaringspengar om dei ikkje er villige til å flyte til Nord-Norge for å ta ein ledig jobb på fiskeslakteriet.
  9. Utan å ta nokon stor debatt på dette, men når dette var skrevet i 2021 så var det begynt å kome fram mange klare indikasjonar på at Viggo kunne være uskuldig dømt utan at han fekk gehøyr for gjenopptaking av saka. På same måte som at påtalemyndigheita tydelegvis hadde eit behov for å hindre Viggo frå å få saka behandla på nytt, så vil også psykologane ha eit behov for å forsvare sin tidlegare konklusjon. Det er kan godt tenkast at det er fordi ein frykta at han skulle bli frikjent at det var viktig å presisere at dei sakkyndige fortsatt meinte at den opprinnelege vurderinga av at Viggo var farleg for samfunnet var reint fagleg vurdert og ikkje farga av dommen han hadde fått.
  10. Har ingeniøren konstruert trebruer i 35 år som ikkje har ramla ned så har vedkommande tydelegvis lært noko gjennom yrkeserfaring. Bruene raser ikkje ned fordi det blir kjent at det er juksa, så det er ikkje gitt at vedkommande så lenge etterpå manglar kompetansen som trengs. Særleg om jukset berre angår oppgåvetekniske ting som manglande referanser medan det alt er i orden på det konstruksjonstekniske. Vil heller ha ein erfaren ingeniør som er godt til å konstruere bruer sjølv om vedkommande ikkje er så god til å skrive rapportar. Det advokaten har prøvd å få fram er at tekstlikheit ikkje automatisk betyr at det er juks. Ein tekst med korrekt kildehenvisning vil til dømes kome opp som tekstlikheit. I eit slikt tilfeller så er det heilt korrekt ettersom sitat skal siterast direkte. Innholdsfortegnelsa vil også være lik i dei fleste masteroppgåve rett og slett fordi oppgåvene er bygd opp likt. Eg har ikkje klart å få klarheit i eksakt kvifor tekstlikheita gjekk frå 19% til 43%, utanom at Kjerkol sin advokat har antyda at tekstlikheita kan kome frå tekster som er skrevet etter innleveringa, som til dømes via mediaomtalen. Noko meir detaljar har eg ikkje oppfatta har blitt offentleg kjent. Den lista over tekstlikheiter som blant anna VG har publisert stammer frå denne 19% tekstlikheita, så det er noko uklart kva eksakt denne doblinga kjem frå. Det sagt så er det ikkje umogleg at andre studentar har både juksa og sitert korrekt frå Kjerkol sin oppgåvetekst i ettertid (det er tross alt ikkje så mange masteroppgåver å sjå til i helseledelse, og særleg ikkje med toppkarakter), men eg tek det likevel for gitt at nemda har vurdert saka opp mot det som var publisert i 2021 og ikkje har basert seg nye publikasjonar som Kjerkol openbart ikkje kunne vite om for 3 år sidan.
  11. Han er uskuldig i den saka han har blitt straffa for, og det er den som er grunnlaget for erstatninga. Det er uansett heilt feil å straffe eit lovbrot med strafferamma for eit anna lovbrot. Om han fortener lang straff for for det han er (rettmessig) dømt for så er det jo i den saka han skal få straffa. Noko av grunnen til at han fortsatt var i forvaring var fordi han ikkje utviste tilfredsstillande anger for handlinga. Det at han fortsatte å hevde sin uskuld etter dommen vart brukt som argumentasjon på at han ikkje var rehabilitert nok til å sleppe fri.
  12. Ja. Og det spørs kanskje om Staten har spekulert i at det er dette som vil skje, og at dei derfor ikkje treng å betale ut ei veldig høg erstatning. For eg hadde nok gjort det same som deg. Sjølv om det er grunnlag for å anke og kanskje få tilkjent det doble i erstatning, så hadde i alle fall eg tenkt nøye over om det er verdt bruke enda fleire år av levetida på å kjempe mot Staten i ei ankesak. Akkurat her er det kanskje like greit å cashe ut pengane og stikke. 55 mill i dag er tross alt mykje betre enn å kanskje få 90 mill om eit par år.
  13. Dette bidreg nok til at Nord universitet får dårlegare omdømme. Mitt inntrykk er at Nord universitet har sin inntekt frå å opprette heilt nye mastergrader for å tiltrekke seg studentar, utan at eg har inntrykk av at dei har fagmiljøet til sikre kvaliteten på graden. Basert på det som eg har lest andre stadar så virka det som at det var nok som skurra med Kjerkol sin masteroppgåve at det må stillast spørsmål ved om det var rett å gi oppgåva karakteren B og seinare karakteren A etter munnleg presentasjon, når den opprinnelege plagiatkontrollen avdekte 19% tekstlikheit. Sjølv om all teksta hadde vært korrekt sitert (noko som ein nærmare sjekk raskt ville avklart at den ikkje var) så er det vel i overkant å vurdere ei oppgåve som berre inneheld 81% sjølvskreven tekst til toppkarakter? Mastergrad skal i utgangspunktet gi studenten forskerkompetanse, men dette er nok blitt ganske uttynna etterkvart som fleire og fleire skal ta mastergrad. Det er også ei utfordring at universiteta har økonomiske interesser av å gjere utdanninga så lett som mogleg, for jo fleire studentar som søker og deretter består utdanninga, jo meir pengar tener universitetet. Dei har nok ein dårleg sak reint juridisk. Det einaste som dei eventuelt kan krangle på er kva som skal telle som ny og relevant informasjon som gir grunnlag for å vurdere vedtaket på nytt. Dersom den nye plagiatsjekken berre har avdekka forhold som var eller burde vært kjent når det opprinnelege vedtaket vart fatta, så kan det være eit litt tynt argument for at det ikkje føreligg nye opplysningar i saka. For det er heilt klart at eit vedtak kan revurderast og endrast dersom det kjem fram nye opplysningar i saka. Og sjølv om det kanskje burde være ein foreldelsesfrist for kor lenge etterpå ei karaktervurdering kan vurderast på nytt (eller kor mange gangar), så er det ingen slik foreldingsfrist per dags dato. Så lenge juks uansett ikkje er akseptert, og så lenge ein ikkje vurderer gamle saker sett ut frå nye og endra reglar for kva som blir ansett som juks, så ser eg ikkje at rettssikkerheita står i fare. Eg ville nok likevel foreslå at ein ikkje burde grave for mykje i gamle oppgåver, så kanskje ei foreldingstid på type 10 år kunne vært på sin plass? Eg ville også foreslått at det bør være ei avgrensing på kor ofte ein levert besvarelse skal kunne revurderast. Ikkje fordi at jukserane skal sleppe unna, men fordi det kan potensielt være ei utfordring om profilerte personar eller direkte konkurrentar til ein jobb til stadig heit må tole å få graden sin innklaga og behandla. For sjølv om ein er 100% sikker på at nemda ikkje vil finne juks, så har det nokre konsekvensar for jobb og karriere om ein søker jobb med tittel som for tida er under gransking av ei klagenemd. Og sjølv om at juks ikkje skal lønne seg, så vil eg ikkje ha eit system der ein legg store ressursar i å annulere utdanning. Fokuset må og bør være å gi utdanning. Eg er nok ganske sikker på at det er mange som ein eller anna gong har juksa i ein eller anna grad. Om ein avdekker at ein politikar i 9 klasse møtte opp til ei tyskprøve med dei bestemte artiklane skrevet på viskelæret så synes eg ikkje det er rett å annulere all utdanning tatt etter ungdomsskulen, sjølv om det nok teknisk sett vil være mest korrekt. For kanskje hadde ein ikkje bestått i tysk om ein ikkje hadde juksa på ungdomsskulen, og då hadde ein ikkje vært kvalifisert til vidaregåande, som igjen betyr at ein ikkje var kvalifisert til å starte på universitetet. Det skal ikkje lønne seg å juke, men samtidig så bør ein gi rom for at folk kan ha gjort dumme ting i ungdommen utan at ein skal straffast for det resten av livet. Kanskje særleg innafor politikken så blir det vanskeleg å finne representantar om absolutt alt skal granskast og publiserast i avisa. Ikkje at Kjerkol kan skjule seg bak ungdommeleg uvitenheit, for 3 år er ikkje så lenge i denne samanhengen. Men hadde det vært 10 år sidan mastergraden var levert så ville eg vurdert å sjå annaleis på det.
  14. Det er slik. Grunnen er nok at heile oppgåva skal være eit sjølvstendig arbeid. Så dersom du stryker på masteroppgåva så kan du ikkje på neste forsøk berre rette opp i dei manglane som sensor påpeikte. Du må legge nok arbeid i oppgåva til å bevise at du kan gjere det åleine. Det er lov å bruke oppigjen forskninga og dataene, men ein må presentere funna på ein ny måte.
  15. For å få tilbake mastergraden så må ho skriv ny oppgåve. Det må då være ei heilt ny oppgåve eller så må den opprinnelege masteroppgåva omskrivast til å omhandle eit anna tema. I dette tilfellet er det ikkje nok at Kjerkol skriv om dei plagierte avsnitta og leverer på nytt. Så kjem det langt større spørsmålet, og eit spørsmål som universitetsmiljøet ikkje vil svare på. For kva er eigentleg akseptabel tekstlikheit i eit slikt stykke arbeid? Ein skriv tross alt ganske mykje tekst om tematikk som andre har omtalt før. I tillegg så skrives teksten på ein akademisk måte, for litt av poenget er jo å vise at ein gjennom fem år med utdanning har lært å formulere seg som ein akademiker og då kan ein nesten ikkje skrive folkeleg og med få faguttrykk. Med mindre ein sjølv legg inn skrivefeil, dårleg gramatikk og snirklete formuleringar så er det ikkje til å unngå at delar av teksten blir ganske likt det andre har skrevet før. Her er eit par eksempel frå VG sin oversikt over tekstlikheitene. Knarvik har i ein rapport skrevet: "Teknologi bringer flere faktorer som ledere må forholde seg til." Kjerkhol har skrevet: "Teknologi bringer inn flere faktorer som ledere må forholde seg til". Dette er sjølvsagt ei veldig kort setning, det er derfor ikkje så mange meiningsfulle måtar ein kunne skrevet om setninga på utan å miste innholdet. Påstanden her er nok intuitivt korrekt for dei aller fleste, så at nokon andre har skrevet ned noko liknande burde ikkje være overraskande. Eit litt lenger eksempel er der KS på sin nettside har skrevet "Aldersvennlige lokalsamfunn handler om å gjøre samfunnet i stand til å møte utfordringene og mulighetene knyttet til en aldrende befolkning. Flere sektorer må involveres og medvirkning må være i fokus for at eldre skal kunne delta i samfunnet". Og Kjerkhol har skrevet: "Kommunene må sette seg i stand til å møte utfordringene og mulighetene knyttet til en aldrende befolkning. Flere sektorer må involveres og medvirkning må være sentralt for at eldre og brukere av helse- og omsorgstjenestene skal kunne oppnå god helse og livskvalitet". Teksta er veldig lik, men meiningane som blir uttrykt er såpass openbare og har blitt debatert såpass ofte at ei viss tekstlikheit må kunne påreknast. Det sagt, så er det sjølvsagt spesielt grovt der også skrivefeila har blitt med på copy/paste, for då er det liten grunn til å tru at dette er originale ord som Kjerkol har skrevet heilt sjølv. Men på ein del av dei andre eksempla så er det jo aktuelt å stille spørsmål ved om teksten er ganske lik fordi Kjerkol har skrevet ned nøyaktig det same som ho nettopp las ein annan stad utan å oppgi referanse, eller om teksten tilfeldigvis liknar fordi ein skriv om eit tema som har blitt omtalt før. Nå har eg ikkje lest Kjerkol sin masteroppgåve, men påstandar om at innføring av teknologi kan gjere arbeidet meir komplekst, og at kommunane må klare å forholde seg til ei stadig aldrande befolkning er ikkje akkurat revolusjonerande ny forskning. Så det akademiske arbeidet som Kjerkol & Co har utført ser ut til å være ei samanstilling av kjent kunnskap, og den kjente kunnskapen vil nødvendigvis har blitt formulert før. Det vil ikkje kunne være påregneleg å forvente at alle masterstudentar skal leite fram alle stadar det er skrevet noko som liknar på det som studenten sjølv vil skrive. Då må eventuelt studenten ha tilgang til eit slikt plagiatverktøy for å kryssrefere sin eigen oppgvetekst. Det er lov å sitere, og det er lov å hente tekst frå andre kjelder, men då skal ein refere til kvar ein har henta teksta frå. Men det betyr også at dersom delar av teksta har blitt lik med eit uhell så er det sjølvsagt heilt urimeleg å forvente at studenten skal refere til ei tekst som studenten reint faktisk aldri har lest. Så når mastergoppgåva blir vurdert så må ein ta høgde for at delar av teksten vil kunne være lik teksta som til dømes ein anna student har skrevet i sin masteroppgåve om nesten det same temaet. Heller ikkje i akademiske tekster er det gitt at ting kan løysast på så mange ulike måter. Når murarlærlingen setter opp ein teglsteinsvegg på sin fagprøve så vil det overraske meg om muren ikkje liknar murarar som har blitt murt opp før. Det er tross alt ikkje så mange ulike måter å på fagmessig vis sette opp ein slik mur.
×
×
  • Opprett ny...