Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 474
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,7k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Kva overtidsbetalinga skal være og på kva dagar det skal være ulike satsar er avhengig av kva som er avtalt. Per definisjon er søndagar raude dagar, så med mindre det er presisert at søndagar skal reknast som noko anna enn høgtidsdagar så er overtidsbetalinga på søndagar lik som om ein hadde jobba 2 juledag. Eg er likevel einig i at 200% er litt råflott. Det vanlegaste er vel at søndagsarbeid (og andre helligdagar) blir lønna med enten 100% eller 133%? 200% er ei tredobling av lønna og 100% er ei dobling. Det er sikkert dei som har svært gunstige arbeidsavatalar, men tredobling av lønna for søndagsarbeid høyres litt for godt ut til å være sant. Det kan sjølvsagt være gode grunnar til at ein har ei slik ordning, alt frå at det er vanskeleg å få nokon til å jobbe på søndagar utan så høgt lønnstillegg til at grunnlønna er så låg at ein må opp i ei tredobling for at det skal visast igjen. Lønnstillegg på 133% for søndagsarbeid er vanleg i det offentlege, og det har kanskje noko med at grunnlønna er så lav at ein må litt over dobbling for å gi tilstrekkeleg kompensasjon for søndagsarbeid.
  2. 42% høgare sannsynlegheit er veldig mykje. Ei undersøking blant 7000 personar er ikkje ei veldig stor gruppe men det er heller ikkje ei ubetydeleg gruppe. Eg reknar med at forskarane er på ballen når det gjeld tolkinga av innsamla data, men eg lurer litt på kva andre faktorar som speler inn. Min fyrste tanke var om mentalt krevande yrker kan ha betydning for diagnoseringa og ikkje nødvendigvis i kva grad ein får demens. Det kan kanskje være at i den gruppa som har mentalt krevande jobbar så er det lettare å oversjå begynnande demens medan dei er yrkesaktive?
  3. Største utfordringa med kampsystemet var at det er litt håplaust om ein har hatt lang pause og har gløymt systemet. Då må ein nesten gjennom opplæringa på nytt. Så spelet var lite tilpassa speling innimellom, men ellers heilt einig. Dette spelet er ikkje eit slosspel der du er helten som nedkjemper alle fiendane du møter på, ofte må du ta det meir realistiske alternativet å stikke av.
  4. Det vil dei nok. Alle medlemsnasjonane har eit sjølvstendig ansvar for å opprettholde sine forpliktingar til NATO. Det kan likevel være ein reell fare for at dersom USA tidleg går ut og seier at dei ikkje vil respekterere NATO traktaten så kan det føre til ei domino effekt der også andre NATO medlemmar held seg utanfor. Det vil i all praksis bety at NATO blir defakto oppløyst sidan ein forsvarsallianse som ikkje forsvarer sine medlemmar er ingenting verdt. Det store spørsmålet er dersom USA ikkje vil blande seg er om heile NATO går i oppløysing, eller om alliansen vil fortsette utan USA. Det andre store spørsmålet er om dette blir rekna som eit angrep på eit medlemsland eller ikkje. Dersom det med våpenmakt blir oppretta ein republikk på Svalbard så vil nok det utan tvil være eit angrep på eit medlemsland slik at artikkel 5 er aktuell. Eit slikt angrep vil også være brot på Svalbardtraktaten, så det er også tenkeleg at andre nasjonar også vil blande seg inn, kanskje også FN. Dersom scenarioet er at det kjem inn 200 sivile russarar med familie, og deretter så skaffar dei seg meir og meir innflytelse i lokalmiljøet på lovlege måtar, før ein til slutt ber om folkeavstemning for lausriving og oppretting av ein sjølvstendig stat, så kan det være meir tvil om dette er eit angrep eller eit internt anliggande. NATO-traktaten er basert på ei tid der krig betydde at uniformerte soldatar marsjerte over ei grense, korleis det blir med inflitørar er litt meir uklart, så den er ikkje nødvendigvis 100% overførbar til moderne krigføring og konflikt. Som nemnt så vil også det at det føreligg ein Svalbard-traktat som gir alle land som har signert fri tilgang til å reise til Svalbard, rett til å drive næring på Svalbard, og at dette kan gjerast utan at det blir krevd inn skatt til anna enn det som trengst på Svalbard. Det kan derfor være ganske mange nasjonar som har motforestillingar mot at Svalbard blir sjølvstendig eller underlagt eit anna land.
  5. Det som er spesielt med bønder er at sjølv om dei er sjølvstendig næringsdrivande så er det reint politisk ikkje akseptabelt at ein legg ned drifta. Det er tross alt lettare for den lokale blikkenslagaren i bygda å legge ned bedrifta fordi det ikkje er lønnsomt enn det er for bonden som kanskje har drift av familiegården som ei forutsetning for å ikkje måtte flytte. Politisk sett så vil ein ha landbruk i Norge, så det er ikkje gitt at bøndene berre kan legge ned gårdsdrifta om lønnsomheita ikkje er der. Bøndene er også i stor grad avskåret for å berre drive med det som er lønnsomt, blant anna ved at det er lagt begrensningar på kor mykje ein kan produsere (som fekk sitt utslag no i påska når det var for lite egg fordi eggbøndene ikkje fekk produsere formykje). Når det gjeld spørsmålet om sjølvforsyning så meiner eg at det til dels er eit sidespor. I Norge er vi per dags dato nesten sjølvforsynte om ein ser på matbehovet, det vi manglar på sjølvforsyningsgraden er at vi ikkje sjølv kan produsere den maten som vi i dag er vande med. Blir grensene stengt så kan vi nesten livnære oss på fisk og poteter, men det er mykje anna som vi får mykje mindre av som kornprodukt, sukker, kjøtt (gjennom at vi ikkje får importert nok kraftfor), osv. Så det blir vanskeleg å fortsette med tacofredagar når det blir lite av både tortillas, storfekjøtt og guacomole. Ei utfordring for sjølvforsyningsgraden vår er at vi eksporterer nesten all fisken vår, det er lite fisk på norske middagstallerkenar. Så hadde vi blitt flinkare til å ete den maten vi produserer i Norge så hadde vi fått mykje høgare sjølvforsyningsgrad.
  6. I et slikt tilfelle så er det ikkje eigentleg nokon gode incentiv for å stille på jobb i løpet av dagen. Har du ein litt firkanta arbeidsgivar så må du levere eigenmelding også for den dagen for å ikkje få "skulk" for dei fyrste timane der du var sjuk. Reint praktisk løyser enn det der også enten med å føre dei fyrste fråværande timane som avspassering som ein jobbar inn igjen seinare, eller ved at ein møter på jobb og jobbar ut dagen sjølv om ein ikkje får noko ekstra for det ettersom ein alt har registrert arbeidsdagen som eigenmeldingsfråvær. Slik det er i dag så er det eigentleg slik at dersom du fortsatt sjuk fyrste delen av dagen så har du ingen personleg gevinst ved å kome på jobb i løpet av dagen. I enkelte tilfeller er det kanskje ikkje ein gong ønska at du skal møte på jobb etter lunsj på grunn av at det er kanskje er skaffa vikar eller du av andre grunn ikkje får utført jobben din på ein tilfredsstillande måte når du ikkje kunne være der frå morgonen av.
  7. Du kan fint bruke eigenmelding for berre delar av dagen, men det tell som ein full eigenmeldingsdag uavhengig av kor mykje eller lite som er igjen av arbeidsdagen. Korleis dette blir løyst reint praktisk varierer nok mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. Det er nok arbeidsgivarar som er så firkanta at du ikkje får lov til å forlate arbeidsplassen før arbeidsdagens slutt med mindre du leverer eigenmelding. Andre arbeidsgivarar er nok langt meir fleksible og lar deg gå heim før tida utan at du må bruke verken eigenmelding eller avspassering som ein "takk for at forsøkte å gjere jobben din". For tilsette som har muligheit til det så trur eg nok at mange velger å ta sjukdom delar av dagen som avspasseringsdagar for å ikkje "bruke opp" eigenmeldingsdagane.
  8. Det kjedelige svaret er at det er heilt opp til kva som er avtalt, alternativt kva som er akseptert praksis på arbeidsplassen om det manglar klare rettningslinjer. Det som er heilt klart uansett er at sjølve reisetida er arbeidstid, dette er tid som den tilsette ikkje sjølv kan disponere. Likevel så er det ingen automatikk i at reisetida skal være kompensert som som vanleg arbeidstid. Det er her det kjem mykje ann på kva som er avtalt. Mitt syn er at kva som er rimeleg å kreve kjem ann på dei eksakte forholda. På min arbeidsplass så ville ein i dette gitte tilfellet gjort det så enkelt som at ein fører tre fulle dager på 7,5 t. Når ein reiser i ordinær arbeidstid så blir det etter mitt syn mykje enklare, for om ein får betalt for å sitte på kontoret eller sitte på ein flyplasss/fly går mykje for det same. Dersom flyet går kl 08.00 og ordinær arbeidstid starter kl 08.00 så skal ein teknisk sett føre timar for timane i forkant som ein treng for å reise til flyplassen. Samtidig så er det nok slik at dersom ein tek eit så tidleg fly så er ein framme i Spania og innsjekka på hotellet i god tid før slutten av ordinær arbeidtid. Er ein framme på hotellet kl 13 så skal ein strengt tatt trekke frå dei timane fram til slutten på ordinær arbeidstid. På min arbeidsplass så ville ein gjort det så enkelt at ein berre fører full arbeidsdag og reknar med at det går opp i opp. Det store spørsmålet er korleis tida på onsdags- og torsdagskvelden skal førast. På den eine sida så står Per fritt til å bruke tida si i Spania slik han vil på kveldstid, på den andre sida så er Per avskåret frå å bruke denne tida på familie og heimlege syssler. Mitt syn i den saken er at i kva grad ein skal kreve kompensasjon kjem kanskje litt ann på kor ofte ein blir sendt på reise, og ikkje minst kva ein har blitt forespeila og har signert på når det gjeld reisevirksomheit. Om ein ikkje reiser så ofte så tenker eg kanskje at det er lettare å sjå på reisevikrsomheita som eit gode der ein får ein mini-sydentur der arbeidsgivar dekker både kost og losji. Men det er klart at dersom ein blir sendt til Spania kvar veke når ein aller helst vil bruke kveldane sine på heilt andre ting så blir reiseaktivteten så stor at eg ville ha krevd kompensasjon for den tida som eg ikkje får disponere fritt, og i verste fall heilt åleine på eit hotellrom langt ute på den spanske landsbygda. Eksempelet hadde stilt seg heilt annaleis om det var snakk om reise utanom ordinær arbeidstid.
  9. Dette. Resultatet blir stort sett bra på det du meinte å male, men du må påregne å bruke ekstra mykje tid på å sette opp plast for å ikkje få malingssøl over alt.
  10. Det er også ein ganske klar trend at disse open world spela alltid lover mykje meir enn dei klarer å levere på, og at dei store spelprodusentane prøver å sikte så breidt at dei bommer på nesten alle nisjene slik at ingen av spelarane får dette spelet som sin nye favoritt. Det gir også sitt utslag i denne debatten. Enkelte vil helst at spelet også har mest mogleg nakenheit, andre vil helst realistiske karakterar, andre vil ha karakterar som er forbilder, osv, osv. Som produsent så kan ein ikkje oppfylle ønska til alle, og ein må tenke på at alle valg ein tek i spelutviklinga også potensielt vil støte frå seg kundar. Det er nok mange som ikkje vil kjøpe spel med nakenheit eller som vil boikotte spelet fordi karakterane er for stygge, osv. Resultatet av alt dette blir ofte at at karakteren blir ei kjedelig blanding av alt, og dermed litt for nøytrale. Då får vi spel-damer som ikkje er kjempepene, men heller ikkje kjempestygge, som altså blir ganske nøytrale og kjedelige.
  11. Samleposten "denne type spel" blir sjølvsagt veldig stor. Det er i stor grad dei store spel-studioa som har gått i retning av å ha kvinnelege karaterar med meir androgynt utsjåande, for sjølv om markedet er dominert av unge menn så er det økonomiske spørsmålet: -kor mange unge menn kjem til å heller kjøpe heilt andre spel, kontra kor mange ny spelarar kan ein tiltrekke seg ved å sikte bredt. Sjølv om det ofte snakkest høgt om boikott så vil det erfaringsmessig være relativt få som faktisk boikotter. I tillegg til at dei store spelprodusentane prøver å få kapra fleire potensielle kunder så handlar det også mykje om kultur og kunstneriske friheiter. Det er nok ein del spelstudio som for det fyrste består av tilsette som representerer eit større mangfold enn det var for berre få år sidan. Det er er nok også til dels meir interessant å bruke andre karakterar i forhold til at ein kan fortelle andre historier enn før, og kanskje også at det reint teknisk er meir interessant å lage ein "stygg" karakter med ureinhud enn ein karakter porselenshud når ein fyrst har utvikla datagrafikk som er i stand til å vise detaljane. Laura Croft starta sin karriere i Tomb Raider med trekanta pupper og det var sjokkerande nok til at det vart ein snakkis til tross for at grafikken var så kantete at at alle proposisjonane vart heilt urealistiske. Det kjem sjølvsagt ann på kva spel det handlar om, men i mange spel så er målet at spelaren skal kunne identifisere seg med karakteren ein speler. Personleg så trur eg nok at strategien med "stygge" kvinner er litt feilslått for det er ikkje alltid at poenget er at ein vil spele ein karakter som er akkurat slik som meg. Skulle identifiseringsgrada vært størst så burde vel dei fleste spelkarakterane være ein halvfeit 20 åring som ikkje kan sprinte. Også kvinner vil ha forbilder å sjå opp til, og ein oppnår kanskje ikkje dette med karakterar som er urealistisk pene, men samtidig er det ikkje sikkert at det blir noko betre om ein går andre vegen. Som med veldig mykje anna så er det pengane som rår, og særleg i USA så er det tydeleg at mangfoldige karakterar lønnar seg. Dei støter nok frå seg ein del gamere som berre vil spele som kvite pene damer, men det er nok rekna som ein akseptabel risiko så lenge ein totalt sett får fleire kjøparar. Blant mindre spelstudio så får du fortsatt spel med klassiske "babes" som spring lettkledd rundt i spelet, ein får att på til regelrett pornospel, i tillegg til spel som er heilt motsett. Grunnen til at vi ikkje får fleire slike spel er at det er ikkje tilstrekkeleg god nok økonomi i å lage slike spel. Så kan det sjølvsagt også være at eigarane av dei store spelstudioa har ein politisk agenda der dei er villige til å ta ein økonomisk tap gjennom dårlegare spelsalg for å få fokus på saka, og kanskje også mediaomtale som kan fungerer som reklame for det neste spelet. Eg tviler likevel på at det er spesielt mange eigarar som trur så sterkt på sin eigen ideologi at dei er villige til å køyre bedrifta i grus framfor å levere det kundane vil ha.
  12. Tenestene ein blir tilbudt frå NAV er også basert på kva som er vurdert som nødvendig. Om du skulle være arbeidsledig fordi du ikkje søker på jobbar så er det ingen som søker for deg. I "gamle dagar" så var det ofte slik at ein meldte seg arbeidledig hos Aetat, og der kunne det være at ein hadde ei liste over arbeidsplassar som trengte ufaglærte arbeidstakarar, så fekk ein nesten automatisk ein lite inspirerande manuell jobb som ein måtte ta uavhengig av om ein var utdanna som snekker eller psykolog. Dette var ei løysing som folk ikkje var særleg fornøgde med. Men i prinsippet så kunne NAV lagt seg på ein langt strengare linje når det gjeld plikta til å søke og ta ledig arbeid. Hadde nok vært superenkelt for NAV å nekte arbeidsledige arbeidsavklaringspengar om dei ikkje er villige til å flyte til Nord-Norge for å ta ein ledig jobb på fiskeslakteriet.
  13. Utan å ta nokon stor debatt på dette, men når dette var skrevet i 2021 så var det begynt å kome fram mange klare indikasjonar på at Viggo kunne være uskuldig dømt utan at han fekk gehøyr for gjenopptaking av saka. På same måte som at påtalemyndigheita tydelegvis hadde eit behov for å hindre Viggo frå å få saka behandla på nytt, så vil også psykologane ha eit behov for å forsvare sin tidlegare konklusjon. Det er kan godt tenkast at det er fordi ein frykta at han skulle bli frikjent at det var viktig å presisere at dei sakkyndige fortsatt meinte at den opprinnelege vurderinga av at Viggo var farleg for samfunnet var reint fagleg vurdert og ikkje farga av dommen han hadde fått.
  14. Har ingeniøren konstruert trebruer i 35 år som ikkje har ramla ned så har vedkommande tydelegvis lært noko gjennom yrkeserfaring. Bruene raser ikkje ned fordi det blir kjent at det er juksa, så det er ikkje gitt at vedkommande så lenge etterpå manglar kompetansen som trengs. Særleg om jukset berre angår oppgåvetekniske ting som manglande referanser medan det alt er i orden på det konstruksjonstekniske. Vil heller ha ein erfaren ingeniør som er godt til å konstruere bruer sjølv om vedkommande ikkje er så god til å skrive rapportar. Det advokaten har prøvd å få fram er at tekstlikheit ikkje automatisk betyr at det er juks. Ein tekst med korrekt kildehenvisning vil til dømes kome opp som tekstlikheit. I eit slikt tilfeller så er det heilt korrekt ettersom sitat skal siterast direkte. Innholdsfortegnelsa vil også være lik i dei fleste masteroppgåve rett og slett fordi oppgåvene er bygd opp likt. Eg har ikkje klart å få klarheit i eksakt kvifor tekstlikheita gjekk frå 19% til 43%, utanom at Kjerkol sin advokat har antyda at tekstlikheita kan kome frå tekster som er skrevet etter innleveringa, som til dømes via mediaomtalen. Noko meir detaljar har eg ikkje oppfatta har blitt offentleg kjent. Den lista over tekstlikheiter som blant anna VG har publisert stammer frå denne 19% tekstlikheita, så det er noko uklart kva eksakt denne doblinga kjem frå. Det sagt så er det ikkje umogleg at andre studentar har både juksa og sitert korrekt frå Kjerkol sin oppgåvetekst i ettertid (det er tross alt ikkje så mange masteroppgåver å sjå til i helseledelse, og særleg ikkje med toppkarakter), men eg tek det likevel for gitt at nemda har vurdert saka opp mot det som var publisert i 2021 og ikkje har basert seg nye publikasjonar som Kjerkol openbart ikkje kunne vite om for 3 år sidan.
  15. Han er uskuldig i den saka han har blitt straffa for, og det er den som er grunnlaget for erstatninga. Det er uansett heilt feil å straffe eit lovbrot med strafferamma for eit anna lovbrot. Om han fortener lang straff for for det han er (rettmessig) dømt for så er det jo i den saka han skal få straffa. Noko av grunnen til at han fortsatt var i forvaring var fordi han ikkje utviste tilfredsstillande anger for handlinga. Det at han fortsatte å hevde sin uskuld etter dommen vart brukt som argumentasjon på at han ikkje var rehabilitert nok til å sleppe fri.
×
×
  • Opprett ny...