Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    6 960
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

13 928 profilvisninger

torbjornen sine prestasjoner

9,2k

Nettsamfunnsomdømme

2

Hjelpsomme svar

  1. https://www.nrk.no/norge/vil-dekke-boter-for-mannen-som-braut-seg-inn-pa-rygge-flystasjon-1.16856152 Vakthaldet rundt forsvarsindustri og militære område bør styrkast, slik at ein kan stå imot både naive aktivistar og folk som jobbar for fiendtlege statar. Og så må nokon forklare desse folka at det dei driv med er angrep på forsvarsevna vår i ei farleg tid, og at sabotasje vil bli slått hardt ned på i framtida. Om ein er ueinig i at våpen kan bli brukt til krigsforbrytelsar får ein heller rette sinnet mot politikarane som fattar vedtaka. Om ein engasjerer seg i politikken kan ein oppnå meir enn ein gjer ved å drive sabotasje mot norsk forsvarsindustri.
  2. Når Storbritannia aukar løyvingane til forsvaret til 2,5% av bnp innan 2030 sender også dette eit viktig signal. (Det er rett nok ei stund til 2030).
  3. Det tydelegaste eksempelet var vel lovnaden om 1 million granatar i 2023.
  4. No har det vel vore alt for mange tilfelle der ein har annonsert kva ein skal levere lang tid i førevegen, og så har ein ikkje greidd å innfri lovnadane. Slikt hjelper ikkje på moralen til andre enn russarane.
  5. Så då kjem altså dette lenge etter at Ukraina har fått påfyll frå USA. Den amerikanske støttepakken kjem i grevens tid.
  6. Og her er det også viktig at representanthuset kravde at det skulle bli lagt fram ein plan for korleis Ukraina kan hjelpast til å vinne krigen. Den planen vil eg håpe at den neste presidenten vil måtte vere med på og følgje opp. Biden har støtta ukrainarane nok til ikkje å tape krigen. Trump brukar kanskje eit språk som autokratane forstår betre? Kan Trump vere den som kan få Ukraina til å vinne krigen og russarane til å trekkje seg ut?
  7. Men no er det avgjerande at europeiske politikarar ikkje søv i timen. Hjelpepakken vil før eller sidan ta slutt, og då må ein vere førebudd på at ein ikkje lenger kan støtte seg på amerikansk hjelp.
  8. Då blir det spennande om forslaga får fleirtal på Stortinget på tysdag.
  9. Her er det ikkje snakk om mobilisering av nye soldatar, men at ein lar vere å dimmitere gamle soldatar. Elles har nrk ein interessant artikkel om temaet: https://www.nrk.no/urix/xl/ukrainske-soldater-ved-fronten-er-i-gjennomsnitt-over-40-ar-1.16831694 Edit: Ser at den lenka allereie var posta ovanfor.
  10. Blir desse avtalane meir verdt enn sikkerheitsavtalane frå 1994?
  11. Den frykta "våroffensiven" starta kanskje lenge før jul, og russarane har ofra mykje for å utnytte mogelegheitene som oppstod på grunn av den manglande støtta til Ukraina. Er ein heldig har ikkje russarane stort meir å fare med når Ukraina omsider får den hjelpa som er blitt lova.
  12. Russland var iallefall til ei viss grad demokratisk på 1990-talet. Kva ville ha skjedd om Putin hadde blitt president i eit NATO-land? Ein har dessutan sett at land som er med i NATO som f.eks. Ungarn har blitt mindre demokratiske med åra. Argentina har ein populistisk president som har sagt mykje rart, og som har blitt samanlikna med Trump. Kven som styrer kan skifte raskt. Eit godt eksempel er deler av Afrika der Frankrike og USA no trekkjer seg ut av land som for kort tid sidan var allierte. Og til og med i verdas eldste demokrati er demokratiet i fare. Spørsmålet er om land som søkjer om NATO-medlemsskap, og dermed tilgang på "våre" hemmelegheiter i det minste bør ha ei viss prøvetid og tilfredsstille visse krav til eit stabilt demokrati. Det er også eit spørsmål om NATO bør ha ein viss storleik, slik at ein ikkje får fleire "problembarn" av typen Erdogan og Orban. Argentina står litt åleine i sitt område, men ei mogeleg løysing andre stader eller på sikt er eigne forsvarsalliansar f.eks. i Asia og Stillehavsområdet som samarbeider med USA og NATO. (Det er vel delvis slik allereie).
  13. No har også lokalavisa i min barndoms by fått med seg denne saka. Artikkelen er bak betalingsmur, men kan lesast dersom ein har Alt+ abonnement hos ei Amedia-avis. Artikkelen nemner elles at det jobbar både russarar og ukrainarar i bedrifta, og at dette så langt har gått bra. https://www.firdaposten.no/eg-opplever-at-nokon-prover-a-sverte-oss-men-eg-har-ingenting-a-skjule/s/5-16-793268
  14. Dette var dårleg formulert frå mi side. Poenget er likevel at han tek æra for noko som han har motarbeidd i eit halvt år.
×
×
  • Opprett ny...