Gå til innhold

Kickstarter - kva prosjekt støttar du?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

Eit par nye prosjekt eg har støtta i det siste:

 

Expeditions: Conquistador

 

Den danske utviklaren skildrar dette som eit historiedrive taktisk rollespel, med element av ressurshandsaming og "velg ditt eige eventyr", noko som høyrest bra ut for meg. Ramma er spanjolane si utforsking av Mellom-Amerika på 1500-talet, og kan ikkje seiast å ha blitt brukt for ofte. Dei ser ut til å ha komt langt i utviklinga allereie, og dei har nyleg sendt ut ein demo til forskjellige nettsider, og fått positive omtalar.

 

Prosjektside på Kickstarter

Sniktitt på RPGWatch

Sniktitt på Rock, Paper, Shotgun

Sniktitt på XP4T

 

 

Conclave

 

Eit anna lovande rollespelprosjekt er Conclave. Dette er eit turbasert rollespel som strebar etter å simulere opplevinga av tradisjonelle bord-rollespel. Du veit, sånne der ein gjeng sit rundt eit bord og rullar terningar med mange sider. Problemet med slike er ofte at det er vanskeleg å finne nok folk som har tid til å sette seg ned i fleire timar og spele. Utviklaren av Conclave prøver å løyse dette ved å lage eit spel som er nettbasert og kan spelast asynkront. So lenge ein har tilgong til ein nettlesar, kan ein logge seg på og gjere nokre turar når ein har nokre ledige minutt. Spelet fungerar òg godt i einspelar, og der finst ein uferdig, åpen demoversjon der ein kan prøve seg på heile 13 oppdrag.

 

Prosjektside på Kickstarter

Demo

 

Kay

Lenke til kommentar

Støtter:

 

Planetary Annihilation

 

post-56355-0-24386500-1347008251_thumb.jpg

 

Herlighet! Det er vanskelig å ikke la seg engasjere av Planetary Annihilation.

http://www.kickstart...-generation-rts

 

Jeg har allerede støttet dette lenge, men nå spytter jeg i litt ekstra etter at utviklerene viste frem sitt foreløpige siste stretch goal, Galactic War.

 

Jeg har ikke spilt et skikkelig godt RTS på mange mange år. Så dette lover veldig godt :)

Lenke til kommentar

Eit prosjekt eg heile tida hadde planlagt å støtte, som eg kasta meg på i siste liten:

 

SolForge Digital Trading Card Game

 

Dette er, som namnet indikerar, eit digitalt kortspel, sannsynlegvis ikkje so ulikt Magic: The Gathering - Duels of the Planswalkers. For ein som meg, som nyleg har komt inn i MTG og oppdaga kor spennande og rikt det er, er dette ei strålande moglegheit til å vere med på noko liknande heilt frå starten av. Kickstarter-sida inneheld ei eksempelgjennomspeling av ein uferdige versjon, og det heile ser veldig lovande ut. Det verkar som om denne gjengen veit kva driv på med, og det skadar heller ikkje tilliten at dei har med Richard Garfield, skaparen av MTG, på laget. Dei har for lengst nådd målet, og det gjenstår berre 10 timar, so eg anbefalar dei som er interesserte å sjekke prosjektet so snart som råd.

 

Prosjektside på Kickstarter

 

Kay

Lenke til kommentar

Project Eternity is an isometric, party-based RPG set in a new fantasy world developed by Obsidian Entertainment.

 

For de som liker Baldur's Gate (som forøvrig kommer i ny utgave i år), Icewind Dale, Planescape: Torment, og alle andre klassiske gruppe-baserte rollespill, vil nok dette være av interesse. Jeg er i alle fall opprømt!

 

http://www.kickstart...ef=discover_pop

 

Folkene bak dette spillet har tidligere jobbet med bla. disse spillene:

f9d9320e8c1867d97922be716f5f3bf3_large.jpg?1347059036

Endret av Orwandel
  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Støtter nå Blackspace

http://www.kickstart...urvive?ref=live

 

http://youtu.be/YiHNDJyStWI

 

Gamer no skrev om spillet for en stund siden:

http://www.gamer.no/...drift-i-rommet/

Blackspace foregår på enorme asteroider. Du får kontroll over et spesialisert romfartøy som kan bevege seg over asteroidens overflate. Derfra kan du styre operasjonene på planeten, lete etter nye steder å finne mineraler og bygge forsvarsverker. Fartøyet ditt er også bevæpnet, og kan hjelpe til med forsvaret om nødvendig.

 

Men virker ikke som om de får inn særlig mye penger. Spørs om de klarer å bli finansiert :hm:

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Støtter nå:

 

Star Citizen

http://www.youtube.com/watch?v=VhsgiliheP0

 

Reclaim the stars in the exciting new Space Epic from legendary game designer Chris Roberts.

 

The core concept of Star Citizen is that it’s a destination, not a one-off story. It’s a complete universe where any number of stories can take place. Players will have the opportunity to decide their own game experience. Pick up jobs as a smuggler, pirate, merchant, bounty hunter, or soldier. It’s a universe we’ve always wanted to create. We want to build a huge sandbox with a complex and deep lore that allows the players to explore in whatever capacity they want.

 

På Kickstarter:

http://www.kickstart...ig/star-citizen

 

På spillets egen hjemmeside:

http://www.robertsspaceindustries.com/

Endret av Enceladus
  • Liker 3
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Sir, You Are Being Hunted er enda et interessant prosjekt, som ikke Gamer har skrevet om enda. Kan vel best beskrives som et slags Thief-inspirert spill satt til den engelske landsbygda, hvor verdenen blir tilfeldig generert hver gang. Om ikke annet er det ganske originalt!

 

Har nådd over halvparten av grunkene den trenger allerede i løpet av første dagen, så det kommer lett til å bli finansiert.

 

Lenke til kommentar

Eg har vore litt sløv med å oppdatere her når eg støttar noko i det siste, men no er det på tide å rette på det. Følgjande tre pågaande kampanjer håpar eg skal lukkast:

 

Hero-U: Rogue to Redemption

 

487bbf62a65e0242d9c29f2258918dba_large.jpg?1352424053

 

La meg fortelle ei lita historie, om ein 16-åring som for mange år sidan reiste til England på klassetur. Her solgte dei fortsatt Amiga-spel i butikkane, og den nerdete guten nytta høvet til å plukke opp nokre av desse. Det vart litt tilfeldig kva som vart kjøpt, for den gongen hadde ein ikkje Internett på telefonane slik at ein kunne sjekke omtalar medan ein stod i butikken. Mellom spela som vart valgte var der mange godbitar, med eit kom seinare til å stå i ei særstilling: Quest for Glory 2: Trial by Fire.

 

Dette spelet, nummer 2 av 5 i QFG-serien, vart, og er fortsatt, ein av mine absolutte favorittar. Den gongen var det for meg noko heilt eineståande: eit Sierra-eventyrspel, blanda med rollespel, der ein kunne løyse ting på forskjellige måtar. So engasjerande var det, at det var det første spelet der eg umiddelbart starta på nytt etter å ha fullført det første gongen. Den dag i dag skiller det seg fortsatt ut frå mengda, takka vere glimrande design og atmosfære. For atmosfæra var slik at eg kjente meg heime i Shapeir, og karakterane eg møtte hadde nok personlegdom til at eg følte at eg kjente dei.

 

Resten av QFG-serien er òg av høg kvalitet, so der er mykje som tyder på at dette ikkje var eit uhell for skaparane Lori og Corey Cole. Og no er dei altso på Kickstarter med eit nytt prosjekt, i ein litt annan setting, men tufta på dei samme prinsippa. Prosjektet deira er kanskje ikkje det mest polerte, og for dei som ikkje fekk sjansen til å forelske seg i QFG-serien, verkar det kanskje ikkje so interessant som det burde. Men tru meg, desse to har evna til å produsere ekte perler av originalitet og spelbarheit. La oss gi dei ein sjanse.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel

Speldagbok frå Quest for Glory

 

 

Shadowgate

 

dfafb76cadc158391962bc711186518f_large.png?1349744280

 

Medan vi er inne på unike perler frå gamle dagar: Shadowgate. Shadowgate er eit eventyrspel, eit unikt og spennande eit, med glimrande musikk og stemning. No vil dei lage ein nyversjon av det, og det håpar eg verkeleg dei får lov til.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel

 

 

Sui Generis

 

30b711253f5d551fe016be628e1d3246_large.jpg?1351549069

 

Sist, men ikkje minst, eit rollespel frå ein ukjent utviklar, som eg synest ser spennande ut. Tanken her er å skape ei open verd som spelaren kan utforske fritt, som i spel som Gothic og The Elder Scrolls. Dette ein type spel både eg og utviklarane av Sui Generis verkeleg likar. Det som for meg gjer prosjektet deira ekstra spennande, er faktisk det tekniske: Alt i spelet ser ut til å ha skikkeleg fysikk bak seg. Karakterane er animerte ved hjelp av muskelsamantrekningar, og når folk blir slått i bakken, er det på grunn av at eit samanstøyt overførte nok kraft til at dei kom ut av balanse, ikkje på grunn av ein hardkoda "knowdown"-effekt. Versystemet er ikkje berre ein "skybox", men ei simulering med både døgnsyklusar og årstider, og geografiske omsyn.

 

I det heile teke, sjølv om det har blitt gjort mest på motor og rammeverk so langt, og kanskje ikkje all verda på sjølve spelet, synest eg innfallsvinkelen til denne utviklaren er svært spennande, og eg vil veldig gjerne sjå kva som kjem ut av prosjektet.

 

Prosjektside på Kickstarter

Gamer.no-artikkel

 

 

 

Ellers må eg legge til at eg sjølvsagt støtta Project Eternity, sjølv om eg ikkje hadde tid til å omtale det her. Det ser ut som om dei klarte å nå målet sitt likevel. :)

 

Kay

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...