Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    43 902
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Zeph vant dagen sist 17. desember 2012

Zeph hadde mest likt innhold!

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

50 415 profilvisninger

Zeph sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

11

Hjelpsomme svar

  1. Eg har tenkt det siste året at Yr er blitt meir upresis. Det er ikkje nødvendigvis riktig, men gjerne eit resultat av at meldinga svingar ofte. Har nokon erfaring med andre leverandørar av vêrspådomar som dei føretrekk over Yr?
  2. Ja, den store ironien i det heile er at Putin syt over at Ukrania trekk vestover og vil bli med i NATO, når det er akkurat hans handlingar som har dytta dei i den retningen. Alt av påstandar og utsegn frå Russland er så dumt at dei knapt kan tru det sjølve. Det hadde gjort seg med meir intern konflikt i Russland.
  3. Zeph

    Elbil-tråden

    Dei fleste elbilar har ein buffer, 5-10% kanskje, så det er i mange tilfelle ikkje mogleg å lade til 100%. Tesla endra for ei tid sidan anbefalinga om lading i det daglege frå 90% til 80%, men dei har så vidt eg veit ikkje buffer i toppen heller, så der kan du faktisk lade til 100%. Eg har lese at det er først og fremst lading til 100% (reellt eller ei) der den blir ståande sånn over lengre tid som er mest farleg, gjerne med pluggen i så den heile tida blir toppa opp. At den blir lada til 100% kort tid før ein kjøretur som tar kapasiteten under 80-90% var mindre problematisk.
  4. Kvifor trur du den skal ned igjen på 7 kroner? Om den skulle gå ned igjen så vil det vere ein fordel å ha eit valutasikra fond, men det er det på ingen måte noko garanti for at den skal. At kursen har vore lågare før betyr ikkje at den må gå ned igjen.
  5. Det er ganske stor forskjell på finanskrisa of Covid-krakket. Dei siste femti åra er det dotcom-bobla og finanskrisa som har satt størst preg på finansverda, og det tok langt fleire år før f.eks. MSCI World Index var på ny ATH. Om me i tillegg skal tenke på inflasjon så gjekk det endå lengre før verdien var på eit tilsvarande nivå som før krakket. Covid var det største krakket sidan finanskrisa og det gjekk bra nedover den gang òg, men henta seg inn igjen relativt kjapt. Uansett så er det beste strategien å tenke langsiktig og spare jamt og trutt.
  6. Internettforbindelse er vel i dag så og seie obligatorisk for dei aller fleste husstander, og ein god pris på fiber kan bli billegare enn individuelle coax-avtaler, sjølv med lågaste coax-hastigheit, men det må du eller styret sjekke opp i. Det ein bør unngå er å blande TV-signal inn i dette, noko Altibox sjølvsagt har lyst å selge inn. Send inn forslag til neste generalforsamling. Når dei får tak i prisar og lagt det inn på ei generalforsamling så kan det bli stemt over og vedteke eller avslått.
  7. Om dei er litt utfordrande i starten så lærer små born ekstremt rask. Enkelte spel krever kanskje at du er med den første perioden før dei lærer seg bruk av knappane. Det største hinderet om dei aldri har brukt ein Switch før er å forstå konseptet med knappar. Når det først er innlært blir det enklare å forstå nye spel.
  8. Det er logisk, men når veit du at det blir nedgangstider? Kor langt ned skal det gå før du kjøper? Med denne historikken (globalt indeksfond) kunne du endt opp med å vente ganske lenge og gå glipp av mykje oppgang ved å vente på dårlege tider før ei større investering. Det er ikkje mange tidspunkt historisk sett der det har svart seg å vente med ei investering. Min strategi har alltid vore å kjøpe når eg kan med alt er har tilgjengeleg på det tidspunktet. Det kan gå nedover på kort sikt, men sannsynlegvis ikkje.
  9. BG3 kostar 769,- for standardutgåve på PS Store. 899,- er for Digital Deluxe Edition.
  10. Om biletet skal illustrere høgdeforskjell så kan det ikkje vere snakk om mange millimeter.
  11. Zeph

    Nøtter

    Kjøp usalta nøtter så blir du kvitt ei negativ side med dei. Peanøtter, valnøtter, cashewnøtter, mandler (kanskje ikkje ei nøtt per def., men bra uansett), hasselnøtter osv. Nøtter kan vere eit godt bidrag til kosthaldet, men hald deg helst unna dei salte.
  12. Ja, på enkelte utgåver av bilen kan du det, men ikkje alle. På min Model Y frå juni 2023 har eg ikkje dette alternativet. Frå manualen til TMY:
  13. Zeph

    Tesla - kaféen

    Tesla-tråden dette ja. Då skal dei ha ekstremt flaks for å finne noko der, men dei er kanskje ikkje så kjent med korleis det fungerer i ein Tesla, der du må utføre ein handling eller kome i ei ulykke for at den skal lagre noko. Det er vel interessant å få kontakt med føraren uansett om bilen lagra opptak eller ei. Finnes det system du kan koble til ein Tesla for å bruke bilens kamera og lagre kontinuerleg som med eit BlackVue f.eks?
  14. Zeph

    Tesla - kaféen

    Spørs kva type dashkameraoppsett du har. Det finnes utstyr som tar opp heile tida og overskriv når det er fullt. Om dei ikkje kjører så veldig langt kvar dag kan det godt ligge fleire veker gamle opptak på lagringsmediet. Kvalitet på video/storleik på filene og storleik på lagringsmediet avgjer kor mange minutt du kan lagre. Det er ein del eksempel her: https://blackvue.com/video-quality-settings-and-recording-time/
  15. Eg vart inspirert til å dra fram karbonstålpanna igjen. Var sånn delvis nøgd sist eg brukte den, men fungerer veldig bra så langt. Det var kanskje litt feil bruk tidlegare. Eg har laga mykje mat sidan den gang og litt meir peiling på riktig bruk i dag. Den er ikkje noko eg brukar til alt, men kombinert med panne i rustfritt stål så er teflonpanna lite brukt. Denne kan brukast til pannekaker, men dei blir litt små. Til vanlege pannekaker tar eg heller fram steiketakka i stål, men karbonstålpanna fungerer bra til veldig tynne pannekaker som er så vidt innom ei varm panne. Der er den ypperleg sidan den magasinerer mykje meir energi enn den tynne stålplata på takka.
×
×
  • Opprett ny...